INDRE / NORD- OG JORDSKIFTERETT

Justis- og beredskapsdepartement

Saksnummer Vår referanse Vår dato 29.05.2020

Høring – NOU 2019: 17 Domstolstruktur, og et forslag om endringer i rettskretsene og domstolloven.

Det vert vist til brev frå Justis- og beredskapsdepartementet, datert 02.03.2020, vedk. ovannemnde. Det vert presisert at høyringssvaret er mitt som domstolleiar og at dette ikkje er drøfta formelt med medarbeidarane ved Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett.

 Litt om Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett. Styret i Domstoladministrasjonen vedtok i juni, sak 17/038, at det skulle etablerast felles leiing for Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett. Kontorstaden for felles leiar vart lagt til . Ordninga med felles leiar vart først etablert som ei mellombels ordning frå 1. januar 2016. I statsråd den 11. august 2017 vart det utnemnd fast felles jordskifterettsleiar for Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett. Nord- og Midhordland jordskifterett har per i dag til saman tre dømande årsverk og ei samla bemanning på ni. Indre Hordaland jordskifterett har per i dag til saman to dømande årsverk, inklusive domstolleiar, og ei samla bemanning på fem årsverk. Nord- og Midhordland jordskifterett omfatta fylgjande 14 kommunar: , Askøy, , , , Bjørnafjorden, , , , , Osterøy, , og Øygarden. Indre Hordaland jordskifterett omfatta fylgjande 4 kommunar: , , og Voss.

 God erfaring med felles leiar med to bemanna kontorstader. Erfaringa vår dei fire siste åra viser at ei organisering med ein felles leiar for medarbeidarar som geografisk er lokalisert på to kontorstader, fungerer. Medarbeidarane ved dei to domstolane gjev uttrykk for at ordninga med felles leiar er ei god ordning. Erfaringa med denne organiseringa viser at ein domstol kan fungere godt sjølv om bemanninga er lokalisert på to ulike kontorstader. Begge domstolane er utstyrt med nødvendig IKT- utstyr/videokonferanse-utstyr slik at intern kommunikasjon (møter/seminar) kan gjennomførast på ein tilfredsstillande måte når det er behov for det.

Postadresse Besøksadresse Telefon 56 52 91 90 www.jordskifte.no Skulegata 11 A Skulegt. 11 A Telefax 56 52 91 91 Org.nr. 974 742 683 5700 Voss 5700 voss [email protected]

2

INDRE HORDALAND / NORD- OG MIDHORDLAND JORDSKIFTERETT

Det all grunn til å tru at ei vidare satsing på «Digitale domstoler» vil føre til at arbeidsoppgåvene ved ein domstol i større grad kan utførast fleksibelt og effektivt sjølv om alle medarbeidarane fysisk ikkje er lokalisert på same kontorstad.

