Oversending Av Sak Med Motsegn
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sakshandsamar: Nils Erling Yndesdal Vår dato Vår referanse Telefon: 57643120 / 95723372 23.06.2011 2011/750 - 421.4 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep. 0030 OSLO Reguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet i kommunane Naustdal og Askvoll - oversending av sak med motsegn Kommunestyra i Naustdal og Askvoll har høvesvis 11. og 12.mai 2011 gjort likelydande vedtak i reguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet. Fylkesmannen viser til oversendingar med omfattande saksmateriale frå Naustdal kommune datert 6.juni. Reguleringsplanen gjeld også areal i Askvoll kommune. Kommunane har sams saksutgreiingar i alle delar av saka, og dei to kommunestyra har gjort likelydande vedtak. Askvoll kommune har sendt over vedtaka sine i ei eiga oversending datert 21.juni. Etter avtale mellom kommunane, og i samråd med Fylkesmannen, har Naustdal kommune oversendt all dokumentasjon i saka. Det ligg føre motsegn til reguleringsplanen frå Fiskeridirektoratet region vest. Motsegna er retta mot det planlagde sjødeponiet i Førdefjorden. Fylkesmannen gjennomførde mekling 15.mars 2011. Meklinga førde ikkje fram, og saka vert såleis sendt over til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. Vedlagt følgjer saka i samsvar med § 5-6 i plan- og bygningslova og rundskriv T- 2/09 (jf også rundskriv T-5/95 som er følgt så langt det passar). Kommunane har motteke klage frå Kyllingstad Kleveland Advokatfirma DA på reguleringsplanvedtaka. Klaga vert oversendt til Miljøverndepartementet utan kommentarar frå Fylkesmannen. Dokumenta er også tilgjengelege på kommunane sine heimesider (Postliste – Søk etter sak – saksnr. 09/126 i Naustdal og saksnr.07/624 i Askvoll). Bakgrunn Reguleringsplanen for Engebøfjellet har som formål å tilretteleggje for utvinning av titanmalm (titanoksid). Planområdet omfattar om lag 1,9 km2 på land (i Naustdal kommune) for gruve- og industridrift, og eit om lag 4,4 km2 stort sjøareal i Førdefjorden (i kommunane Naustdal og Askvoll). Totalt forventa malmuttak er opp til 250 millionar tonn malm over heile driftsperioden på 50 år. I tillegg kjem 35 millionar tonn gråberg. Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected] Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77 FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/5 Deponeringa av avgangsgangsmassane i Førdefjorden er det temaet som har skapt mest debatt. Det er reguleringa av eit slikt sjødeponi som er bakgrunnen for motsegna i denne saka. Motsegna Fiskeridirektoratet region vest kom i brev av 10.september 2010 med motsegn ved andre gongs utlegging av reguleringsplanen. Motsegna frå Fiskeridirektoratet region vest er grunngjeve med at planen strir med viktige regionale og nasjonale interesser. Følgjande interesser er vektlagt: - Ut frå dagens kunnskap vil bruken av fjorden som deponi av gruveslam få urovekkande verknad på det marine miljøet, det biologiske mangfaldet i fjorden og på kysttorsken som ressurs. - Saksutgreiinga frå kommunen har ikkje teke omsyn til verknadene djupvassdeponiet, utslepp ved bruk av ferskvatn og sprenging vil få for ål og nærare spesifiserte gytefelt for kysttorsk - Manglar i konsekvensutgreiinga og med det mangelfullt kunnskapsgrunnlag Vi føreset at motsegna er i tråd med reglane i §§ 5-4 og 5-5 i plan- og bygningslova (om myndigheit til å fremje motsegn, og om avgrensinga til å fremje motsegn). Sogn og Fjordane fylkeskommune Fylkesutvalet gjorde i møte 29. september 2010, sak 105/10, slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet er positiv til at naturressursane i fylket blir utnytta på ein bærekraftig måte – der konsekvensane for miljøet har sterkt fokus før konsesjon blir innvilga. Den planlagde rutilutvinninga i Naustdal er eit godt prosjekt i så måte. Vi legg her vekt på at det i følgje tiltakshavar blir skapt 150-170 nye arbeidsplassar over ein tidshorisont på 50 år. I tillegg registrerer vi at verksemda kjem til å nytte ca 150 mill årleg i vare og tenestekjøp, som vil vere nok eit potensiale for lokal og regional verdiskaping. 2. Fylkesutvalet merkar seg at det no er fagleg semje om kjemikaliebruken knytt til drifta ikkje er skadeleg verken for fisk eller botnfauna. Vidare er dei aktuelle stoffa biologisk nedbrytbare i løpet av kort tid, og at det ikkje eksisterer nokon fare for opphoping av skadeleg stoff i næringskjeden. Vi oppfattar det slik at det på dette punkt ikkje er sakleg grunnlag for å reise miljøfaglege innvendingar mot prosjektet. 