Stadnamn og dialektskilje

Inge Særheim

1. Innleiing Stadnamna er ein del av språket og språkstrukturen. Nedarva lokale stadnamn er overleverte i målføreforma og har følgt utviklinga i vedkomande dialekt. Dei gjev viktig informasjon om lydverk og lydutvikling, om formverk og morfologisk utvikling, og om ordlaging og ordbruk. Namn og namnebruk kan også seiast å vera ein del av språkhistoria, både den indre og den ytre. Somme namn konserverer eldre språkdrag i dialekten, nærast som ‘stivna’ former, jf. dativformer av gardsnamn og naturnamn i område der dativ ikkje lenger er i bruk. Lokale stadnamn gjev interessante opplysningar om dialektutviklinga, bl.a. om eldre uttale- og bøyingsmåtar av ord og om samansetjingsmåtar som ikkje lenger er produktive i målføret. Mange stadnamn inneheld elles ord som ikkje er funne i skriftlege tekster, og som difor ikkje er registrerte i ordbøker, men som kan rekonstruerast. Dette vil særleg gjelda for dei eldste namna, for kjennskapen til ord i den før- norrøne perioden er avgrensa. Men det gjeld òg for yngre språkperiodar. I dette innlegget vil det bli presentert nokre dialektgrenser som synest kunna trekkjast på grunnlag av stadnamn som er registrerte frå Sørvest-Noreg. Diskusjonen vil bl.a. omfatta grenser som vik av i høve til noverande målføregrenser, grenser som er avvikande i høve til framstillinga i tradisjonell målførelitteratur, og grenser som ikkje er tekne med i denne litteraturen. Nokre målmerke som det kan vera aktuelt å sjå nærare på, er nemnde nedanfor.

2 Nokre isoglossar i Sørvest-Noreg 2.1 Avhogne endingar i bunden form fleirtal: -an , -en og -adn , -edn Ei dialektgrense i Rogaland som synest kunna trekkjast med utgangspunkt i registrerte stadnamn, gjeld avhogne endingar i bunden form fleirtal. Av innsamla namnemateriale går det fram at Dalane – med unntak av Bjerkreim – har apokoperte former -an og -en , medan ein nord for denne grensa finn fulle former: -ane og -ene . Den søre snippen av Jær-kommunen Hå går saman med Dalane. Denne grensa held fram i grannefylket Vest-, der ein finn fulle former i Øvre , men avhogne former i tidlegare og Bakke (Særheim 1992: 37). Det meste av Ryfylke og Nord-Rogaland har differensiert konsonantgruppe i endinga, -adn(e) og -edn(e) , med unntak av Kvitsøy, Rennesøy, Forsand og den søre delen av kommunane Finnøy og Strand, som på dette punktet synest gå saman med Jær-kommunane. I området med differensiert konsonantgruppe, ser dei fulle formene -adne og -edne ut til å vera nytta i den vestre halvdelen (Utsira, Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, den vestlege delen av Vindafjord, dessutan Sjernarøy). Avhogne former er registrerte frå Sauda, Suldal, Hjelmeland, den austre delen av Vindafjord og Finnøy og den nordaustre delen av Strand.

2.2 lang /lång Runding av a framom ng , t.d. i ord som lang adj. og mange adv., er i dag eit skilje mellom dialektane i Ryfylke og Nord-Rogaland, som har ång -uttale, og målføra i Sør-Rogaland (medrekna Forsand), som har -ang . Men uttalemåtar som /"långå:ger/ av namnet Langåger og /"långho:d,l/ av Langhol(en) , som er registrerte fleire stader på Jæren, bl.a. i Klepp, kan tyda på at runding av a-en framom ng tidlegare også har vore vanleg på Jæren. Grensa for dette fenomenet synest ha flytta seg nordover (Særheim 1980: 39 f.). Ved å granska stadnamn som er registrerte frå Sør-Rogaland, vil ein venteleg få indikasjonar om den tidlegare utbreiinga. På Jæren finn ein også namn som Longemyr /"långemy:r/ og Longeflu /"långeflu:/, men der kan førsteleddet forklarast ut frå ei norrøn form med o med kvist: *L†ngu-.

