RAPPOR T Flaumsonekart Delprosjekt Naustdal
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Flaumsonekart Delprosjekt Naustdal Siss-May Edvardsen Camilla Meidell Roald 23 2012 RAPPORT Rapport nr. 23/2012 Flaumsonekart, delprosjekt Naustdal Utgjeven av: Noregs vassdrags- og energidirektorat Forfattarar: Siss-May Edvardsen Camilla Meidell Roald Trykk: NVE sitt hustrykkeri Opplag: 15 Framsidefoto: Elva Nausta med den populære Fiskestaden Friishølen, nedstraums Naustdalsfossen. Foto: Naustdal kommune v/Arild Nybø ISBN: 978-82-410-0808-5 Emneord: Naustdal, Nausta, Bærelva, flaum, flaumutrekning, vasslineutrekning, flaumsonekart, klima Noregs vassdrags- og energidirektorat Middelthuns gate 29 Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Telefon: 22 95 95 95 Telefaks: 22 95 90 00 Internett: www.nve.no/flomsonekart Juni 2012 Samandrag Rapporten inneheld detaljar kring flaumsonekartlegging for nedre del av Bærelva og Nausta i Naustdal kommune. Det er laga flaumsonekart for 20-, 200- og 1000- årsflaumen. Det er òg gjeve ein presentasjon av 200-årsflaumen i eit endra klima i år 2100. Det er rekna ut maksimale flaumvassføringar og vasstandar for 5-, 10-, 20-, 50-, 100-, 200-, 500 og 1000-årsflaum, i tilegg til klimaframskivingar. Vassføringstilhøva i Nausta karakteriserast av relativt små variasjonar gjennom året. Dei fleste og største flaumane har vore på hausten og vinteren, frå september til byrjinga av februar. Ved ein 20- årsflaum finn ein at areal med dyrka mark vert overfløymd, i tillegg til noko busetnad/fritidseigedomar nedstraums Naustdalsfossen. Ved ein 200-årsflaum vert dei same områda berørt, i større grad. I tillegg finn ein lågpunkt der vatn vil stå langs Øyravegen og i Fjæra. Om busetnad har kjellar vert store bustadområde på Øyra/Løken og i Fjæra berørt. Alle bruene har kapasitet til dei flaumane det her er rekna på, med mindre det kjem til massetransportert materiale og rek som tettar bruopningane. Kapasiteten i bruene i Bærelva svarar ikkje til tilstrekkeleg lysopnig i høve Statens vegvesen si Håndbok 185 Bruprosjektering. Klimaframskivingane viser at ein kan vente 20 % auke i vassføring for 200-årsflaumen i perioden 2071-2100. I tillegg er det estimert ei auke i stormflo på 77 cm for same hendinga. Ved ein 200-årsflaum i eit endra klima tyder dagens framskivingar på at store delar av Øyra/Løken vert overfløymd, saman med området frå Båthamna og innover Fjæra. I kommuneplanarbeidet kan ein nytte flaumsonene direkte for å identifisere område som ikkje bør leggjast ut som byggjeområde utan nærmare vurdering av faren og moglege tiltak. Ved detaljplanlegging og i dele- og byggjesaker må ein likevel ta omsyn til at flaumsonekarta har avgrensa grannsemd. I områda nær grensa for flaumsonene er det særskilt viktig at høgda på terrenget vert kontrollert mot utrekna flaumvasstandar i tverrprofila. Ein må særleg hugse at for å unngå flaumskade må dreneringa til eit bygg liggje slik at avløpet òg fungerer under flaum. Område som er utsett for flaumfare skal settast av som omsynssone – flaumfare på arealplankart, og det skal knytast føresegner til området som avgrensar eller set vilkår for arealbruken (t.d. rekkefølgjekrav). Kommunen må vurdere om omsynssona òg skal omfatte område som vert overfløymt ved 200-årsflaum i eit endra klima i 2100. Dette vert anbefalt m.a. fordi kommunen må legge denne kunnskapen til grunn ved handsaming av framtidige søknader om byggeløyve. Flaumfareomsyn må innarbeidast når kommuneplanen for Naustdal kommune vert rullert. Flaumsonene kan òg nyttast til å planlegge beredskaps- og tryggingstiltak, som evakuering, bygging av vollar osb. Innhald 1. INNLEIING 1 1.1 BAKGRUNN .......................................................................................................................... 1 1.2 AVGRENSING AV PROSJEKTET ............................................................................................. 1 1.3 FLAUMSONEKART OG KLIMAENDRINGAR ............................................................................ 1 1.4 PROSJEKTGJENNOMFØRING ................................................................................................. 4 2. METODE OG DATA 6 2.1 HYDROLOGISKE DATA ......................................................................................................... 6 2.1.1 FLAUMUTREKNING OG FRAMSKRIVING AV KLIMA 6 2.1.2 EKSTREMVASSTANDAR I SJØ, NO OG I EIT ENDRA KLIMA 8 2.2 KALIBRERINGSDATA ............................................................................................................ 8 2.3 TOPOGRAFISKE DATA .......................................................................................................... 9 2.3.1 TVERRPROFIL 9 2.3.2 DIGITALE KARTDATA 9 3. VASSLINEUTREKNING 10 3.1 MODELLERING ................................................................................................................... 