1

Utgreiing for kommune om å stå åleine etter 01.01.2020

2

Utgreiing for Giske kommune vedr å stå åleine etter 01.01.2020.

Oppsummering av utgreiinga

 Giske kommune er sterkt integrert i bo- og arbeidsmarknadsregionen Ålesund. Meir enn 50% av arbeidstakarane i Giske arbeider utanfor kommunen, dei fleste i Ålesund.  Dei statlege rammeoverføringane har dei siste åra blitt lågare sett i forhold til andre kommunar både i same KOSTRA-gruppe og med same folketal. Hadde ein nytta same prinsipp som 2014 vil Giske kommune fått ca. 8 mill kr. meir i 2018 enn ein fekk. Reduksjonen er gjennomført og det er ikkje meldt om vesentlege endringar framover.  Giske kommune har høg gjeld sett i forhold til inntektene og er derfor sårbare ved auke i rentenivået.  Giske kommune har ca. 13 mill kr. i eigedomsskatt med ein sats på 2 promille. Maksimal sats er 5 promille.  Rekruttering av tilsette vil bli lite påverka av kommunestrukturen. Giske kommune har dei same utfordringane som andre kommunar.  Det vil bli store utskiftingar i leiarstillingane i kommunen dei neste åra på grunn av mange med høg alder i leiarsjiktet.  Mange oppgåver bør som no, løysast gjennom interkommunalt samarbeid.  Utstrekt bruk av kjøp av tenester der ei stor kommune er vertskommune (Nye Ålesund) gir lokale folkevalde og administrasjon lite påverknad på utforminga av tenestene.  Kostnadane til interkommunalt samarbeid vil truleg auke.  Det hastar med å avklare kva Giske kommune vil, og kome i gang med forhandlingar om nye avtaler utanfor eller innanfor Nye Ålesund.

1. Mandat mv.

Formannskapet i Giske sette 29. januar ned ei gruppe på tre personar som fekk slikt mandat:

«Giske kommune får ein ny og stor nabo i Nye Ålesund frå 01.01.2020. Det skal snarast utgreiast kva denne nye situasjonen inneber med tanke på samarbeidsavtalar, kompetansekritiske forhold, og evna Giske har til å stå åleine vidare etter 2020. Viser elles til det som går fram av problemstillingar omtala i saksutgreiinga og aktuelle rapportar.»

Som ein del av bakgrunnen av ønske om å sjå på kva konsekvensar etableringa av nye Ålesund kommune er det vedtaket som vart gjort i sak nr 49/16 som lyder slik:

1. Giske kommune held fram som eigen kommune etter 2020 og deltek ikkje i vidare drøftingar om etablering av regionkommunen Ålesund. Vi syner til saksutgreiing og vurderingar som er gjort der, som argumentasjon for vår avgjerd. 3

2. Giske kommune vil vidareføre etablerte samarbeidsordningar og halde fram med nabosamarbeid og dialog om vidare utvikling til beste for Giske og Sunnmøre. Giske kommune skal vere aktiv og framoverlent i høve til dette arbeidet.

Som medlemmer i gruppa vart utpeika Marit Alnes, Gunnar Morsund og Ole Marin Sæter. I første møte vart Marit Alnes vald til leiar av gruppa. Medlemmene delte arbeidet mellom seg slik Marit Alnes har arbeid med kompetansekritiske forhold, Gunnar Morsund med økonomiske forhold og utsikter, særleg på inntektssida, og Ole Martin Sæter har arbeid med interkommunalt samarbeid.

Gruppa er ikkje eit politisk utval, men har fungert som ei arbeidsgruppe som rapporterer til formannskapet.

Faktaopplysninger om Giske kommune

4

Som ein kan sjå av dei to føregåande statistikkane har Giske kommune hatt ein svært stor folkevekst sidan år 2000. Vi har ei ung befolkning, og har både innflyttings- og fødselsoverskot.

For meir informasjon, sjå:

Kommunefakta Giske (SSB): https://www.ssb.no/kommunefakta/giske

Fylkesstatistikken: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Plan-og-analyse/Statistikk-og- analyser/Kommunestatistikk

Giske kommune er den 3. tettast befolka kommunen i Møre og , etter Ålesund og . Etter 2020 blir Giske den nest tettast befolka (kun Kristiansund føre).

Etter at Sandøy kommune går inn i Nye Ålesund, blir Giske kommune den minste kommunen i areal (40,2 km2) i Møre og Romsdal, og den tettast befolka.

Talet på årsverk i kommunen er ca. 500.

Inn- og utpendling.

Folk i Giske har i stor grad arbeidsplassane sine utanfor eigen kommune, og er ein del av bo- og arbeidsregionen Ålesund. Der er også ein god del innpendling til Giske kommune. I Giske kommune er det ca. 4.000 arbeidstakarar, og av disse pendlar ca. 2000 ut av kommunen. På den andre sida er det ca. 500 som pendlar inn til Giske kommune.

Sidan Giske ikkje har vidaregåande skule, er her stor utpendling av studentar til vidaregåande skular, til høgskuler og universitet (desse er ikkje medrekna i statistikken). 5

Stor eller liten kommune?

Blir Giske ein liten kommune etter kommunereforma? No er Giske nr. 130 i folketal. Etter 2020 så framt kommunestrukturen vert slik den er vedtatt og med folketalet i 2018 til grunn, vil Giske vere nr. 126 av 356. Nye Ålesund kommune vil vere nr. 13 – Ålesund er no nr. 17. Framleis vil Giske vere opp i mot den største tredelen av kommunane, men ein god del under gjennomsnittet (13.020 utanom ).

6

2. Økonomiske forhold

2.1 Hovudtrekk i det kommunale inntektssystemet.

Hovudinntektene til kommunane er rammeoverføringar frå staten og skatt på inntekt og formue. Saman med momskompensasjon utgjer dette 80 % av dei samla inntektene for kommunane.

I tillegg kjem inntekter i form av gebyr, sal av tenester og eventuelle finansinntekter.

Nokre gebyr og avgifter på tenester er lovregulert som foreldrebetaling i barnehage (makspris), VAR (Vatn, avløp og renovasjon som skal vere etter sjølvkost) og eigenbetaling for pasientar i institusjon. VAR skal vere etter sjølvkost og skal verken gå med overskot eller underskot, og vi går derfor ikkje nærmare inn på dette i rapporten.

For å illustrere størrelsen på dei ulike hovudinntektene til Giske kommune er tala i budsjettet for 2018 slik:

 Skatteinntekter 223 mill. kr  Statleg rammetilskot 218 mill. kr  Eigedomsskatt 13 mill. kr

Dette er berre ein del av inntektene og viser til kakediagrammet nedanfor.

2.2 Inntektene.

Driftsinntektene til kommunen var i 2017 616,5 mill. kroner. Dei var samansett av: Brukarbetaling, andre sals- og leigeinntekter, overføringar med krav til motyting (t.d. sjukepengerefusjon), rammetilskot, andre statlege overføringar, andre overføringar, skatt på inntekt og formue, eigedomsskatt. I tillegg kjem finansinntekter og momskompensasjon både i drift og investeringar.

I følgje rekneskapen for Giske kommune fordelte driftsinntektene seg slik i 2017: 7

Driftsinntekter Giske 2017

2,05 3,01

8,36

34,25 12,09

36,32 0,09

3,82

Brukarbetaling Andre sals- og leigeinntekter Overføringar med krav til motyting Rammetilskot Andre statlege overføringar Andre overføringar Skatt Eigedomsskatt

Dei to dominerande postane er skatteinntekter (34%) og rammeoverføringar (36%) – til saman 70 %. Dei resterande inntektene går vi ikkje inn på her.

2.3 Skatt.

Kommunane sin del av skatt på inntekt og formue blir til ein viss grad omfordelt slik at kommunar med høge skatteinntekter må avgi ein del til kommunar med lavare inntekter. Skatten per innbyggjar i Giske er lavare enn landsgjennomsnittet. Det er med på å påverke at Giske med så mange barn og unge får lavare skatteinntekt per innbyggjar enn ein kommune med relativt få barn. Staten gjennomfører difor ei utjamning som gjer at skilnadane delvis vert utjamna.