2.3 Kløyvd hokjønn Namnetilfang som er registrert frå Vest-Karmøy tyder på at delt hokjønnsbøying tidlegare har hatt større utbreiing i dette området enn det som går fram av målførekarta til Hallfrid Christiansen (1969) og andre, jf. Særheim 2011: 111 f. Det er t.d. registrert namn med e-ending i bunden form av sterke substantiv og å-ending i dei svake så langt sør som på Sandve, eit mønster som ein finn frå Veavågen i nord til Sandve i sør, dvs. i soknene Åkra og Ferkingstad. På Nordvest-Karmøy (i Torvastad), dessutan på Utsira og Røvær, og på gardane Vikse, Hagland og Førland i Haugesund (tidlegare Skåre) finn ein -e i sterke substantiv og -o i dei svake. Eit område som tidlegare høyrde til Avaldsnes herad, og som skjer seg inn mellom det sørlege og det nordlege området på Vest- Karmøy, har -å i båe ordgruppene, som resten av Avaldsnes. Her er det såleis samanfall mellom målføregrenser og soknegrenser. Heller ikkje for Sirdal (Vest-Agder) stemmer grensene for kløyvd hokjønnsbøying hjå Christiansen (op.cit.) og dei som byggjer på henne, med det som ein finn i dagens dialekt og i stadnamntilfang frå kommunen (Særheim 1992: 30). Ifølgje karta hennar skal det vera lik form i sterke og svake hokjønnsord i tidlegare Tonstad herad og ulike former i Øvre Sirdal. Men av stadnamna og av noverande sirdalsmål går det klart fram at det er kløyvd hokjønn også i tidlegare Tonstad herad. Heilt sør i noverande Sirdal kommune, i det området som tidlegare høyrde til Bakke herad, finn ein lik form i svake og sterke hokjønnsord.

2.4 p, t, k > b, d, g Eit fjerde målmerke som kan nemnast i denne samanhengen, er utviklinga av p, t, k til b, d, g etter lang og lengd vokal. Etter å ha granska ei ordsamling frå Råbyggjelag frå sist på 1600-talet peikar Hannaas (1911: IV) på at dette fenomenet tidlegare har hatt større utbreiing. Han byggjer på ymse ordformer i ordsamlinga, dessutan på eksisterande uttale av stadnamn, som Mygglebosta og Veggusdal , i eit område som i 1911 (og i dag) har ustemde konsonantar. I bygdene nordanfor vert slike namn uttala med ustemd konsonant: Myklebosta , Vekusdal . Etter å ha gått gjennom skulebarninnsamlinga av stadnamn frå 1930-åra frå dette området sluttar Haslum (2004) seg til konklusjonen til Hannaas. Haslum meiner at det sørnorske området med stemde konsonantar var større på 1600-talet enn i dag; grensa gjekk lenger inne i landet og lenger mot aust i Aust-Agder. Skulebarninnsamlinga av stadnamn i 1930-åra er såleis ei viktig språkhistorisk kjelde. Som kjent er grensa for b, d, g for p, t, k i endring også no for tida, bl.a. på Sør-Karmøy, der ustemde konsonantar vinn fram. Dette kan ein sjå om ein jamfører Thorsons (1929: 120) grense for dette fenomenet med utbreiinga i dag (jf. òg Sandvik 1979: 61 f.).

Litteratur Christiansen, Hallfrid. 1969. Norske Målførekart . [Oslo]. Hannaas, Torleiv. 1911. Ordsamling fraa Robyggjelaget fraa slutten av 1600-talet . Ældre norske sprogminder 2. Utg. ved Torleiv Hannaas. Kristiania. Haslum, Vidar. 2004. Bløte konsonanter. Maal og Minne . 148–60. Sandvik, Olav Hetland. 1979. Talemål i Rogaland – i går, i dag og i morgon . Rogalandsforskning. Særheim, Inge 1980. Stadnamn i Klepp . Rogalandsforskning. ― 1992. Sirdal – namn og stader . 1. Tonstad ― 2011. Nokre kjelder som gjev opplysningar om sørvestlandsk mål i eldre nynorsk tid. I: Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525–1814). H. Sandøy & E.H. Jahr, red. 108–123. Oslo. Thorson, Per. 1929. Målet i Nordaust-Ryfylke . Oslo.