Forprosjekt Lysefjorden Rundt
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Næringsutviklingsprosjektet Lysefjorden Rundt Forprosjektrapport Åshild Hus Lysefjorden Utvikling AS 19.05.2015 Lysefjorden Utvikling AS Forprosjekt - Lysefjorden Rundt Innhald Bakgrunn .................................................................................................................................... 2 Prosjektplan ................................................................................................................................ 3 1. Marknad. Målgruppe for Lysefjorden Rundt ......................................................................... 3 2. Forankring av prosjekt. Partnarar. .......................................................................................... 7 3. Produkt. Adventure Tourism .................................................................................................. 8 3.1 Natur og kultur................................................................................................................ 10 3.2 Vandring (Tekst v. Preben Falck/STF) ........................................................................ 12 3.3 Aktivitetar. Oppleving. ................................................................................................... 17 3.4 Overnatting og mat ......................................................................................................... 18 3.5 Transport/Logistikk ........................................................................................................ 20 4. Hovudprosjekt: Mål, organisering og finansiering .............................................................. 21 1 Lysefjorden Utvikling AS Bakgrunn Lysefjorden, med Preikestolen og Kjerag, er eit attraktivt turistmål med 600 000 reisande kvar sesong. Lysefjorden Utvikling AS arbeider for å styrke merkevara Lysefjorden, og legge til rette for at endå fleire gjestar, og blir lengre, i dette området. Lysefjorden Utvikling har dei siste åra arbeida med eit LUK prosjekt kalla «Legg dei pengar att?» Som resultat av dette arbeidet såg ein at ei satsing på Lysefjorden Rundt ville vere gunstig for å få turistane til å bli lengre, ta større deler av fjorden i bruk samt å tiltrekkje seg ei viss målgruppe turistar som vil vere attraktive kundar. Som eit ledd i dette arbeidet ønska LU i lag med blant anna Stavanger Turistforening å sjå nærare på om det var grunnlag for å vidareutvikle vandreopplevinga rundt heile Lysefjorden som utgangspunkt for ei næringsutvikling i området. Partnarar: Stavanger Turistforening, Forsand kommune, Lysefjorden Utvikling AS, NCE Tourism, Setesdal Vesthei Ryfylkehei landskapsvernområde (SVR), Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke. Prosjektansvarleg: Lysefjorden Utvikling AS Prosjektleiar: Åshild Hus, Lysefjorden Utvikling AS Tidsramme forprosjekt: September 2014 – mai 2015 Hovudmål: Utvikling av «Lysefjorden Rundt» til ei vandreoppleving i ypperste klasse, tilrettelagt/samansett med andre opplevingar/aktivitetar, og salgsklart for tung internasjonal marknadsføring. Hovudmål for forprosjekt: Kva har vi? Kartlegge/marknadsanalyse Kva vil vi? Målgruppe, produkt Kven vil vere med? Partnarar, finansiering 2 Lysefjorden Utvikling AS Aktivitetar i forprosjekt - Mobilisering/idedugnad/forankring av prosjektet – næringsdrivande, det offentlige og andre relevante miljø. - Markedsanalyse - Finne partnarar - Datainnsamling av eksisterende aktivitet i området. - Testing av produkt - Knytte seg opp mot andre aktuelle prosjekt. Prosjektplan 1. Målgruppe 2. Forankring 3. Produkt 4. Finansiering 1. Marknad. Målgruppe for Lysefjorden Rundt Målgruppe: Målgruppa for prosjektet er eksisterande reiselivsaktørar knytta til Lysefjorden, og potensielle nye aktørar. I forprosjektet er det kartlagt bedrifter i området. Godt over 30 bedrifter har eit aktivt tilbod knytt til turisme i Lysefjorden. I tillegg har fleire transportselskap eitt viktig tilbod i området. Foto: Kari Sand 3 Lysefjorden Utvikling AS Mobilisering Mobilisering av eksisterande bedrifter har vore ein av dei viktigaste aktivitetane i forprosjektet. Dette har ein gjort gjennom å invitere til felles samlingar, og oppfølging av kvar enkelt bedrift. Bygdeutviklar Kari Sand og prosjektleiar har besøkt alle bedriftene i lista nedanfor, og nokon har fått fleire besøk. Det er gjort eit kartleggingsarbeid av dagens situasjon i bedriftene, samt at man har fått eit innblikk i planane framover i dei enkelte bedriftene. Kari Sand har bidratt med starthjelp til nye bedrifter blant anna inn mot Innovasjon Norge, samt å få to av dei nye bedriftene inn i Inkubator ordninga. Desse bedriftene har deltatt på samlingar, og har hatt besøk: Bedrift Stad Bransje Rødne Fjordcruise/Helleren Lysefjorden Cruise/Servering Håheller Lysefjorden Gardsturisme Lysefjorden