Medlemsblad for Nordhordland Husflidslag
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 4 / sept. 2011 Nordhordland Husflidslag har hatt undervisning om ull og plantefarging som del av Den Kulturelle Skulesekken. Ivrige Kløve-elevar viser her fram sjølvfarga garn. AKTIVITETAR I LAGET Hausten er komen og me er godt i gang med ulike aktivitetar i laget. Mand. 29.august starta me opp med medlemsmøte i Hillesvågen, der tema var samvirkereforma og nye vedtekter for PL Husflidstova. Forslag til nye vedtekter står lenger bak i bladet. 5.september hadde me første handarbeidstreffet, med brikkeveving som tema. 10. september markerte me Husflidsdagen. Dagen etter var det Kulturminnedagen og 6 skuledagar har me hatt arrangement for skuleklassar på barnetrinnet. Mange av haustkursa er godt i gang, men det er framleis ledige plassar på nokre av kursa: Grønlandsperling, pilfletting, bunadsbandveving, tauverk, spinning med rokk og handtein. KOMANDE AKTIVITETAR Mand.3. okt får me besøk av den nye husflidskonsulenten, Hege Therese Nilsen, i staden for Torhild Velure, som tidlegare annonsert. Mand. 7. nov handarbeidstreff – julehjarte Laurdag 19.nov – husflidsmesse i Knarvik (Me håper at medlemmane støtter opp om messa og at flest mogeleg melder seg på) Mand. 5.des. Julemøte i Husflidens Hus BILDER FRÅ HANDARBEIDSTREFFET 5. september Prøveveving på Osebergdronninga sin vevreiskap 2 Irene Bjørsvik får rettleiing av Kirsti Abbedissen Else Krüger, Karin L. Eide og Ingrid Eidsnes i djup konsentrasjon over brikkeveven Foto: Torill Geelmuyden HUSFLIDENS DAG I NORDHORDLAND. Laurdag 10.september vart Husflidens dag arrangert av lokallag over heile landet. Heile verda strikkar, var mottoet for dagen. I Nordhordland strikkar dei, men gjer mykje anna og, så her ønskte lokallaget å syne mangfaldet blant medlemmane denne dagen. Dagmar Lygre perlar med Grønlandsperler. Her perlar ho ei julebjelle. Ho inviterer til kurs fra 8.11. Broderinemnda med Annlaug Helland og Vigdis Olsen i prat med Else Krüger over broderte duker. Anne Grete Breisnes i veven Vigdis Valde spinn på handtein. Ho har ledige plassar på spinnekurs i oktober, både på rokk og handtein. Laurdagsope i Hillesvågen Laget har enno ope kvar laurdag i Hillesvågen. Stundom har me mykje besøk, stundom er det berre nokre få som finn vegen til Husflidens Hus. Men etterspørselen har auka, og det er ikkje så lenge mellom kvar gong me har grupper på besøk. For at me skal halda fram, må me ha fleire medlemer som kan avsjå nokre timar ein laurdag i ny og ne. Og ikkje minst må medlemane koma med produkta sine som me kan syna fram (selja) i ”skryteskåpa” våre. Håper mange tar kontakt med leiar på tlf: 94857312—56373278 Aud Marit Halland 3 VEDTEKTER FOR Husflidstova SA. Oppdatert etter medlemsmøtet 29 august 2011 1. Samanslutningsform og føretaksnavn Samanslutninga er eit samvirkeføretak og føretaksnavnet er Husflidstova SA. Medlemane og partsinnhavarane heftar ikkje ovanfor kreditorane for føretakets forpliktingar. 2. Forretningsstad Forretningskontoret er i Lindås kommune. 3. Verksemd Selskapet skal: * Arbeide for å fremja dei lokale bunadstradisjonane, organisera produksjon og fremja omsetnad av bunader. * Arbeide for å ivareta kvaliteten på bunadene etter tilråing frå bunad og folkedraktrådet og lokal bunadsnemnd. Føretaket har til formål å fremje medlemane sine økonomiske interesser gjennom deira deltaking i verksemda som kjøparar av varer og tenester frå verksemda, samt som leverandørar av varer eller tenester til verksemda. Verksemda si avkastning, bortsett frå ein normal forrentning av innskoten kapital, vert ståande i verksemda. 