Årsmelding Il Hødd Fotball 2016
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
ÅRSMELDING IL HØDD FOTBALL 2016 Innhald 1. Årsmelding frå styret ....................................................................................................................... 3 2. Årsmelding frå administrasjonen .................................................................................................... 6 3. Årsmelding A-laget ....................................................................................................................... 12 4. Årsmelding Rekrutt ....................................................................................................................... 15 5. Årsmelding Damelaget .................................................................................................................. 18 6. Årsmelding Hødd United .............................................................................................................. 20 7. Årsmelding G19 ............................................................................................................................ 21 8. Årsmelding J16 .............................................................................................................................. 22 9. Årsmelding G16-1 ......................................................................................................................... 23 10. Årsmelding G16-2 ..................................................................................................................... 24 11. Årsmelding J14 .......................................................................................................................... 25 12. Årsmelding G14/13 ................................................................................................................... 26 13. Årsmelding J13 .......................................................................................................................... 27 14. Årsmelding J12 .......................................................................................................................... 28 15. Årsmelding G12 ........................................................................................................................ 29 16. Årsmelding J11 .......................................................................................................................... 30 17. Årsmelding G11 ........................................................................................................................ 31 18. Årsmelding J10 .......................................................................................................................... 32 19. Årsmelding G10 ........................................................................................................................ 33 20. Årsmelding J09 .......................................................................................................................... 34 21. Årsmelding G09 ........................................................................................................................ 35 22. Årsmelding J08 .......................................................................................................................... 36 23. Årsmelding G08 ........................................................................................................................ 37 24. Årsmelding J07 .......................................................................................................................... 38 25. Årsmelding G07 ........................................................................................................................ 39 26. Årsmelding J06 .......................................................................................................................... 40 27. Årsmelding G06 ........................................................................................................................ 41 28. Årsmelding Team Søre .............................................................................................................. 42 29. Tabellar 2016 ............................................................................................................................. 45 30. Adelskalendar Hødd A-lag ........................................................................................................ 48 31. Adelskalendar Hødd2 ................................................................................................................ 59 32. Hødd sine målskorar i serie og cup sidan 1950 ......................................................................... 65 33. Hødds toppskårarar frå 1951 og utover ..................................................................................... 70 34. Plasseringar i serie og cup ......................................................................................................... 72 35. Tilskodargjennomsnitt for Hødd ............................................................................................... 74 36. Trenarar for Hødd etter siste verdskrig ..................................................................................... 75 37. Representasjon Aktive 2016 ...................................................................................................... 76 38. Heidersteikn 2016-sesongen ...................................................................................................... 78 2 1. Årsmelding frå styret FOTBALLSTYRET 2016: Bård Dalen Leiar Jogeir Romestrand Nestleiar Per Ivar Roald Medlem Arne Heltne Medlem Ingebjørg Rønning Medlem Anne Holstad Medlem Hødd Fotball har vokse og vorte ein stor organisasjon i fotballsamanheng. I tillegg til dei tilsette har vi 235 frivillige som alle i lag utgjer den viktigaste ressursen i Hødd. Styret sitt arbeid må i stor grad vere retta mot å nytte denne ressursen på ein best muleg måte. Anlegg og økonomi ligg godt til rette – sporten må prioriterast. Alt dette må arbeidast med på ein måte som opprettheld og styrkar klubben sitt omdømme. I 2016 har styret handsama 42 saker på 8 styremøter og i tillegg er epost flittig brukt for å avklare enkeltsaker. Styret er godt samansett mht kompetanse og likestilling. Samarbeidet og oppmøte i styret har vore godt. Styret har hatt fellessamling med alle tilsette i administrasjonen. Tema i denne samlinga var strategi og handlingsplanar, og har gjort at ein har samla seg om dei områda som har vorte priortert. I tillegg til styremøte har representantar frå styret delteke på møte i regi av NFF, NTF og krets - og i møter med samarbeidspartnarar. Styret er godt nøgd med gjennomføring av arbeidet og samarbeidet med administrasjonen, og takkar for at dei står på både i høve utvikling av klubben og dagleg drift. Administrasjonen arbeider og godt opp mot andre organisasjonsledd og samarbeidspartnarar, og gjer med det eit viktig arbeid for å oppretthalde Hødd sitt gode omdømme. OBOS Skjette året i OBOS etter at vi rykte opp i 2010 skulle verte av det vanskelege slaget. Vi starta med eit nytt trenarteam og ein etter vår vurdering sterk stall. Trenarteam, stallen og styret meinte vi skulle kjempe i toppen av divisjonen. Ettersom kampane gjekk vart prestasjonane dårlegare og tilliten til hovudtrenar Hans Erik Eriksen forsvant. Steinar Lein tok over og vi fekk ei god periode der det såg ut som vi var på veg ut av uføret. Så fekk vi ei svært dårleg avslutning på sesongen, med fleire matchballar som vi ikkje greidde å vinne – og nedrykket var eit faktum. Ein skuffande sesong der vi enda langt frå målsettinga. Årsakene er nok samansette, og det har vore godt å sjå at evaluering og arbeid med ny sesong har kome godt i gong. Fokus må vere framover – og plan for retur til OBOS er særs viktig for heile klubben. Så må ein som alltid lære av det ein gjer rett og feil. SPELARUTVIKLING Det vert stadig arbeidd betre i klubben sine eigne lag, kvalitet frå fyrste trening som 6 åring - og framover er det som på sikt gjer at vi også får fram spelarar som vil kunne nå langt. Også i år har det vore fokus på kursing og oppfølging av trenarar- noko som er særs viktig. Samarbeid med fotballkretsen og klubbane rundt i Team Søre er ein basis for spelarutvikling i klubben sitt nærområde og «landslagsskulen» er no implementert. Spennande er det og at vi som einaste OBOS klubb har fått eit samarbeid med Norsk Toppfotballsenter for å kunne vidareutvikle sporten i Hødd! Her vil Høddskulen, spelestil, spelarlogistikk, satsingsspelarar og samansetting av A-stall vere sentrale element i det å utvikle fotballen vidare – slik at Hødd igjen kjem tilbake i 3 toppfotballen med ei god lokal forankring. At vi t.d. har ein Elias Flø som spelar fast på aldersbestemt landslag viser at det er kvalitetar mellom dei unge Høddgutane! STOR BREDDE Hødd er med sine 52 lag ein av største klubbane på Sunnmøre. Med god hjelp frå administrasjonen gjer mange på fritida ein stor innsats for at trening og kampar skal gå sin gong året igjennom – takk til alle dei! Barne- og ungdomsfotballen i Hødd er viktig, og det er stor aksept på det frå våre samarbeidspartnarar både i det offentlege og i næringslivet. Hødd si fotballfritidsordning fungerer godt, og det vert arbeidd med den for å kunne utvikle den vidare. Det vert viktig at Hødd framleis gjev eit godt breiddetilbod, og at så mange som råd spelar fotball så lenge som mogeleg. Tare Cup er ein fast tradisjon, og har i fleire år på rad vore den største fotballturneringa på nordvestlandet. Turneringa har stadig vorte betre, og vart i år gjennomført på ein glimrande måte - og er etablert som ei populær turnering. Klubben