I følgje Kommunenes sentralforbund - http://www.ks.no/fagomrader/okonomi/kommuneokonomi/skatt/2017---nok-et-godt-skattear/ hadde Giske kommune 25.823 kroner i skatteinntekt per innbyggjar i 2017. Dette var 86,7% av landsgjennomsnittet. Skattefordelinga gjorde at Giske fekk kr. 2.331 per innbyggjar i tillegg og skatt per innbyggjar kom opp i kr. 28.154 eller 93% av landsgjennomsnittet.

Kommunen med høgast skatteinntekt per innbyggjar – Bykle med kr 74.956 – vart trekt kr. 26.172 per innbyggjar.

Kommunen med lavast skatteinntekt per innbyggjar – Kautokeino med 58,5% av landsgjennomsnittet og kr. 17.414 per innbyggjar vart tilført ved skatteutjevning kr. 30.320 per innbyggjar. 8

Skatt på inntekt og formue har, og vil endre seg. Spørsmålet er om staten vil kompensere kommunane for eventuelle tap av inntekter ved endring i skattereglar, - nivå eller skatteinngang på landsplan. Skatteinntektene vil ikkje endre seg på grunn av endring i kommunestruktur. Så lenge Giske har så lave skatteinntekter per innbyggjar i høve til landsgjennomsnittet, vil ein motta ein viss utjamning, men ikkje fullt ut.

2.4 Rammeoverføringar.

Dei frie overføringane frå staten er i utgangspunktet ein lik sum per innbyggjar. Løyvingane over statsbudsjettet blir delt på alle innbyggjarane i landet, og fordelt på kommunane etter innbyggjartal. Tilskotet blir justert etter såkalla behovskriteria i høve til kor tungvint det er å drive kommunen, kor mange skuleborn det er, kor mange eldre osb. Tidlegare vart det og lagt større vekt på å gi store og små kommunar eit basistilskot som skulle sikre at små kommunar fekk tilstrekkelege midlar til å ha ein administrasjon. Kriteria har vore endra gjennom tidene, noko som påverkar økonomien til Giske.

I 2016 uttalte statsråd Sanner i kommunaldepartementet: «Inntektssystemet har premiert små kommuner som ikke vil slå seg sammen med andre, og gjort det ulønnsomt å bygge nye og sterkere kommuner. Regjeringspartiene og Venstre er derfor enige om å fornye inntektssystemet slik at det legger bedre til rette for en kommunereform.»

Både før og etterpå har inntektssystemet blitt endra. Vi kan og vente at det blir endra framover. I Kommuneproposisjonen 2019 har ikkje Regjeringa meldt om endringar som vil medføre meir innstrammingar for kommunar av Giske sin type. Rammeoverføringane er politiske vedtak fatta i statsbudsjettet, og føremålet med dei skal vere å sikre innbyggjarane i heile landet akseptable tenester. Alt ut i frå kva rammer staten vil gi kommunane kan ein rekne med at Giske vil halde fram med det same nivået på rammeoverføringane, i høve til andre kommunar som det er no.

2.5 Regionpolitiske tilskot.

Rammeoverføringane til kommunane blir i tillegg til dei «objektive behovskriteria» justert for såkalla regionpolitiske tilskot: distriktstilskot Nord-Norge, distriktstilskot Sør-Norge, storbytilskot, regionsentertilskot og veksttilskot. Giske kommune har fått veksttilskot då den gjennomsnittlege folkeveksten tre siste år har vore høgare enn ein viss prosentsats. Dette skal dekke ein del av kostnadane ved å vere ein vekstkommune.

Tabell 1

Giske har fått i veksttilskot:

2014 2015 2016 2017 2018 292 000 4 591 000 5 441 000 4 569 000 2 094 000

Kjelde: Kommunal- og regiondepartementet si nettløysing, Frie inntekter

For meir informasjon: https://frieinntekter.regjeringen.no/

2.6 Andre justeringar av rammeoverføringane.

Overføringane frå staten blir også justert av m.a. elevar i private skular og skjønstilskot tildelt av fylkesmannen. I 2018 fekk Giske også særskilte tilskot for einskildsaker gjennom 9 rammeoverføringane (til liks med mange andre kommunar): Helsestasjon/skulehelseteneste kr. 1.405.000, Frivilligsentral kr. 392.000.

2.7 Endringane i behovsindeks og Giske.

I følgje departementet var innbyggjartilskotet per innbyggjar i 2018 kr. 23.726 kroner. Dette blir multiplisert med talet på innbyggjarar 8.267 gir kr. 196.143.000 kroner. Men dette er fordelt ut frå at alle kommunar har lik behovsindeks = 1,000.

Tabell 2

Giske kommune sin behovsindeks har vore:

2014 2015 2016 2017 2018 1,0467 1,0141 1,0286 1,0097 1,0075

Omlegginga av behovskriteria (og kanskje litt endring i demografiske tilhøve) har gjort at behovsindeksen til Giske er redusert med 0,0392. Med eit innbyggjartal på 8.267 i 2018 gir det 7,7 mill. kroner mindre til kommunen enn om vi hadde same behovsindeks i 2014. Berre endringa av basiskriteriet åleine «kostar» Giske nær 2,5 mill. kroner.

Samanlikna med andre kommunar har Giske kome dårleg ut ved endringane i behovskriteria, som ligg til grunn for rammeoverføringane.

2.8 Inntekter inn i framtida.

Om det blir vidare endringar i inntektssystemet vil bli avgjort av Storting og Regjering. Det er ei heilt klar målsetjing derifrå at kommunar som står åleine nært eit regionsenter vil få trongare vilkår. Det er ikkje lagt opp til noko slikt i Kommuneproposisjonen som er lagt fram for 2019. https://www.regjeringen.no/contentassets/ba5ad522520f4c11adeb4419e3101790/no/pdfs/prp2017 20180088000dddpdfs.pdf

Det blir ei politisk vurdering for Giske kommune om ein kan stå åleine også når dei økonomiske rammene har blitt (relativt) trongare, og ein må setje i verk tiltak for å gjere tenestetilbodet rimelegare.

Samanlikningane er gjort mellom åra 2014 og 2018 fordi ein ikkje hadde gjort så store endringar i systemet i 2014, og i 2018 er endringane for det implementert. Reduksjonen på 7,7 mill. er allereie gjennomført i kommunen frå 2016, vesentlege endringar kan utvalet ikkje sjå er signalisert i Kommuneproposisjonen for 2019. Nivået på rammeoverføringane til Giske kommune ser ut til å bli på same nivå som i dag.

2.9 Eigedomsskatt.

Eigedomsskatt er den einaste inntekta kommunane kan bestemme og krevje inn sjølve, og som kan disponerast fritt. Giske kommune har for tida vedtatt eigedomsskatt med ein sats på 2 promille. 10

Maksimalt kan eigedomsskatten vere 5 promille. Til orientering er eigedomsskatten i Ålesund, og Sandøy også 2 promille. Haram og Ørskog har ikkje eigedomsskatt no.

2.10 Økonomiske verknader av å gå inn i nye Ålesund.

Kommuneproposisjonen for 2019 vart framlagt den 15.05.2018 og skal vedtakast i Stortinget i juni.

Det har ikkje vore gruppa si oppgåve å sjå kva verknader det vil ha om Giske går inn i nye Ålesund, men vi vil likevel ta med nokre moment frå Kommuneproposisjonen 2019.

