PPT Midt-, Postboks 33, 4126 Jørpeland

Finnøy --- ForsandForsand----HjelmelandHjelmeland --- Strand

PEDAGOGISK PSYKOLOGISK TENESTE FOR MIDT-RYFYLKE

ÅRSMELDING 2007

1 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

PPT Midt Ryfylke ynskjer å være ein positiv hjelpeteneste Visjon : fokus på barn og unge i tett samspill med miljøene.

ÅRSMELDING 2007

INNHALD

INNLEIING………………………………………………………………………………….S.3

FORANKRING I LOV OG FORSKRIFT…………………………………………………..S.4

OPPDRAGS- OG ARBEIDSGJEVAR……………………………………………………...S.4

TILSETTE…………………………………………………………………………………...S.5

ØKONOMI…………………………………………………………………………………..S.5

VERKSEMDPLAN…………………………………………………………………………S.6

TJENESTETILBODET I 2007 ……………………………………...... S.7 Systemretta arbeid…………………………………………………………………...S.7 Individretta arbeid…………………………………………………………………...S.8 Internt arbeid………………………………………………………………………. S.13

OPPSUMMERING OG AVSLUTNING…………………………………………………..S.14

2 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

INNLEIING

2007 har på mange måtar vært eit år prega av overgangar. Leiar gjennom dei siste 4 åra, Målfrid Valheim Rake, gjekk i byrjinga av mai 2007 over til rektorstilling i Strand kommune, og ny leiar Marianne S. Tveitnes var først på plass i slutten av august 2007.

Store delar av hausten hadde me dermed fokus på å verta kjende med kvarandre og utarbeida ein felles forståing av kva som er PPT sine arbeidsoppgåver og kva me som teneste kan tilby.

Samla kom me fram til at me ynskjer å tydeleggjera PPT sin kompetanse og det arbeidet som vert gjort. Me ynskjer og å vera klare på kva me kan tilby av tenester til brukarane våre.

PPT Midt Ryfylke ynskjer å vera ein positiv hjelpeteneste, og me ynskjer å ha eit godt samarbeid med brukarane våre. Forutsigbarhet og tydelege rammer for kva brukarane kan forventa vert då viktig. Derfor utarbeida me hausten 2007 ein ny verksemdsplan. Me fann det teneleg å ha ein visjon for dette arbeidet.

Visjon : fokus på barn og unge i tett samspill med miljøene.

Visjonen omtalar den retninga PP-tenesta jobbar mot. Hovudmål og delmål er dei arbeidsmåla vi set for arbeidet, desse må sjåast i eit langsiktig perspektiv. Arbeidsmåla blei konkretiserte i tiltaksdelen som gjeld for 2007-2008. Me gjorde og Øivind Jacobsen, (systemansvarlig for PP-tjenesten i Kristiansand) sine ord til våre: “Inkludering for oss handler ikke om å rehabilitere unger for å få dem til å passe inn i skulen, men å lage en skule som favner om alle. Det klarer ikke skulen uten å reflektere over seg selv som miljø..”

Denne årsmelding er naturleg nok prega av arbeidet som er gjort hausten 2007, og som ny leiar er eg takksamd for at eg i PPT Midt Ryfylke fekk ein solid og god grunnmur å byggja vidare på.

13.03.2008

Marianne Sandvik Tveitnes Virksomhetsleder PPT Midt Ryfylke

3 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

PP- TENESTA SI FORANKRING I LOV, FORSKRIFT OG ANDRE OFFENTLEGE DOKUMENT.

Opplæringslova § 5-6 Pedagogisk psykologisk teneste:

Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. Tenesta skal hjelpa skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgja for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Lovteksten uttrykkjer ei todeling av PPT sine oppgåver: 1 PPT skal hjelpa barnehagane og skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at dei kan leggje betre til rette for barn og unge med særlege behov. 2 PPT skal utarbeida sakkunnige vurderingar som skal visa om det er behov for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp. Ei sakkunnig vurdering skal alltid føreliggja før det vert gjort enkeltvedtak om spesialundervisning i skulen eller spesialpedagogisk hjelp for barn under skulepliktig alder. § 5-3 er ei opplisting av kva som skal vera med i ei slik vurdering.

