REGIONALAVDELINGA Seksjon for plan - REG AVD

VOSS KOMMUNE Dato:02.05.2018 Postboks 145 Vår ref.: 2018/8643-4 5701 Saksbehandlar: liztoll Dykkar ref.:

Fråsegn til planprogram og varsel om oppstart av ny sentrumsplan Vossevangen - Voss kommune

Vi viser til brev datert 14.03.2018 om oppstart av arbeid med områderegulering for Vossevangen med planprogram. Hovudføremålet med reguleringa er å legge til rette for eit levande og attraktivt regionssenter, med fleire bustadar, offentlige tenester og handel på ein måte som sikrar berekraftig utvikling. Føremålet er i hovudsak i samsvar med kommuneplan der området er sett av til sentrumsformål.

Hordaland fylkeskommune vurderer planprogrammet og oppstartsmeldinga ut i frå fylkeskommunens sektoransvar og målsettingar i regionale planar.

Vurdering og innspel

Planfaglege merknader Planprogrammet er gjennomarbeidd. Det har ei tydleg kopling til overordna styringsdokument som kommuneplan, regionale planar og nasjonale retningsliner. Planprogrammet er konkret med ein god struktur og tydelege formuleringar av kva utfordringar kommunen har, og kva målsetjingar som er lagt for planarbeidet. Innleiinga om utfordringar med kommunesamanslåing og moglegheiter med ny infrastruktur som vil knyte Voss tettare til er beskrivande og kan gje eit godt grunnlag for engasjement og medverknad: Fylkeskommunen stillar seg bak måla 1; legge til rette for eit levande og attraktivt regionsenter, 2; utvikle eit sentrum kor det er godt å leve, bu arbeide og besøke og 3; ei berekraftig utvikling.

Planavgrensinga er tydeleg og tilpassa målsetjingane for planarbeidet, med ein radius på om lag 10 minuttars gonge frå kyrka på Vangen til ytterkantane. Planprogrammet synar at sentrumsplanen skal erstatte nokre planar, andre vil bli innlemma i ny plan og nokre detaljreguleringsplanar vil framleis gjelde. Vi har tro på at planen bør følgjas opp av eit strategisk dokument som definerer rekkjefølgje for utvikling av områder og tiltak i sentrum. Det er nemnd at vidare arbeid med til døme byrom skal kunne løysast ved byggsaksbehandling. Vi rår til at anlegg og bygningar som ikkje skal behandlast gjennom ein detaljplan vert grundig detaljert, og med kvalitetskrav, i områdeplanen. Gjennom dette vil kommunen få eit godt plangrunnlag for ei heilskapleg og føreseieleg vidare utvikling av det framtidige kommunesenteret.

Konsekvensutgreiing Kommunen har vurdert at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU). Vi stiller spørsmål ved formuleringa i planprogrammet under punkt 6. – utgreiingar: Det vil ikkje leggast til rette for nye tiltak eller vesentlege endringar / utvikingar av tiltak som nemnt i forskriftens vedlegg I og II, utan at det vert stilt krav Side 2/7 om vidare detaljregulering. Samstundes opnar målsetningane under pk 2 kor målsetningane for tilrettelegging for både bustader og areal til handel og næringsliv.

Om det planleggast for til dømes næringsbygg, bygg for offentleg eller privat tenesteyting og bygg til allmennyttige formål med et bruksareal på meir enn 15 000 m2, vil krav til KU verte utløyst, jf. Forskrift om konsekvensutredning, vedlegg I pk. 24), eller om det planleggast for tiltak som faller inn under vedlegg II pk. 10b): Utviklingsprosjekter for by- og tettstedsområder, inkludert kjøpesentre og parkeringsanlegg, og 11j) Næringsbygg, herunder kjøpesentre som ikke inngår i pkt. 10 b, bygg for offentlig eller privat tjenesteyting og bygg til allmennyttige formål.