 Dekning av eingongstilskot ved kommunesamanslåing, er ved 5 eller fleire kommunar kr. 60 mill. I nye Ålesund er det allereie med 5 kommunar, og dette tilskotet hadde ikkje vore større om Giske vel å gå inn i Nye Ålesund.  Reformstøtte er på 30 mill. der den nye kommunen er på over 50.000 innbyggjarar. Dersom Giske går inn i nye Ålesund i 2020, vil dette beløpet ikkje auke.  Dersom Giske går inn i nye Ålesund kommune frå 2020 vil ein behalde basistilskotet til Giske i 15 år på ca. 6 mill. per år, før det blir nedtrapping dei 5 neste åra.  Det lovfesta inndelingstilskotet er at ein får behalde basistilskotet i 15 år.  I følgje kommuneproposisjonen som vart lagt fram 15. mai vil reformstøtte og eingongstilskot bli vidareført. Det vil seie at dersom Giske går inn i Ålesund etter 2020 vil det utløyse eingongstilskot og reformstøtte på til saman 80 mill. kroner etter regelverket regjeringa har meldt i proposisjonen.

2.11 Gjeldssituasjon.

Budsjettet for 2018 viser renter på gjeld med kr. 34 mill. Dette gjeld både eigne lån, formidlingslån og lån knytt til VAR-avsnittet i rekneskapen. Fordelinga av låna var per 31.12.2017 slik:

Lånegjeld, renter og avdrag 2017 2016 2015 2014 2013

Langsiktig lånegjeld(1.000kr) 1 039 234 1 032 404 995 894 990 653 847 998

Langsiktig lånegjeld, kroner per innbyggar 125 330 126 349 123 041 125 019 109 674 *)

Langsiktig lånegjeld eigne lån var kr. 979 600 000, formidlingslån var kr. 59 633 675 per 31.12.2017.

Herav VAR 153 900 000 11

Giske kommune har i forhold til dei fleste andre kommunar høg gjeld. Dette gjer at GK er ekstra sårbar ved auke i rentenivået. Dei siste åra har rentenivået vore på eit historisk lavt nivå, men det er venta at det vil auke. Kor mykje er uråd å seie, men ut frå tilboda frå bankane om fastrente med 10 års binding ventar dei 1-2 prosentpoeng auke. Verknad av ei 2 % auke i lånerenta blir etter dette ca. kr. 16 mill. årleg for den kommunale rekneskapen. Iflg. Gjeldsføljerapporten mars 2018 er andel fastrente for tida 54%, ei kortsiktig renteauke på 1% gir kr. 4,5 mill. ekstra rentekostnad.

Behov for framtidige investeringar og låneopptak er ikkje vurdert av utvalet.

12

3 Kompetansekritiske forhold

3.1. Generelle rekrutteringsutfordringar i kommunesektoren.

Skal ein kommune levere gode tenester til innbyggjarane, er rett kompetanse viktig. Rett kompetanse oppnår ein ved å auke kompetansen hjå kommunen sine eigne tilsette, via god opplæring og interne kurs, vidare- og etterutdanning av eigne tilsette, og nyrekruttering.

«Kommunesektorens arbeidsgivermonitor 2017» er ein statistikkpublikasjon som beskriv utviklinga og tilstanden på aktuelle arbeidslivstema i kommunar og fylkeskommunar.

For kvar utgåve blir det gjennomført ein landsomfattande spørjeundersøking blant rådmenn og fylkesrådmenn. Resultata frå denne undersøkinga saman med innhenting av statistikk frå datakjelder, gir verdifull og relevant informasjon om tilstanden i kommunane.

Frå «Kommunesektoren sin arbeidsgivermonitor for 2017» har vi henta ut tre statistikkar for å synleggjere kva utfordringar kommunesektoren har med tanke på rekruttering, og kva evner og tverrfagleg kompetanse ein har brukt for å utvikle, generelt både blant medarbeidarar og leiarar.

13

3.2 Oversikt over situasjonen i Giske kommune.

I Økonomiplanen 2018-2021 er det utarbeida ein eigen kompetanseprofil, fordelt etter årsverk og alder. Vi finn det naturleg å ta denne med i vår rapport og gjengir derfor både merknadar og statistikk i si heilheit. 14

15

16

17

3.3 Utfordringar for Giske kommune.

Dei generelle utfordringane som kommune-Norge har, merkar også Giske kommune. Dette har kommunen teke innover seg. I Økonomiplanen for 2018-2021 er fokuset på hovudutfordringane og det strategiske arbeidet i planperioden følgande:

 Ressursknappheit, både økonomi og personell.

 Digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga.

 Automatiserte tenester og auka bruk av sjølvbetjente løysingar.

 Endra kompetansebehov – redusere ufaglærte, rekruttere fleire med profesjons- og universitetsutdanning. Det er auka konkurranse om denne kompetansen.

3.4 Opplysning frå rådmann med stab om erfaring ved nyrekruttering og utlysingar av stillingar.

 Sjukepleiarkompetanse: sjukepleiarkompetansen vil vere den mest kritiske kompetansen i framtida, dette grunna at vi treng så mange av dei. Behovet veks i kommunane då vi må ha meir av denne kompetansen for å imøtekome oppgåveoverføringane frå sjukehusa. Vi treng i tillegg til sjukepleiarar også fleire spesialiserte sjukepleiarar, då vi får fleire spissa oppgåver. Sjukehusa har over år bytta ut hjelpepleiarar med sjukepleiarar, dette for å handtere dei spesialiserte oppgåvene. Dette vil fortsetje i åra framover. Denne utfordringa er lik for alle kommunane i Norge. Giske kommune skil seg ikkje ut her. Kommunen må ha evne til nytenking, planlegging over fleire år, kompensasjon og ulike økonomiske tiltak som stipend og liknande.

 Spesialsjukepleiarar: behovet veks. Likt for alle kommunane. Kommunane vil framover konkurrere med helseføretaket, då vi treng den same spissa kompetansen. Giske kommune har fokus på å satse på fagområda som vi ser vil trenge meir spissa kompetanse. Demografien spelar stor rolle. Dette er det også eit heilt avsnitt om i helse- og omsorgsplan 2016-2020, under framtidsbiletet. Fordi ein veit at behovet for spesialistkompetanse vil auke, er fleire av dei vi har i dag i gang med tilleggsutdanning, og fleire er interessert i vidareutdanning. Det er ei utfordring å ha mange ute i studiepermisjon på same tid, derfor har vi sagt nei til to som er interessert.

 Legar: I dag har vi god dekning. For om lag 1,5 år sidan auka vi opp med 1 ny heimel. Vi har eit ungt fastlegeteam i Giske kommune. Mange kommunar slit med mange eldre legar. Legar over 60 år slepp blant anna å gå legevakt på natt.

 Ingeniørar: Få søkarar ved nyrekruttering, men vi har tilsett både juristar og /eller fagskulekandidatar.

 Psykolog: Giske kommune har 2 stillingar for kommunepsykolog. Ein til barn og unge, og ein til vaksne. Dette er god dekning for ein kommune på vår storleik. Vi har klart å rekruttere i begge stillingane; unge psykologar. Per i dag er den eine ledig, men vi har 4 gode søkjarar til stillinga og det er unikt. Mange kommunar har hatt vanskar med å få på plass den eine stillinga dei har, og spør oss kva vi har gjort for å få dekning i stillingane. Vi meiner det ligg mykje til den satsinga kommunen har på fagområdet rus og psykiatri, og at vi har etablert ei heilt ny teneste, psykisk helseteam for barn og unge. Samling av tenestene har vore viktig, lage gode og spennande fagmiljø er viktig. 18

 Vernepleiarar: her har vi ingen særlege utfordringar.

 Undervisningspersonale: Utlyst nokre få faste stillingar, 55 søkjarar, dei fleste godt kvalifiserte, og vi har fast tilsetting i alle stillingane.

 Undervisningspersonale med spesialpedagogikk: Behovet for spesialpedagogikk i skulen er aukande, og det er ikkje mange nok som tek vidareutdanning i spes.ped. Grunnen til dette er at dei som tek etterutdanning blant lærarar no fokuserer på å vidareutdanne seg i matematikk, norsk og engelsk for å oppfylle dei nye kompetansekrava.