OPPDRAGS- OG ARBEIDSGJEVAR

Oppdragsgjevar: PP-tenesta for Midt-Ryfylke er eit interkommunalt samarbeid for kommunane Strand, , Finnøy og . Distriktet består av 24 skular og 27 barnehagar. Dei tre siste åra har talet på barn mellom 0-16 år fordelt seg slik mellom kommunane:

Kommune 2005 2006 2007 Strand 2721 2719 2747 Finnøy 699 688 640 Hjelmeland 650 650 644 Forsand 306 294 290 Sum 4376 4351 4321

Som ein ser er det liten variasjon i barnetalet. Strand viser ein liten auke medan dei andre kommunane visar ein liten nedgang.

Arbeidsgjevar: Samarbeidskommunane har inngått avtale om at Strand kommune er formell arbeidsgjevar for PP-tenesta. Leiar for PPT er dermed verksemdleiar i Strand kommune. Tenesta har eit styre

4 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

som består av skulefagleg ansvarleg i kvar kommune. Styret har uttalerett i alt som angår PP- tenesta, inkludert lønn og personalsaker.

Styret: Styret hadde våren 2007 slik samansetjing: Skulefagleg ansvarleg Bente Tjelta Finnøy Skulefagleg ansvarleg Bernt Høie Forsand Kommunesjef Arild Boganes Hjelmeland Skulefagleg ansvarleg Wictor Juul Strand Målfrid Valheim Rake Leiar PPT

Hausten 2007 vart det nokon endringar og styret fekk då slik samansetjing:

Kommunalsjef Reidulf Vignes Finnøy Skulefagleg ansvarleg Bernt Høie Forsand Kommunesjef Arild Boganes Hjelmeland Skulefagleg ansvarleg Wictor Juul Strand Marianne Sandvik Tveitnes Leiar PPT

TILSETTE I PP-TENESTA 2007:

Namn Stilling Målfrid Valheim Rake Leiar/ pedagogisk psykologisk rådgjevar ( fram til 01.05.07) Siri Nag Spesialpedagog (tilsett på engasjement fram til 31.07.07) Åse Midtskog Sosialpedagog - psyk.sykepleiar Ragnhild Rettedal Spesialpedagog - leksolog Torbjørg Wathne Spesialpedagog- generelle- lære og atferdsvanskar Helg Ingvild Barka Ped.psyk. rådgjevar - logoped (morspermisjon f.o.m. 15.09.07) Ingunn Thørnquist Spesialpedagog -logoped Elsebeth Højsgaard Spesialpedagog -logoped Inger Serigstad Merkantil saksbehandlar Marianne Sandvik Tveitnes Verksemdsleiar ( frå og med 01.08.07)

ØKONOMI Budsjettramma for 2007 var på kr 3 907 400. Det meste av dette er reine lønnsutgiftar. Kontoret har gjennom heile året hatt fleire vakante stillingar. Kontoret hadde ikkje tilsett leiar frå mai til august. Det var ingen tilsette i ein fast 100% stilling for psykolog og frå midten av september hadde me heller ikkje tilsette i eit 100% vikariat for Helg Ingvild Barka som gjekk ut i morspermisjon. I tillegg hadde kontoret 60% stilling ledig som fylgje av at ein saksbehandlar går fast i 80 % stilling, ein har 80 % som seniortiltak og leiar hadde redusert stilling med 20 %.

Med utgangspunkt i det som er nemnt ovanfor, hadde me ved utgangen av året eit overskot på kr 674 365,- . Strand kommune fekk kr 100 000,- i forskot i oktober 2007. slik at det samla overskotet var på 774 365,-. Etter at Strand kommune hadde fått refundert kr. 55 000,- pga vakanse i 50% kommunelogopedstilling i okt/nov/des. hadde me eit overskot på kr. 719 365,- som vart tilbakebetalt til dei fire samarbeidskommunane.