Områdeplan for Vossevangen vil gje nye rammer for busetnad i eit område med høg antikvarisk verdi (deler av området ligger på Riksantikvarens NB-liste), og ny busetnad vil måtte handtere andre viktige problemstillingar som til dømes flaum. I arbeidet med områdeplanen kjem ein vanskeleg utanom KU- vurderingar om hensikta med arbeidet er å sjå på Vossevangen som eit utviklingsområde og ein vil vurdera dei ulike delane i samanheng med kvarandre. KU gjennomførast normalt på øvste plannivå, slik at kommunen kan ta kunnskapsbaserte valg om ønska utvikling, og samtidig auke gjennomføringskrafta til planen då utgreiingskostnadane ikkje vert skyvd over til den enkelte grunneigar/utviklar på neste nivå.

Medverking Når det gjeld involvering og medverknad har kommunen skildra ei open og inviterande haldning. Dette er positivt og vil kunne gje erfaringsbasert kunnskap om korleis området fungerer i dag, samt visjonar for framtida. For å lukkast med planarbeidet, og ikkje minst med gjennomføringa av planen er det viktig at dei ulike aktørar og interessentar vert aktivt involvert, og i størst mogeleg grad identifiserer seg med måla i planen og med løysingane. Vi rår til at kommunen legg større vekt på å aktivt involvera dei ulike interessentar og aktørar. Det bør i planprosessen lagast eit program for aktiv involvering, og kommunen bør setja av ressursar til gjennomføringa av dette. Ulike delar av den kommunale organisasjonen kan involverast, gjerne saman med relevante eksterne etatar og aktørar.

Representantar frå fylkeskommunen har ved fleire høve deltatt på verksteder knytt til senterplanen, og vi rådgir gjerne i den vidare prosessen. Vi ser at dei lokale næringsdrivande er trekt med på ein god måte i arbeidet med DIVE-analysa, men trur planen vil styrkast gjennom ein enda sterkare forankring i sivilsamfunnet. For å få med ungdommar, framandkulturelle og born, må ein gjerne ta i bruk utradisjonelle metodar for medverking. Sjå korleis Lindås kommune mellom anna inviterte til gjestebod i arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel i Line Thuen Waages (Lindås kommune) presentasjon her... Sjå og KMD sin rettleiar Medvirkning i planlegging for gode innspel til korleis involvere innbyggarar i planlegging her...

Tettstads- og sentrumsutvikling Planprogrammet har ei god kopling mot kommuneplanen og mot Regional plan for attraktive senter i - Senterplanen. Planprogrammet er noko vagt når det gjeld omfang av framtidig busetting, anna enn at det skal søkast å fortette på ein måte som vidarefører dagens kvaliteter og «bygde»identitet. Det pågåande arbeidet med DIVE-analysa vil avdekke område med potensial for fortetting og område som er meir sårbare for ny busetnad.

Regional plan for attraktive senter definerer mål og strategiar for ein langsiktig senterstruktur i Hordaland og gjer greie for korleis ein gjennom god planlegging kan bidra til å skape attraktive sentrumsområde. Det overordna målet for sentera er at dei skal utformast slik at dei er attraktive å vere, bu og drive næring i. Dette er presisert i følgjande delmål:

• Sentrum skal ha god balanse mellom handel, private og offentlege tenester, kulturtilbod og bustader • Sentrumsområdet skal vere tett utbygd innanfor ein gangbar kjerne • Sentrumsutvikling skal byggje på stadens historie, særpreg og landskapstrekk • Sentrum skal ha høg arkitektonisk kvalitet og inkluderande møteplassar

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [5201 06 74239] 5020 Bergen www.hordaland.no Side 3/7

• Sentrum skal ha gode parkar, leikeplassar og allment tilgjengeleg areal for fysisk aktivitet

