Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/21

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/21 Gunn Tove Nyheim, tlf. 57643149, e-post: [email protected] Vår dato Vår referanse Oddgeir Aardal, tlf. 57643077, e-post: [email protected] 09.02.2015 2013/1435 - 421.3 Eline Orheim, tlf. 57643012, e-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse 15.12.2014 13/685-125-OJS-140 Førde kommune Postboks 338 6802 Førde Førde kommune - fråsegn til offentleg ettersyn av arealdelen til kommuneplanen 2015-2027 Vi viser til oversending dagsett 15.12.2014. Fylkesmannen meiner at Førde kommune har gjort eit omfattande og godt arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Vi har likevel ein del merknadar og tilrådingar som vi vonar vert innarbeidd i planen. Fylkesmannen vil understreke det sjølvstendige ansvaret kommunen har til at innhaldet i planen stettar lovkrava. Etter vår vurdering er det for nokre område lagt inn arealbruk som kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser. Fylkesmannen har derfor fremma nokre motsegner mot planframlegget. Motsegnene er knytt til konfliktar med jordvern, naturmangfald og viktige naturtypar. Fylkesmannen vonar at vi gjennom god dialog med kommunen vil kunne kome til semje når det gjeld motsegnene. Motsegner er utheva med feit skrift i teksten, medan faglege tilrådingar står i kursiv. Vi viser elles til faglege vurderingar i fråsegna. 1 Innleiande merknadar Det generelle inntrykket vårt er at kommunen har gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Kommunen har m.a. nytta planforum aktivt med fleire møte i løpet av planprosessen. Dei nye byggeområda har ulik nemning, nokon også ulikt namn, på plankartet og i konsekvensutgreiinga. Nemninga i planføresegnene er lik den som er på plankartet. I kap. 8 i planomtalen er det brukt same nummereringa som i konsekvensvurderinga. Det at B1 (Sunde) og B2 Nygjelshaugane) osb. i konsekvensutgreiinga og i planomtalen ikkje er det same som B1 (Skei/Toene) og B2 (Slåttebakkane) osb. på plankartet og i planføresegnene gjer det krevjande å sette seg inn i planframlegget. Vi fekk etter førespurnad ei oversikt som viser koplinga. Denne oversikta bør innarbeidast i planmaterialet, og burde følgt med ved offentleg ettersyn. Alternativt så bør planen omarbeidast slik at det er samsvar mellom dokumenta. Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected] Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77 FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/21 Plandokumentet er utover dette oversiktleg, ryddig og lett å sette seg inn i samtidig som planomtalen fokuserer godt på koplinga mellom samfunnsdelen og arealdelen. I eit eige vedlegg til planframlegget datert 18.12.13, er det oversikt over innspel til endra arealbruk som ikkje er innarbeidd i planframlegget. Basert på konsekvensutgreiinga er det i tillegg fleire område/innspel som ikkje er tekne med i planframlegget grunna høg konfliktgrad med ulike interesser eller omsyn. Vi ser det som positivt at kommunen på denne måten har luka ut dei mest konfliktfylte innspela til endra arealbruk. Kommunen har valt å syne omsynssoner på eigne plankart (parallelle plankart). Når kommunen vel ei slik løysing for papirkopi og pdf-format med fleire parallelle plankart er det viktig at alle karta har teiknforklaring, komplett tittelfelt og at det vert synleggjort kor mange kart som utgjer planen og samanhengen mellom dei. Av «hovudplankartet» (to høyringsalternativ) er det ikkje mogleg å sjå at det eksisterer fleire plankart. Vi rår kommunen til å presisere dette slik at det ikkje seinare oppstår nokon tvil om kva kart som er juridisk bindande. 