Leikanger KYRKJELYDS BLAD Nr. 1 - 2013 Årgang 67

Pilegrimsvandring med Bjørg Sterke inntrykk for konfirmantane Lys vaken trusopplæring Egil Hovland lever Kyrkjeringane i feirar førti og Fjordane fyller 250 - lokal markering i Leikanger Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 1 Oversikt over tilsette, kontaktadresser og Ei tid for å dansa telefonar:

Administrasjon Leikanger OG Har du sett sola dansa? Rart spørsmål kyrkjekontor synest du kanskje. For ho gjer jo ikkje Besøks-/postadresse: Kyrkjevegen 6, Stedjetunet, det. Sola ho skin, strålar, varmar og 6856 Sogndal gjer godt, men dansa gjer ho no ikkje. Tlf sentralbord: 57 67 99 85, faks: 57 62 98 91 Eg har nok ikkje sett sola dansa, men Kyrkjeverje: Jorunn Merete Haukås-Eide no må eg innrømma at eg ikkje har Telefon mobil: 404 76 682 sett så godt etter heller. Kanskje eg E-post: [email protected] skal gjera det i påska? Det er nemleg [email protected] Kontortid kvar dag unnateke onsdag. då det blir påstått at sola gjer det. Ikkje kvar dag, men ein heilt bestemt. Soknepresten i Leikanger og Norum: Fyrste påskedag om morgon då dansar sola. Det var i middelalderen Egon Askvik dei oppdaga dette forunderlege fenomenet, og fleire stader i landet [email protected] Tlf. 907 63 554 Treffetid etter avtale - måndag fri. vårt har det vore tradisjon å dra til grytidleg om morgonen 1.påskedag. Dei ville sjå sola stå opp. Dei ville oppleve henne dansa Kyrkjetenar/klokkar/ reinhaldar: over fjelltoppane. Sandra Pearce [email protected] Tlf. 951 60 890 Fredag fri Eg veit ikkje kva du tenkjer om dette fenomenet ? Kan vera dei tok litt sterkt i dei som påstod dette ? Eg er ikkje så sikker på om dei ville Organist: støtta teorien på meteorologisk institutt, eller kva den engasjerte Diccon Pearce [email protected] Tlf. 57654157/974 35 982 astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard ville sagt. Kontor i bustad - fredag fri Men det får vera. Det er ikkje så nøye. Det er forklaringa eg synest er Soknerådsleiar: Anne Kristin England så flott. Kva det var som gjorde at ein meinte at sola dansa akkurat [email protected], Tlf: 950 46 062 denne dagen. Og kva var det då? Jau, ho dansa i glede over at Jesus stod opp frå grava. Ho jubla over Jesus sin seier over døden. Ho Leiar i Leikanger og Sogndal fellesråd: kunne ikkje halde seg i ro i glede over morgonen som kom med Marit Lunde Mundal lyset og livet, og som planta håp midt på vår jord. Så er det mogeleg Kommunal representant for Leikanger i dei tok litt sterkt i dei som meinte sola dansa, men det som hendte fellesrådet: 1.påskedag er grunn god nok for både den eine og den andre til å Ole Simen Nesdal bevega litt på seg. Leige av kyrkjelydshuset: Kirsti Svangstu [email protected] Tlf:915 82 293 Påskeforteljinga inneheld sterke kontrastar. Her er sorg og glede, nederlag og sigrar, sjokk og trøyst, fortviling og håp. Slik kan vi òg www.facebook.com/leikangerkyrkja oppleve livet. Dagane kan vera så ulike, men påska vil minne oss om www.kyrkja.no Kyrja sentralt sin nettstad www.kyrkja.no/bjorgvin Bjørgvin at det finst ein soloppgang. Det finst ein kjærleik som er sterkare enn bispedømme sine heimesider døden, og eit håp som står som fjellet fast. www.leikanger.kommune.no/kyrkja Informasjon om Leikanger kyrkje, tilsette og gudstenesteliste Det gjer ikkje livet enkelt. Han har så rett http://www.sogndal.kyrkja.no Informasjon Forkynnaren i Gamle testamentet som om kyrkja i Leikanger og Sogndal seier at alt har si tid. ” Ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja og ei til å dansa” Leikanger kyrkjelydsblad organ for Leikanger sokneråd Men når tida for å dansa er der, så kan Redaktør: Egon Askvik ein kanskje - saman med sola – våga seg Redaksjonsnemnd: frampå og ta nokre trinn. Signe Eikenes og Kirsti Svangstu Kasserar for bladet: Reidar Tjønn Den gode bodskapen 1. påskedag møter Layout: Elianne Eggum oss med, er i alle fall ein god grunn til å Trykk Husabø prenteverk gjera det . Neste nummer kjem i september. Frist for innsendt stoff er 20. august. Bård Haukedal er fungerande prost God påske ! i det nye prostiet: Sogn prosti 2 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Ei annleis påske

Bjørg Sæter var på pilegrimsvandring i Spania og fortel her om møte med andre påsketradisjonar enn dei me er vane med.