 Barnehagelærarar: Nylig utlyst 6 faste stillingar, mange gode søkjarar, har per i dag tilsetjing i 5 av stillingane. Rekruttering er ikkje eit stort problem per i dag, men vi veit at behovet her vil auke.

 Helsefagarbeidarar: Rekruttering i dag er ikkje ei utfordring, men vi veit at behovet her vil auke.

 Helsefagarbeidarar med tilleggsutdanning: Tilbodet til tilleggsutdanning er svært begrensa i regionen.

 Barnevernspedagogar: Her har det vore ei utfordring å få godt kvalifiserte søkjarar, men alle stillingane som er oppretta er det tilsett i i dag.

 Fysioterapeuter: Det er alltid mange søkjarar på fysioterapeutstillingane våre. Ingen problem å rekruttere på dette fagområdet. Vi har få fysioterapeutar i høve størrelse på kommunen. Den positive utviklinga dei siste åra er kvardagsrehabiliteringsteamet som har 3,6 årsverk, deriblant 1 fysioterapeut og 1 ergoterapeut. Dette er med på å styrkje området.

 Ergoterapeuter: Ingen problem å rekruttere på området. Vi har mange gode søkjarar. I dag har vi 1 stilling.  Jurister: Vi har 1,4 årsverk juridisk kompetanse i dag, og kjøper elles tenesta ved behov.

 Sosionomer: Ingen problem å rekruttere.

 Reinhaldarar: Ingen problem å rekruttere.

 Barne- og ungdomsarbeidarar: Ingen problem å rekruttere.

 Generelt behov for grunnleggande ferdigheiter og god digitalkompetanse. Dette gjeld i administrative stillingar, så vel som fagstillingar innan pleie- og omsorg, oppvekst og teknisk.

 Det er nyleg utlyst to rådgivarstillingar i stab, der ein også etterspør kompetanse i prosessleiing og rettleiing.

 Behov for endringskompetanse blant leiarane: I Giske som elles i kommunesektoren er det behov for leiarar som i tillegg til å vere gode fagpersonar og leiarar, samstundes klarer å jobbe fram endring, nye måtar å organisere 19

arbeidet på, andre arbeidsmåtar, innføre og nyttiggjere seg av digitale verktøy samtidig som dei skal levere god drift og gode tenester.

Merknad.

Ut frå teksten ovanfor og stadfesting i dialog med rådmannen, er Giske kommune sine utfordringar med tanke på å skaffe kvalifisert personale, ikkje særskilde. Dei er på line med dei generelle utfordringane i kommune-Norge, eller i nokre tilfelle mindre utfordrande.

3.5 Kvalitet i tenestene i Giske.

Kommunebarometeret er ei samanlikning av kommunane i landet, basert på til saman 152 nøkkeltal innan 12 ulike sektorar, med ymse vekt. Grunnskule og pleie og omsorg er viktigast, deretter kjem barnevern, barnehage og økonomi. Desse sektorane utgjer 70% av barometeret samla.

Kommunal Rapport utarbeidar kvart år Kommunebarometeret for at lokalpolitikarar skal kunne få eit oversiktleg og uhilda bilde over korleis kommunen blir drive. Rangeringa er nettopp ei rangering og ikkje ein kvalitetskontroll, og det er naturleg at ein kommune både har gode og dårlege plasseringar.

Her er førebels tal for Giske kommune. Den endelege tabellen blir publisert i juni, etter at Statistisk sentralbyrå har offentleggjort endelege kommunedata (Kostra) for fjoråret.

Sektorområde 2016 2017 2018

Barnehage 360 414 411

Barnevern 376 412 374

Grunnskule 70 145 110

Helse 372 193 248

Kultur 406 426 378

Miljø og ressurser 56 120 71

Pleie og omsorg 21 22 14

Saksbehandling 315 175 204

Sosialteneste 27 20 61

Vann, avløp og renovasjon 57 205 161

Økonomi 427 426 398

Utvalet tek med desse førebelse tala til informasjon, for å vise korleis Giske kommune er rangert i høve til dei andre kommunene i landet.

Tala viser at vi på 4 sektorområde er mellom den beste tredjeparten. På den andre sida er der også nokre område der vi ligg heilt ned mot botnen av rangeringa.

Tala er henta frå kommunal-rapport.no, publisert 05.04.2018.

20

3.6 Kva Giske kommune gjer i dag.

Mandatet til utvalet er å sjå på Giske si evne til å stå åleine etter 2020. For å møte utfordringane har Giske kommune satsa på kompetanseheving/etterutdanning, bruk av teknologi, arbeidsmetodikk og organisasjonsutvikling.

3.7 Kompetansekritiske forhold og interkommunalt samarbeid.

Mykje fagkompetanse ligg i interkommunale tenester som er omtala i kapittel 4 i denne rapporten. Om Giske kommune ikkje inngår nye samarbeidsavtalar om levering av desse tenestene vil det vere naudsynt å ha personar med den aktuelle kompetansen tilsett i eigen kommune. På grunn av at dette ofte er spesialkompetanse, og noko kommunen i mange tilfelle berre har bruk for i mindre stillingar, vil det vere utfordrande og til dels umogleg å overta oppgåver som fram til no har vore løyst i interkommunalt samarbeid.

3.8 Aldersavgang i toppleiing, stab og elles i organisasjonen.

Viser til punkt 3.2 - Oversikt over situasjonen i Giske kommune. I følgje kompetanseprofilen kan det verte opp til 110 personar med avgang grunna alder, dette kjem i tillegg til anna «turnover». Kommunen har difor eit stort behov for rekruttering av nye medarbeidarar. Gruppa toppleiing/einingsleiarar og stab består av 18 personar, av desse er 10 personar i aldersgruppa 60-69 år. Rådmannen har sagt opp og fråtrer 01.09.2018.

3.9. Utvalet si vurdering av dei kompetansekritiske forholda.

Etter gjennomgang av Giske kommune sin økonomiplan for 2018-2021, årsmeldingane frå einingane i høve kvalitetssamtalane i dei politiske komitéane, samtale med rådmanen og innhenting av informasjon frå administrasjonen, er utvalet si vurdering at Giske kommune sine utfordingar innan dei kompetansekritiske forholda ikkje er spesielle, men meir på line med utfordringane som kommunesektoren har generelt i Norge.

Det blir opplyst frå leiinga at Giske kommune arbeider målretta med utfordringane, og er godt i gang og framoverlente i arbeidet med å ruste kommunen for framtida. Giske kommune byggjer heile tida opp kompetansen, og ligg på mange måtar langt framme i løypa. Utvalet har ikkje grunnlag for på eiga hand å vurdere dette.

4 Interkommunalt samarbeid

Giske kommune er i dag med i ei rekke interkommunale samarbeid med nabokommunane. Grunnen til samarbeidet har vore at ein tidlegare har funne det lønsamt både ut frå økonomi og kompetanse.

I tilrådinga frå Komité P3 datert 09.01.2018 til fellesnemnda for Nye Ålesund kommune er mange områder/tenester gjennomgått. Giske kommune er part i mange av desse, og der det for mange av avtalane er varsla endringar i form av at avtalane må reforhandlast. Oversikta i denne rapporten er grunnlaget for dei avtalene vi har sett på. 21

Vi har frå rådmannen i Giske kommune fått tilsendt oversikt over kva kostnader kommunen har hatt med dei ulike interkommunale samarbeida for åra 2014, 2015, 2016 og 2017.

Organisering av tenestene.