2 Konsekvensutgreiing og planomtale Når det gjeld konsekvensutgreiinga synest vi metodikken som er brukt er god, og utgreiinga av dei ulike enkeltområda er oversiktleg. Kartutsnitta er lite illustrerande, det er vanskeleg å sjå kor og kva område dette omfattar samtidig som t.d. B12 og BFR5 har same kartutsnitt og same fargar. Konsekvensutgreiinga gjev ikkje noko oversikt over kva område som ikkje er innarbeidd i planframlegget. Ei enkel oversikt som viste kven av områda som ikkje er innarbeidd i planframlegget, hadde vore med å gjere planframlegget lettare å sette seg inn i. Vi kommenterer ikkje fastsettinga av verdi og konfliktgrad for enkeltområde og -tema, men merkar oss at det er nokre byggeområde/tiltak som den faglege vurderinga i konsekvensutgreiinga, utført av utanforståande, rår i frå, men som kommunen likevel har innarbeidd i planframlegget. Vi ser at det i planomtalen er grunngitt kvifor for dei fleste av desse områda. Vi konstaterer at det er gjort greie for konsekvensane både i enkeltområda og for planen samla. Vi synest at den samla vurderinga av konsekvensane planframlegget har for naturmiljø og -ressursar er noko tynn. Etter det vi kan sjå er ikkje arealbruken vurdert opp mot naturmangfaldlova (nml.) og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12. Vi meiner dette burde vore gjort, spesielt for dei nye byggeområda/tiltaka som ligg i område med registrerte naturverdiar. Naturmangfaldlova (nml.) set sterkare krav til vurderingar av tema som t.d. biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. I arealdelen til kommuneplanen/kommunedelplanar er vurderingar etter nml. aktuelt både for enkeltområde og ikkje minst for planen samla. Vi ser det her som viktig at vurderingar av "samla belastning" (jf. nml. § 10) er med i konsekvensutgreiinga, og at det vert gjort konkrete vurderingar av konsekvensar for naturmangfaldet. Vi viser til at planframlegget m.a. legg opp til ei omfattande hytteutbygging (BFR1-3) i nær tilknyting til Digernesvatnet naturreservat, utan at dette er vurdert opp mot naturmangfaldlova. Vi ser på dette som ein vesentleg mangel. Vi føreset at det i konsekvensutgreiinga/avgjerdsgrunnlaget vert innarbeidd vurderingar etter naturmangfaldlova og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12, både for byggeområde som kan virke inn på registrerte naturverdiar og for den samla verknaden av planen (jf. samla belastning, nml. § 10) før planvedtak. Lova set krav om dette. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/21 Vi ser at ikkje alt som er nemnt i planomtalen er juridisk forankra i anten planføresegnene eller på plankartet, t.d. krav om felles reguleringsplan i B12 og BFR5, grøntstruktur langs Jølstra, og at fritidsbustadane ved Digernesvatnet skal ligge minst 100 meter unna vasskanten. Vi rår kommunen til å gå grundig gjennom planframlegget og vurdere om alt som går fram av planomtalen er ivareteke i dei juridisk bindande plandokumenta. Kommunen bør også vurdere om det skal stillast krav om felles reguleringsplan for fleire av byggeområda. For bustadområda er det berre B5 det er krav om samla reguleringsplan for. Ei rekke område som er utbygde utan plan er i kommuneplanen sett av som byggeområde til ulike føremål eller som LNF-område for spreidd bygging. For byggeområde som gir rom for vidare utbygging og for LNF-område for spreidd bygging, med opning for oppføring av nye einingar/bygningar, er det krav om konsekvensutgreiing. Vi forstår planføresegnene slik at det ikkje blir opna for nye bustadar i områda LS1-LS17 og at det som hovudregel er krav om reguleringsplan for alle andre område. Vi merkar oss at det er gjort nokre unntak i §§ 3.1.3 og 5.1.2 i planføresegnene. Vi legg til grunn at plandokumentet blir oppdatert slik at det blir eintydig m.o.t. kva som faktisk blir vedteke, jf. at det føreligg ulike høyringsalternativ. 