kommune Økonomi, plan og utvikling

«MOTTAKERNAVN» «ADRESSE»

«POSTNR» «POSTSTED»

Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato LOTTENA 2013/2163 9782/2015 153/4 16.05.2015

Reguleringsplan for Angravli og reguleringsplan for Svinhaug - mindre endring

Saka vart handsama i plan- og miljøutvalet 13.05.15, som sak nr. 15/42.

Utskrift av saka ligg ved.

Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i medhald av plan- og bygningslovas §§ 12 -12 og 1 -9 , jfr forvaltningslovas kap. VI. Eventuelle klager må sendast til Vinje kommune innan 3 veker.

Krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan tre år frå denne kunngjeringa, jfr plan- og bygningslovas §§ 15 – 2 og 15 - 3. Krava må vere skriftlege og sendast til Vinje kommune.

Med helsing Lotte Næss (sign) arealplanleggjar

Kopi til: Plankontoret Hallvard Homme Geir Magne Tvitekkja

Vedlegg: Plan- og miljøutvalet 13.05.15, sak 15/42 Framlegg til ny plan - med dei tre tomtene vist 6 skisser, 2 for kvar hyttetomt : Lokalisering av tomter, vist i framlegg til ny reguleringsplan

Vinjevegen 192, 3890 Vinje • Tlf. 3506 2300 • Fax 3506 2301 • [email protected] • www.vinje.kommune.no • Bankgiro 2620.07.00200 • Organisasjonsnummer 964964610 Sendt til: Ellen Gulliksen Kollenvegen 32 3712 Kristin Larsen Nedre Miningsskar 3 3864 RAULAND Kari Omland Geiterygglia 24 3728 SKIEN Knut Haukvik Stubbesletta 9 3746 SKIEN Knut Aaby Kamfjordåsen 42 3227 Geir Arne Heggtveit Espevikveien 15 4993 SUNDEBRU Kåre Narve Johansen Voldstadveien 60 B 3300 HOKKSUND Per Nestor Jørgensen Øvre Tyholmsvei 6 4836 ARENDAL Haakon Solli Apenesbakken 7 3189 Mette Dorthea Ravli Koffegata 3 3950 BREVIK Espen Thiis-Evensen Vekterveien 5 0681 OSLO Annicken Wæraas Tistelvegen 9 7033 TRONDHEIM Christian Berg og Janne von K Hagaliveien 29 B 1358 JAR Heimdal Harald Elvsåshagen Hummerbakkveien 418 3294 STAVERN Jørn Terkelsen Falkevegen 27 3940 PORSGRUNN Anne Marie Halvorsen Klokkargardvegen 86 3691 GRANSHERAD Anders Høeg Rosenalle 36, 6920 Videbæk, Danmark Einar Olav Kirkeby Rosendalsveien 44 1166 OSLO Astrid Buer Herman Baggers gate 4 B 3717 SKIEN Per Rune og Chrstina s Omfjord Sødal terasse 51 4630 KRISTIANSAND S Jan Erik og Wenche Omfjord Glanutveien 16 3173 VEAR Johan Christian og Torun Sødal Terasse 13 B 4630 KRISTIANSAND S Sandvand Haldis Berger og Lars Lindstøl Risørveien 275 4950 RISØR Knut og Mai Kersten Gunnarsli Marcus Thranesg. nord 21 B 3722 SKIEN

Side 2 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling

Arkiv saknr: 2013/2163 Løpenr.: 8850/2015 Arkivkode: 153/4

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 13.05.2015 15/42

Sakshandsamar: Lotte Næss

Reguleringsplan for Svinhaug 151/10 og 153/4, og reguleringsplan for Angravli 153/4 - mindre endring

Vedlegg: 1 2587-20150423 Søknad endring 2 Skisser tomter i gjeldande plan og i framlegg til ny plan 3 Framlegg til ny plan - med dei tre tomtene vist 4 Svinhaug gjeldande plan 5 Angravli gjeldande plan 6 Utkast utbyggingsavtale

Dokument i saka: Kst – sak 15/14 Kst – sak 15/18

Bakgrunn: Planprosessen for ny detaljregulering for delar av Angravli – Angravli II – blei starta opp 03.10.13. Planframlegget var på høyring og offentleg ettersyn 30.06 – 01.09.14 . Plan- og miljøutvalet vedtok 26.11.14, sak 14/129, å sende saka til kommunestyret for endeleg vedtak.