I dag er det interkommunale samarbeidet organisert på fleire ulike måtar som:

 Interkommunale selskap (IKS)  Vertskommunesamarbeid  Felles råd  Felles styre

I den nye kommunelova som blir lagt fram i vår er også interkommunalt samarbeid handsama. Interkommunalt samarbeid etter §27 i Kommunelova er knapt regulert i den gamle lova, og det kan føre til usikkerheit på kva reglar som gjeld på dei ulike områda. Lovutvalet for den nye Kommunelova drøftar ulike samarbeidsformer og styringsmodellar, og nokre nye former er lansert:

 Kommunalt oppgåvefellesskap  Regionråd (politisk samarbeidsmodell)  Vertskommunesamarbeid (endringar i styringsmodellen)

Vi finn det ikkje å vere innan vårt mandat å gå inn i vurderingar på kva form dei ulike samarbeida bør ha. Vi vil likevel nemne at det blir signalisert frå Nye Ålesund, seinast frå Astrid Eidsvik i møte 14. april 2018, at vertskommunesamabeid med Ålesund kommune som vertskommune er det alternativet dei går inn for.

4.1 Samarbeidsavtalar utan endringar.

Desse fellestiltaka vert i innstillinga til fellesnemnda for Nye Ålesund tilrådd ført vidare utan andre endringar enn formelt nye juridiske partar:

 Overgrepsmottak  IKA (interkommunalt arkiv)  Sunnmøre regionråd  IUA (Interkommunalt utval for akutt forureining)

Dette er etter utvalet si meining tiltak som i liten grad blir påverka av endringar i kommunestrukturen og samarbeidet bør halde fram som før. Om kostnadane vil bli påverka veit vi ikkje, men på grunn av størrelsen på beløpet kan endringane ikkje bli vesentlege for Giske kommune. Sjå oppstillingane nedanfor.

4.1.1 Overgrepsmottak

Dei rekneskapsførde kostnadane for overgrepsmottaket er:

2014 143 849 2015 149 601 2016 73 849 2017 92 598

Dette er etter vår meining ei teneste der samarbeidet bør halde fram som før med berre formelle endringar. 22

4.1.2 Interkommunalt arkiv.

Kostnadane er om lag kr. 230 000 per år, og er venta å auke på grunn av fleire oppgåver.

Dette er etter vår meining ei teneste der samarbeidet bør halde fram som før med berre formelle endringar. Med endring i talet på kommunar kan det bli endringar i fordeling av kostnadane, men vi har ikkje nok opplysingar for å meine noko om det.

I tillegg til oppgåvene, er funksjonen som personvernombud som vart lovkrav til i 2018, lagt til interkommunalt arkiv.

4.1.3 Sunnmøre regionråd IKS.

Dei rekneskapsførde kostnadane for Sunnmøre regionråd er:

2014 125 726 2015 131 000 2016 138 000 2017 145 000

Dette er etter vår meining ei teneste der samarbeidet bør halde fram som før med berre formelle endringar. Med endring i talet på kommunar kan det bli endringar i fordeling av kostnadane, men vi har ikkje opplysingar som gir grunnlag for å meine noko om det.

4.1.4 Interkommunalt utval for akutt forureining.

Kostnadane er ikkje oppgitt.

Dette er etter vår meining ei teneste der samarbeidet bør fortsette som før med berre formelle endringar. Med endring i talet på kommunar kan det bli endringar i fordeling av kostnadane, men vi har ikkje nok opplysingar for å meine noko om det.

23

4.2 Samarbeid som blir foreslått ført vidare, men med nye avtalar.

Desse fellestiltaka vert i innstillinga til Fellenemnda for Nye Ålesund gjort framlegg om framhald, men med nye avtalar.

 Barnevern  Brannvern  Kemner  Krisesenter  IT, drift  Landbrukskontor  Legevakt  PPT  Kommunerevisjon  Kontrollutvalsekretariat  ÅRIM  Ålesundsregionens havnevesen

Nedanfor vil vi gå gjennom desse samarbeida og vise kostnadane med dei.

4.2.1 Barnevern.

Giske kommune er ikkje med i interkommunalt samarbeid med nokon av dei kommunane som skal danne Nye Ålesund. Det blir kjøpt advokattenester i barnevernsaker frå Ålesund kommune, men etter som dette er reint kjøp av tenester meiner vi det ikkje i særleg grad vil bli påverka av kommunesamanslåinga. Vi meiner det fell utanfor det vi skal sjå på.

Organisering av samarbeid i barneverntenesta inkludert kjøp av advokat og andre tenester reknar vi med blir vurdert som eiga sak ut frå kvar Giske kommune kan finne naudsynt kompetanse og kapasitet.

4.2.2 Brannvern.

I dag har Giske kommune avtale om brannvern med Ålesund som vertskommune. Brannvern blir definert som opplæring, øving, tilsyn, enklare vedlikehald og hjelp til innkjøp. I tillegg kjøper Giske tenesta som brannsjef frå Ålesund. Feie- og tilsynstenester blir også kjøpt frå Ålesund.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

Branntenester Feietenester 2014 875 264 735 773 2015 1 007 841 800 586 2016 988 096 827 006 2017 1 046 929 836 930

Kostnadane til brannvern blir etter dei opplysingane vi har fått frå Rådmannen utrekna slik at ei fast medlemsavgift som er lik for alle kommunane i samarbeidet, og er på kr. 30 000. Resten av 24 kostnadane blir fordelt på kommunane etter talet på innbyggjarar. Naudnett for brann blir belasta etter talet på abonnement og utgjer samla vel 50tkr.

Det er etter vår meining naudsynt å føre vidare samarbeidet om desse tenestene. Særleg sett i høve til utvida krav som kjem om dimensjonering av brannvernet i kommunane. Nye Ålesund er den einaste naturlege samarbeidspartnaren, og dei signaliserer at dei er opne for å inngå nye avtalar.

4.2.3 Kemner.

I dag er Ålesund kommune vertskommune for arbeidsgjevarkontroll og skatteinnkreving for Giske kommune.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

Arbeidsgjevarkontroll Skatteinnkrevjing 2014 261 598 858 499 2015 271 751 809 434 2016 311 539 774 578 2017 427 585 741 930

Frå rådmannen får vi opplyst at kostnadane for arbeidsgjevarkontrollen blir fordelt etter folketal. Kostnadane knytt til skatteinnkreving blir fordelt slik at 20% av felleskostnadane blir fordelt likt på deltakarkommunane og 80% blir fordelt etter folketal.

All skatteinnkreving er på vegne av staten og med heimel i Skattebetalingslova. Det blir brukt felles dataløysingar for heile landet. Arbeidsgjevarkontrollen rettar seg mot arbeidsgjevarar, og skal sjå til at dei held seg til reglane om skatteplikt og trekkplikt. Dette arbeidet krev god fagkompetanse.

Giske kommune har alternativa om å ta tilbake tenestene sjølv, eller å halde fram samarbeidet med Nye Ålesund som vertskommune. Ny avtale må i tilfelle forhandlast fram. Inntil for nokre år sidan hadde Giske kommune dette arbeidet sjølv. Vi tvilar på om det er lurt å ta det tilbake.

4.2.4 Krisesenter.

Giske kommune er med i eit interkommunalt samarbeid om krisesenter med Ålesund som vertskommune.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

2014 434 865 2015 537 640 2016 509 069 2017 584 580

Kostnadane blir utrekna på grunnlag av kostnadane til krisesenteret. 20% av kostnadane blir delt likt mellom dei kommunane som er med, og 80% fordelt etter innbyggjartal.

Alle kommunar har ansvar for å tilby krisesenter og overgrepsmottak. Slike tilbod krev spesialkompetanse, og etter vår meining er det ikkje mogeleg for Giske kommune å tilby dette utan samarbeid med andre. Vi meiner det er naturleg å vidareføre samarbeidet ein no har. 25

Nye Ålesund kommune er open for framleis samarbeid med Ålesund som vertskommune og etter nye avtalar.

4.2.5 IT, drift.

Giske kommune er med i eit interkommunalt samarbeid med Ålesund som vertskommune om å utvikle dei elektroniske tenestene i kommunane.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik for det som er klassifisert som Ålesund kommune – e-kommune Sunnmøre:

2014 2 134 319 2015 2 738 486 2016 3 374 028 2017 3 495 296

Kostnadane blir fordelt slik at 30% av kostnadane blir delt likt mellom kommunane som er med og 70 % fordelt etter folketalet.