 Utviding av jordskifteretten sin rettskrets Medarbeidarane og underteikna er ikkje så opptatt av å behalda Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett som to sjølvstendige domstolar, men er opptatt av å få utvida rettskretsane og oppretthalda bemanna rettsstader. Eg er samd med departementet i at mange av utfordringane i dag kan bøtast på ved å berre utvida rettskretsane. Det vil gje auka fleksibilitet, betre ressursutnytting og skapa større fagmiljø ved domstolen. Digitale domstolar legg godt til rette for å organisera domstolane etter ein modell med hovudkontor, med tillegg av eit avdelingskontor. Ved aktivt å ta i bruk tilgjengelege digitale arbeidsmetodar og ved å etablera gode einsarta kontorrutiner/saksbehandlingsrutiner, vil ein kunna ha ein desentralisert domstolstruktur som samstundes gjev:  ei fleksibel organisering av medarbeidarane  god ressursutnytting  ein robust tenesteproduksjon  gode tilhøve for kompetanseutvikling som resulterer i  gode og sterke fagmiljø. Erfaringa med ordninga i dag, med felles leiar for to bemanna kontorstader, viser at det ikkje er nødvendig at leiar fysisk må vere til stades på hovudkontor/avdelingskontor for at det daglege saksarbeidet og kompetanseutvikling skal kunna utførast på ein god og effektiv måte. Indre Hordaland og Nord- og Midhordland jordskifterett er domstolar som har prioritert kompetanseutvikling innan rettsmekling. Domstolen har no medarbeidarar med høg kompetanse innan rettsmekling og er den jordskiftedomstolen som har høgast aktivitet når det gjeld rettsmekling. Sett frå domstolen si side er det viktig at me er i stand til å oppfylla det samfunnsoppdraget me har fått. Domstolen er til for brukarane. Domstolen må difor vera lett tilgjengeleg og kunna utføra tenestene utan for store kostnader for partane og samfunnet. All rettspleie i fylket kan ikkje sentralisert på ein stad. Partane i jordskifterettane er faste eigedommar. Rettsmøta vert oftast haldne nær eigedomane, då det i dei fleste sakene er trong for synfaring og gjennomføring av teknisk landmålingsarbeid. Det vil vere uforsvarleg no å etablera ein struktur som fører til at våre tilsette skal måtte bruke mykje av arbeidstida si på å køyre langs dårlege Vestlandsvegar. Dette er både eit tryggleiksspørsmål for medarbeidarane våre og eit spørsmål korleis me effektivt skal nytta knappe økonomiske ressursar. Me må nytta arbeidstid på saksbehandling og ikkje på lange tenestereiser. Ei løysing med å utvida rettskretsen samt behalda bemanna kontorstader på Voss og i Bergen vil gje:  brukarane gode tenester ved at domstolen er tilgjengeleg og kan yte service av høg kvalitet  effektiv og fleksibel utnytting av domstolen sine samla ressursar  ei effektiv saksavviklinga

3

INDRE HORDALAND / NORD- OG MIDHORDLAND JORDSKIFTERETT

 høg kompetanse om lokale rettstilhøve  mindre transportbehov og av det vera miljøvenleg  grunnlag for ei økonomisk forsvarleg drift ved å ikkje påføra domstolen auka kostnader som fylgje av lange tenestereiser og høgare husleige. Lange tenestereiser og stor reisebelastning er også negativt sett ut frå behov for både å behalda og rekruttera medarbeidarar. Det vert vist til særmerknad frå kommisjonsmedlem Vidar Otterstad. Av merknaden går det fram fylgjande forslag til jordskifterettsstruktur: «Jordskifterettsavdeling og tingrettsavdeling i Voss, henholdsvis under Hordaland jordskifterett og Hordaland tingrett, og slik at hele rettskretsen til nåværende tingrett skal inngå i rettskretsene til de to nevnte domstolene. Det forutsettes at avdelingene i Voss samlokaliseres». Dette er i hovudsak i tråd med mitt syn. Det vil sei ei samanslåing av Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett til Hordaland jordskifterett. Det vil resultera i ein større rettskrets og at ein opprettheld bemanna rettsstader både på Voss og i Bergen.

Rettskretsen bør minimum omfatta dagens Indre Hordaland og Nord- og Midhordland jordskifterettar. Dette er i tråd med ovannemnde særmerknad frå Vidar Otterstad der det går fram at «hele rettskretsen til nåværende Hardanger tingrett skal inngå i rettskretsene til de to nevnte domstolene». Etter mitt syn så er det ikkje tenleg at Ullensvang kommune vert lagt til Haugaland og jordskifterett i Haugesund. Det er openbart at dette vil føre til høgare ressursbruk og av det påføra domstolen høgare kostnader. Dette er grunna av at ein slik struktur vil føra til lengre reiseavstander, både for brukarane og domstolen sine tilsette, og av det resultera høgare reisekostnader. Å etablera rettskretsgrenser som openbart vil medføra høgare kostnader vil vera noko som ein ikkje kan tilrå. Tvert om så må me ta til etterretning at det vert sett krav om at domstolane skal drivast effektivt og at det er uttrykt forventningar om eit innsparingspotensiale som fylgje av endra domstolstruktur. Domstolane må i tillegg tilpassa drifta til eit driftsbusjett som er sterkt råka av ABE-kutt, som per i dag ser ut til å halda fram. Så for oss er utfordringen korleis me òg kan drive meir kostnadseffektivt. Avgjerande viktig er det likevel å vera tilgjengeleg for brukarane. Domstolen er til for brukarane. Domstolen må difor vera lett tilgjengeleg og kunna utføra tenestene utan for store kostnader for partane. Vil tilrå at Ullensvang kommune vert lagt til Hordaland jordskifterett sin rettskrets.