5 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

VERKSEMDPLAN

I verksemdsplanen for 06/07 hadde PPT Midt Ryfylke desse satsingsområda, med underliggande mål:

Språkutvikling hos barn i førskulealder - Stimulera til bevisst arbeid med språk i barnehagane - Auka kompetanse i PPT på området språkutvikling - Å oppretta samarbeid med barnehagar som har språk som satsingsområde Tilpassa opplæring - Auka kompetanse på området tilpassa opplæring - Få auka kjennskap til korleis skulane driv TPO i dag - Felles innhald i begrepet tilpassa opplæring Matematikk på småskuletrinnet - Auka kjennskap til korleis matematikk-opplæringa føregår i dag - Auka kompetanse innad på kontoret - Auka kompetanse hos lærarane i klasserommet Sosio-emosjonelle vanskar (frå 2006) - Auka kompetanse innad på kontoret

Dette er satsningsområde som PPT har hatt fokus på gjennom fleire år. Tiltaka er ofte ledd i eit langsiktig arbeid, slik at resultata ikkje umiddelbart er synlege. Hausten 2007 sette me og i gang arbeidet med å utarbeida ein ny verksemdsplan for 2007-2008. I sambandet med det arbeidet vart planen for 06/07 evaluert. Det området som ein har fått arbeid minst med er matematikk på småskuletrinnet. Her kan me ikkje sei at me har nådd måla. Men på dei andre områda har dei tilsette fått auka innsikt og kompetanse og me vonar at dette og vil visa igjen i vårt arbeid ute i skular og barnehagar.

Den nye verksemdsplanen vart godkjend av styret i november 2007.

Her har me sett opp 4 fokusområde med underliggande delmål.:

Systemretta arbeid • PPT skal medverke til at det blir utvikla gode rutinar og praksis rundt organiseringa av tiltak for barn med særlege behov. • PPT skal bidra til å styrke kompetansen i barnehage og skule gjennom å tilby individuelt tilpassa kurs og rettleiing.

Intern og ekstern kompetanseheving • PPT Midt Ryfylke skal kvart år lage ein plan for kompetanseheving kor ein peikar på kva for satsingsområde ein ønskjer å leggje vekt på inneverande periode og korleis ein vil arbeide for å sette fokus på desse områda

Individretta arbeid

6 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

• PPT skal, innan rimeleg tid etter tilvising, utarbeide ei skriftleg tilbakemelding i alle individsaker som vert tilvist PPT. Dersom utgreiinga syner at det er behov for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp, skal den skriftlege tilbakemeldinga følgjast opp av ei sakkunnig vurdering. • PPT skal i samarbeid med føresette, barnehage og skule sjå til at sakkunnige vurderingar vert omsett i praktiske tiltak.

Internt arbeid • PPT skal arbeide internt for å etablera ein trygg felles fagleg plattform og vidareutvikle og samordne strategiar for utføring av PP-tenesta sine oppgåver.

• Tilsette i PPT skal forsøka å halde seg faglig oppdatert, og arbeida for å utvikla eit triveleg og berikande fellesskap for alle på kontoret

• PPT skal bli meir brukarvennleg gjennom å oppdatere nettsidene og gjera det lettare for brukarane å få tilgang til dokument som informerer om kva PPT kan tilby av tenester.

Kvart delmål har og konkrete forslag til tiltak. For nærare beskriving visar PPT til Verksemdsplan for 2007-2008.

OVERSIKT OVER TJENESTETILBODET I 2007.

Systemretta arbeid

Intern og ekstern kompetanseheving Innan fokusområdet ”Intern og ekstern kompetanseheving” valte me hausten 2007 å vidareføra to satsingsområde: • Språkvanskar og tilpassa opplæring • Sosio-emosjonelle vanskar/skulevegring

Tiltak som er blitt gjennomførde er blant anna: • PPT har arrangert eit to-dagars kurs om Språkscreeningstesten SPRÅK 6-16 i samarbeid med Ernst Ottem frå Bredtvet kompetansesenter. Kurset hadde samla 30 deltakarar, jamt fordelt mellom dei fire kommunane.

