Vestland Fylke
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
KII - Kulturarv KII - Arealplan (Førde) Vår referanse 2020/35771-3 Dato 29.01.2020 «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» Innvilga søknad om dispensasjon for Krossdalselvi kraftverk - Ullensvang kommune (tidlegare Jondal kommune) - Vestland fylke Konflikt med kulturminne-id. 262867 og 262881 - busetnad-aktivitetsområde frå mellomalder- nyare tid Vi viser til overføring av konsesjon og vedtak om forlenga byggefrist for Krossdalselvi kraftverk i Ullensvang kommune (tidlegare Jondal kommune) i Vestland fylke datert 20.06.2019 og til detaljplan for miljø og landskap for Vassendelva kraftverk og Krossdalselvi kraftverk datert 15.11.2019. Vi viser også til brev datert 27.01.2020 frå Universitetsmuseet i Bergen og framlegg til budsjett og prosjektplan for gjennomføring av arkeologisk gransking (utgraving og etterarbeid). I haust 2019 gjennomførte Hordaland fylkeskommune arkeologiske registreringar i tiltaksområde for Vassendelva kraftverk og Krossdalselva kraftverk. Registreringa resulterte i påvising av tre automatisk freda kulturminne: to busetnad-aktivitetsområde frå mellomalder-nyare tid (id. 262867 og id. 262881) og ein kolgroplokalitet med to kolgroper (id. 262889) frå overgangen mellom mellomalder-nyare tid. Delar av det planlagde Krossdalselvi kraftverk er i konflikt med to busetnad-aktivitetsområde frå mellomalder-nyare tid, id. 262867 og 262881 som er automatisk freda i medhald av lov 1978 nr. 50 om kulturminne (kulturminnelova) § 4 fyrste ledd. Begge lokalitetane ligg på Molve gnr. 322, bnr. 2 og 3 i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Kolgroplokaliteten id. 262889 skal bevarast. Lovheimel og mynde I samsvar med kulturminnelova § 3 fyrste ledd er inngrep i automatisk freda kulturminne forbode med mindre det er gitt løyve etter kulturminnelova § 8. Etter forskrift om fastsetting av mynde mv. etter kulturminnelova §§ 3 (2) og 4, har fylkeskommunen/Sametinget mynde til å gi slik løyve basert på tilrådingar frå gjeldande forvaltningsmuseum/NIKU. Riksantikvaren har mynde etter forskrifta § 2 (1) til å fastsette omfanget og kostnadar i eige vedtak, basert på vedtaket og vilkåra fylkeskommunen/Sametinget har gitt. Vedtak Med heimel i kulturminnelova § 8 fyrste ledd fattar Vestland fylkeskommune følgande vedtak: I samband med overføring av konsesjon og forlenga byggefrist for Krossdalselvi kraftverk vert det gjeve løyve til fjerning av automatisk freda kulturminne, to busetnad-aktivitetsområde frå mellomalder-nyare tid, id. 262867 og 262881, på Molve, gnr. 322, bnr. 2 og 3 i Ullensvang kommune (tidlegare Jondal kommune), jf. avmerking på vedlagt kart, datert 15.11.2019. Løyvet gjeld berre det omsøkte tiltaket og fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i verk innan 3 år frå dette brevet er motteke. Vilkår Telefon E-post Heimeside EHF-Fakturaadr. Organisasjonsnr. 05557 [email protected] www.vestlandfylke.no 821311632 821 311 632 Saknr: 2020/35771-3 Side 2 av 4 Løyvet vert gjeve på vilkår at Universitetsmuseet i Bergen før anleggsstart set i verk ei arkeologisk gransking av dei nemnde kulturminna. Utgifter til arkeologisk gransking Granskinga skal dekkast av tiltakshavar, dersom det ikkje er grunnlag for heil eller delvis statleg dekning, jf. kulturminnelova § 10. Vedlagt er Riksantikvaren sitt vedtak om omfang av den arkeologiske granskinga, med endelege kostnader og avgrensing av utgravingsområdet. Skildring av kulturminna Id. 262867 - Lokalitet 1, Molve – Busetnad-aktivitetsområde frå jernalder Lokaliteten ligg i dyrka mark på sørsida av Molve gard, gnr. 22 bnr. 3, ca. 30 m N-NA for Krossdalselvi og har ei utstrekking på ca. 1160 m2. Det vart grave sju sjakter med gravemaskin i denne delen av området. Fire av desse var funnførande. Det vart til saman påvist åtte strukturar, så vel som ein steinpakking som kan vere moderne. Av dei funna som vart gjort var det fire eldstadar, to groper med ukjent funksjon, ei kokegrop/eit omnsanlegg og eit mogleg stolpehol. Det vart snitta eit stolpehol (struktur 2). Det vart ikkje gjort gjenstandsfunn i massane. Det vart også teke dateringsprøver frå plan i struktur 1, 3, og 11. VP 1 (S 11 eldstad) vart datert til nyare tid (BP 110 ± 30, 1802-1938 kal. AD). VP 2 (S 3 eldstad) vart datert til tidleg mellomalder- høgmellomalder (BP 900 ± 30, 1039-1210 kal. AD). VP 3 (S 1 kokegrop/omnsanlegg) vart datert til nyare tid (BP 140 ± 30, 1669-1780 kal. AD). Askeladden id. 262881 - Lokalitet 2, Molve – Busetnad-aktivitetsområde frå jernalder Lokaliteten ligg på ein terrasse om lag 9 m frå elva, rett sør for lokalitet 1, Molve (id. 262881). Denne lokaliteten ligg eit nivå lågare enn lokalitet 1. Det vart grave ei sjakt med gravemaskin på terrassen. Sjakta var funnførande og gav funn av fem førhistoriske strukturar. Av dei funna som vart gjort var det