 Jordskifterettsavdeling og tingrettsavdeling samlokalisert på Voss Kommunikasjon- og samferdsletilhøve, geografisk størrelse, forventa folketalsauke og auka sakstilgang, tilseier at det må vere både tingrett og jordskifterett i indre del av fylket. Det er openbart kostnadseffektivt å ha domstolen lokalisert i eit regionsenter med gode samferdsel- og kommunikasjonstilhøve. Lokalisering av ein domstol i indre Hordaland sitt største regionsenter inneheld kvalitetar som er viktige føresetnader for å kunna sikre eit godt rekrutteringsgrunnlag til domstolen.

4

INDRE HORDALAND / NORD- OG MIDHORDLAND JORDSKIFTERETT

Dersom Hordaland tingrett vel å leggja ei tingrettsavdeling til Voss, så vil det liggja godt til rette for felles bruk av rettssal, teknisk utstyr samt andre nødvendige kontor og møterom. Rettssal og anna nødvendig digitalt utstyr kan, i tillegg til jordskifterett og tingrett, etter behov òg nyttast av Gulating lagmannsrett. Det er å opplysa at på grunn av stort geografisk område og lange avstandar, så gjennomfører både lagmannsretten og tingretten rettsmøter på Voss i dag òg. Som kjent så er det starta opp eit arbeid med sikte på rehabilitering av Bergen tinghus og forprosjektering av rehabiliteringa står no for tur. Nord- og Midhordland jordskifterett er fram til no tenkt samlokalisert med tingretten. I den samanheng vil det kunna vera utfordringar knytt til det å få sikra nok tilgjengeleg kontorareal og rettssalkapasitet, både på kort og lengre sikt. Ei samlokalisering av ei jordskifterettsavdeling og tingrettsavdeling vil kunna bøta på dei utfordringane som ein står framfor her. Ei samlokalisering av avdelingane på Voss vil kunna  gje ein fleksibilitet når det gjeld tilrettelegging av nok kontorareal og  avhjelpa utfordingar knytt til rettssalkapasitet. Eg vil av dette slutta meg til særmerknad frå Vidar Otterstad der det går fram at «Det forutsettes at avdelingene i Voss samlokaliseres».

Som det går fram av høyringsbrevet så ynskjer Regjeringa å oppretthalda ein desentralisert domstolstruktur. Det er slik at mange av jordskiftesakene er ute i distriktet, og av den grunn så er det ikkje noko som skulle vera til hinder for at «hovudsete» for Hordaland jordskifterett vert lagt til avdelinga i «distriktet». I dag har felles leiar ved dei to jordskifterettane hovudkontoret sitt på Voss. Dei tilsette gjev uttrykk for at dette er ei god ordning og av det bør halda fram slik for Hordaland jordskifterett. For at den nye domstolstrukturen skal få ro, og å kunna fungera på ein god måte må det vera skranker som regulerer kva bemanna rettsstader som eksisterer og kva som skal vere minimumsbemanning. Bemanninga på dei to rettsstadane (Voss og Bergen) bør ha minimum same bemanning og fordeling på stillingsgrupper som i dag. Både lokaliseringa av dei bemanna rettsstadane og kva minimumsbemanning det skal vera på rettsstadane, må lovregulerast.

Med helsing Indre Hordaland jordskifterett / Nord- og Midhordland jordskifterett

Thorbjørn Svane jordskifterettsleiar