• PPT har holdt kurs om kartleggingsverktøyet TRAS for barnehagepersonale i Strand

• PPT har vore aktive i eit prosjekt kring TPO på Fogn i Finnøy kommune

• PPT har holdt foredrag om språkstimulering på foreldremøter i ulike barnehager.

• PPT har delteke i nettverk for logopedar, samt nettverk for fagpersoner som arbeider med ganeplate.

• PPT har delteke i nettverk for fagpersonar som arbeider med Asperger syndrom.

• PPT har gått til innkjøp av læreboka Språkveilederen med tilhøyrande dvd til alle medarbeidarane. 7 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

• PPT er med i styringsgruppa for eit prosjekt som er starta opp på bakgrunn av at ungdomsskulane i Strand det siste året har opplevd ei tydeleg auke i atferdsproblem blant elevane. Situasjonen på JUS var svært bekymringsfull, og også på TUS var det grunn til å sette inn tiltak for å hindre ei vidare negativ utvikling. Gjennom dette prosjektet får saksbehandlarar på PPT delta i det same kompetanseløftet som lærarane ved JUS får tilbud om. Her har ein henta inn Pål Roland som forelesar og vegleiar.

Personalet har delteke på ulike kurs innanfor desse temaene:

• Språkvansker: Kva er spesifikt i spesifikke språkvansker Språkløftet Språk 6-16

• Sosio-emosjonelle vanskar: Skolevegring Asperger syndrom Selvskading Skulevegring

• Tilpassa opplæring: LP-modellen Utdanningskonferansa i Skulemøtet i .

Leiar har i tillegg delteke på PP-leiarsamlingar og kurset: ”Ny som leder”.

Individretta arbeid.

Talet på nye henvisningar av enkeltsaker til PPT gjekk opp i 2007, og ved utgang av året hadde PPT Midt Ryfylke totalt 595 aktive saker.

Antall nye henvisninger på individnivå

200

150

100

antall nye saker pr år 50

0 2007 2006 2005 2004 2003 2002

8 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

Det er Strand kommune som klart står for dei fleste sakene, men dette speglar berre kor store kommunane er.

Antall aktive saker pr. kommune

Finnøy Forsand Hjelmeland Strand gjesteelever

Dersom me ser på kor stor prosent av barna i dei enkelte kommunane som er henvist PPT får ein eit slikt bilete.

Antall aktive saker pr kommune vist som % av kommunens totale barnetall

15,40 % 15 % 13,50 %

11 %

Finnøy Forsand Hjelmeland Strand

Det skal imidlertid understrekast at dette ikkje seier noko om kor omfattande dei enkelte sakene er, og seier heller ikkje noko om kor mykje arbeid PPT legg ned i kvar enkelt kommune.

9 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

Dersom me ser på korleis dei nye sakene fordeler seg mellom kjønna på førskule, grunnskule og vaksne ser me at gutane dominerar når det gjeld henviste førskuleborn, men at dette jamnar seg heilt ut når dei kjem opp i skulen.

Fordeling av antall henviste saker mellom førskole, grunnskole og voksne. Tabellen viser også fordelingen mellom kjønn .

100 80 60 totalt jente 40 gutt 20 0 førskolebarn skolebarn voksne

Samla sett har problemstillinga i dei sakene som har blitt henvist i 2007 fordelt seg slik.

Henvisningsgrunn

uttalevansker

konsentr. psyk/emosj.

lese skrivev.

stamming

språk atf/sos.

annet

fagv/lærev skolevegring

u/f skolest

motorisk uro motorikk

mobbing

0 10 20 30 40

Uttale og språkvanskar dominerar bilete hos førskuleborna, men etter som dei vert eldre aukar det på med henvisningar som oppgjev konsentrasjon og psyko/emosjonelle vanskar som eit hovedproblem.