3 Planjuridiske merknadar Det er ikkje oppgåva til Fylkesmannen å kontrollere at innhaldet i kommunale planar er lovleg. Vi strekar derfor under at vi som hovudregel berre vil påpeike juridiske feil og manglar i eit planframlegg, dersom forholdet kan ha noko å seie for ivaretakinga av vesentlege regionale eller nasjonale interesser. Fylkesmannen vil samtidig peike på det sjølvstendige ansvaret kommunen har for at utgreiingar og at det endelege innhaldet i planen stettar lovkrava. Dersom kommunestyret ved den endelege godkjenninga av kommuneplanen skulle vedta ein plan som ikkje oppfyller minstekrava i lova, vil det vere kommunen sjølv som må ta risikoen for at planen er gyldig; t.d. dersom Fylkesmannen skal vurdere ein klage på ein reguleringsplan i tråd med kommuneplanen. Juridiske merknadar ut over dette vert gjeve som generelle råd og rettleiingar til kommunen. Vi legg elles til grunn at eventuelle planføresegner som ikkje har heimel i lov, vert rekna som retningsliner utan rettsverknad. Generelt peiker vi også på at planføresegner bør knytast til objektive og konkrete normer og terskelverdiar. Planføresegner som inneheld skjønnsmessige kriterium kan føre til at kommuneplanen vert svakare og mindre føreseieleg som styringsdokument. Vi rår kommunen til å gå gjennom plandokumenta, og til å vere tydlege på kva ein vil og ikkje vil tillate. Punkt 1.3 nr. 2 gjeld forhold som skal utgreiast i reguleringsplan og kan eventuelt flyttast til punkt 1.8. Vi legg vidare til grunn at alle dei ulike høyringsalternativa under pkt. 5.1.8 inneber ulike særskilde plankrav, jf. pkt. 5.1.8 nr. 1 og PBL § 11-9 nr. 8. Vi legg til grunn at punkt 5.1.2 bokstav i, berre fritek frå plankravet, og at garasjar nærare nabogrensa enn fire meter er søknadspliktige og skal vurderast etter dei materielle føresegnene i byggesaksdelen, mellom anna plan- og bygningslova § 29-4, inntil SAK10 § 4- 1 bokstav b eventuelt blir endra på dette punktet, jf. høyringsnotat av 03.07.2014 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I punkt 5.1.7 nr. 4 står det at regulering til ny arealbruk, for visse område, kan startast utan avklaring i overordna plan. Vi minner om at dei generelle krava om utgreiing i plan- og bygningslova kapittel fire, gjer seg gjeldande for all regulering. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/21 I punkt 5.5.1 nr. 1 står det at det kan førast opp fritidsbygg som er knytt til stadbunden næring i LNF-område. Fritidsbygg er ikkje omfatta av arealføremålet LNF.
Recommended publications
  • Samanstilling Av Innspel Til NTP 2022-2033
    Samanstilling av innspel til NTP 2022-2033 Sak nr. 2020/960 Nasjonal transportplan 2022-2033 Avsendar Innspel Kommentar frå Vestland fylkeskommune 10 kommunelag i • RV 15 Måløy – Otta. Rv 15 Strynefjellet er innarbeidd i innstillinga. Arbeiderpartiet o Ny tunnel Skåre - Breidalen må prioriterast med start i 1. periode av NTP 2022 – 2033. • Midlar avsett til skredsikring må aukast til minst NOK 72 MRD Det er rådd til å prioritere rassikring i NTP 2022 – 2033 i samsvar med Nasjonal Ras- sikringsgruppe si tilråding. Askøy kommune • Fylkes- og regionsenter er avhengig av effektivt I kollektivnettverk mellom arbeidsmarkedsregionene hvis man innstillinga vert det rådd til vidareutvikling av byvekstavtalen skal klare å oppnå nasjonale forventninger og krav til nullvekst i personbiltrafikken. I saka er det ikkje vurdert omklassifisering av fylkesveg til riksveg • Ber Vestland fylkeskommune om å støtte kommunens ønske om riksvei til regionsenteret Kleppestø. Båttilbod er fylkeskommunalt ansvar, og difor ikkje vurdert i saka. • Det bør utredes hvordan havnebassenget rundt Bergen kan Behovet for midlar til det grøne skiftet innan kollektivtransport er utnyttes for kollektivtransport, og det bør lages en teke opp i saka. kollektivstrategi på sjø. Midler til teknologiutvikling og investeringer bør prioriteres i nasjonal transportplan. • Nasjonal transportplan bør inneholde betydelige midler til Behov for midlar til utbetring av fylkesveg er teke opp i saka, anna utbedring av kritisk infrastruktur i kommunene. infrastruktur er ikkje relevant for ntp-saka. Atheno – Industriutvikling i Oppsummert prioriteringsliste: Det er rådd til å prioritere strekningane mellom ferjesambanda Sunnhordland 1. E39 Ådland - Svegatjørn (Hordfast) start første periode 2022- framfor store fjordkryssingar. 2027. Ber om at fylkeskommunen vil arbeide hardt for at det blir Ramme B som vert lagt til grunn for finansiering.
