EIDFJORD KOMMUNE Reguleringsplan RV 13 Høgasteg
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: GBNR-2, K2-L12 Arkivsak ID: 04/713 - 26 Journalpost ID: 08/136 Saksh.: Gunnar Elnan Dato: 08.01.2008 SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksh. Eidfjord formannskap 25.02.2008 028/08 ELNGUN Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre, mindre vesentleg endring Dokument i saka: Nr Dok.dato Avs./Mot. Tittel 1 I 20.06.2004 Region Vest Statens Framlegg til reguleringsplan Vegvesen 3 U 05.07.2004 Region Vest Statens Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Vegvesen Brimnes Indre 4 I 15.07.2004 Kystverket Vest Høyring om tillatelse etter havne- og farvannsloven for tiltak i sjø iht. reguleringsplan for Rv--13 Høgasteg - Brimnes 5 I 01.08.2004 Fiskedirektoratet Uttale reguleringsplan Rv 13 Høgasteg - Brimnes 6 I 02.08.2004 Fiskedirektoratet Uttale - Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 7 I 17.08.2004 Forsvarsbygg Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre - merknader 8 I 24.08.2004 Torunn Instanes Fyllingslid Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre - merknader 9 I 03.09.2004 Kystverket Vest Ang. Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 10 I 16.09.2004 Hordaland Politidistrikt Reguleringsplan til offentleg ettersyn - Rv-13 Høgasteg - Brimnes Indre 11 I 21.09.2004 Fylkesmannen i Hordaland Offentleg ettersyn - Eidfjord - Rv 13 - Høgasteg - Brimnes Indre Reguleringsplan 12 I 29.09.2004 Hordaland Fylkeskommune RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre - Reguleringsplan til offentleg ettersyn - fråsegn 14 U 09.11.2004 Region Vest Statens Melding om vedtak - Reguleringsplan Vegvesen RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 15 I 20.12.2004 Bergens sjøfartsmuseum Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre - Uttale 16 I 01.02.2006 Region Vest Statens Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Vegvesen Brimnes Indre - Melding om godkjenningsvedtak 17 U 07.02.2006 Grunneigarar Kunngjering av planvedtak. Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 18 U 08.02.2006 HF Kunngjeringsannonse. Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 19 U 08.02.2006 Fylkesmannen i Hordaland; Oversending av vedteken plan: Hordaland Fylkeskommune Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 20 U 08.02.2006 Region Vest Statens Ang. Reguleringsplan RV 13 Vegvesen Høgasteg - Brimnes Indre 21 U 10.02.2006 Hardanger Folkeblad Annonse - Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 22 I 26.11.2007 Statens Vegvesen Framlegg til endring av reguleringplan for Rv 13-10 Høgasteg - Brimnes Indre 23 I 05.12.2007 Statens Vegvesen Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre 24 I 21.12.2007 Statens Vegvesen REGULERINGSPLAN RV. 13-10 HØGASTEG - BRIMNES INDRE MED REVISJON B, REVISJONSDATO 31.10.07. - REGPLANKART I PDF- OG SOSI- FORMAT 25 I 03.01.2008 Per Fredriksen Avtaler m.m som bakgrunnsstoff for planendring, rev. B, i reguleringsplan for rv. 13-10 Høgasteg - Brimnes Indre 27 U 08.01.2008 Fylkesmannen i Hordaland; Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Hordaland Brimnes Indre, uttale til forslag til Fylkeskommmune; mindre reguleringsendring Terje Salvesen; Torunn Instanes Fyllingslid 28 I 30.01.2008 Fylkesmannen i Hordaland Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre - uttale 30 I 30.01.2008 Hordaland Fylkeskommune Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre - uttale 29 U 06.02.2008 Statens Vegvesen Reguleringsplan RV 13 Høgasteg - Brimnes Indre, saksgebyr Vedlagt: Dok.nr. 22, 23, 24, 25, 28 og 30 Særutskrift skal sendast til: Statens vegvesen, naboar, grunneigarar, Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland Endeleg avgjerd i: Eidfjord formannskap Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Eidfjord kommune har ikkje merknad til omsøkte reguleringsendring. Reguleringsendringa vert godkjent med heimel i plan og bygningslova §28-1, pkt 2. Eidfjord kommune bed tiltakshavar merka seg merknader frå Hordaland Fylkeskommune. 25.02.2008 Eidfjord formannskap Handsaming: Røysting: Samrøystes vedteke. FSK-028/08 Vedtak: Eidfjord kommune har ikkje merknad til omsøkte reguleringsendring. Reguleringsendringa vert godkjent med heimel i plan og bygningslova §28-1, pkt 2. Eidfjord kommune bed tiltakshavar merka seg merknader frå Hordaland Fylkeskommune. Saka gjeld: Statens vegvesen (SVV) har i prosessen med detaljplanlegging av rasførebygging og vegtrase på stekninga Brimnes – Høgasteg, sett behov av ein utviding av regulert område i tilknyting til Navragjelet, Teigen og Storagjelet. Grunngjeving for denne utviding av plangrensa er å få plass til omkøyringsveg i samband med planlagde rasførebyggingstiltak. Planføremålet er tenkt anna veggrunn/landbruk og anna veggrunn/friluftsområde. Det betyr at planføremålet fell tilbake til landbruk/friluftsområde etter ferdigstilling. SVV har vore i kontakt med og gjort avtale med grunneigarane på området. Saka har vore sendt på høyring til grunneigarar, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. Det er kome inn uttale frå Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune. Fylkesmannen i Hordaland har ikkje merknader til saka. Hordaland Fylkeskommune peiker på den plikt tiltakshavar har til straks å melda frå om det under arbeidet støyter på automatisk freda kulturminne. Vidare bed Hordaland Fylkeskommune at det vert søkt unngått inngrep i kulturlandskapstrekk som steingjerde, eldre vegar, bakkemurar, stiar og tufter, og bed tiltakshavar ta kontakt dersom slikt må gjerast. Økonomiske konsekvensar: Saka har ikkje direkte økonomiske konsekvensar for kommunen. SVV har inngått avtale med grunneigarane som inneber økonomisk kompensasjon og plan for tilbakeføring av areal. Juridiske konsekvensar: Omsøkt forslag til planendring er å handsama som reguleringsendringa etter plan og bygningslova §28-1, pkt 2. Dette inneber mindre vesentleg reguleringsendring der planutvalet kan fatta vedtak. Eg meiner denne planendringa kan handsamast som mindre vesentleg reguleringsendring med bakgrunn i at, det er eit mellombels tiltak, og omfanget av tiltaket. Forslaget til reguleringsendring medfører ei utviding av føremålet veggrunn/friluftsområde i ein strekning på 80m og i ei breidde på 10m. Vidare ei utviding av føremålet veggrunn/landbruk i ein strekning på 140m og i ei breidde på 10m. Det er og teke inn ei utviding av inngrepsona i Navragjelet og Storagjelet med 5m. Miljømessige konsekvensar: Inngrepa i terrenget er små mot dei fordeler rasførebygging medfører. Konsekvensar for tilsette: Saka får ikkje konsekvensar for tilsette. Stig Stark-Johansen rådmann sakshandsamar .