Ørsta Og Vartdal Sokn 22.-26
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Bispevisitas Ørsta og Vartdal sokn 22.-26. September 2010 Glasmaleri i Ørsta kyrkje av kunstnaren Oddvar Straume 2 INNHALD Innleiing ............................................................................................................................................................................. 7 Gudstenesteliv i Ørsta og Vartdal ............................................................................................................................................................................. 9 Vartdal sokn 11 Høgt tal av gudstenester 12 Ung Messe 12 Familiegudstenester 13 Fasegudstenester 13 Skulegudstenester 13 Dåp 13 Dåpssamtalar 14 Nattverd 14 Klokkartenesta 14 Folk er glad i kyrkja si 14 Kristne organisasjonar, misjon og evangelisering .15 Felles møteveke .16 Samanfatning .16 Prestetenesta 17 Krise og omsorgsarbeid 18 Sorggruppe 18 Familiemekling 19 Prestebustadar 19 Ørsta prestegard 19 Kyrkjeblad og informasjon 20 Trusopplæring ............................................................................................................................................................................. 20 0-3 år 20 4-år 20 10 år eller 5.klasse 21 Lysvaken 21 KonPirmantane .21 Trusopplæringsprosjektet iKyrkja.no .22 Trusopplæring framover 23 Skule-kyrkje-samarbeid 23 Vandringar for barnehagane 24 Gudstenester for skulane 24 Kyrkjemusikk ............................................................................................................................................................................. 24 Musikalsk verksemd i Ørsta kyrkjelyd 25 Gudstenester og kyrkjelege handlingar: 25 Ørsta kyrkjekor: 25 Nytt lygel til Ørsta kyrkje: 25 Barnekor: 26 Mål for det kyrkjemusikalske arbeidet i Ørsta sokn 2010-2011: 26 Musikalsk verksemd i Vartdal kyrkjelyd 27 Gudstenester og kyrkjelege handlingar: 27 Gudstenesteutval: 27 Onsdagsklubben: 28 Helsetun: 28 Orgelkomitè: 28 Mål for det kyrkjemusikalske arbeidet i Vartdal sokn 2010-2011: 29 3 DIAKONI I ØRSTA – OG VARTDAL SOKN ............................................................................................................................................................................. 30 Materielt livsgrunnlag og sosial rettferd 30 Kontakt og fellesskap 31 Omsorg og sjelesorg .32 Kyrkjelydsmessige utfordringar når det gjeld diakoni 33 Råd og tilsette ............................................................................................................................................................................. 34 Fellesråd: 34 Sokneråda .34 Stillingar i kyrkjene ............................................................................................................................................................................. 35 Statlege stillingar 35 Stillingsbehov 35 Økonomi, drift og vedlikehald 36 Statistikk ............................................................................................................................................................................. 37 Folkesetnad 1999 og 2009 37 Inndeling etter alder 2010 .38 Barnehagar og utdanning i Ørsta 2009 38 Offer i Ørsta kyrkje 39 Gudstenestene i Vartdal kyrkje .40 4 VISITASPROGRAM FOR ØRSTA OG VARTDAL SOKN Tema: SAMAN OM – løna og uløna medarbeidarar saman om oppdraget. Dag, dato, kl. Programinnhald Ansvar, leiing. Onsdag 22.09.10 0830 Ørsta kyrkje. Morgonbøn Matias 0900 - 1030 Møte med dei tilsette. Biskopen leier møtet. Ørsta Biskop kyrkjekontor - møterommet 1030 – 1100 Felles lunch på kontoret. Steinar 1130 - 1230 Berdiftsbesøk. Åmås samdrift, Follestaddalen Matias og Knut 1300- Tilsynssamtalar Biskop 1500 – 1700 Seminar med lærarar i skulane i Ørsta og Arne og Lisbeth Vartdal: Enkel servering. Stad : Ørsta kulturhus , Flatsalen. 1700 Middag 1900-2100 Møte med sokneråd og Fellesråd med utg.punkt i Steinar Kyrkjelova & 9 og & 14 Saker som skal drøftast med kommunen. Dag, dato, kl. Programinnhald Ansvar, leiing. Torsdag 23.09.10 0900 Tilsynssamtale Biskop 1015-1100 Biskopen vitjar Vartdal barnehage Arne 1115-1215 Vartdal Helsetun. Møte med bebuarar og tilsette Gudrun og Arne 1300-1430 Bakkola-Marka. Møte med Ørsta kommune. Steinar og Ottar Lunch. 1430-1600 Tilsynssamtalar Biskop 1600 Middag 1730 Varden forsamlingshus, Nordre Vartdal. Ansvarleg: «Gud gir- vi deler» Steinar, Lisbeth, Saman om trusopplærina. Møte med staben frivillege og tilsette. Vartdal sokneråd Kveldsmat 5 2030 Gudsteneste i Vartdal kyrkje Arne i samarbeid med andre tilsette og uløna medarbeidarar Dag, dato, kl. Programinnhald Ansvar, leiing. Fredag 24.09.10 0915 Dalane skule. Møte med biskopen Arne 1100-1200 Ørstaheimen- møte med bebuarar og tilsette. Knut og Matias 1200 Lunch på Ørstaheimen 1230-1400 Tilsynsamtalar Biskop 1400 Fagmøte. Biskop Prestar, kateketar, trusopplærar, diakonar, kantor, Møterommet Ørsta kyrkjeverje/dagleg leiar. kyrkjekontor Møterommet Ørsta kyrkjekontor. 