På grunn av pågåande arbeid med strategi for varme senger, vart saka ikkje handsama i kommunestyret 12.02.15. I kommunestyret 15.03.15, sak 15/14, blei plansaka vedteken sendt tilbake til plan- og miljøutvalet. «Kommunestyret bed om å få nærare utgreidd konsekvensane av planframlegget, spesielt med omsyn til omregulering frå nærings- til fritidsføremål.»

Side 3 I kommunestyret 16.04.15, sak 15/18, vart saka om strategi for varme senger - «Modell for bruksendring av næringsområde knytt til reiseliv» - utsatt.

Det har såleis tatt lenger tid enn det ein rekna med på slutten av planarbeidet. Med kommunestyrevedtaket 16. april er saka ytterligare forsinka.

På bakgrunn av dette søker Geir Magne Tvitekkja om ei mindre endring for for å få heimel til å selje tre hyttetomter, medan han ventar på endeleg vedtak av framlegg til ny detaljregulering. Tomt 153/116 er i eit område som i dag er regulert i reguleringsplan for Svinhaug. Tomt 153/108 er innanfor området for reguleringsplan for Angravli. Tomt H1 ligg dels i gjeldande reguleringsplan for Angravli, dels utanfor, men i byggeområde for fritidsbustader i kommunedelplan Rukkemo – Torvetjønn.

Vurdering: Nye tomter i eit etablert hyttefelt bør ein som hovudregel ikkje handsame enkeltvis, men samla, der ein ser heile planen under eitt. Ein ser likevel dette som ein spesiell situasjon : - Endringa det er søkt om er i tråd med framlegg til detaljregulering for Angravli II, og det har ikkje kome merknader til dei tre tomtene ved høyring/offentleg ettersyn. Tomt H1 er flytta i revidert planframlegg som låg ved saka til plan- og miljøutvalet ved 2. gongs handsaming. Ifølge grunneigar er flyttinga godkjent av eigar av eksisterande hytte rett i nord (153/87). - Endeleg vedtak vert forsinka, ein må vente på vedtak i saka om strategi for varme senger. - Saka om ny strategi for varme senger er ikkje relevant for desse tre tomtene.

Samstundes vil ein understreka at ein er skeptisk til å gjere fleire liknande vedtak dersom det kjem fleire søknader om enkelttomter innanfor planområdet.

Fram til ny plan for heile området er vedteken, er det føresegnene i dei to gjeldande planane som gjeld. For fritidsbusetnad er det her framlegg om sers små endringar.

Ihht utbyggingsavtale som ein er samd om med grunneigar, skal det betalast infrastrukturbidrag på 50 kr pr m2 nytt tomteareal regulert til fritidsbusetnad. Det er no utarbeidd eit utkast til eiga utbyggingsavtale for disse tre tomtene, sjå vedlegg. Utkastet er sendt til grunneigar, som skal sende signert utkast tilbake innan møtet i plan- og miljøutvalet 13.05.15.

Planadministrasjonen vil rå til at endringane kan vedtakast som mindre endringar i medhald av pbl § 12 – 14, 2.ledd. Det er då eit vilkår at ingen partar har merknader til endringa. Dersom endringa blir vedteken, vil naboar bli varsla og få frist til å klage. Kjem det inn klagar då, vil ein truleg bli nøydd til å ta omsyn til klaga, fram til den nye detaljreguleringa er endeleg vedteken.

Side 4 Rådmannens framlegg til vedtak:

1. Reguleringsplan for Svinhaug 151/10 og 153/4 og reguleringsplan for Angravli 153/4 vert endra i medhald av pbl § 12 – 14, 2.ledd, slik det er søkt om i brev 23.04.15. 2. Det vert utarbeidd ei utbyggingsavtale for desse tre tomtene. Rådmannen, Jan Myrekrok, rådmann /s/

Handsaming i Plan- og miljøutvalet 13.05.2015:

Plan- og miljøutvalet vedtok samrøystes at Øystein Høgetveit var ugild i saka, jf. FVL §6, 2.ledd. Ingen kom inn som vara.

Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke.

1. Reguleringsplan for Svinhaug 151/10 og 153/4 og reguleringsplan for Angravli 153/4 vert endra i medhald av pbl § 12 – 14, 2.ledd, slik det er søkt om i brev 23.04.15. 2. Det vert utarbeidd ei utbyggingsavtale for desse tre tomtene

Framlegg til ny plan - med dei tre tomtene vist :

Side 5 Side 6 Side 7 Side 8