KARTLEGGING AV BIOLOGISK MANGFALD I AUKRA KOMMUNE av John Bjarne Jordal Ressurssenteret i Tingvoll rapport nr. 2 - 2000 Forfattar: John Bjarne Jordal 6610 Øksendal Telefon 71 69 54 45 epost:
[email protected] Utgjevar: Ressurssenteret i Tingvoll 6630 Tingvoll Tlf: 71 53 12 35 © Ressurssenteret i Tingvoll Kan siterast fritt med vising til kjelde. Rapporten kan tingast frå: Aukra kommune 6480 AUKRA Telefon 71 17 15 00 Denne rapporten kan refererast som: Jordal, J. B., 2002: Kartlegging av biologisk mangfald i Aukra kommune. Ressurssenteret i Tingvoll, rapport nr. 2-2000. 104 s. + kart. ISSN 1501-0449. ISBN 82-92007-02-4. Framsidefoto: Auriklar (kusymre) er vanlege vårblomstrar for den som bur i Aukra, men ikkje for folk innover i fjordane. Kusymra finst omtrent berre på kysten, og særleg i varmekjær lauvskog. Aukra har kanskje dei finaste "kusymre-hasselskogane" i fylket, og desse utgjer rundt ein fjerdedel av alle registrerte verdifulle naturområde i kommunen. Foto: Øivind Leren 1 FØREORD Kartlegging av biologisk mangfald i Aukra er eit prosjekt Ressurssenteret i Tingvoll har utført for Aukra kommune, med underteikna som prosjektleiar. Prosjektet er dels finansiert av Staten ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og dels av kommunen. Kommunen sin kontaktperson har vore jordbrukssjef Oddmar Sporsheim. Svein Rød, Asbjørn Windstad og Kirsti Moe Oterhals har ordna båtskyss og gjeve andre bidrag i form av m.a. lokalkunnskap. Helge Hagen har oversendt ei fil med oversikt over fuglefaunaen i kommunen. Alv Ottar Folkestad, Hans Olsvik, Karl Wesenberg og Johan Julnes har gjeve diverse faglege opplysningar. Ei rekkje grunneigarar og andre har også i større eller mindre grad bidratt med lokalkunnskap.