4. Andelsinnskot og medlemskontingent Betalande medlemar av Nordhordland Husflidslag og partsinnehavarar har stemmerett på årsmøtet. Det skal ikkje vera renter på andelsinnskot. Ved utmelding har partsinnehavar krav på å få tilbakebetalt sitt andelsinnskot. Partane lyder på kr.250 pr.stk. 5. Bruk av årsoverskot Bruk av årsoverskot vert avgjort av årsmøtet etter forslag frå styret. Ein kan ikkje bruka eit høgare beløp enn det styret føreslår eller godtar, men årsmøtet kan sjølv avgjera bruken innafor fylgjande rammer: 1. Godskriving av føretaket sin eigenkapital 2. Etterbetaling (jf. samvirkeloven § 27) 3. Avsetning til etterbetalingsfond (jf. samvirkeloven § 28) 4. Avsetning til medlemskapitalkonti (jf. samvirkeloven § 29) 5. Renter av andelsinnskot og medlemskapitalkonti (jf. samvirkeloven § 30) 6. Styre og dagleg leiar Føretaket skal ha eit styre med minst 5 medlemar og 2 varamedlemar Føretaket skal ha ein dagleg leiar. Styret tilset dagleg leiar. Dagleg leiar og leiar i Nordhordland Husflidslag skal vere med i styret. Dei to andre medlemane i styret vert valde på årsmøtet. Ein vel styreleiar og 2 styremedlemar for 2 år. Ein av medlemane i styret bør også vera med i bunadsnemda jmf. bunadsnemda sine vedtekter. Kvart år står 1 medlem på val, første gong ved lutdragning. Styret vel sjølv nestleiar og skrivar. Styret heldt møte så ofte som styreleiaren finn det naudsynt, eller når 2 styremedlemar ber om det. For at eit vedtak skal vere gyldig, må 3 av medlemane røyste for. Styret skal føre referat. Styret skal: - føra tilsyn med at Husflidstova SA vert drive i samsvar med føremåla. - Tilsetje dagleg leiar, fastsetja løn og arbeidsinstruks. - Syta for forsvarleg rekneskapsførsel. - Vera delaktig i tilsetjing av medarbeidarar Underskrifta til leiaren for styret og ein av styremedlemane i felleskap er forplikande for Husflidstova SA. Styret kan gje melding om prokura. Utgifter i samband med styreverv. Styremedlemar kan få dekka utgifter i samband med styrevervet. Kjøring til styremøter skal dekkast i samsvar med statens regulativ. 7. Ordinært årsmøte På det ordinære årsmøtet skal fylgjande saker handsamast og avgjerast: 1. godkjenning av årsrekneskap og årsberetning, samt disponering av årsoverskot. 2. andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under årsmøtet. Årsmøtet i Husflidstova SA er det høgaste organ for føretaket. Årsmøtet held val. For at ei vedtektsendring skal vere gyldig, vert det kravd 2/3 fleirtal av dei frammøtte som har røysterett. 8. Ekstraordinert årsmøte Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Styret skal også kalla inn til ektraordinært årsmøte når revisor eller minst 1/10 av medlemmene krev dette skriftlig. Ekstraordinært årsmøte skal berre handsama dei sakene som er varsla i innkallinga. 