1530 Middag. Pizza på kontoret Steinar 1600 Oppsummering av visitas. Biskop Biskop,prost, kyrkjeverje,sokneprestar, soknerådsleiarar, fellesrådsleiar. 1900-2030 Kulturkveld på Ørsta Bedehus. Marie Open kulturkveld med lokale song og musikk- krefter på Ørsta bedehus. Dag, dato, kl. Programinnhald Ansvar, leiing. Søndag 26.09.10 1100 Visitasgudsteneste i Ørsta kyrkje ved biskop Matias i samarbeid med Ingeborg Midttømme og fleire. andre tilsette og uløna Kyrkjekoret, ØB Brass, barnekor m.fl. medarbeidarar Offer til trusopplæring. Nattverd Kyrkjekaffi på Ørsta bedehus Ansv.: Ørsta Visitasføredrag ved biskopen. sokneråd 6 Innleiing Når biskopen i Møre kjem på Visitas til Ørsta og Vartdal er det ei stor og viktig hending i kyrkjelydane og i lokalsamfunnet. Siste visitas var ved biskop Odd Bondevik i september 1999. No er det biskop Ingeborg Midttømme som kjem på visitas i tida 22. – 26. september 2010. Vi ynskjer biskop Ingeborg hjarteleg velkomen til Ørsta og Vartdal og ser fram til gode og innhaldsrike dagar. Biskopen kjem til kyrkjelydar med djupe og levande røter i ein kristen kultur og tradisjon. Det er nok å nemne stikkord som Berte Kanutte Aarflot, haugianismen, Ivar Aasen og Anders Hovden for berre å han nemnt nokre namn. Ved kongeleg resolusjon av 26.mai og 23.juli 1900 vart Vartdal sokn og Ørsta sokn skilt ut frå Volda og Hareid og slått saman til det nye Ørsta prestegjeld. Vartdal kyrkje var bygt i 1876, kyrkja feira 125 års jubileum i 2001. Ørsta kyrkje vart bygt i 1864 og skal feire 150- års jubileum i 2014. Den norske kyrkje og kyrkja i Vartdal og Ørsta har sidan siste visitas gått gjennom til dels store endringar. Prestegjeldet som organ er så godt som oppheva, vi har fått nye tenesteordningar for prestar med nye samarbeidsområde der særleg Vartdal, Ørsta og Hjørundfjorden samarbeider om kyrkjelege tenester, konfirmantarbeid, diakoni og administrasjon. Denne visitas omfattar Vartdal og Ørsta sokn. I kyrkjestaben er det nokre få av oss som har vore med på fleire visitasar. Men for dei fleste tilsette er bispevisitas noko nytt og ukjent. Arbeidet med visitasmeldinga er gjennomført som eit samarbeid i kyrkjestaben der alle har vore med på ulike måtar men der diakon, kateket, kantor og prestane har skrive om sine særlege ansvarsområde. Vi har vore saman om planlegginga av visitasen. ”Saman om” var og eit hovudfokus som kom opp på fyrste planleggingsmøte om visitasen. Skal arbeidet vårt i kyrkjelydane lukkast må vi stå saman: løna og uløna arbeidarar i kyrkjelydane. Trusopplæringsplanen handlar om å formidle den kristne tru vidare til alle døypte mellom 0 og 18 år i kyrkjelydane våre. Dette er ikkje ei oppgåve for kateketen, presten eller andre fagpersonar åleine. Det må vere noko vi står saman om: kyrkjeleg tilsette og uløna medarbeidarar i lag med heile kyrkjelyden. Vi vonar at visitasen kan verte til inspirasjon og vegleiing til å stå saman i liv og teneste i kyrkjelydane våre, slik formålet med visitasen er formulert i visitasreglementet: ” Formålet med bispevisitasen er å støtte, inspirere og veilede menigheter og ansatte, og gjøre kirkens nærver synlig i lokalsamfunnet. 7 Biskopen skal ved visitasen legge vekt på forkynnelsen av Guds ord i soknet. Ved dette skal biskopen gi støtte til menighetens virksomhet og styrke fellesskapet i menighetene.” Vi ynskjer biskop Ingeborg velkomen til visitasen! Med ynskje og bøn om Guds signing over visitasen. Steinar Sætre Arne Moltbak Matias Austrheim Kyrkjeverje Spr. i Vartdal Spr. i Ørsta Vartdal kyrkje Ørsta kyrkje 8 Gudstenesteliv i Ørsta og Vartdal Gudstenestefordelinga mellom Ørsta og Vartdal er i utgangspunktet slik at Ørsta kyrkje har gudsteneste kvar søndag og Vartdal annankvar søndag og helgedag. 1.dag i høgtidene har soknepresten gudstenesta i kyrkja der han/ho er sokneprest. I 2009 vart det tilsett ny organist/kantor i 60 % i ei nyoppretta stilling for Ørsta og Hjørundfjord kyrkjer. På denne måten kunne ein få til ei stilling stor nok til å få ein kvalifisert søkjar. For å få til denne ordning må Vartdal og Hjørundfjord sine gudstenester samordnast. Annankvar gudsteneste er på ettermiddag eller kveld. Nokre få gudstenester krev at ein leiger inn vikar ( julaftan,1.juledag ) Det er uvant for kyrkjelydane å ha gudsteneste til andre tider enn søndag formiddag. Sokneråda i Vartdal og Hjørundfjord støtta ordninga med felles organist. Det fyrste året har vist litt dårlegare oppslutning om gudstenesta når den er på ettermiddag. (kl 16 eller 17). Ein gjer no erfaringar som ein kan byggje vidare på for å få til den best mulege løysing både for kyrkjelydane, organist og andre tilsette. Gjennom året feirar Ørsta og Vartdal sokn felles gudsteneste nokre søndagar