    [Show full text]
  • Insecta Norvegiae 02.Pdf
    INSECTA NORVEGIAE VoI.2 Atlas of the Formicidae of Norway (Hymenoptera: Aculeata) by Torstein Kvamme Published by Norsk Entomologisk Forening NORSK INSTITUTT FOR SKOGFORSKNING NORWEGIAN FOREST RESEARCH INSTITUTE 1982 - 3 ­ Kvamme, T. 1982. Atlas of the Formicidae of Norway (Hymenoptera, Aculeate). Insecta Norv. ~, 1-56. The distributions of the 46 ant species known to occur in Norway are presented on EIS guide maps and discussed. Additional information on the habitat and the total range are given. Torstein Kvamme, Norwegian Forest Research Institute, Box 61, 1432 As-NLH, Norway. - 4 ­ Contents: I Introduction 5 11 Basic literature 5 III Material and methods 7 IV Accidently introduced and omitted species 7 V General comments on the fauna 8 VI Notes to the species 11 VII Acknowledgements 30 VIII References 31 -- IX The EIS-maps X Appendix: The distribution according to the faunal divisions of 1943. - 5 ­ I. Introduction The Norwegian ant fauna has been studied more or less intensively during the last two hundred years. In spite of the long period of collecting, no work giving detailed information on all Norwegian ant species has been published. New records, taxonomic changes and the introduction of the UTM-EIS grid system have made a new publication on the topic necessary. The present maps are a statement of our knowledge, but are more important in emphasizing where future investigations are most needed. 11. Basic literature Early Scandinavian entomologists (Str~m, Zetterstedt, Dahlbom, Thomson and others) published general catalogues and synopseses of the Hymenopterous fauna. These papers contain little useful faunal information on ants according to modern standards.
    [Show full text]
  • ENGLISH 09.00–09.45 Morning Dance with Andreea! Thon Hotel Førde 50 11.30 – 13.30 Cuban Salsa (Intermediate Level)
    4mm 4mm 150mm 4mm 4mm 150mm 4mm 4mm 150mm 4mm 4mm Festival Pass concerts are outlined in yellow Discount sponsorship La Porteña Tango Trio Thanks to collaborative agreements with the Norwegian Trekking Association (DNT), Bergens tidende, Firda Ticket information og BOB, we can offer discounts during the festival. Festivalguide Information: fordefestival.no. You can purchase all your concert tickets, and Questions about tickets or the program? reduced-price festival pass tickets, and enrol in Ring +47.46905010 or send an e-mail to How to read the price guide TIME: FESTIVAL PASS PRICE: all festival courses at TicketCo.no, and have them [email protected] for any program- or ticket questions. July 5-9 Festival Pass - Adult 960 Price w/festival pass sent to your e-mail address or your mobile. NB! You will find full ticket information at fordefestival.no Angelite July 5-9 Festival Pass – Youth/Student 470 270/170/50 Remember to exchange your festival pass tickets for a festival July 5-9 Festival Pass - Child 200 wrist band at the festival office at Førdehuset. Price w/child/ July 8 Day Pass Saturday 800 Price, ordinary ticket The festival pass is non-transferrable. youth/student pass Kouame Sereba Mamadou Diabaté Here are the festival pass alternatives: Wednesday 5. July ARENA: Ord./Fpass/USpass, Barn 09.00-09.30 Rise and shine! Solsida kindergarten, avd. Haugum Free entry 16.00–19.00 In the great outdoors Halbrendstølen 170/110/50 17.30–18.00 Maja Birkeland: “Our common things” - Opening! S&Fj Kunstmuseum Free entry 18.30–20.10 Festival Film: Virgin Mountain Lisjesalen, Førdehuset 100 (Reception.
