KARTLEGGING AV BIOLOGISK MANGFALD I VESTNES KOMMUNE, MØRE OG ROMSDAL av John Bjarne Jordal Vestnes kommune 2003 Forfattar: John Bjarne Jordal 6610 Øksendal Telefon 71 69 54 45 epost:
[email protected] Kan siterast fritt når ein viser til kjelde. Rapporten kan bestillast fra: Vestnes kommune 6390 Åndalsnes Telefon 71 18 40 00 Denne rapporten kan refererast som: Jordal, J. B., 2003: Kartlegging av biologisk mangfald i Vestnes kommune, Møre og Romsdal. Vestnes kommune, rapport. 114 s. + kart. ISBN 82-993116-1-6. Framsidefoto, øvst: Feøya har mange kvalitetar, m.a. som naturbeitemark og hekkeområde for sjøfugl. Framsidefoto, nedst: Tresfjordleira er eit av dei store elveos-områda i fylket. Foto: John Bjarne Jordal. 1 FØREORD Prosjektet kartlegging av biologisk mangfald i Vestnes kommune ligg no føre i rapportform. Bakgrunnen for prosjektet er konvensjonen om biologisk mangfald som vart vedteken på verdskonferansen i Rio de Janeiro i 1992. Som ein følgje av dette har Stortinget vedteke at alle norske kommunar innan 2003 skal ha kartlagt det biologiske mangfaldet i sitt område. Arbeidet i Vestnes er utført av biolog John Bjarne Jordal på oppdrag av Vestnes kommune og etter retningsliner frå Direktoratet for Naturforvaltning. Ein ønskjer å takka alle som har hjelpt til undervegs i arbeidet. Vi har no eit langt betre grunnlag til å kunne ta vare på naturverdiane i Vestnes kommune. Rapporten bør nyttast av alle som arbeider med planarbeid i kommunen. Rapporten bør ellers vere nyttig for skuleverket, foreiningar innan natur og friluftsliv og einskildpersonar som er opptekne av å ta vare på mangfaldet i naturen i Vestnes. For Vestnes kommune John-Ole Aarsæther skogansvarleg 2 INNHALD SAMANDRAG .....................................................................................................................................................