Slik vi har forstått det er dette samarbeidet bestemt avvikla i noverande form.

Vi meiner at dette er ei type tenester som eignar seg godt for interkommunalt samarbeid, for dei ulike kommunane har like grunnbehov for slike tenester. Det er derfor lite økonomisk at alle skal finne opp hjulet på eiga hand. Om ikkje Nye-Ålesund er ein naturleg samarbeidspartnar meiner vi at Giske kommune bør søke samarbeid med andre kommunar som har same utfordringane som Giske.

4.2.6 Landbrukskontor.

Giske kommune er med i et interkommunalt samarbeid om landbrukstenester med Haram som vertskommune (i tillegg er Sandøy med). Som for avtalene med Ålesund blir denne sagt opp.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

2014 429 629 2015 442 949 2016 457 565 2017 469 005

Samarbeidet er regulert i ein avtale som hadde verknad frå 01.01.2011 og er etter avtalen gjeldande til ein av partane seier den opp. I 2010 betalte Giske kommune kr. 367 962 til Haram og for etterfølgande år skal betalinga regulerast etter gjennomsnittleg lønsutvikling i KS-området.

I dag er Ørskog vertskommune for landbrukstenester for Skodje, , Sula og Ålesund. Nokre av desse kommunane går inn i Nye Ålesund. Dagens avtalar vil bli avslutta, og Nye Ålesund vil vurdere nye avtaler med Ålesund som vertskommune.

Dette er eit område der vi ikkje kan sjå at Giske kommune i dag ikkje har fagkompetanse i eigne rekker, og oppgåvene er også så avgrensa at det ikkje er ei heil stilling. I møte med rådmannen blir det sagt at dette er ei teneste som kan leggast til teknisk avdeling som ein del av ei stilling. Det ville etter hennar meining vere ei betre løysing enn interkommunalt samarbeid. Vi meiner difor at Giske 26 kommune bør vurdere å løyse oppgåva sjølv, før ein etablerer eit nytt samarbeid om landbrukstenestene med andre kommunar.

4.2.7 Legevakt og naudnett.

Giske kommune er med i eit interkommunalt samarbeid med Ålesund som vertskommune om legevakt på natta og om naud-nett.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore:

Legevakt Naud nett 2014 594 373 2015 602 038 611 000 2016 728 084 650 651 2017 782 685 747 610

Hovudpunkta for prisinga av legevakttenesta er at 20% av totalkostnaden vert delt likt mellom samarbeidskommunane og 80% av kostnaden vert delt i høve til talet på innbyggjarar.

Kvar kommune har ansvar for å tilby legevakttenester. Giske gjer det til ei viss grad i dag, men har samarbeid med Ålesund om nattevakt.

Avtalane med Nye Ålesund kommune går ut, men det blir opna for å forhandle om samarbeidsavtalar. I orientering frå rådmann Astri Eidsvik i møte 16. april 2018 vart det opplyst at det ikkje var aktuelt å vere med på delar av samarbeidet. Slik vi forstår det har Giske kommune ei slik ordning no der dei lokale legane dels har vakt utanfor legekontoret si opningstid, og at ein på natt og sein kveld er med i samarbeidet administrert av Ålesund. Denne ordninga kan bli vanskeleg å føre vidare i si noverande form.

Saman med legane i Giske bør Giske kommune vurdere korleis ein best mogeleg kan tilby lovpålagde legetenester til innbyggjarane.

4.2.8 PPT.

Giske kommune har i dag ingen interkommunale samarbeidsavtalar på dette området.

4.2.9 Kommunerevisjon.

Giske kommune kjøper i dag revisjonstenester frå Kommunerevisjonsdistrikt nr.3 i Møre og Romsdal IKS. Dette selskapet leverer revisjonstenester til desse kommunane: Giske, Haram, , , Skodje, Stordal, , Sula, , Ørskog og Ålesund.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

2014 714 200 2015 705 000 2016 726 000 2017 745 000 27

Frå rådmannen får vi opplyst at kostnadane til revisjonen blir fordelt etter budsjettet som representantskapet i IKS-et vedtar.

Det er eit krav at kommunar skal ha ein uavhengig revisjon både til rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Det er difor lagt til eit interkommunalt selskap. Det er også mogeleg å engasjere andre revisorar. Lova opnar også for å tilsette eigne revisorar, men kravet til uavhengigheit gjer det vanskeleg. Revisjonsarbeidet krev spesialkompetanse, og vi meiner at tenesta bør kjøpast frå andre, enten det interkommunale revisjonsselskapet eller andre revisjonsselskap.

Endringar i kommunestrukturen, då talet på kommunar i selskapet vil bli redusert frå 11 til 6, vil få store konsekvensar for kommunerevisjonen.

4.2.10 Kontrollutvalssekretariat.

Giske kommune kjøper i dag kontrollutvalstenester frå Sunnmøre Kontrollutvalssekretariat IKS. Dette selskapet leverer tenester til desse kommunane: Giske, Haram, Midsund, Norddal, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

2014 176 709 2015 184 398 2016 190 452 2017 191 088

Frå rådmannen får vi opplyst at kostnadane til kontrollutvalssekretariatet blir fordelt etter budsjettet som representantskapet i IKS-et vedtar. Dette blir også justert ut frå medgått tid.

Selskapsavtalen tek slutt ved etableringa av Nye Ålesund, men kommunane har behov for tenesta, så ny avtale bør lagast.

Endringar i kommunestrukturen, då talet på kommunar i selskapet vil bli redusert frå 11 til 6, vil få store konsekvensar for kontrollutvalssekretariatet.

4.2.11 ÅRIM.

Selskapet har som primæroppgåve å samle inn avfall. Frå 2017 også slamtømming. Selskapet er også ein reiskap for andre miljøoppgåver som kommunane vil ha utført. Desse kommunane er i dag med i samarbeidet: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, , Ørskog og Ålesund.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

2014 6 578 046 2015 7 204 208 2016 6 946 698 2017 7 448 557

Kostnadane til Giske kommune blir utrekna etter talet på dei ulike typane av abonnement, og det vert opplyst at ÅRIM nyttar ein sjølvkost-modell. Giske kommune legg til sine kostnader, også dei til sjølvkost på det abonnementane skal betale. 28

Kommunane har ansvar for innsamling av avfall. Giske saman med mange nabokommunar har valt å nytte det interkommunale selskapet ÅRIM til å gjere den oppgåva. Noverande avtale tek slutt.

Giske kommune kan enten ta over tenesta sjølv eller framleis ta del i eit samarbeid. Det første vil krevje store investeringar og er etter vår meining lite lurt. Framleis samarbeid føreset at Giske kommune saman med dei andre kommunane får på plass ein ny samarbeidsavtale. Vi meiner at det er beste løysinga for Giske kommune å halde fram med å kjøpe tenestene frå ÅRIM.

4.2.12 Ålesundregionens havnevesen.

Ålesundregionens havnevesen omfattar kommunane Giske, Haram, Sula og Giske. Samarbeidet omfattar drift av hamner og farlei.

Vi kan ikkje sjå at Giske kommune har hatt direkte kostnadar med dette samarbeidet, og legg til grunn at verksemda er sjølvfinansierande.

Sjøområda og bruken av dei er lite påverka av dei formelle kommunegrensene. Etter vår meining bør samarbeidet fortsette. Det må då etablerast ny avtale.

4.3 Samarbeid som ikkje er med i rapporten til fellesnemnda for Nye Ålesund

Ved gjennomgangen av kostnadane til interkommunalt samarbeid ser vi at der er nokre samarbeidsprosjekt som ikkje er omhandla i rapporten til fellesnemnda for Nye Ålesund.

4.3.1 Interkommunalt innkjøpssamarbeid.

Giske kommune tek del i det interkommunale innkjøpssamarbeidet og betaler i følgje dei opplysingane vi har fått til Ålesund for denne tenesta.