    [Show full text]
  • Oppsummering Av Workshop Om Digital Hjemmeoppfølging
    OPPSUMMERING AV WORKSHOP OM DIGITAL HJEMMEOPPFØLGING Avholdt digitalt den 16.mars 2021 av E-helse Vestland i samarbeid med InnoMed DELTAGERE SOM VAR INVITERT: E-helse Vestland Kjell Olav Bondevik, Anita Lønnebakken Sævild, Kari Eidsnes Bjørkheim, Kristin Bruland, Per Waardal Helse Vest IKT Kari Støfringsdal, Håkon Bull-Njaa, Steinar Mangersnes Sys IKT Catrine Andresen Vagstad Helse Bergen Mette Herstein Monsen, Lars Birger Nesje, Rebekka Ljosland Helse Førde Marte Ulltang, Øyvind Bang Olsen, Inger Elise Grotle Alarmsentralen v/Florø Sunnfjord kommune Sina Sadre Motekallem Stad kommune Anne Ruth Botn Bjørnlo, Thomas Vingen Vedeld Kvam kommune Bjarte Hammer Aarland, Åslaug Bøhn Botnen, Masfjorden kommune Rolf Martin Tande, Oddvin Arne Neset, Åse Elin Solheim, Elin Eikemo, Luster kommune Margrete Sørhol, Henriette Sandvik, Sogndal kommune Vidar Leirdal Vaksdal kommune Sigrunn Stamnes Vik Fylkeseldrerådet Harald Ekroll Landsforeningen for hjerte- og lungesyke Merethe Landaas Blindeforbundet Silje Edvardsdal Thon Diabetesforbundet Inger Myrtveit Brukerutvalg Helse Førde Marita Aarvik Fylkesstyret NSF Silje Strand Skauge InnoMed Grete Kvernland-Berg, Cecilia Karlsen Gnaly, Laura Kleiven AGENDA FOR WORKSHOP 1) Informasjon om digital hjemmeoppfølging v/InnoMed 2) Introduksjon til prosjektet v/Kari Eidnes Bjørkheim 3) Prosess for implementering v/InnoMed 4) Gruppearbeid med behovskartlegging: - Helseforetakene med InnoMed som fasilitator - Kommuner med Kjell Olav Bondevik som fasilitator - Brukerrepresentanter med Anette Eri Norevik som fasilitator 5) Oppsummering og diskusjon i plenum 1.INTRODUKSJON AV DIGITAL HJEMMEOPPFØLGING - InnoMed introduserte temaet for dagens workshop ved å vise en video om digital hjemmeoppfølging. Videoen finner du ved å følge denne lenken: https://www.youtube.com/watch?v=zJv9mYO91hA 2.INTRODUKSJON TIL PROSJEKTET V/KARI EIDNES BJØRKHEIM Introduksjon om E-helse Vestland og visjon - E-helse Vestland har som mål å «etablere Vestland som en kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta».