Sjokolade Eiane Gardsturisme OutdoorLife Norway Lysefjorden Guide Fossanmoen Ridesenter Forsand Hest Høiland Gard Årdal Hotell Verkshotellet Jørpeland Hotell Lilland Hotell Jørpeland Hotell Lysefjorden Hyttegrend Forsand Hytteutleie Lysefjorden Kajakk Forsand Kajakk Preikestolen Basecamp Jørpeland Aktiviteter Rite Kunst Rettedal Kunst og håndverk Galleri Hagalid Hjelmeland Kunst og håndverk Kreativt verksted Jørpeland Jørpeland Kunst og håndverk Glasskjellaren Bjørheimsbygd Kunst og håndverk Lysefjorden Running Lysefjorden Marathon Rockman SwimRun Lysefjorden Marathon Marihønehuset, Botne Botne Overnatting Lysebotn Camping Lysebotn Overnatting, Camping Preikestolen Camping Jørpeland Overnatting, Camping Landa Park Forsand Overnatting, Camping, Museum Lysebotn Hauane BB Lysebotn Overnatting, Gardsturisme 4 Lysefjorden Utvikling AS Preikestolen Fjellstue Jørpeland Overnatting, servering Flørli 4444 Flørli Overnatting, servering, aktiviteter Lysefjorden Turisthytte, STF Lysebotn Overnatting, servering, aktiviteter Overnatting, servering, Joker/Lysefjorden Marina Forsand dagligvarer Lysefjorden Aktivitetssenter Songesand Overnatting, Teambuilding Sailsafari Lysefjorden Segling Lysefjordsenteret Forsand Servering Øygardstøl Lysebotn Servering Bakernes Paradis Høle Servering Mobiliseringsmøte Foto: Kari Sand I forprosjektet har det vore tre mobiliseringsmøte. På desse har ein lagt vekt på at bedriftene skal bli kjent med kvarandre, få faglig påfyll, samt diskutere felles utfordringar. - Første møte – 11. november 2014 – Presentasjon av Lysefjorden Rundt prosjekt – vil du bli med? Rundt 50 stk. deltok på møtet. - Neste møte – 13. februar 2015 – Tema: Bærekraftig Reisemål og Incoming. På dette møtet var Bærekraftig Reisemål presentert og diskutert. To Incoming operatørar (selskap som tar imot og lagar opplegg for gjester frå andre land) var invitert til å 5 Lysefjorden Utvikling AS snakke om korleis dei arbeider, dette vart fylgt opp med speed date møter der bedriftene kunne presentere seg direkte for incoming operatørane. Rundt 60 stk. deltok. I etterkant arrangerte NCE Tourism eit temamøte for aktivitetsbedriftene i Fjord Norge og incoming operatørar der fleire av bedriftene «våre» var tilstades. Her vart det halde mange speed date møte og knytta mange gode kontaktar med incoming apparatet. - Siste møtet – 6. mai 2015 - Tema: Opplev Lysefjorden. Tur på Lysefjorden der bedriftene får besøke, og bli kjent med kvarandre sine produkt. Godt 80 stk. deltok. Mobiliseringsprosessen går i ein god retning. Det er stadig meir samarbeid mellom bedriftene, vekst og optimisme blant aktørane. Innan adventure turisme har ein fått tre nye etableringar det siste året, Sailsafari, OutdoorLife Norway og Flørli 4444. Det er også fleire potensielle aktørar som er i etableringsfasen, blant anna innan sykkel og gardsturisme. Fleire av bedriftene har også etablert samarbeid med salgsleddet, incoming operatørane, noko som kanskje vil gi resultater alt kommande sesong. Marknadskunnskap Det er i forprosjektperioden utført to lokale marknadsundersøkingar, ein på Kjerag og ein på Preikestolen. Ein har i tillegg fått tilgang til fleire datarapportar frå Fjord Norge/NCE Tourism som gjeld blant anna trendar innan Adventure Tourism. Lysefjorden Utvikling AS er også medlem i ATTA (Adventure Travel Trade Assosiation) der ein har tilgang til ulik marknadskunnskap og nettverk. Det er i tillegg utført ein studietur i forprosjektet til Skottland i regi av NCE Tourism, med tema slow (soft) adventure. Gjennom forprosjektet har ein opparbeidd mykje kunnskap, som er eit godt grunnlag for å gå inn i neste fase – hovudprosjekt. Den kunnskap som nå er tilgjengeleg gjer grunnlag for stor optimisme. Både marknads- underøkingane og internasjonale trendar tyder på fortsatt stor vekst i reiselivet rundt Lysefjorden. Meir om Adventure Tourism under punkt 3, Produkt. 6 Lysefjorden Utvikling AS 2. Forankring av prosjekt. Partnarar. I forprosjektet har ein arbeidd aktivt med mobilisering av reiselivsaktørane, men også inn mot andre miljø og instansar. Det er tett dialog med Forsand kommune, og prosjektet i sin heilhet er ein del av fokusområda Forsand kommune sin næringsplan. Interessante samarbeidspartnarar og ressursmiljø på vegen vidare vil blant anna vere: - Reiselivsbedrifter i Lysefjorden /Forsand - Reiselivsbedrifter i Ryfylke - Reiselivsbedrifter i Norge - Øvrig lokalt næringsliv, kulturnæringsaktørar - Grunneigarar, landbruk - Transportoperatører - Ryfylkemuséet, Forsand Sogelag - Lokalmiljø/Eldsjeler - Entusiast miljø: Basehopp, Rockman SwimRun, Lysefjorden Running - Destinasjonsselskap; Reisemål Ryfylke, Region Stavanger, Fjord Norge, NCE Tourism - Utstyrsleverandører/co- branding. - Kommunar; Forsand kommune, Strand kommune, Sirdal kommune - Stavanger Turistforening Stiftelsen Preikestolen - Ryfylke IKS - SVR - Rogaland