Sentrum skal ha god balanse mellom handel, private og offentlege tenester, kulturtilbod og bustader Områdeplanen bør presisere fordelinga mellom bustader, forretning og tenesteyting/kontor innan sentrumsformåla. Føresegnene bør vere styrande og stille krav om publikumsaktive formål på bakkeplanet der kor ein planlegg for detaljhandel og publikumsretta tenester og servering. På mindre plassar bør det være tydelig definert kor ein planlegg for dette, innanfor eit avgrensa område slik at ein sikrar gjennomføring. Det er eit godt urbant prinsipp å sørge for aktive første etasjar, men likevel gje opning for ulike typar næringar som kan ta plass her slik at ein sikrar ein viss fleksibilitet. For å gje større rom for fleksibilitet i bruk kan ein vurdere om det er tilstrekkelig å stille krav om at sokkeletasjane skal tilretteleggjast slik at dei kan utnyttast både til bustad og næring (til dømes med min. 4 meters etasjehøgde).

Sentrumsområdet skal vere tett utbygd innanfor ein gangbar kjerne Fleire forhold påverkar kor attraktivt det er å gå eller sykle i urbane strøk, kontra det å køyre bil internt i området . Planprogrammet syner ei forståing om betydinga av ein småskala gateromsstruktur med eit finmaska nettverk for mjuke trafikantar, tettheit av uteopphaldsareal og møteplassar og høg grad av publikumsaktivitet, som gode grep som bidrar til berekraftig framtidsretta stadsutvikling og på mindre stadar. Kvartalslengda er ei avgjerande faktor, og ein opererer ofte med 50-70 meter som maksimalgrenser, avhengig av aktivitet og tettheit på dørar i fasadane. Likeeins er det viktig med tettheit av inngangar frå gateplan og transparente fasadar, særleg i dei den første høgda.

Nye bustadområde i sentrum Planprogrammet nemner i liten grad bustadbygging. Fylkeskommunen vil oppmode om at det vert satsa på etablering av fleire bustadar innanfor planområdet med en variasjon i typologi og storleiker, då fleire bustader i sentrum vil bidra til økt liv på Vossevangen gjennom døgnet og året. Å kombinere ulike formål og samstundes skape stabile, gode bumiljø stiller store krav til utforminga av dei bygde strukturane, som skal fylle rolla både som eit handels- og sentrumsområde og som nærmiljø for eit stort og bredt utval bustader. Det vil framleis vere behov for fellesareal reservert bebuarane (på tak eller bakkeplan) då behovet for uteopphald ikkje berre kan dekkast gjennom parkar, torg og anna offentleg grøntareal.

Manglande tilgang til felles, halvprivate uterom som er trygge, funksjonelle og lett tilgjengelige, karakteriserer mange nye bustadområde i sentrumsområde. Nyare studiar på bumiljø i den tette byen visar at uteopphald og fortetting ofte er motstridande omsyn, og at dette er ein av dei største utfordringane knytt til bokvalitet og sosial berekraft i urbaniseringa av små og store stader. Offentlege område kan ikkje i fullt mon dekke dei behova som halvprivate og private areal kan fylle. Ein treng å innarbeide krav om at heile spekteret av uterom skal dekkast, og i tillegg stille tydelege kvalitets- og funksjonskrav. Dei same studiane viser at bumiljø i motsett fall fort vert ein salderingspost, med negative konsekvensar for bebuarane i områda. Brukarundersøkinga Rural Urbanitet vil kunne gje gode pekepinn på kva som fungerer på Voss, og korleis vidareutvikle eksisterande og nye byrom.

Sjå fleire føringar for planprosess og arealbruk i Regional plan for attraktive senter under punkt 2.3 – retningsliner.

Arkitektur og estetikk Omgjevnader med høg estetisk eller arkitektonisk verdi påverkar menneska som oppheld seg der og kan verke inspirerande og fremje trivsel i kvardagen. Kvalitet i bustadområde er meir utfordrande i sentrum enn elles, og sentrumsområdet må vurderast nøye med omsyn til lys, vind, støy og forureining, og krav til kvalitet bør nedfellast i føresegna til planen.