    [Show full text]
  • Strategi for Mjuke Trafikantar Vestland Fylkeskommune
    HØYRINGSFRAMLEGG 1.juni 2021 STRATEGI FOR MJUKE TRAFIKANTAR VESTLAND FYLKESKOMMUNE Grunnlagsdokument til RTP 2022-2033 Forord Strategi for mjuke trafikantar er eit grunnlagsdokument for RTP 2022-2033, og er fylkeskommunen sitt strategiske dokument for korleis fylkeskommunen skal jobbe for å nå målet om auka tal gåande og syklande i fylket. I politisk handsaming av planprogrammet til RTP vedtok Fylkesutvalet følgjande utgreiingsbehov: Som ein del av RTP skal det utarbeidast ein strategi for mjuke trafikantar som skal avklare korleis fylkeskommunen skal prioritere bygging og drift- og vedlikehald av gang- og sykkelvegar, samt plan for haldningsskapande arbeid. Strategien må gje retningslinjer for vidare satsing på sykkelbyavtalar. Som del av RTP skal det utarbeidast ein sykkelstrategi for Vestland. Sentrale føringar i dette arbeidet er utviklingsplan for Vestland 2020 – 2024 og Nasjonal transportplan. Formålet med arbeidet er å legge til rette for at fleire skal velje å gå og sykle i staden for å nytte bil. Hovudutval for samferdsel og mobilitet vedtok 12.januar 2020 at strategien skal ha fire delstrategiar, med kvar sine delmål: • Sykkelbruk på fylkesvegar med særleg merksemd på Bergen og andre byar / større tettstader • Gange • Barnas transportplan • Mikromobilitet Hovudmål: Fleire skal gå eller sykle i staden for å nytte bil • Delmål 1: Sykkel skal vere føretrekt reisemåte i byar og større tettstader • Delmål 2: Gåande skal kjenne seg trygge og få tilrettelagde snarvegar • Delmål 3: 80 % av elevar utan ordinær skuleskyss skal gå eller sykle til skulen. Avstandsulempene for å bu i distriktet skal reduserast. • Delmål 4: Energieffektive framkomstmiddel til dagleg bruk og erstatning for bil Fylkesdirektøren har lagt vedtaket i hovudutvalet til grunn for arbeidet, men har gjort nokre mindre endringar i namngjeving av delstrategiane.
    [Show full text]
  • FJELLSPRENGNINGSDAGEN 2Oslo, 21
    013 FJELLSPRENGNINGSDAGEN 2Oslo, 21. november 2013 BERGMEKANIKKDAGEN Oslo, 22. november 2013 GEOTEKNIKKDAGEN Oslo, 22. november 2013 ARRANGØR: Norsk Jord og Fjellteknisk Forbund FJELLSPRENGNINGSTEKNIKK Oslo, 21. november 2013 BERGMEKANIKK Oslo, 22. november 2013 GEOTEKNIKK Oslo, 22. november 2013 Hovedarrangør: NORSK JORD- OG FJELLTEKNISK FORBUND Redaksjon: Erik Frogner, Kristian Aunaas, Kristin Hilde Holmøy, Siri Engen C Forfatterne, 2013 ISBN: 978-82-8208-037-8 Fjellsprengningsdagen 21. november 2013 Arrangør: Norsk Forening for Fjellsprengningsteknikk Bergmekanikkdagen 22. november 2013 Arrangør: Norsk Bergmekanikkgruppe Geoteknikkdagen 22. november 2013 Arrangør: Norsk Geoteknisk Forening FORORD Boken inneholder referat fra foredrag på Fjellsprengningsdagen, Bergmekanikkdagen og Geoteknikkdagen, arrangert i Oslo 21. – 22. november 2013. Årets arrangement er det 51. i rekken og emnene er i likhet med tidligere års valg, hentet fra en rekke områder som faller inn under interesseområdet til Norsk Forening for Fjellsprengningsteknikk (NFF), Norsk Bergmekanikkgruppe (NBG) og Norsk Geoteknisk Forening (NGF). Programmet for årets arrangement er fastlagt og godkjent av foreningenes styrer. Hovedarrangøren, Norsk Jord- og Fjellteknisk Forbund, vil takke alle medvirkende forfattere for den innsatsen som er nedlagt i utarbeidelsen av forelesningene og referater. Den enkelte forfatter er ansvarlig for foredragets innhold, ortografi og billedmateriale. Norsk Jord- og Fjellteknisk Forbund TORSDAG 21. NOVEMBER FJELLSPRENGNINGSDAGEN 2013 Møteleder: Hanna Rachel Broch, Sweco Norge AS 0900 (1) Åpning – velkommen Heidi Berg, Vianova Systems AS, Formann i Norsk Forening for Fjellsprengningsteknikk 0920 (2) Framtidsvyer / framtidsutsikter for vår bransje / ITA Søren Degn Eskesen, president i ITA 0940 (3) Experiences from the TBM drive through the Hallandsåsen in Sweden Thomas Schubert, Skanska Vinci HB 1000 (4) DMFs samfunnsrolle og ny mineralstrategi Randi Skirstad Grini, Dir.
    [Show full text]