10 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

Arbeidet med sakkyndige vurderingar tok og i 2007 mykje av PPT si tid. Totalt sett er det ved årsslutt sendt ut 206 sakkyndige vurderingar for skuleåret 2007-2008 om rett på spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp etter §5-1 og § 5-7.

Tilrådinger om spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp skoleåret 2007-2008 etter § 5-1 og 5-7. Regnet om i % ut fra det totale antall barn mellom 0-16

8

6

4

2

0 Strand Finnøy Forsand Hjelmeland Totalt

Me ser ein klar skilnad mellom kommunane på kor stor prosent av barna som får slik tilråding. Det kan vera mange årsaker til eit slikt bilete. PPT er heilt generelt av den meining at det er ein samanheng mellom kor godt ein barnehage/skule klarar å tilpassa det ordinære tilbodet og i kor stor grad det er behov for spesialundervisning/ spesialpedagogisk hjelp. Her vil og dei økonomiske rammene, som kvar enkelt skule/barnehage har til å styrka det ordinære tilbodet med, spela inn. Det skal imidlertid seiast at fleire av kommunane er såpass små at det ikkje vert rett å samanlikna det statistiske biletet med andre mykje større kommunar. På den andre sida er det stadig ei utfordring for PPT å hjelpa skulane med å tilrettelegga det ordinære tilbodet ennå betre slik at fleire barn kan koma inn under dette og at spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp vert ein rett som svært få har behov for.

I 2006 reduserte alle fire kommunane talet på enkeltvedtak, til fordel for større breidde på det ordinære opplæringstilbodet. Mange elevar fekk då tilpassa opplæring i staden for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp etter § 5.1 og §5-7. I 2007 gjekk talet på tilrådingar opp igjen. Fleire elevar klarer ikkje, av ulike grunnar, å nå kompetansemåla i kunnskapsløftet, og har derfor rett på spesialundervisning og IOP. Vi meiner og å se ein auke i elevar som treng ei heilt særskild form for tilrettelegging for å kunna nå kompetansemåla, og som av den grunn og kjem inn under §5-1. (eksempel på dette er barn med diagnose innan autismespekteret.)

140 120 100 80 Hjelmeland 60 Finnøy 40 Forsand 20 Strand 0 Skule Skule Skule førskule Førskule Førskule 2005/ 2006 2006/ 2007 2007/2008

11 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

PPT opplever og stadig at det er behov for at 2.linetenesta vurderer enkelte barn.

I 2007 vart totalt 40 barn vidarehenvist. Som diagrammet synleggjer var det i all hovudsak henvisningar til BUPA.

PPT henvis til BUPA dersom det er spørsmål om t.d. AD/HD, diagnosar innan autismespekteret, alvorleg skulevegring, psykiske vanskar samt alvorlege atferdsforstyrringar som ein ikkje finn årsaka til.

Antall barn henvist til 2.linjetjenesten

1 1 1 2 BUPA 6 Østerlide Synspedagogtjenesten Eikelund komp.s. Vestl.komp.senter

29 Fysioterapitjenesten

Samarbeidet med 2.linetenesta har vore godt, men det er ei stadig utfordring å få til gode samarbeidsrutiner når fleire hjelpeinnstansar er inne i ei sak.

12 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

Internt arbeid

PPT fekk hausten 2007 oppdatert informasjonen som låg ute på kommunane sine nettsider. Brukarane kan nå laste ned henvisningsskjema direkte frå nett, og ein får og ein grei oversikt over kven som arbeider i PPT og kva tenester vi kan tilby.