Næringsutvikling, handel og handelsanalyse Det er positivt at næring og handel skal vere eit eige utgreiingstema i planarbeidet. I tillegg synar planprogrammet ei medvite kring berekraftig utvikling og den grøne omstillinga.

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [5201 06 74239] 5020 Bergen www.hordaland.no Side 4/7

Det går fram at sentrumsplanen skal bygge opp under eit Vossevangen med eit mangfald av funksjonar og tilbod, både for befolkninga og tilreisande. Behova og «trykket» vil svinge gjennom året, slik at det er viktig å sikre fleirbruksareal/aktivitetsområder som appellerer til eit mangfald av brukargrupper. Eit godt moment i planprogrammet er fokuset på korleis staden kan utvikla seg på ein måte som oppmodar til meir og betre opphald i sentrum (gjennom dagen og året), og gje eit meir «levande» sentrum som kan styrke trivnad og kundegrunnlag for næringsdrivande.

Handelsmønstra har endra seg dei siste 20 åra, og på mange stader tømmast historiske sentrum for butikkar og liv, til fordel for «big boxes» og kjøpesenteretablering i randsona eller langt utanfor. Voss har og utfordringar med at Vossevangen har verte svekka som eit økonomisk senter dei seinare åra, og med det har mykje av «bymylderet» levande butikkar stimulerer til svunne hen, eller står i fare for å gjere det. Næringsareal for større handelskonsept bør derfor og finne plass innanfor planområdet, for å støtte opp under rollen som regionalt senter, og for å gje «drahjelp» til lokal næringsverksemd på Vangen. Men med krav om tilpassing til eksisterande bystruktur og kvalitetskrav til utforming, slik at sentrum vert tilført eit gode både på innhald og visuelt uttrykk.

Dei regionale føresegnene i Senterplanen erstattar Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre frå 2008. Ved etablering av samla handelsareal (BRA) på over 3000m2 i eit bygg, skal fylkeskommunen ta stilling til om tiltak kan gjennomførast gjennom samtykkehandsaming, jf § 4.1 i Regional plan for attraktive senter. I forkant skal det verte utarbeida ei handelsanalyse som skal sikre at sakar som gjeld ny handelsetablering blir tilstrekkelig opplyst før ein tar ei avgjerd, jf § 4.2. , i tråd med regional føresegn og fylkeskommunen si mal for handelsanalyse.

Handelsanalysa for Vossevangen bør syne ei berekning eller sette tak på kor mange m2 handelsareal som kan etablerast, som kan erstatte behov for samtykkehandsaming i kvar enkelt byggjesak eller detaljplan over 3000m2. Det er ein fordel å planlegge dette på områdeplannivå, då det skaper føreseie for utbyggarane. Fylkeskommunen held p.t. på å utarbeide ein mal for handelsanalyse, og vil i løpet av våren 2018 gjera denne tilgjengelig på nettsida til planseksjonen i Hordaland.no. Vi ber om at det vert sendt samtykkesøknad med grunnlag i handelsanalysen i samband med områdeplanen dersom det planleggast for handel over 3000m2.

Samferdsel Voss kommune har i planprogrammet lagt stor vekt på å legge til rette for gange og sykkel for å sikre eit sentrumsområde som ikkje er dominert av biltrafikk. Dette er positivt og i tråd med nasjonale og regionale retningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Det er i by- og tettstadsområder og rundt kollektivknutepunkter det i særleg grad skal leggast vekt på høy arealutnytting, fortetting og transformasjon, samt andre transportformer enn bil. Voss stasjon er eit viktig kollektivknutepunkt i kommunen, og utbetring av jernbanetilknytinga til Bergen gir store moglegheiter for den vidare utviklinga av Voss. Fokuset på tilrettelegging for mjuke trafikantar stør og opp under delmålet «Berekraftig bygd».

