Side 1 av 2

REGULERINGSPLAN SEIMSFOSS KOMMUNE Del av Gnr. 91, bnr. 4. RUNE LJOSTVEIT

SKILDRING

Oppstartløyve vart gitt av forvaltningskomiteen sak 2005/194 av 07.09.05. Lysing vart sendt frå oss 11.04.06.

Planen omfattar: - Eksisterande naust bruka som utleigebustad - 3 nye bustadar 1 som utleige, 2 som fritidsbustadar. - Arealet mellom fritidsbustadar og Harding bruka til frilufts og badeområde. - Avkjøring og nødvendige parkeringsplassar for bustadane. - 613 friluftsområde langs sjøen. - Byggjegrense til riksveg 13m.

Til oppstartmeldinga er det kome inn fylgjande merknadar:

1. Fylkesmannen, landbruksavdelinga Ingen landbruksfaglege merknadar.

2. Statens vegvesen Avstand til riksveg. Har godkjend naust nær vegen. Ynskjer at avstand til fritidshus vert større. Ny avkjøring må erstatta eksisterande avkjøring.

Tiltakshaver: Vi har prøvd å innarbeida dette i planen.

3. fylkeskommune, kultur og idrett Ut frå arkiv er det ikkje kjende automatisk freda kulturminne eller SAFAK- registrerte bygningar innafor planområdet.

4. Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga Fylkesmannen er kritisk til omdisponering av landbruks-, natur- og friluftsområde i 100-metersbeltet langs sjøen til byggeområde. Fylkesmannen er vidare kritisk til at det vert lagt opp til eit planarbeid som er i strid med overordna plan og dei overordna nasjonale og regionale måla for forvaltning av strandsona. Vi varslar allereie no at vi kan kome til å ha motsegn til eit eventuelt planframlegg. Side 2 av 2 Badeområde: Bade og friluftsområdet mellom fritidsbustadane og industriområdet er eit fint område med fin strand. Området blir skjemd av stygg mur og mykje rot på industriområdet. Der er i planen ikkje vist parkeringsplassar til badeområdet.

Kulturminne: Der er i følgje fylkeskommunen ikkje registrert automatisk freda kulturminne innafor planen.

Samfunnsikkerheit/ ROS: Der er ikkje større elvar eller bekkar i området. Det er heller ikkje registrert fare for jordras. Alle golv i bygningar for varig opphold må ikkje plasserast lavare enn cote 2,7.

Stormfloanalyse: Jon Kåre , oppmålingskontoret i Kvinnherad kommune skriv i E-post 16.05.07. ”Me har ved ulike høve prøvd å måle ekstreme utslag for springflo gjennom dei siste 20 åra. Max utslag vart målt 27/1 1990 til + 1,47, seinare er det målt + 1,42 i 1993, + 1,32 i 1997 m.v. Høgdene er målt i forhold til kartverket sin presisjonsnivå. Pkt.B35.N4 som dannar høgdegrunnlaget i kartsystemet på land.” Ut frå dei målingane Jon Kåre Meland dokumenterer er det rett å leggja naust og kaiar min cote 2.0.

Rev:. 20.06.07 09.03.07 Harald Bjørndal

Etter at planen vart utlagt til off. ettersyn, har Statens vegvesen godkjent planen med avkøyring.

Fylkesmannen, miljøvernavdelinga har kome med motsegn. Miljøvernavdelinga har i fleire planar nekta å godkjenna anna enn det som samsvarar med kommuneplanen. I drøftingsmøte 26.10.07 med tiltakshavar Schat Harding og kommunen, vart konklusjonen frå møtet slik: - Schat Harding ynskjer ikkje meir areal på denne sida av sitt industrianlegg. - Brevet er meint som ei orientering og markering av Schat Harding sin bruk av sitt areal slik at dei som leiger/kjøper fritidsbustad forstår: · Bedrifta er i sterk vekst. · Muleg 24t drift · Store kranar som startar opp på ulike tider av døgnet · Sikring av sitt eige areal mot uvedkommande · Testing av fritt fall båtar kan medføre at bedrifta må stenge større sjørom

- Tilgangskontroll er bedrifta sitt problem.

Etter råd frå kommunen har tiltakshavar valt å fremja plan i samsvar med kommuneplanen. Dette gjev plass til ein ny fritidsbustad ved sida av eksisterande fritidsbustad. Parkeringsbehov er redusert tilsvarande.

Rev.20.05.08 Harald Bjørndal