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 3 Glade menneske tek imot prosesjonen med Maria 1. påskedag et er palmesøndag kveld, mørkt Så går kyrkjedørene opp. Flåten regner. Månader med førebuing er Dog stappfullt av folk i gatene i med den lidande Jesus kjem til syne. forgjeves. Langfredag ser vi vaksne den spanske byen Zafra. Vi ventar Den er fleire hundre år gamal. Sakte menneske som gret av glede på TV på prosesjonen. Folk er glade. Dei – i fleire timar – skal den berast fordi det slutta å regne og den store pratar og ler – og ventar. Ei dame gjennom gatene. Flåten med den prosesjonen i Sevilla kunne gå som prøver å forklare meg det meste om sørjande Maria føljer. Det er masse planlagt. Eg forstår at dette er alvor. spansk påske i eit rivande tempo lys, brokadeklede med gulltrådar og Eg ser store prosesjonar og små på spansk. Eg fangar nokre bitar baldakinar med duskar som ”dansar” prosesjonar. Natt til langfredag får eg forstår her og der og set det når dei femti berarane gjer tinga sine eg og vere med i ein stille prosesjon saman med dei bitane eg har fanga rett. Folk klappar og jublar. sjølv, og er i seng klokka tre om tidlegare. Eg held på å få eit bilete av Eg er på veg aleine til fots opp natta.

Flåtane med Maria og Jesus møtest på Plaza Major i Cáceres kva spansk påske er. Den er førebudd gjennom Spania frå Cadiz ved havet lenge. Folk har jobba i komitear, øvd i sør til havet oppe i nordvest. Det Maria held den døde Jesus. Blomar omgir dei på i korps, trena på å bere, sydd klede, skal ta meg to månader. Dermed får alle kantar. pussa messing og sølv, kjøpt inn eg med meg påska ”på langs” – ei Eg er på messe i kyrkja i Valdesalor lys og blomar og bygd opp flåtane svært annleis påske enn eg er van - ein bitte liten flekk av ein landsby som skal berast gjennom gatene. med heime. Regnet kjem. Vi ser på jorda. Det er påskeaftan No har dei unge kome heim frå gråtande barn i kostymene sine på og midnattsmesse. Kyrkja er studiestadene og familiane samlas. TV. Prosesjonane kan ikkje gå når det påskepynta. I morgon skal dei bære

4 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 sine to små flåtar gjennom byen. som heime. Eg kjenner at eg høyrer sin! Hundrevis av ballongar går til Tjue damer, ein mann (dei andre til i ein verdsvid kristen fellesskap. vers mot ein knallblå himmel. Folk spelar kort på baren), ein gut, fem Ein liten flekk på jorda - små flekkar jublar og klappar. Musikkorpsa spelar pilegrimar og presten går ut av kyrkja over heile jorda - akkurat det same opp ein glad melodi og så ”dansar” og tenner det store påskelyset frå - akkurat denne spesielle kvelden. flåtane med Maria og Jesus på Plaza fatet med eld utanfor døra. Så inn, "Eg er lyset for verda." "Kristus er Major i Cáceres, og fleire tusen og alle tenner sine små lys frå det oppstaden." "Ja, han er sannelig menneske nynnar og svingar med! store. Det er akkurat som heime! oppstaden!" - Over heile verda - Noko slikt har vi ikkje i Norge… akkurat no - også i Valdesalor...

Påskemorgon. Bekmørkt. Eg er grytidleg på vegen etter ei natt på ei treningsmatte i garderobeanlegget på idrettsplassen i Valdesalor. Vil så gjerne nå påskedagsprosesjonen i Cáceres. Det er bitande kaldt, men sakte, sakte kjem lyset og varmen Barn er barn! Dei kjedar seg litt, rullar opp hettene – og sola – ei skikkeleg påskesol! og leikar med lysa. Eg når fram i tide. På Plaza Major i Cáceres sig det på med folk. Det Så er eg på vegen att. Det er framleis må vere fleire tusen etter kvart. Vi første påskedag. I handa har eg ventar. Så høyrer vi musikkorpsa Norsk salmebok. Den har eg bore på og ser flåten med Maria kome inn i tre veker for denne dagen. Eg går på plassen. Ho er kledd i kvit kjole, og går og syng og syng alle dei vakre, fargen for glede. Frå motsett side kjende, kjære påskesalmane våre. Langfredag. Her var det 60 personar som bar kjem flåten med den oppstadne For noko slikt har dei ikkje i Spania… flåten. Jesus. Også han er kledd i kvitt. Midt Dei les tekstane for denne spesielle på plassen møtest dei. Folk er heilt kvelden - akkurat dei same tekstane stille. Så bøyer Maria seg for sonen

Langfredag. Maria kledd i svart og gull sørgjer over sonen sin. Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 5 Den januarkvelden me aldri gløymer

e hadde om Eg-perla i Kristuskransen. Den perla Msom fortel av me er verdfulle. Difor vart me noko overraska då gjesten denne kvelden opna med desse orda: ”Eg heiter Rita Kalstad og eg er ingen ting”.