9. Fordeling av nettoformuen ved oppløysning av føretaket Medlemane i Nordhordland Husflidslag og partsinnhavarane avgjer eventuell stans og nedlegging av verksemda. Gyldig vedtak krev ¾ fleirtal. Verksemda sine eignelutar vert overført til Nordhordland Husflidslag dersom ikkje det årsmøtet4 som vedtok nedlegging, med ¾ fleirtal gjer anna vedtak. Føretaket sine medlemar har ikkje rett til å få utbetalt sine andelsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonti dersom det er midler i føretaket etter at det har dekka sine forpliktelsar. Medlemane har ikkje krav på å få utbetalt renter på andelsinnskot eller medlemskapitalkonti. LÆRERRIKT OM ULL Som del av Kulturminnedagen med tema: Spor i naturen, og Den Kulturelle Skulesekken, laga husflidslaget eit opplegg om ull som dei tilbaud skulane i regionen ei veke no i haust, og responsen var god. Mandag hadde Leknes skule vore der, og samla planter som klassane frå Kløve hadde glede av då ”Primstaven” var innom. Det var kastanje, vanleg løk, løvetann + krapp og blåbærlyng. Fire elevar frå Kløve fortalte om opplegget. Det var Amalie og Silje frå 4. klasse og Ronja og Mathias frå 7. klasse Dei var der for å lære om kva sauen kunne brukast til, fortalte dei. Det var forutan kjøttet, blodpølse, blodpannekakar og blodpudding. I gamle dagar brukte dei skinnet som dyne. Før dei kom, visste Ronja at plantar ble brukt til å farge, men ikkje kva for ein plante som gav ulike fargar. Med barnehagen hadde dei besøkt Hillesvåg ullvarefabrikk, og huska garn-vaskemaskina best. Dagen starta med at elevane lærte om korleis det var i gamle dagar. Fine, gamle tepper fekk dei sjå. Før besøk på fabrikken, la dei garn i ulike kar med ulike plantar for at det skulle bli farga. Desse hadde stått og kokt lenge. I ei panne var det kastanjeblad, ei anna skal av vanleg løk, i ei var det blåbærlyng og ei panne med løvetann + krapp. På fabrikken gjorde vaskemaskina inntrykk igjen. Dei lærte kor varmt det kunne vere i ei slik maskin. Maskina kunne farge frå 4 til 200 kg garn pr dag, fortalte Mathias. Matpakkelunsj var neste punkt, og etter eigen matpakke, fekk dei servert stompekake med sirup. Det var godt. Som minne fekk dei Husflidslagskrus med seg heim. Garnet blei henta opp av pannene, og buntvis hengt opp til tørk. Så blei elevane sendt ut for å plukke bjørkeblad til elevane frå Myking som skulle komme neste dag. Lærarane skulle ta med seg alle garnbuntane tilbake til Kløve, godt merka med gamle knappar og perler, og vaske det i MILO for å få det mjukare. Til slutt skal elevane lage noko av garnet. Så kva er planane til ”Primstaven” sine intervjuobjekt? Mathias hadde farga med løk, og garnet var mørkegult. Han vil strikke panneband eller lue. Silje sitt garn hadde bada i kastanjeblad, og var lysegult. Hun har ikkje riktig bestemt seg for kva ho skal lage. Amalie har bestemt seg for å strikke sokkar. Garnet var farga av løvetann og krapp, og var gult med eit rosa skjær. Ronja har også farga i kastanje, og pulsvottar er målet. Kanskje Kløve elevane tar eit bilde når alle har strikka eller hekla seg noe? Da får de eit nytt oppslag her i ”PRIMSTAVEN” Til venstre gamle vevde tepper av plantefarga heimespunne garn. På rull bak ny plantefarga løpar i enkel skillbragd. Til høgre bjørkelauv samla av elevane og lagt i bløyt for koking neste dag 5 BRODERINEMNDA Nordhordland husflidslag to fagnemnder, og ei av desse er Broderinemnda. Nemnda har eit styre på fem personar og to varafolk. Formålet med nemnda er at ho skal samle inn og registrera gamle mønster og broderi. Engelsk broderi, plattsaum og stilkestingbroderi, men andre kan og vera av interesse. Er det nokon som har noko gamalt, som me kan låna, eventuelt få, vil me gjerne høyre frå dykk. Om broderiet er slitt, har flekkar eller hol, tek me i mot. Sitat frå eit informasjonsskriv dei har gitt ut saman med Bunadsnemnda.