3. Vi registrerer at det er usemje mellom utbyggar og Havforskingsinstituttet om kva område som bli påverka av partikkelspreiing – og kva mengder det kan vere tale om. Fylkesutvalet har tiltru til at Klima- og forureiningsdirektoratet vil handtere dette på ein god måte i si handsaming av utsleppsløyvet. Vi vil likevel halde fram at det i forkant ikkje vil vere mogeleg å identifisere alle konsekvensar eller fjerne ein kvar teoretisk risiko for uventa følgjer av eit så stort prosjekt. Slike forhold må i staden møtast med både overvakingsprogram og avbøtande tiltak i driftsfasen. 4. Fylkeskommunen krev at tiltakshavar tek kostnaden med tilfredstillande utbetring av fylkesveg 611 i samsvar med tilrådd alternativ i rapport frå Rambøll AS. Mekling FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/5 Fylkesmannen gjennomførde 15.mars 2011 mekling mellom kommunane Naustdal og Askvoll, og Fiskeridirektoratet region vest. Fylkesmannen la under meklinga fram ei skisse til løysing. Den framlagde skissa la opp til at motsegna til reguleringsplanen vart trekt under føresetnad av at Fiskeridirektoratet vil vere høyringspart under handsaminga av utsleppsløyvet etter ureiningslova, og at dei vidare skulle ha nærare dialog med Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) under slutthandsaminga av utsleppsløyvet. Ved telefonsamtale med sakshandsamaren i Klif under ei pause i meklinga, vart det stadfesta at det var naturleg med ei slik samhandling mellom Klif og Fiskeridirektoratet region vest. Meklinga førde likevel ikkje fram. Fiskeridirektoratet understreka i oppsummeringa si i meklingsmøtet at dei meiner gjennomføring av planen vil ha for store konsekvensar for nasjonale og regionale interesser knytt til miljø- og ressursgrunnlaget for fiskeri- og sjømatnæringa. Kommunane la i si oppsummering vekt på konklusjonane i konsekvensutgreiinga når det gjeld tiltaket sin verknad med omsyn til sjødeponiet. Vidare var kommunane opptekne av at eit miljøovervakingsprogram med heimel i utsleppsløyvet vil kunne ivareta omsynet til miljørisiko og miljøkonsekvensar også utanfor det området som reguleringsplanen omfattar. Vedtaka i kommunestyra I sak 022/11 i møte 11.05.2011 gjorde Naustdal kommunestyre vedtak med 17 røyster for og 4 røyster mot: 1. Kommunestyret i Naustdal tek til vitande resultat frå meklingsmøte 15.mars 2011 mellom Fiskeridirektoratet region vest og kommunane Askvoll og Naustdal. 2. Kommunestyret i Naustdal vedtek framlegg til reguleringsplan for utvinning av rutil i Engebøfjellet, med reguleringskart, konsekvensutgreiing med delrapportar, reguleringsføresegner og ROS-analyse, med følgjande endringar og i tillegg i reguleringsføresegnene frå utlegging til 2.gongs offentleg ettersyn – juni 2010: (for detaljane om endringar og tillegg sjå side 29 i møteboka frå kommunestyremøtet 11.05.2011). 3. Vedtaket gjeld den delen av reguleringsplanen som gjeld Naustdal kommune. I sak 018/11 i møte 12.05.2011 gjorde Askvoll kommunestyre vedtak med 14 røyster for og 9 røyster mot: 1. Kommunestyret i Askvoll tek til vitande resultat frå meklingsmøte 15.mars 2011 mellom Fiskeridirektoratet region vest og kommunane Askvoll og Naustdal. 2. Kommunestyret i Askvoll vedtek framlegg til reguleringsplan for utvinning av rutil i Engebøfjellet, med reguleringskart, konsekvensutgreiing med delrapportar, reguleringsføresegner og ROS-analyse, med følgjande endringar FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/5 og i tillegg i reguleringsføresegnene frå utlegging til 2.gongs offentleg ettersyn – juni 2010: (for detaljane om endringar og tillegg sjå side 2 og 3 i møteboka frå kommunestyremøtet 12.05.2011). 3. Vedtaket gjeld den delen av reguleringsplanen som gjeld Askvoll kommune. Båe kommunestyra har samstundes gjort vedtak om høyringsfråsegn til utsleppsløyve etter ureiningslova. Desse vedtaka er vedlagt til orientering. Fylkesmannen si samla tilråding Etter § 5-6 i plan- og bygningslova skal meklaren (Fylkesmannen) leggje fram si tilråding ved oversendinga av motsegnsaka til Miljøverndepartementet. Fylkesmannen viser til dei konkrete vedtaka og saksutgreiingane i kommunane, og vi viser vidare til den fullstendige grunngjevinga for motsegna. Vi ser at ei etablering av prosjektet vil skape mange arbeidsplassar og kunne gje store ringverknader i Naustdal og resten av Sunnfjord. Samstundes vil eit slikt stort gruve- og industriprosjekt også kunne få negative konsekvensar for lokalsamfunn, naturmiljøet og landskap. Fylkesmannen noterer seg at både fylkeskommunen v/Fylkesutvalet og dei to kommunane v/kommunestyra ønskjer etableringa av gruve- og industriprosjektet, og at dei med det også aksepterer planane om sjødeponi. Etter Fylkesmannen si vurdering gjeld hovuddelen av innvendingane til Fiskeridirek- toratet tilhøve som er knytt til drifta av anlegget. Dette er tilhøve som meir i detalj vil kunne handterast og avklarast ved naudsynte vilkår og avbøtande tiltak gjennom eit utsleppsløyve etter ureiningslova. Det er Klif som er ureiningsstyresmakt i denne saka.