Frå då av hadde ho over 100 konfirmantar, og leiarar, sin fulle konsentrasjon. Her var dei samla frå frå Sogndal, Fjærland, Kaupanger, Norum og Leikanger. Ho fortalde korleis ho for fire år sidan på dramatisk vis so å seia mista livet to gonger. Ho vart fortald at ho aldri kunne gå meir. Men då dei sette inn rullestolen til henne for at ho skulle venna seg til synet, ba ho dei ta han ut. ”Eg skal aldri oppi den”, sa ho.

Rita fortalde korleis ho hadde mista så mykje. Helsa si og jobben sin som ho var så glad i. Rita var diakon i Sogndal og var med i konfirmantarbeidet her i fleire år.

For to år sida miste ho også mannen sin. Det vart det største tapet. ”Eg kjenner meg so svak og eg veit ikkje om eg greier sjå på meg sjølv som verdfull, sjølv om eg veit at eg er det”, sa Rita, som også hadde med seg dotter si, Maria, denne kvelden.

Me sat likevel att med inntrykket av ein ”fightar” som nekta gje seg, sjølv om ho kjende både på tvil og avmakt og var sint på Gud.

Ei av konfirmantane sette ord på det. Framfor heile forsamlinga reiste ho seg og sa ”Du må ikkje seia at du ikkje er noko. For du er noko her i kveld. Med det du har fortald”. Maria hadde også ordet og minna mor si på kor betydningsfull ho var for familien, henne og barnebarnet ho hadde fått.

Rita uttrykte stor takksemnd til konfirmantane for den respektfulle og lyttande måten dei hadde møtt henne på. ”Eg må innrømma at eg kvidde meg voldsomt til å møta dåke, men det var heilt unødvendig” smilte ho. Rita var likevel tvilande til i kor stor grad ho ville orka å gjera dette framfor andre forsamlingar. Det var krevjande. For oss som var der, var det som å ha fått ei stor gåve.

Det sette i gong så mange tankar og refleksjonar om kva livet er og om kva me er verd når me ikkje kan vera ”nyttige”.

Mange hadde spørsmål og ville snakka vidare med Rita etter Tekst/foto: Egon Askvik foredraget.

6 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Frå konfirmanttur i Sogndalsdalen.

Kva farge har Gud? Maleskrinet må fram på kyrkjelydshytta Dårleg vèr la ingen dempar på turen

Pugging Sognahallen. Konfirmantnatt i

Det var fotballcup gjennom natta. Her er laget med heiagjeng. På konfirmantkvelden i februar skulle dei ti boda lærast Olaug og Vikeke frå 10.klasse var med som hjelpeleiarar utenat. Ingrid Fredheim prøver seg, medan Aleksander gjennom natta. Langeteig ser litt skeptisk ut.

Til saman 200 konfirmantar var saman i Sognahallen natta mel- Munnleg eksamen, men sokneprest Kjell Sæter som lom 8. og 9.mars. Her var det eit variert og spennande program sensor. Dette ser ut til å gå bra! gjennom heile natta. Dei som var med frå Leikanger gav uttrykk for at dei koste seg.

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 7 Gud gir – vi deler Kyrkja har alltid drive trusopplæringsarbeid, og det fekk fornya fokus då Leikanger sokn fekk Om trusopplæringa i trusopplæringsmidlar, saman med sokna i Sogndal i 2010. Dette var i tråd med trusopplæringsreforma Leikanger som stortinget vedtok i 2004, og som hadde som mål å gje alle barn og unge mellom 0-18 år ei systematisk rusopplæringa i Leikanger jobbar mot eit mål: og samanhengande trusopplæring. Trusopplæring er å TAt barn og unge, gjennom å dele tru og undring, skal forstå synonymt med dåpsopplæring, og skal leggje til lære å kjenne den treeinige Gud og vekse i trua på Han. rette for at barn og unge kan utrustast til å leve i dåpen At barn og unge kjenner seg heime i kyrkjelyden, og og si kristne tru. erfarer eit raust og godt fellesskap der. Vi ynskjer å bidra til at foreldre ser seg sjølv som viktige Ein føresetnad for midlane ein fekk var at det skulle medarbeidarar i trusopplæringa, og å leggje til rette for utarbeidast ein lokal plan for Leikanger sokn. Planen eit godt samarbeid med dei. fekk form og innhald gjennom aktiv utprøving av tiltak. I utgangen av 2012 vart han sendt inn til biskop Halvor I kyrkjelyden fins det allereide godt innarbeidde tiltak Nordhaug. Der vart han godkjend, og biskopen omtalte som dreg oss mot dette målet: planen som svært god. Dåpssamtalar, Babysong (0-1 år), Borna sin påskefest med utdeling av bøker til 6 åringar, Hausttakkefest Ynskjer du å vite meir om desse tiltaka og planen for med utdeling av bøker til 4 åringar, Lys vaken med Leikanger sokn? Bibelutdeling (11 år) og konfirmasjons-opplæring (14-15 Har du lyst å vere med som frivillig medarbeidar i dette år). viktige arbeidet? Ta kontakt med Egon Askvik (sokneprest; 90763554) eller Av nye tiltak, pr.idag, har vi eigne samlingar for 4 og 6 Guri Høstaker Nordheim (trusopplærar; 466 37 889). åringar i samband med utdeling av bøker. I tillegg får 6 Vi ser fram til å snakke med deg! åringane invitasjon til Skulestartmarkering, dagen før 1.skuledag. Guri H. Nordheim

Spennande fellestiltak med andre sokn er òg i gong; Tårnagenthelg (9 år) i Stedje kyrkje, og PANGSTART-LEIR (11 -13 år), i veka før skulestart, på Lyngmo.

