Sakshandsamar: Marit Lunde Vår dato Vår referanse Telefon: 57643005 14.03.2017 2017/541- 331.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse

Gloppen kommune Grandavegen 9 6823 Sandane

Gloppen kommune - godkjenning av økonomiplan 2017 - 2020

Vi viser til vårt brev av 13.02.2017, sak 2017/541, der vi ba om å få tilsendt ein ny justert økonomiplan for perioden 2017 – 2020. Denne har vi no motteke, og Gloppen kommunestyre har handsama økonomiplanen for åra 2018 – 2020 på nytt den 6. mars 2017, i sak 012/17.

Budsjettet for 2017 er tidlegare godkjent av Fylkesmannen.

Fylkesmannen sin kommentar Vi finn at dei samla frie inntektene er korrigert for bruk av premieavvik. Like eins er sum avskriving retta opp mot motpost avskrivingar, slik at beløpa stemmer. Som følgje av desse korreksjonane vert summen på dei årlege driftsresultata rett, og bruk av og avsetjing til fond viser rett beløp.

Investeringar og låneopptak 2017 Samla investeringar i 2017 utgjer 93 945 000 kr, der 16 250 000 kr er investering til VAR-området. Samla bruk av lån utgjer 67 880 000 kr. Av dette er 45 330 000 kr nye lån og resten ubrukte lånemidlar frå tidlegare år. Momskompensasjon, tilskot og bruk av fond utgjer 26 065 000 kr.

Som Robek - kommune er det etter kommunelova § 50 nr. 9 krav om at kommunale låneopptak skal godkjennast av departementet i dei høve som gjeld § 60 i kommunelova. Departementet har delegert dette mynde til Fylkesmannen.

Fylkesmannen sitt generelle syn på lånegodkjenning til Robek-kommunar er: - budsjett og økonomiplan må vere i balanse og nye låneopptak må vere innarbeidd i budsjett og økonomiplan - å berre ta opp lån som er sjølvfinansierande - å rå frå opptak av lån som aukar driftsutgiftene

Gloppen kommune har no ein økonomiplan i balanse, og nye låneopptak er innarbeidd i budsjett og økonomiplan i form av auka renteutgifter og avdragsutgifter.

Vedtak Etter § 50 nr. 9 i kommunelova, jf. departementet si fullmakt av 27.02.2001, skal Fylkesmannen godkjenne låneopptak for kommunar som er innmeldt i Robek-registeret.

Fylkesmannen godkjenner Gloppen kommune sitt vedtak om å ta opp lån på kr 45 330 000 til nye investeringar.

Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I OG FJORDANE 2/2

Gloppen kommunestyre har no vedteke ein økonomiplan for perioden 2017 – 2020 som er i økonomisk balanse, og det er dekning for dei utgifter og oppgåver som er førte opp i planen, jf. kommunelovas krav etter § 44 nr. 4.

Kommunen blir derfor meldt ut av Robek etter kommunelova § 60 nr. 1, bokstav b.

Med helsing

Anne Karin Hamre Marit Lunde seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi pr. e-post: markvard.sunde@.kommune.no