ei kokegrop, to groper med ukjent funksjon og to moglege stolpehol. Det vart snitta eit stolpehol (struktur 6). Det vart òg snitta ein kokegrop (struktur 9) og teke ein dateringsprøve (VP 4) frå lag 2 (trekol) i struktur 9. Denne vart datert til overgangen frå seinmellomalder-nyare tid (BP 300 ± 30, 1489-1604 kal. AD). Skildring av det omsøkte tiltaket Planlagte Vassendelva kraftverk og Krossdalselvi kraftverk ligg i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Utbyggar er Vassenden Kraft AS for Vassendelva kraftverk og Krossdalselvi Kraft AS for Krossdalselvi kraftverk. Dei to kraftverka vil ha felles kraftstasjon og er difor omtalt saman i detaljplan for miljø og landskap. Automatisk freda kulturminne påvist av Hordaland fylkeskommune hausten 2019 ligg tett på område som den planlagde røyrgata skal gå gjennom. Tiltakshavar i samråd med Hordaland fylkeskommune har prøvd å finne alternative plasseringar for røyrgata for å unngå konflikt med dei automatisk freda kulturminna. Det vart likevel konkludert med at dette lar seg ikkje gjere av tekniske omsyn, og at ein må søke om dispensasjon etter kulturminnelova § 8 fyrste ledd for lokalitet id. 262867 og 262881. Den automatisk freda kolgroplokaliteten id. 262889 ligg tett på den planlagde røyrgata, men skal bevarast. Lokaliteten skal merkast i terrenget i forkant av anleggsarbeida for å unngå skade på kulturminnet. Vi gjer merksam på at det er forbode å setje i gong tiltak som er egna til å skade, øydelegge, grave ut, flytte, dekke til, skjule eller på anna måte utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne eller framkalle fare for at dette kan skje, jf. § 3 i kulturminnelova. Dersom det viser seg at det er utførdrande å bevare lokaliteten, ber vi tiltakshavar om å ta snarleg kontakt med Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen skal då vurdere ev. dispensasjon etter kulturminnelova § 8 fyrste ledd også for dette kulturminnet. Fråsegn frå Universitetsmuseet i Bergen Universitetsmuseet i Bergen tilrår i brev datert 27.01.2020 dispensasjon frå kulturminnelova § 8 fyrste ledd for id. 262867 og 262881 med vilkår om arkeologisk undersøking før anleggstart. Universitetsmuseet i Bergen skriv vidare i sitt brev at dei to omsøkte lokalitetane viser dateringar frå sein vikingtid fram gjennom mellomalder og reformasjonstid til moderne tid. Det er gjort funn av kokegroper, groper og stolpehol på begge lokalitetar, og det er sannsynleg at dei to er ein og same lokalitet skilt av ei lita skråning. Tolking av funksjon til funna er uviss, men det er sannsynleg at Saknr: 2020/35771-3 Side 3 av 4 desse viser ein form for produksjon som har funna stad her over lengre tid, og som går heilt tilbake til tidleg mellomalder. Det er nok ein produksjon som har knytt seg til ein gard i området, men produksjonen sin karakter er ukjent og er difor vitskapeleg interessant. Grunngjeving for vedtaket Kulturminneforvaltninga skal verne om kulturminne som ikkje-fornybare ressursar og arbeide for at kulturminneverdiane vert best mogleg tatt vare på og gjort nyttig i eit samfunn i endring. Løyve til inngrep i automatisk freda kulturminna kan likevel vert gjeve etter ei konkret vurdering av dei kulturminnefaglege verdiane, vege opp mot private og samfunnsmessige omsyn. I denne saka er det lagt vekt på at ein ikkje kan sørgje for tilstrekkeleg vern av kulturminna id. 262867 og 262881 i tiltaksområdet. Kulturminna er av ein slik art at dei har liten opplevingsverdi i seg sjølv, men kan ha eit større bevart kjeldepotensiale for ny kunnskap om førhistorisk bruk av området. Vestland fylkeskommune vurderer kjeldepotensialet til id. 262867 og 262881 til å vere stort. Ei arkeologisk gransking vil kunne sikre det vitskaplege kjeldematerialet på ein god måte. Etter ei samla vurdering har vi i denne saka innvilga dispensasjon for det omsøkte tiltaket i samsvar med vedtaket over. Dersom det under realisering av tiltaket vert oppdaga eller kjem fram andre automatisk freda kulturminne enn dei løyvet gjeld for, eller det er fare for at kjende automatisk freda kulturminne kan verte råka av tiltaket, skal arbeidet straks stansast i den utstrekning det kan røre ved desse. Vestland fylkeskommune skal varslast, jf. kulturminnelova § 8 andre ledd og vi avgjer snarast mogleg og seinast innan 3 veker om arbeidet kan fortsette og eventuelle vilkår. Forholdet til anna lovverk Dersom tiltaket krev løyve etter anna lovverk, må søkjar sørgje for dette, før tiltaket kan gjennomførast. Framdrift og gjennomføring De skal: avtale tid for arkeologisk utgraving med Universitetsmuseet i Bergen i god tid før tiltaket er planlagt sett i verk sørgje for avklaring av eventuelle praktiske forhold av betydning for gjennomføring av det arkeologiske feltarbeidet. Dette vert gjort etter avtale med Universitetsmuseet i Bergen Arkeologiske utgravingar kan av praktiske årsaker normalt