8 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 et er alltid spennande om årets 11 åringar vil vere med på ”Lys vaken” i kyrkja. Det ville dei! 25 elleveåringar Dvar klare, og det heile starta i kyrkja med ei fellessamling før vi gjekk på dei ulike stasjonane. Det var fire svært ulike stasjonar; ein i tårnet der vi studerte inskripsjonar og laga ”tårnmusikk” med klokkene. Ein stasjon var i prestegarden, der dei møtte ein bibelsk person. Her møtte dei ”Peter”, som fortalde om det han hadde opplevd saman med Jesus. På ein stasjon skulle dei leite etter ord i ei mørklagt kyrkje. Det hjalp å bruke lommelykt og refleksar, og orda vart til saman eit bibelvers. Den siste stasjonen var i Kyrkjelydshuset der dei skulle lære bøna” Vår Far”, gjennom ulike oppgåver.

Så var det tid for pizza i kyrkjelydshuset, og vidare jobbing i grupper. No var det gudstenesta neste dag som skulle førebuast og alle elleveåringane var i sving med ulike oppgåver til seint på kveld. Etter dette tok vi alle kvelden- heime, før vi møtte kvarandre att til frukost, søndagmorgon. Nokre av elleveåringane skulle vidare på handball-turnering i , medan resten av gjengen gjorde seg klar til gudsteneste. Dei hadde fått utdelt ulike ansvarsoppgåver som dei meistra på ein svært god måte. Det vart ei fin gudsteneste, der det òg vart markert at alle elleveåringane no var heldige eigarar av sin eigen Bibel. Takk for laget, elleveåringar! Takk for innsatsen konfirmantar, ungdomsleiarar og vaksne leiarar, som gjorde ein kjempejobb denne helga!

Guri H. Nordheim

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 9 Jonsok i kyrkja

onsokafta fell dette året på ein sundag. Me vil difor markera dagen i kyrkja med ei ettermiddaggudsteneste kl.16. JDet vert ei skikkeleg sommargudsteneste der me pyntar med blomar og fyller kyrkja med song og musikk. Og etterpå er det bål !

STØTT Konfirmasjonsdagen er pinsedag 19.mai Kirkens Nødhjelps Kl.11 Kl.13 fasteaksjon 2013 KonfirmantaneHalvard Fossheim Kristin våren Molvær 2013 Støtt Kirkens Nødhjelp og skap forandring. Ingrid Fredheim Tord Magnus Næss Saman med andre. For andre. Olav Henjum Sander Thorsnes Talle For kvarandre. Eirik Husabø Hanna Vangsnes Amanda Asphaug Husum Torbjørn Magdalena Røysum Langeteig Tommy Bäckström Vikdal Aleksander Langeteig Gjermund Elias Yndesdal Aurora Nes Hans Bulling Johansen KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON Beate Fondenes Vangsnes SAMAN FORANDRE 17.-19. mars 2013

Send GAVE på sms til 2468 (200 kr) eller eller ring 820 44 088 (200 kr) eller benytt kontonummer 1594 22 87493

10 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Takk gode Gud for alle ting! Takk gode Gud for alle ting, først for bror Sol så lys og fin. Han vekker oss hvert morgengry og er ditt tegn for oss i sky. Halleluja, halleluja. Takk for alle dine under!

ette er første verset av salme 281 i Norsk Salmebok, ein av dei mange salmane Egil Hovland har tonesett. Egil DHovland gjekk bort 5.februar i år, over 90 år gamal. Med han er ein av dei største og mest allsidige komponistane det siste hundreåret borte.

Hovland utdanna seg til organist og starta si gjerning i Glemmen kyrkje i Fredrikstad i 1949. På 50-talet studerte han komposisjon hjå dyktige komponistar i inn- og utland. Og resultata kom i form av orkesterverk, store vokalverk, kammermusikkverk, messer, kantater, motettar, kyrkjespel og orgelverk. Har du sunge i kor eller spelt i orkester er det stor sjanse for at du har framført ein eller fleire av Hovland sine komposisjonar. Som komponist utfordra Hovland vante reglar i musikken. Han ynskte å kome menneske i møte med musikken ved å gjere den enklare, meir venleg og kanskje også meir romantisk. På 70-talet utvikla han sin personlege stil.