10 3.2 RESULTAT .......................................................................................................................... 11 3.2.1 RESULTAT AV EIT ENDRA KLIMA MOT 2100 13 3.2.2 SÆRSKILT OM BRUER 14 3.2.3 EFFEKTEN AV STORMFLO 14 4. FLAUMSONEKART 17 4.1 KARTPRODUKT .................................................................................................................. 17 4.2 KORLEIS LESE FLAUMSONEKARTET ................................................................................... 17 4.3 RESULTAT FRÅ FLAUMSONEANALYSEN ............................................................................. 18 4.4 LÅGPUNKT ......................................................................................................................... 19 4.5 OMRÅDE MED FARE FOR VATN I KJELLAR ......................................................................... 20 4.6 SÆRSKILT OM FLAUMVERK................................................................................................ 20 5. ANDRE FAREMOMENT I OMRÅDET 25 5.1 IS OG ISGANG ..................................................................................................................... 25 5.1.1 ISOPPSTUVING 25 5.1.2 ISGANG 25 5.2 EROSJON- OG TRYGGINGSTILTAK ...................................................................................... 25 6. USIKRE MOMENT I DATAMATERIALET 26 6.1 FLAUMUTREKNING ............................................................................................................ 26 6.2 VASSLINEUTREKNING ........................................................................................................ 26 6.3 FLAUMSONA....................................................................................................................... 26 7. RETTLEIING FOR BRUK 27 7.1 AREALPLANLEGGING OG BYGGJESAKER - BRUK AV FLAUMSONEKART ............................ 27 7.2 FLAUMVARSLING OG BEREDSKAP – BRUK AV FLAUMSONEKART ...................................... 27 7.3 GENERELT OM GJENTAKSINTERVALL OG SANNSYN .......................................................... 28 7.4 KORLEIS FORHALDE SEG TIL USIKRE MOMENT PÅ KARTET?.............................................. 29 8. REFERANSAR 30 1. Innleiing Hovudmålet med kartlegginga er å skape grunnlag for betre arealplanlegging og byggjesakshandsaming i vassdragsnære område, og betre beredskapen mot flaum. Flaumsonekartarbeidet gjev i tillegg betre grunnlag for flaumvarsling og planlegging av flaumsikring. 1.1 Bakgrunn Etter storflaumen på Austlandet i 1995, tilrådde Flaumtiltaksutvalet etablering av eit nasjonalt kartgrunnlag – flaumsonekart – for vassdrag i Noreg med stort skadepotensial. Utvalet tilrådde ei detaljert digital kartlegging (NOU 1996:16). I Stortingsmelding nr 42 (1996-1997), er det gjort klart at regjeringa vil satse på utarbeiding av flaumsonekart i samsvar med tilrådingane frå Flaumtiltaksutvalet. Satsinga må sjåast i samanheng med at regjeringa definerer ei betre styring av arealbruken som det absolutt viktigaste tiltaket for å halde risikoen for flaumskade på eit akseptabelt nivå. Denne vurderinga fekk si tilslutning ved handsaming i Stortinget. Det vart i 1998 satt i gang eit 10-årsprosjekt for flaumsonekartlegging i regi av NVE. Det vart utarbeidd ein flaumsonekartplan som viste kva elvestrekningar som skulle kartleggast. Arbeidet med detaljert flaumsonekartlegging er vidareført som ein del av forvaltninga frå og med 2008. Strekningane som vert kartlagt er valt ut frå storleik på skadepotensial. Les meir om NVE sitt flaumsonekartleggingsarbeid på www.nve.no. 1.2 Avgrensing av prosjektet Kartlagt område omfattar dei nedste 2 km av Nausta til utløp i Førdefjorden, og nedre del av Bærelva, om lag 500 m. Prosjektet er avgrensa til dei tettbygde områda langs vassdraga, sjå Figur 1-4. Det er primært overfløymd areal som følgje av naturleg høg vassføring som er kartlagt. Andre faremoment i vassdraget som isgangar, erosjon og ras er ikkje analysert tilsvarande, men ein søkjer å synleggjere kjente problem av denne art i Kapittel 5. 1.3 Flaumsonekart og klimaendringar NVE utarbeider flaumsonekart med grunnlag i flaumutrekningar og vasslineutrekningar. For strekningar med utløp i sjø vert det i tillegg teke omsyn til stormflo. Utrekningane av flaumstorleik og stormflo er basert på historiske data. Klimaframskrivingar er basert på resultat frå modellar for dagens og framtidas klima som er samanlikna for å rekne ut forventa endring i t.d. 200-årsflaum. Det er viktig å streke under at alle utrekningar er utført med utgangspunkt i det beste av data pr dags dato. 1 Forskingsresultat viser korleis klimaendringar vil påverke utrekna dimensjonerande flaumar. NVE har estimert forventa endring i 200- og 1000-årsflaum mot slutten av dette hundreår for 115 nedbørfelt. Utrekningane er basert på fleire tilgjengelege