Hausten 2007 blei det gjennomførd ein medarbeiderundersøkelse i Strand kommune. Alle medarbeidarane svarte på undersøkinga og gjennomsnittlig medarbeidertilfredshet var svært høg. Helhetvurderingen på områda trivsel og organisering av arbeidet låg på 5,4 og 5,5 (toppskåre er 6) og på enkelte punkt er skåren og høgare enn dette. Dei områda som får svakast skåre er: ”system for lønns- og arbeidstidsordning, faglig og personlig utvikling og overordna leding (kommuneadministrasjonen). Alt i alt uttrykker medarbeidarane at dei er svært stolte over arbeidsplassen sin (5,7) og det er svært gledeleg. Me arbeider kontinuerlig med å organisera arbeidet slik at det skal være tydelig både for oss sjølv og andre kva PPT kan tilby av tenester og korleis me skal utføre arbeidet. Me har gode kontor i Rådhusgaten. Lokala er sentralt plassert, og kontora er lyse og trivelige.

Me får svært høg skåre på desse punkta:

• Tilgang til hjelpemidler for å utføre jobben best mulig – 5,8 • Ansvar og myndighet til å kunne arbeide selvstendig – 5,7 • Mulighet til å utnytte dine evner/ferdigheter/kunnskaper i jobben? – 5,6

Dei tilsette på PPT har alle svært høg utdanning, og arbeidet i PPT er slik utforma at de får muligheit til å bruka kompetansen sin. Me ser det som svært viktig å holde oss faglig oppdatert og prioriterer å oppdatere testmateriell og faglitteratur. Dette gjer at dei tilsette har muligheit for å gjera ein god jobb. Arbeidet er og slik organisert at den enkelte har stor grad av fridom i måten dei organiserer sin eigen arbeidsdag på og dette gir og rom for å kunne arbeida sjølvstendig. Dette er noko dei tilsette set pris på og er trulig også medvirkande årsak til at den generelle trivselsskåren er god. Det enkeltpunktet som har desidert lågaste skåre i hele undersøkinga er om dei tilsette har god nok tid til å utføra arbeidsoppgåvene. -3,2. Dei tilsette på PPT opplever eit kontinuerlig stort arbeidspress. I haust har me og hatt 2 ½ stilling vakant, noko som ikkje har gjort situasjonen betre. Det blei utarbeida ein tiltaksplan etter medarbeiderundersøkelsen, og for nærmare informasjon viser eg til denne.

13 PPT Midt-Ryfylke, Postboks 33, 4126 Jørpeland

OPPSUMMERING/ AVSLUTNING:

Å arbeida i PPT er utfordrande og krevjande, men og spanande og inspirerande.

Verksemdplanen avspeglar tiltak på systemnivå. Systematisk og grundig utredning ved tilvisning av individsaker er og svært viktig. Me ser klart at fleire barn/ungdommar som vert meldte pga atferdsvanskar/psykos-sosiale vanskar ofte kan ha ulike formar for lærevanskar som dei ”skjular” gjennom avvikande atferd. Gjennom at PPT arbeider med å veileda skule og barnehage slik at dei kan leggja betre til rette rundt enkeltelevar, arbeider me og systemretta. Personalet får gjennom slik individuell rettleiing heva eigen og skulens/barnehagens samla kompetanse. PP-tenesta deltek og i møte, observerer i klasserom og barnehage, har samtalar med personale og foreldre, henvis barn til andreline-tenesta, har samarbeid med ulike faggrupper osv.

Målfrid Valheim Rake skreiv i årsmeldinga for 2006 at: Å arbeida systemretta er å ha eit førebyggjande perspektiv på oppgåvene, vera i forkant av problema. Eit godt system for tilpassa opplæring på den enkelte skule vil kunna avverga at vanskar får utvikla seg og blir altfor seint ”oppdaga”. …PP-tenesta vil gjerne delta i arbeidet for å kvalitetssikra systema i skular og barnehagar. Det overordna målet er mestring, livsglede og utvikling for det enkelte barn. Dette er ei målsetting som PPT Midt Ryfylke ber med seg når me i 2008 tar tak i nye utfordringar og klatrar mot nye mål.

Kopi vert sendt til:

Skulefagleg ansvarleg i Strand, Forsand, Hjelmeland og Finnøy

Rådmann i Strand kommune

Fylkesmannen i Rogaland, avd. utdanning

Link vert lagt ut på PPT si side under: www.strand.kommune.no

14