Tilbake til salmeboka. Hovland har med sine 51 melodiar flest ulike salmetonar i salmeboka, mens Lindemann sine melodiar er nytta til flest salmar (ein del salmar har same melodi). Egil Hovland har skrive musikk til alle samanhengar: frå dåp til gravferd, frå pasjon til høgtid. I siste del av salmeboka finn vi motettar til kyrkjeåret, og fleire av desse er skrivne av Hovland. Dette er tonesette bibeltekstar, og fleire av dei er inspirerte av gregoriansk song.

Egil Hovland har samarbeidd med både norske og svenske diktarar. Ei av dei er svenske Britt G Hallquist. Vi finn fleire av hennar salmar i salmeboka vår, og den mest kjende av desse er Måne og sol på nr. 943. Denne tonen kom til gjennom ein draum Hovland hadde. I draumen stod han i studioet sitt der det hang bilde av dei kappekleddde borna i barnekoret hans i Glemmen kyrkje. Plutseleg «løsna» dei unge songarane som englar frå biletet: ”Jeg sto med et noteark i hånden, og var mest forundret over synet, forteller han. Etter hvert "landet" de små engelene som noter på arket, og der de falt ned, sto melodien til "Måne og sol" notert. Det var bare for meg å renskrive det.»

PS: I juni feirar Vereide kyrkje sitt 900-års jubileum. Då framfører kyrkjekoret «Dette er dagen som Herren har gjort» frå Signingsmusikken (Nidarosdomen 1991).

Tekst: Signe Eikenes

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 11 Norgesturne! The AlleluiaThe Alleluia Ringers Ringers of Concordiaof Concordia University University Wisconsin, Wisconsin USA USA Dr.Dr. John John Behnke, Behnke, Director Director

21. maiNorway Nittedal Tour 2013 22. mai Sandefjord 24. mai Lillehammer 21. Mai Nittedal 26. mai Valldal 22. Mai Sandefjord 27. mai Leikanger 24. Mai Lillehammer 29. mai Markus Kirke, Oslo 26. Mai Valldal “Alleluia Ringers” frå Concordia27. MaiUniversity Wiscponsin, Leikanger USA, vitjar Leikanger og har konsert i kyrkja måndag 27.mai kl.1930. Dei har29. vore Mai på turné i Noreg toMarkus gonger føpr Kirke, (1995 og Oslo 2003) Orkester består av 14 studentar, dirigenten Dr. John Behnke og støtteapparat. Dei spelar handklokker, noko som er sjeldant å høyre hjå oss. Konserten er gratis, men det vert teke opp kollekt.

Kyrkjelyden har teke på seg å skaffa dei privat overnatting. Kan du ta imot to eller fleire til overnatting måndag 27. – tysdag 28. mai? Gje melding til Diccon [email protected]

12 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Kyrkjeringane fyller førti

yrkjeringane hadde fellesmøte fyrste torsdag i Kadvent. Det vert kalla adventsmøte. Ute var kvelden blåkald, men inne i Kyrkjelydshuset lunt, varmt og godt.

Ettersom det i 2012 var 40 år sidan kyrkjeringane kom i gang, ville me markere dette, men på ein enkel måte. Nokre historiske sider leita me fram. Kanskje er det mange som ikkje veit så mykje om kyrkjeringane, og kva dei står for? Her er litt om oss:

Frå 1965 – 1975 var Oddmund Hjermann presten vår. Hjermann hadde eit varmt ynskje om å få skipe til eit støttelag som kunne samle inn pengar til inventar og bruksting til kyrkja. På møtet i Leikanger sokneråd 21. oktober 1971, valde soknerådet ei nemnd som skulle prøve å få i gang kyrkjeringar. Desse vart med i nemnda: Eldbjørg Åm, Anne Lise Lie, Else Husabø og Oddmund Hjermann. Som me skjønar, var dette ei svært effektiv nemnd, for i januar 1972 var opplegget for kyrkjeringane klart.

Tre ringar skulle det vere, ein i ytre-, ein i midtre- og ein i indrebygda. Møtedagen skulle vere andre måndag i månaden, og gå på omgang i heimane. Det skulle vere enkel servering slik at ingen såg vanske med å ha desse møta. Likeeins vart det bestemt at det skulle vere to fellesmøte i året, eit om våren og eit før jul. På fellesmøta skulle me ha utlodding, men på måndagsmøta samlar me inn pengar.

Fellesmøte er det høgste organ. Her vert det løyvd pengar til ymse føremål etter ynskje frå soknerådet. I 40 år har det vore slik! Me i ringane har koselege møte både i heimane og i Kyrkjelydshuset.

Kyrkjeringane har samla inn 532.517 kroner i desse 40 åra. Noko av det me har løyvd pengar til desse åra er: Lysekrone, messehaklar, piano, gåve til bårehus, benkeputer, preikestolteppe, flomlys m.m.

I 2012 har me gjeve 80 000 kroner til lesepultklede og projektor – der me får tekstar, salmar og liturgi på veggen framme i kyrkja.

