OSTERØY KOMMUNE Innkalling Av Formannskapet
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
OSTERØY KOMMUNE Innkalling av Formannskapet Møtedato: 12.11.2014 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: kl. 10:00 Merk ny møtetid!! Eventuelle forfall må meldast til Bente Skjerping per tlf. 56192100, sms til 41587200 eller per epost til [email protected] Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale. Sakliste Saknr Tittel 076/14 Godkjenning av innkalling og sakliste 077/14 Godkjenning av møtebok 078/14 Delegerte saker 015/14 SØKNAD OM GODKJENNING AV NY STYRAR FOR SALSLØYVE FOR ØL - COOP EXTRA VALESTRAND 079/14 Budsjett 2015 - framlegg frå rådmannen – saksdokumenta vert ettersende 080/14 Rullering av handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2015-2018 081/14 Tilstandsrapport for grunnskulen i Osterøy kommune - skuleåret 2013/14 082/14 Vedtak om ny fag- og timefordelingsplan for grunnskulen i Osterøy kommune frå skuleåret 2014/15 083/14 Biosfæreprosjektet 084/14 Temaplan - Trafikksikringsplan 6. november 2014 Kari Foseid Aakre møteleiar Bente Skjerping sekretær SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 076/14 Formannskapet PS 12.11.2014 Saksbehandlar ArkivsakID Bente Skjerping 14/3880 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vert godkjent. Saksopplysningar: Innkalling med saksliste er send ut. SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 077/14 Formannskapet PS 12.11.2014 Saksbehandlar ArkivsakID Bente Skjerping 14/3880 Godkjenning av møtebok Vedlegg: Protokoll - Formannskapet - 15.10.2014 Møtebok frå vert godkjend. Saksopplysningar: Møteprotokoll frå møtet er send ut til godkjenning. OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Formannskapet Møtedato: 15.10.2014 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: kl. 13:00 – kl. 15:20 Frammøtte medlemmer Parti Rolle Kari Foseid Aakre AP Ordførar Jørgen Martin Sandal SP Medlem Ingemar Tepstad H Medlem Berit Moslett Borge H Medlem Ragnar Tyssebotn FRP Medlem Forfall meldt frå medlem Parti Rolle Jarle Skeidsvoll KRF Varaordførar Eli Hole AP Medlem Frammøtte varamedlemmer Parti Erstatter medlem Wenche Fiskeseth AP Eli Hole Øyvind Litland AP Jarle Skeidsvoll Følgjande frå administrasjonen møtte: Rådmannen og utvalssekretæren. Ass. rådmann og økonomisjef var til stades i sakene 072 – 075/14. Sakliste Saknr Tittel 067/14 Godkjenning av innkalling og sakliste 068/14 Godkjenning av møtebok 069/14 Referatsaker og meldingar 070/14 Delegerte saker 071/14 Selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS (RNH) 072/14 Interkommunalt samarbeid om tilsyn med forsøpling etter forureiningslova - godkjenning av avtale med BIR AS 073/14 2. tertialrapport 2014 074/14 Justering av budsjettet for 2014 075/14 Arbeidsmøte budsjett 2015 067/14: Godkjenning av innkalling og sakliste Rådmannen sitt framlegg: Innkalling og sakliste vert godkjent. 15.10.2014 FORMANNSKAPET Jørgen M. Sandal, SP, varsla eit spørsmål til slutt i møtet. Øyvind Litland, AP, varsla tre spørsmål til slutt i møtet. Det var ikkje andre merknader til innkalling og saksliste. FS - 067/14 VEDTAK: Innkalling og sakliste vert godkjent. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 068/14: Godkjenning av møtebok Rådmannen sitt framlegg: Møtebok frå vert godkjend. 15.10.2014 FORMANNSKAPET Ragnar J. Tyssebotn, FRP, viste til sak 063/14 om val av politisk arbeidsgruppe for samfunnsdelen til kommuneplanen, der Hildegunn Mo, vart vald frå FRP. Ved valet skjedde det ein feil frå FRP si side, og ein ynskjer no at Hildegunn Mo vert erstatta av Ragnar J. Tyssebotn. -------------------------------- Formannskapet slutta seg samrøystes til denne endringa i arbeidsgruppa. ------------------------------- Det vart ikkje gjort vedtak om andre merknader til møteboka. FS - 068/14 VEDTAK: Møtebok frå 03.09.14 vert godkjend. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 069/14: Referatsaker og meldingar Rådmannen sitt framlegg: Referatsakene vert tekne til vitande. 15.10.2014 FORMANNSKAPET AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS - 069/14 VEDTAK: Referatsakene vert tekne til vitande. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 070/14: Delegerte saker Rådmannen sitt framlegg: Melding om delegerte vedtak vert teken til vitande. 15.10.2014 FORMANNSKAPET AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS - 070/14 VEDTAK: "Melding om delegerte vedtak vert teken til vitande." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 071/14: Selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS (RNH) Rådmannen sitt framlegg: 1. Osterøy kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka. 2. Osterøy kommune gir ordførar fullmakt til å vera kommunen sin representant på stiftingsmøtet til selskapet.» 15.10.2014 FORMANNSKAPET AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS - 071/14 VEDTAK: 1. Osterøy kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka. 2. Osterøy kommune gir ordførar fullmakt til å vera kommunen sin representant på stiftingsmøtet til selskapet.» --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 072/14: Interkommunalt samarbeid om tilsyn med forsøpling etter forureiningslova - godkjenning av avtale med BIR AS Rådmannen sitt framlegg: Rådmannen rår Formannskapet til å gje slik innstilling til vedtak i heradsstyret: «Heradsstyret godkjenner at Osterøy kommune inngår eit interkommunalt samarbeid om kartlegging, tilsyn og oppfølging av forsøpling etter lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova). Samarbeidet vert etablert mellom kommunane Askøy, Fusa, Kvam, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Vaksdal og BIR AS. Oppgåvene vert utførte av BIR AS, som driftar eit felles kontor for utføring av oppgåvene etter forureiningslova. Samarbeidet etablerast først som eit toårig prøveprosjekt, med oppstart 1.1.15 og avslutning 1.1.17, med ein intensjon om å få i stand ei permanent ordning. Osterøy kommune deltek saman med dei andre kommunane i finansieringa av prøveprosjektet frå 1.1.15 til 1.1.16 . Kostnadene knytt til samarbeidet vert dekka innanfor ansvar 62000 og vert innarbeidde i budsjett og økonomiplan.» 15.10.2014 FORMANNSKAPET AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS - 072/14 VEDTAK: Formannskapet si innstilling til vedtak i heradsstyret: «Heradsstyret godkjenner at Osterøy kommune inngår eit interkommunalt samarbeid om kartlegging, tilsyn og oppfølging av forsøpling etter lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova). Samarbeidet vert etablert mellom kommunane Askøy, Fusa, Kvam, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Vaksdal og BIR AS. Oppgåvene vert utførte av BIR AS, som driftar eit felles kontor for utføring av oppgåvene etter forureiningslova. Samarbeidet etablerast først som eit toårig prøveprosjekt, med oppstart 1.1.15 og avslutning 1.1.17, med ein intensjon om å få i stand ei permanent ordning. Osterøy kommune deltek saman med dei andre kommunane i finansieringa av prøveprosjektet frå 1.1.15 til 1.1.16 . Kostnadene knytt til samarbeidet vert dekka innanfor ansvar 62000 og vert innarbeidde i budsjett og økonomiplan.» --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 073/14: 2. tertialrapport 2014 Rådmannen sitt framlegg: Rapporten pr 31.8.14 vert teken til vitande. 15.10.2014 FORMANNSKAPET Ass. rådmann og økonomisjef var til stades ved utvalet si behandling. ------------------------------- Rådmannen orienterte kort om endringane sidan førre rapportering. -------------------------------- AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS - 073/14 VEDTAK: Formannskapet si innstilling til heradsstyret: "Rapporten pr 31.8.14 vert teken til vitande." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 074/14: Justering av budsjettet for 2014 Rådmannen sitt framlegg: 1. Budsjettert avdragsutgift vert redusert frå kr 10,5 millionar til kr 10,0 millionar. Motpost vert inntekt frå skatt/rammetilskot som vert redusert med kr 0,5 millionar. 2. Rådmannen får fullmakt til å fordele avsett lønsreserve kr 10,2 millionar på sektorane, i tråd med endeleg lønsoppgjer når det er kjent. Evt unytta del av lønsreserven skal ikkje disponerast. 3. Det vert sett av kr 200 000 til usikre fordringar/tap på fordringar. Avsetjinga finansierast av tilsvarande inntekt frå sal av konsesjonskraft. 4. Konsulentmidlar kr 450 000 budsjettert på sentrale postar flyttast til sektoren Rådmannen/stabsseksjonar. 15.10.2014 FORMANNSKAPET Ass. rådmann og økonomisjef var til stades ved utvalet si behandling. ----------------------------------- AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS - 074/14 VEDTAK: Formannskapet si innstilling til heradsstyret: 1. "Budsjettert avdragsutgift vert redusert frå kr 10,5 millionar til kr 10,0 millionar. Motpost vert inntekt frå skatt/rammetilskot som vert redusert med kr 0,5 millionar. 2. Rådmannen får fullmakt til å fordele avsett lønsreserve kr 10,2 millionar på sektorane, i tråd med endeleg lønsoppgjer når det er kjent. Evt unytta del av lønsreserven skal ikkje disponerast. 3. Det vert sett