Kostnadane til Giske kommune har dei siste åra vore slik:

2014 108 617 2015 110 789 2016 115 882 2017 120 334

Frå rådmannen får vi opplyst at årleg vederlag for denne tenesta er kr. 120 334 (for 2017) og at den skal regulerast i tråd med konsumprisindeksen.

Dette samarbeidet er ikkje omtala i rapporten til fellesnemnda for Nye Ålesund, men vi reknar med at denne avtalen også må reforhandlast om ein vil vere med vidare.

4.3.2 Juridisk avtale med Ålesund.

Giske kommune har for åra 2014, 2015, 2016 og 2017 kvart år betalt kr. 88 560 til Ålesund kommune for ein juridisk avtale.

Dette samarbeidet er ikkje omtala i rapporten til fellesnemnda for Nye Ålesund, men vi reknar med at denne avtalen også må reforhandlast om ein vil vere med vidare. 29

4.3.3 Kjøp av andre tenester frå kommunar som går saman i Nye Ålesund.

Oversikta vi har fått frå rådmannen viser at Giske kommune kjøper ei rekke tenester frå kommuner som går saman i Nye Ålesund. Dei fleste tenestene er frå Ålesund, og den klart største er vaksenopplæring. For åra 2014 til 2016 har den årlege kostnaden til det variert mellom 3,6 mill. og 4,9 mill. kr. For 2017 er beløpet kr. 882 000.

Avtalen om kjøp av tenester reknar vi med også må fornyast, men desse er truleg enklare for dei gjeld berre eit kjøp/sal, ikkje eit samarbeid der begge partar skal ha felles styring på verksemda.

4.4 Andre mogelege samarbeid

Vårt mandat er å sjå på situasjonen for Giske kommune når mange av nabokommunane går saman i ei ny kommune, Nye Ålesund. Ovanfor har vi lista opp dei samarbeida vi har fått oversikt over. For å kunne levere dei tenestene ei kommune skal levere, og på ein så god og økonomisk rasjonell måte som mogeleg meiner vi krev samarbeid utover kommunegrensene. For å sikre at det vert gjord på best mogeleg måte bør ein vere open for andre og nye samarbeidsformer. Vi har ikkje detaljkunnskap slik vi kan kome med forslag her, men vil likevel kome med nokre innspel.

For tenester som krev at samarbeidspartane er geografisk nær kvarandre er det klart at Nye Ålesund er den logiske samarbeidspartnaren.

For tenester der geografi spelar lita rolle kan det kanskje vere meir nyttig å søke samarbeid med kommuner som er om lag på same storleik som Giske.

Kommunane Sula og Sykkylven er kommunar som har dei same utfordringane som Giske kommune ved at mange avtalar med Nye Ålesund må reforhandlast. Vi ser at dei kan vere naturlege samarbeidspartnarar både i forhandlingsprosessen og ved etablering av eigne samarbeidsprosjekt.

4.5 Oppsummering interkommunale samarbeid 4.5.1 Folkevald styring.

Ved å nytte interkommunale samarbeid i ulike former blir den folkevalde og administrative styringa frå Giske kommune redusert i forhold til å ha eigne tenester. Påverknaden i eit fellesprosjekt er ofte i forhold til kor stor ei kommune er.

I innstillinga til Fellesnemnda for Nye Ålesund blir det slått fast at den nye kommunen i liten grad har behov for å bli samarbeidskommune for å utføre dei oppgåvene dei skal gjere. Dei opnar likevel for å vere vertskommune om andre kommunar ønsker samarbeid om ulike oppgåver.

4.5.2 Økonomiske forhold

Det er ikkje før forhandlingane om nye avtaler er gjennomført mogeleg å vite kva dei vil koste for Giske kommune. Vi finn det lite sannsynleg at det vil bli lågare kostnader for dei interkommunale samarbeida. Med dagens modellar der ein del av kostnadane blir delt likt på kvar kommune vil 30 kostnadane stige. Før avtalane er reforhandla er det ikkje mogeleg å vite korleis kostnadane blir, men ut frå det som er signalisert frå Nye Ålesund vil dei i alle fall ikkje subsidiere nabokommunane.

Om Giske kommune vil etablere mange av tenestene ein no samarbeider om i eigen kommune, vil det krevje utviding av den kommunale aktiviteten. Det vil koste, men vi har no ikkje opplysingar slik vi kan samanlikne med det ein no betaler for dei interkommunale samarbeida. Vi vil likevel tru at kostnadane vil auke vesentleg om Giske kommune sjølv skal utføre mange av dei tenestene som no vert gjort saman med andre kommunar.

4.5.3 Vurderingar.

For folkevald og administrativ styring kan eigen produksjon av tenestene vere ein fordel.

Utfordringa er at det kan bli vanskeleg å skaffe naudsynt kompetanse når ein berre har bruk for små stillingar. Manglande fagmiljø kan også føre til at kompetansen forvitrar. Små kompetansemiljø er også kritiske ved endring i bemanninga.

Det er ikkje før forhandlingane om nye avtaler er gjennomført, mogeleg å vite kva dei vil koste for Giske kommune. Vi finn det lite sannsynleg at det vil bli lågare kostnader for dei tenestene som Giske kommune no får utført gjennom ulike samarbeidsformer med andre kommunar.

Om Giske kommune sjølv skal ta over tenester som no er gjorde i samarbeid med andre kommunar, trur vi at kostnadane for dei fleste tenestene vil auke vesentleg.

Ved samarbeid med fleire kommunar vil alle ha litt å seie i styringa av oppgåvene. Ved samanslåinga av mange av våre nabokommunar til Nye Ålesund, vil dei nye kommunane få ei svært dominerande stilling i dei interkommunale samarbeida. Signala frå Fellesnemnda for Nye Ålesund er også at dei inviterer til samarbeid, men vil styre det sjølv. Etter vår meining kan det bli meir som om ein kjøper tenester.

Giske kommune må vurdere kor viktig den kommunale styringa av tenestene er, vurdert opp mot dei økonomiske og kompetansekritiske forholda ein står overfor om ein skal yte tenestene frå eigen organisasjon. Vidare må det vurderast om det er mogeleg sjølv å etablere tenestene på eit kvalitetsmessig forsvarleg nivå.

Utvalet er av den meining at Giske kommune er best tent med å fortsette i dei fleste interkommunale samarbeida ein er med i, og kanskje også utvide på einskilde områder.

Etter som mange av kommunane som er avtalepartnar i dei interkommunale samarbeida går saman i Nye-Ålesund vi dei avtalane ein har i dag bli utdaterte. Etter vår meining må Giske kommune for å sikre tenestene forhandle nye avtalar som omhandlar både innhald og kostnad for tenestene. Etter som dimensjoneringa og bemanninga av fellestenestene no er under planlegging, meiner vi at det hastar med å kome i gang med samtalane med avtalepartnarane for å kunne sikre tilfredsstillande tenester til rett pris for Giske kommune.