Er det nokon som har lyst å vere med i kyrkjeringane, er de hjarteleg velkomne. Me treng fleire. Kom med strikkety, snakkety og pengepung!

Helsing indre kyrkjering.

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 13 Helsing frå nyvald soknerådsleiar

yrst ei stor takk til Dagny Ugulsvik Alvik for arbeidet ho Fhar gjort som leiar i Leikanger sokneråd i 2012. Eg har overteke leiarvervet etter Dagny. Eg er født og oppvaksen i Leikanger. Leikanger Kyrkje er ”mi” kyrkje, der dei 3 barna mine er døypte og konfirmerte og dei 2 barnebarna er døypte.

Det siste året har eg hatt arbeidsplassen min i Fylkeskommune. Eg vart valt inn i soknerådet hausten 2011. Sakene i 2012 var til dels krevjande, men og interessante , spesielt kan nemnast den nye liturgien som vart vedteken hausten 2012.

Vi som er i soknerådet arbeidar godt saman og deler oppgåvene mellom oss. Dette gjer at ein som leiar opplever å har god støtte i dei andre. Eg håpar de vil ta kontakt med meg for eventuelle spørsmål eller med gode råd og innspel til oss som sit i soknerådet.

Eg ynskjer alle ei god påske. helsing Anne Kristin Aarskog England

Praksisstudentar i Leikanger kyrkjelyd

tida 12.mars-6.april skal teologistudentane Ingrid Øygard og Ingrid Synnevaag har praksis i Leikanger kyrkje- Ilyd. Det betyr at dei skal vera med på gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre aktivitetar i kyrkjelyden. Du vil møta dei på babysong, tysdagstreff, konfirmanttime, kyrkjeringane og på sjukeheimen. Begge er 22 år går 6.semester på teologi på Menighetsfakulttet i Oslo.

Ingrid Synnevåg (t.v.) er frå Stavanger og her har ho også jobba eitt år med born, ungdom og kor før ho starta på studiet. Ho synes det er litt skummelt å skulla verta prest, men at det kjennest veldig riktig. – Å forkynne Guds rike er en herlig tanke, seier ho

Ingrid Øygard er frå Vatne på Sunnmøre, Ho synes det å vera på veg mot å bli prest er ein spanande prossess. Ho ser fram til å kunna sjå endå meir av kva Gud kan bruka henne til.

Begge er oppvaksne i kyrkja og ser veldig fram til no å koma ut i praksis og møta folk. – Det kjennes litt på tide, seier dei.

Biskopen bed oss om å ta vel imot studentane.

14 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 SOGN OG FJORDANE 250 ÅR

2013 skal det feirast at fylket vårt er 250 år! Den kvelden som vil trekke. Hovudarrangementet til fylket i I19.september 1763 vart Bergenhus Amt delt i to, og Leikangerhallen kl.14 kan vere vel verdt å få med seg for Joachim de Knagenhjelm vart fyrste amtmann i Nordre alle! Bergenhus amt. Dei fyrste hundre år låg hovudsete på Kaupanger, og nokre av amtmennene føretrakk til og Elles skjer det mykje i fylket i jubileumsåret. Forutan med å bu i . Men i 1861 vart amtmennene trufast at Sogn og Fjordane teater og riksteateret set opp buande på Leikanger – noko som ga grunnlaget for rolla produksjonar med lokal tilknyting, vil det vere Leikanger spelar i fylket i dag. skrivekonkurranse for ungdom, musikkarrangement, kåring av årets gründer med meir. I tillegg er det Hovudmarkeringa av jubileet i Leikanger finn stad den ynskjeleg at alle i fylket som arrangerer noko som 15 19.september i år. Dette vil bli ein flott dag med mange kan knytast opp til jubileumsåret registrerer dette på ulike typar arrangement og aktivitetar, og sjølv om fylkeskommunen si side: www.sfj.no Då får fleire vite programmet ikkje er spikra ennå, kan vi love noko for om kva som blir arrangert i denne regionen! Godt einkvar smak. Amtskontoret på Fylkesmannsgarden jubileumsår- og set av 19 september! vil vere ferdig restaurert og vere open heile dagen, slik at folk kan få omvising i bygget. Elles vil det bli Tekst: Anne Britt Lauvsnes arrangert folketog, «torgdag» utanfor Saften og flotte arrangement i hallen vår både på dagtid og kveldstid. For ungdommar er det kanskje særleg ungdomskonserten på

Verdas lengste eplekake. No skal Sogn og Fjordane feirast. Foto: Ørjan Talle Joachim de Knagenhielm

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Frå kyrkjeverja

LAUSE GRAVSTEINAR år det vårast vil få i gang eit prosjekt med Nsikring av gravsteinar. Då vil me gå over alle gravsteinane og sjekke tilstanden. Når me veit kor mange gravsteinar dette gjeld, vil me innhente pris frå firma som tek på seg slikt arbeid, og avtale når, korleis og til kva pris arbeidet skal bli gjort. Dei som har lause gravsteinar vil få tilsendt eit brev som seier kva det vil koste å få sikra steinen. Dei som ynskjer å gjere dette på eiga hand, vil få ein frist på når det skal vere gjort.

