UKM (Ung Kultur Møtast) er mange små lokale kommunemønstringar kor ungdom kan delta med alle slags kul- turuttrykk. Bykle og Valle UKM 2017 går av stabelen i Storstoga i Valle kultursenter 25.mars. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdomar vidare til ei fylkesmønst- ring som representantar for sin kommune. Kvart fylke sender i neste omgang omlag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. Kven kan delta på UKM? Alle ungdomar under 20 år kan delta på UKM. I enkelte kommunar er nedre aldersgrense 10 år, medan dei fleste kommunane har 13- årsgrense for deltaking. I Valle og Bykle kan alle i alderen 10-20 vere med. Dersom du blir valgt ut til å representere ditt fylke på UKM- Festivalen må du være mellom 13 og 20 år. Dersom du er med i ei gruppe, må halvparten av gruppa være mellom 13 og 20 år. Fyller du 13 eller 20 i år? Du kan delta på UKM fra det året du fyller 13, og til det året du fyller 20.Blir du (OBS: hvis lokalmønstringen din har 10-årsgrense kan du selvfølgelig delta fra det året du fyller 10) Du kan delta på lokalmønstring i ein kommune du bur i, går på skule i eller har tilhøyring i på anna vis. Er du usikker på om du kan delta, kan du bare spørje lokalkontaktane – dei svarer deg gjerne! Kva kan eg delta med? Du kan delta med ALT! Har du ein hobby? Da kan du delta! Lurer du likevel på om hobbyen din passar på UKM? Kommunekontakten svarer deg gjerne og kan kanskje også gi deg tips om korleis du kan gjøre det! UKM er ingen typisk konsert, dersom du trudde det; på UKM kan du delta med alle kulturuttrykk! Du kan delta med noko du har jobba med på skulen eller på fritida, åleine eller saman med andre. Du kan også delta bak scenen, i nettredaksjonen eller som arrangør. Kva er målet med UKM? Nokre få blir valde ut til å representere sin kommune på fylkesfestival og UKM-festival. Ei heilt unik mogelegheit! Ha det moro, lære, møte andre som liker det same som deg! (Vi sa ikkje dette: men er du singel? Korfor ikke møte noen som liker å sjonglere mens dei syklar, akkurat som du? UKM er plassen!) Kva kan eg vinne? Du kan vinne ei enorm mogelegheit til å møte fleire som driv med det same som deg, få meir erfaring, og ikke minst: ha det moro!! Som Jenny Langlo, kjent frå Idol 2011, seier: «UKM gjør at man blir vant til å stå på en scene og man får erfaring i å gjøre en opptreden der og da, noe som ikke nødvendigvis er så lett.» Har du ikkje tenkt å bli proff, eller er det akkurat det du har tenkt? Har ingenting å seie! UKM er moro for alle, både dei som er heilt ferske, og dei som har mange års erfaring!

Korleis melder eg meg på? Følg lenka så er du i gang: http://delta.ukm.no/

Lokale kontaktpersonar for UKM Valle og Bykle: Helga Jacobsen, [email protected], tlf. 452 73 218 Torunn Charlotte Nyberg, [email protected], tlf. 970 61 587 Eliezer M. Contreras, [email protected], tlf. 480 72 462