Ole Martin Sæter Marit G. Alnes Gunnar Mosund

31

Areal (km²), etter region, arealtype, statistikkvariabel og år

Landareal Folketal Pers/km2 2018 2018-01-01 1502 355,51 26900 75,7 1504 Ålesund 93,20 47510 509,8 1505 Kristiansund 86,14 24300 282,1 1511 365,29 3187 8,7 1514 Sande (Møre og Romsdal) 90,17 2522 28,0 1515 Herøy (Møre og Romsdal) 118,02 8965 76,0 1516 94,87 8555 90,2 1517 76,81 5150 67,0 1519 524,58 9188 17,5 1520 Ørsta 785,04 10812 13,8 1523 Ørskog 128,90 2267 17,6 1524 Norddal 900,46 1670 1,9 1525 Stranda 844,64 4587 5,4 1526 Stordal 243,63 972 4,0 1528 Sykkylven 328,54 7695 23,4 1529 Skodje 110,74 4680 42,3 1531 Sula 57,05 9131 160,1 1532 Giske 39,87 8292 208,0 Nr 3 1534 Haram 254,30 9345 36,7 1535 Vestnes 347,52 6559 18,9 1539 Rauma 1441,96 7507 5,2 1543 985,58 2946 3,0 1545 Midsund 93,89 2049 21,8 1546 Sandøy 21,36 1263 59,1 1547 58,99 3557 60,3 1548 Fræna 361,93 9775 27,0 1551 145,69 3440 23,6 1554 Averøy 172,87 5859 33,9 1557 371,08 2623 7,1 1560 321,61 3078 9,6 1563 1648,06 7119 4,3 1566 1315,02 5978 4,5 1567 Rindal 611,84 2039 3,3 1571 292,29 1571 5,4 1573 Smøla 261,08 2172 8,3 1576 Aure 621,73 3593 5,8

32

KOSTRAGRUPPE 11

2014 2018  0123 - Spydeberg 1,0261 1,0223 -0,0038  0128 - Rakkestad 1,1007 1,0867 -0,0140  0420 - Eidskog 1,1108 1,1156 0,0048  0425 - Åsnes 1,1008 1,1198 0,0190  0428 - Trysil 1,1361 1,1181 -0,0180  0517 - Sel 1,0919 1,0904 -0,0015  0521 - Øyer 1,0158 1,0308 0,0150  0522 - Gausdal 1,0524 1,0346 -0,0178  0538 - Nordre Land 1,0780 1,0684 -0,0096  0542 - Nord-Aurdal 1,0290 1,0272 -0,0018  0807 - Notodden 1,0599 1,0650 0,0051  0815 - Kragerø 1,0180 1,0409 0,0229  0819 - Nome 1,0735 1,0668 -0,0067  0821 - Bø 1,0357 1,0256 -0,0101  0901 - Risør 1,0531 1,0497 -0,0034  0919 - Froland 1,0740 1,0314 -0,0426  0926 - Lillesand 1,0222 1,0193 -0,0029  1003 - Farsund 1,0309 1,0147 -0,0162  1004 - Flekkefjord 1,0971 1,0951 -0,0020  1032 - Lyngdal 1,1023 1,0921 -0,0102  1160 - Vindafjord 1,0644 1,0356 -0,0288  1216 - Sveio 1,0854 1,0902 0,0048  1219 - Bømlo 1,0692 1,0568 -0,0124  1224 - Kvinnherad 1,0814 1,0658 -0,0156  1235 - Voss 1,0530 1,0690 0,0160  1238 - Kvam 1,0924 1,1144 0,0220  1401 - Flora 1,0319 1,0326 0,0007  1439 - Vågsøy 1,0593 1,0794 0,0201  1443 - Eid 1,0656 1,0649 -0,0007  1445 - Gloppen 1,1761 1,1787 0,0026  1516 - Ulstein 0,9999 1,0026 0,0027  1519 - Volda 1,0380 1,0192 -0,0188  1532 - Giske 1,0467 1,0075 -0,0392  1535 - Vestnes 1,0158 1,0341 0,0183  1539 - Rauma 1,0824 1,0925 0,0101  1554 - Averøy 1,0693 1,0351 -0,0342  1566 - Surnadal 1,0750 1,0370 -0,0380  1805 - Narvik 0,9946 0,9967 0,0021  1813 - Brønnøy 1,0821 1,0978 0,0157  1860 - Vestvågøy 1,0600 1,0661 0,0061 33

 1865 - Vågan 1,0444 1,0346 -0,0098  1866 - Hadsel 1,0620 1,0586 -0,0034  1870 - Sortland - Suortá 1,0589 1,0077 -0,0512  1871 - Andøy 1,1331 1,1525 0,0194  1924 - Målselv 1,0422 1,0462 0,0040  1933 - Balsfjord 1,1392 1,1314 -0,0078  5005 - Namsos 1,0452 1,0430 -0,0022  5021 - Oppdal 1,0251 1,0236 -0,0015  5025 - Røros 1,0397 1,0125 -0,0272  5030 - Klæbu 1,0150 0,9952 -0,0198  5051 - Nærøy 1,1470 1,1271 -0,0199  5053 - Inderøy 1,0579 1,0465 -0,0114  5054 - Indre Fosen  1,0972

34

KOSTRAGRUPPE 11

Behovsindeks 2014 2018 Endring  1870 - Sortland - Suortá 1,0589 1,0077 -0,0512  0919 - Froland 1,0740 1,0314 -0,0426  1532 - Giske 1,0467 1,0075 -0,0392  1566 - Surnadal 1,0750 1,0370 -0,0380  1554 - Averøy 1,0693 1,0351 -0,0342  1160 - Vindafjord 1,0644 1,0356 -0,0288  5025 - Røros 1,0397 1,0125 -0,0272  5051 - Nærøy 1,1470 1,1271 -0,0199  5030 - Klæbu 1,0150 0,9952 -0,0198  1519 - Volda 1,0380 1,0192 -0,0188  0428 - Trysil 1,1361 1,1181 -0,0180  0522 - Gausdal 1,0524 1,0346 -0,0178  1003 - Farsund 1,0309 1,0147 -0,0162  1224 - Kvinnherad 1,0814 1,0658 -0,0156  0128 - Rakkestad 1,1007 1,0867 -0,0140  1219 - Bømlo 1,0692 1,0568 -0,0124  5053 - Inderøy 1,0579 1,0465 -0,0114  1032 - Lyngdal 1,1023 1,0921 -0,0102  0821 - Bø 1,0357 1,0256 -0,0101  1865 - Vågan 1,0444 1,0346 -0,0098  0538 - Nordre Land 1,0780 1,0684 -0,0096  1933 - Balsfjord 1,1392 1,1314 -0,0078  0819 - Nome 1,0735 1,0668 -0,0067  0123 - Spydeberg 1,0261 1,0223 -0,0038  1866 - Hadsel 1,0620 1,0586 -0,0034  0901 - Risør 1,0531 1,0497 -0,0034  0926 - Lillesand 1,0222 1,0193 -0,0029  5005 - Namsos 1,0452 1,0430 -0,0022  1004 - Flekkefjord 1,0971 1,0951 -0,0020  0542 - Nord-Aurdal 1,0290 1,0272 -0,0018  0517 - Sel 1,0919 1,0904 -0,0015  5021 - Oppdal 1,0251 1,0236 -0,0015  1443 - Eid 1,0656 1,0649 -0,0007  1401 - Flora 1,0319 1,0326 0,0007  1805 - Narvik 0,9946 0,9967 0,0021  1445 - Gloppen 1,1761 1,1787 0,0026  1516 - Ulstein 0,9999 1,0026 0,0027  1924 - Målselv 1,0422 1,0462 0,0040  0420 - Eidskog 1,1108 1,1156 0,0048  1216 - Sveio 1,0854 1,0902 0,0048  0807 - Notodden 1,0599 1,0650 0,0051 35

 1860 - Vestvågøy 1,0600 1,0661 0,0061  1539 - Rauma 1,0824 1,0925 0,0101  0521 - Øyer 1,0158 1,0308 0,0150  1813 - Brønnøy 1,0821 1,0978 0,0157  1235 - Voss 1,0530 1,0690 0,0160  1535 - Vestnes 1,0158 1,0341 0,0183  0425 - Åsnes 1,1008 1,1198 0,0190  1871 - Andøy 1,1331 1,1525 0,0194  1439 - Vågsøy 1,0593 1,0794 0,0201  1238 - Kvam 1,0924 1,1144 0,0220  0815 - Kragerø 1,0180 1,0409 0,0229  5054 - Indre Fosen  1,0972

Konklusjonen er at i denne gruppa som er på heile 54 kommunar i 2018 (Indre Fosen er samanslått kommune og ikkje med i samanlikninga) har Giske fått den tredje største reduksjonen av basiskriteriet. Berre Sortland i Nordland og Froland i Aust-Agder har fått større reduksjon.