KYRKJA Mange har nok også sett at kyrkja er veldig målingssliten og treng sårt til kalking. Det er merker på veggen etter vatn som har kome frå taket. Det er løyvt midlar på kommunebudsjettet som skal gå til vedlikehald av kyrkja. Først vil ein gå opp med lift for å sjå på skadane på taket, og så vil ein etter det sjå kva dette vil koste og kor mykje det er høve til å få gjort i år. Førsteprioritet er å få reparert lekkasjeskaden, og så kjem måling og tjørebreiing av kyrkja som nummer to.

Jorunn Merete Haukås-Eide kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Påske i Leikanger Skjærtorsdag Kl.19 Gudsteneste med nattverdmåltidet og fotvaskinga i sentrum. Joh.13,1-17 Predikant: Stud teol. Ingrid Synnevaag.

Langfredag Kl.11 Gudsteneste med nattverd på Leikanger sjukeheim Kl.19 Pasjonsgudsteneste. Vandregudsteneste der me høyrer lidingssoga frå evangelisten Lukas 22,39-23,46

Påskedag (sommartid – hugs å stille klokka !) Kl.11 Høgtidsgudsteneste. Kristus er sanneleg oppstaden! Glede og jubel pregar gudstenesta. Stud.teol. Ingrid Synnevåg er liturg. Dåp. Takkoffer til Normisjon.

Sundag 7.april Kl.11 Borna sin påskefest. Konfirmantane legg opp og leier denne gudstenesta saman med presten Egon Askvik og kyrkjelydspedagog Guri H. Norheim. 6-åringane særleg innbedne. Eige opplegg for dei også kl.1015. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet

16 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Glede og sorg Vigde: 25.12.12 Henrik Røyseth og Irene Røneid

Døypte: 02.12.2012 Astrid Husum 25.12.2012 Håkon Røyseth 13.01.2013 Lilly Solbakken 27.01.2013 Isak Wold England 10.02.2013 Dennis Synnevåg Kåsa

Gravlagde: 21.12.2012 Anne Lise Lie f.1921 28.12.2012 Sara Øvrebø f.1926 04.01.2013 Thora Gjerland f.1922 16.01.2013 Knut Skjånes f.1928 18.01.2013 Brita Synneve Støyva f.1939 18.01.2013 Borgny Eithun f.1917 25.01.2013 Gunhild Fagerheim f.1915 (bisetting) 01.02.2013 Olav Hamarsnes f.1922 22.02.2013 Sigrun f.1925

Dåp og vigsel juledag: Frå venstre: Egon, gudmor og fadder Inghild Røyseth, dåpsbarnet Håkon Røyseth, fadder Per Inge Seime, mor og brud Irene Røneid Røyseth, far og brudgom Henrik Røyseth, Fadder Else Marie Huuse og Fadder Øystein Røneid (foto: Gry Hilde Verlo)

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 17 Støtt våreStøtt våre støttespelarar støttespelarar,Leikanger dei auto - dei støttarstøttar oss!Telefon 576 53 100 oss! [email protected] Tlf: 57 65 11 00 www.leikangerauto.no

Aarskog

Sognefjordvegen 130 6863 Leikanger Tlf 57 65 34 77 Faks 57 65 40 05 bakeri og konditori AS www.sognefrukt.no [email protected]

Fylkets største pakkeri av frukt Telefon 576Tlf: 5357 67422 10 37 Grønn - Pantone 362

Rød - Pantone 1795 c Alt innan plantevern, gjødsel, kraftfôr, beskjeringsutstyr, tre og planter

Opningstider: mån-fredag 1030-1800 laurdag 1030-1630 Tlf 57 82 97 00 sundag 1200-1800 www.ssf.no

Opningstider: mån, tys, tors og fredag 09-1630 ipping iksToTo Tlf: 57 65 36 22 T - R onsdag 15-20 laurdag etter avtale 9-21 (20) Tlf: 57 65 35 70

18 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2011 Side 17

Kyrkjelydsbladet august 2011 - med rettingar fredag.indd 17 28.08.2011 20:56:50 SISTE TYSDAGSTREFF Oppslagstavla! I VÅR Tysdag 2.april og tysdag 16.april Støtt våre kl.1130-14 i kyrkjelydshuset. Velkomen! BABYSONGEN støttespelarar, dei er kvar torsdag i kyrkjelydshuset frå kl.11-13 og held på fram til og med torsdag 9.mai. ABONNEMENT PÅ støttar oss! Det er Sandra Pearce og hennar KYRKJELYDSBLADET Tlf: 57 65 11 00 gode praktiske medhjelparar Me får veldig mange gode som står for babysongen i attendemeldingar på Leikanger. Sandra har epost: kyrkjelydsbladet. [email protected] eller mob 951 60 890 Me bed om at folk nyttar giro i dette bladet og gir minst kr.200 for abonnement + støtte. Mange gir mykje og det er me takksame for.

