FYLKESMANNEN I Statens hus, Njøsavegen 2 6863

Vår dato: 14.06.2019 Vår ref.: 201301987-11 Arkiv: 323 Sakshandsamar: Dykkar dato: 02.05.2019 Toralf Otnes Dykkar ref.: 18/475 - 228 22959527/[email protected] 1 NVE trekker motsegn til Kommuneplanen sin arealdel - herad Vi syner til brev frå Kvam herad datert 02.05.2019. Saka gjeld avgrensa høyring av revidert framlegg til Kommuneplanen sin arealdel for Kvam herad.

NVE fremja motsegn til planframlegget i brev datert 19.06.2018. Grunnlaget for motsegna var at potensiell naturfare ikkje var tilstrekkeleg vurdert og teke omsyn til, og at heradet ikkje hadde vurdert å innarbeide byggegrenser mot vassdrag.

Naturfare I dokumentet «Oversikt over alle endringspunkt til avgrensa høyring» finn vi ei oversikt over kva endringar som er gjort i planen. Vi ser av plankartet at aktsemdområde for skred no er innarbeidd i plankartet som omsynssone H310 i tillegg til omsynssonene som er avgrensa på grunnlag av den statlege faresonekartlegginga. I føresegnene er det nemnd to omsynssoner for skredfare. H310_1 er omsynssoner basert på aktsemdkart I føresegnene er det sett krav om fagleg utgreiing av skredfare. H310_2 er omsynssoner basert på den statelege faresonekartlegginga. Til desse er det i føresegnene sett krav om dokumentasjon på sikringstiltak og at tiltaket ligg trygt nok. Når det gjeld flaumfare er omsynssona H320 Flaumfare basert på NVE sitt flaumsonekart for nedre del av Øysteseelva. Namnsettinga av desse tre omsynssonene er ikkje mogeleg å få fram på plankartet (pdf) som vi har lasta ned. Vi legg til grunn at denne namnsettinga vert gjort tydeleg i det endelege plankartet. Skillet mellom H310_1 og H310_2 bør synleggjerast i planskildringa s. 63.

Det er gjeve ei generell føresegn om klimaendringar i § 1.11, der og grunntilhøva er teke inn. Vi meiner at kravet om dokumentasjon av fare for områdeskred av kvikkleire bør framhevast betre i føresegnene. Føresegnene bør vere meir konkrete slik at det tydeleg går fram at det er krav om dokumentasjon på tilstrekkeleg tryggleik mot områdeskred av kvikkleire i alle plan og byggesaker under marin grense. I føresegnene kapittel 1.6.2. er det teke inn at byggegrense langs mindre bekker utan dokumenterte natur- eller ålmenne interesser som renn gjennom etablert/regulert busetnad i byggeområde er 5 meter. I

E-post: [email protected], Postboks 5091, Majorstuen, 0301 , Telefon: 22 95 95 95, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Abels gate 9 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvegen. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen Postboks 2124 Postboks 4223 0301 OSLO 7030 TRONDHEIM 8514 NARVIK 3103 TØNSBERG 6800 FØRDE 2307 HAMAR

Side 2

høve til å ta vare på tryggleiken når flaum- og erosjonsfare ikkje er vurdert tidlegare så er 5 meter etter vårt syn for kort. Vi meiner at utbygging i slike tilfelle ikkje må finne stad nærare bekken enn 20 meter utan at flaum og erosjonsfare er vurdert. Kvam herad bør etter vårt syn supplere planen med krav om fagkyndig utgreiing av flaum- og erosjonsfare ved bygging nærare enn 20 m frå bekken. Alternativet er etter vårt syn konkrete vurderingar no, der konklusjonane av desse vurderingane vert innarbeidd i planen. Kvam herad har, jf. planomtalen s. 27, jobba med eit prosjekt med å kartlegge kritiske punkt med omsyn til overvatn. Vi kan ikkje sjå om dette arbeidet er sluttført og om resultat frå desse kartleggingane er innarbeidde i planen.

Vassdrag Eit av NVE sine motsegnspunkt til arealdelen ved 1. gongs offentleg ettersyn var at Kvam herad ikkje hadde vurdert å fastsette byggegrenser mot vassdrag. Vi fremja difor motsegn til planen inntil heradet har gjort desse vurderingane. Vårt råd var å innføre eit byggeforbod i eit bestemt meterbelte langs vassdrag. Breidda kan differensierast ut frå vassdraget og omgjevnadane sin karakter. Vi sa vidare at for å ta i vare vassdragsmiljø og ålmenne interesser i vassdrag er det oftast naudsynt å sette byggegrenser i større avstand enn kva som er naudsynt av tryggleiksomsyn. I det nye planframlegget er det innarbeidd generelle byggegrenser mot vassdrag i føresegnene kapittel 1.6.2. Desse er etter vårt syn noko knappe, både med omsyn på tryggleik, og med omsyn på vassdragsmiljø og ålmenne interesser i og langs vassdrag. Vi finn ikkje i planen kva vurderingar som ligg til grunn for dei fastsette byggegrensene.

I planomtalen side 28 står det at verna vassdrag er synt i planen med eigne omsynssoner. Vidare står det at det gjeld eigne byggegrenser på inntil 30 meter langs med utvalde elvar og vatn. Langs med verna vassdrag er det byggeforbod innanfor 100 meters grensa. Byggegrenser som nemnd i planomtalen på høvesvis 30 og 100 meter stemmer ikkje med det som står i føresegnene kapittel 1.6.2. NVE meiner Kvam herad bør arbeide vidare med dette temaet i føresegnene

Oppsummering – NVE trekker motsegn Som det går fram over meiner NVE framleis at Kvam herad bør gjere nokre forbetringar i kommuneplanens arealdel for å sikre tryggleik mot naturfare og omsyn til vassdrag. Dette gjeld:  Tydelege krav om å vurdere fare for områdeskred av kvikkleire ved tiltak under marin grense

 Krav om å vurdere flaum- og erosjonsfare ved tiltak nærare bekker enn 20 meter  Samordne føresegn i kapittel 1.6.2 med intensjonen om byggegrenser langs verna vassdrag, jf. planomtalen side 28. NVE trekker motsegn til kommuneplanens arealdel for Kvam herad. Avgjerande for at vi trekker motsegna er at aktsemdkart for skred i bratt terreng no er nytta i plankartet, og at det er sett byggegrenser mot vassdrag.

Med helsing

Brigt Samdal Toralf Otnes regionsjef senioringeniør

Side 3

Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar.

Kopi til:

Kvam herad