Sognefjordvegen 130 6863 Leikanger Tlf 57 65 34 77 Faks 57 65 40 05 NYTT PROSTI www.sognefrukt.no [email protected] Frå 6.mars vart det oppretta eit nytt Fylkets største pakkeri av frukt Tlf: 57 67 10 37 prosti. Ytre Sogn prosti er lagt ned Grønn - Pantone 362 og dei ulike sokna fordelt mellom Rød - Pantone 1795 c Alt innan plantevern, gjødsel, kraftfôr, beskjeringsutstyr, tre og planter , og Indre Sogn. FYLLER DU 6 ÅR I ÅR? Då er du særleg velkomen på Det nye prostiet hjå oss heiter Sogn gudstenesta sundag 7.april. prosti og omfattar no også sokna i Då får du bok. kommune og kommune. Gudstenesta byrjar kl.11, men kl.1015 er du og foreldre velkomen til 6-årssamling. Og Opningstider: dagen før du skal starta på skulen mån-fredag 1030-1800 samlast me med skulesekkar i kyrkja. laurdag 1030-1630 Tlf 57 82 97 00 DUGNAD PÅ KYRKJEGARDEN sundag 1200-1800 www.ssf.no Den årlege dugnaden på kyrkjegarden er i år torsdag 25.april. Frivillig kontigent/gåve

Ta gjerne kontakt med Minner om kontonummer for fast gjevarteneste. dugnadsansvarleg Knut Grinde tlf 951 12 938 for Konto til kyrkjelydshuset er: meir informasjon. 3781.07.30189 Konto til Leikanger kyrkjelyd er: Opningstider: 3705.17.74427 mån, tys, tors og fredag 09-1630 Konto til Leikanger kyrkjelydsblad er: Tipping - RiksToTo onsdag 15-20 Tlf: 57 65 36 22 3781.07.30316 9-21 (20) laurdag etter avtale Tlf: 57 65 35 70 IKKJE 17-MAIFEST I ÅR - Leikanger sokneråd har vedteke å Takk til dei som er faste givarar. Me treng fleire. ikkje skipa til 17-mai-fest i kyrkje Ta kontakt med banken og bed om eit månadleg lydshuset dette året. trekk frå privat konto til kyrkjelyden sin konto Grunnlovsdagen er i år dagen før 3705.1774427. pinse og konfirmasjon. Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 19

Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2011 Side 17

Kyrkjelydsbladet august 2011 - med rettingar fredag.indd 17 28.08.2011 20:56:50 Mars Sundag 17. mars Maria bodskapsdag Luk.1,39-45 KyrkjekalenderKl.19.00 Marimesse. Ung messe med konfirmantane, mars-august stud.teol. Ingrid Øygard 2013 og sokneprest Egon Askvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Etter gudstenesta vert det enkel kyrkjekaffi

Skjærtorsdag 28.mars Joh.13,1-17 kl.19.00 Kveldsgudsteneste. Stud.teol. Ingrid Synnevåg og sokneprest Egon Askvik.

Langfredag 29.mars Luk.22,39-23,46 kl.19.00 Pasjonsgudsteneste. Vandregudsteneste.

Påskedag 31.mars Joh.20,1-10 Kl.11.00 Høgtidsgudsteneste. Stud.teol. Ingrid Synnevåg og sokneprest Egon Askvik. Takkoffer til Normisjon. Dåp.

April Sundag 7. april 2. s. i påsketida Joh.20,24-31 kl.11.00 Borna sin påskefest. Konfirmantane leier gudstenesta. Kyrkjelydspedagog Guri H Nordheim og sokneprest Egon Askvik. 6-åringane får bok. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi/saft Det vert også ei samling for 6-åringane/foreldra kl.1015.

Sundag 21.april 4. s. i påsketida kl.19.00 Keltisk songkveld.

Mai Sundag 5.mai 6. s. i påsketida Matt.6,7-13 Kl.11.00 Gudsteneste. Fung. prost Bård Haukedal. Takkoffer til Kirkens Bymisjon, Bergen

Fredag 17.mai Grunnlovsdag Luk.17,11-19 kl.10.15 Festgudsteneste. Takkoffer til Sjømannskirken - Norsk kyrkje i utlandet.

Sundag 19.mai Pinsedag Joh.14,23-29 kl.11.00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet kl.13.00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet

Juni Sundag 2.juni 2.sundag i treeiningstida Joh.3,1-13 kl.11.00 Gudsteneste. Takkoffer til Redd Barna.

Sundag 23.juni Jonsokafta Joh.1,1-8 kl.16.00 (merk tida) Blomstergudsteneste i kyrkja. Song- og musikkinnslag. Takkoffer til Barneheim Melås i SørAfrika.

Juli/August Sundag 7.juli kl.11.00 Gudsteneste. Takkoffer til foreningen LEVE, etterlatte etter selvmord Sundag 21.juli kl.11.00 Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens bymisjon Bergen Sundag 4.august kl.11.00 Gudsteneste Sjå oppdaterte gudstenestelister på http://www.leikanger.kommune.no/kyrkjekalender.4850977-172067.html