I områdeplanen vil viktige avklaringar vere kor ein skal prioriter dei ulike trafikantgruppene. Kor skal det vere bilparkering, kor skal ein legge sykkeltraséar og kor skal forgjengarane vere prioritert? I tillegg må det takast omsyn til kollektivtransport gjennom sentrum. Fylkeskommunen legg til grunn at trafikktryggleik er med i utviklinga av gode løysingar for dei ulike trafikantgruppene.

Parkering Eit urbant bymiljø heng saman med kva parkeringspolitikk og løysingar som er gjeldande, og parkering er nemnd som eit eige punkt i planprogrammet. Områdeplanen bør ta opp i seg ulike parkeringsløysingar som gjev naudsynt tilgjenge for næringsliv og kundar, men framkomme til mjuke trafikantar skal prioriterast, samt skal alternativ til overflateparkering utgreiast då dette er vanskeleg å foreina med utviklinga av kompakte og attraktive tettstader. Parkeringsprinsipp vert løyst best i ein overordna plan som Voss kommune no legg opp

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [5201 06 74239] 5020 Bergen www.hordaland.no Side 5/7 til for Vossevangen, og ikkje vert overlate til den enkelte grunneiar/utviklar å definere. Ei trafikkanalyse som syner intern- og lokaltrafikk, kan vere eit godt reiskap i prosessen. Sjå korleis Bø kommune har avgrensa intern- og lokaltrafikken, auka andelen som går og syklar, og gjort Bø sentrum meir attraktivt gjennom etablering av «Bygdepakke Bø og Sauherad» og «Sykkelbyda Bø» på kommunens eigne heimsider http://www.bo.kommune.no/tenester/plan-miljo-og-utvikling/utviklingsprosjekt/bygdepakke-bo/

Barn og unges interesser Planprogrammet har tydeleg fokus og målsetjingar for å få til gode gang- og sykkelvegar til barnehage, skular og idrettsanlegg m.m., og til gode og attraktive aktivitetsområde. Det er lagt vekt på at områdeplanen skal legge til rette for fortsatt drift av og utviing av skole og barnehagar, som vil vere viktige moment på vegen til 10-minuttersbyen. Vi rår til at det og vert fokus på at Vossevangen i framtida tilbyr varierte tilbod for born og unge både innom- og utomhus, då dei kan vere viktige aktørar i bylivet og kunne ha ei fullverdig fritidstilbod i sitt nærområde.

Fylkeskommunen har for kort tid sia ferdigstilt 2 nye skular på Voss, og med ny regioninndeling vil det og vere naturleg å knyte seg mot Vik. Aurland, Lærdal og Årdal i tillegg til mot . Voss gymnas har gjeve utrykk for at det er viktig å sikre tilkomst til bygget, og spesifisert at krysset i Uttrågata er utfordrande med tidvis kødanning. Skolen har og ytra uro for etablering av nye høghus på Vangen, om dei svekkar skulens posisjon som sentralt element på Vangen. Vidare framheve dei rekreasjonsområdet i Prestegardsmoen som viktig for skulen sine elevar.

Folkehelse og nærfriluftsliv Det er positivt at planprogrammet vektlegg det sosiale berekraftaspektet, og har fokus på å sikre ei utvikling som bygger ned dei sosiale skiljelinene. God psykisk helse heng gjerne saman med fysisk velvere og aktivitet, og Voss har særs gode naturlege føresetnadar for eit aktivt liv på «urbane» Vangen. Arrangement som til døme festivalane Vossajazz og Ekstremsportveko bidreg til å endre forståelsen av korleis urbane rom kan vere og kva vi kan gjere der; korleis kan byromma både romme kontemplasjon, møte og nokre gongar utfordringar?

Dei seinare år har kommunen og vore aktive i å styrke Vangen si attraktivitet, gjennom etablering av miljøgate i Vangsgata, oppgradering av Sverres plass, midlertidig skeisebane framfor Tinghuset, aktivitetsarena ved , nytt badeanlegg, sykkelplan, etc. I tillegg gjer regionale og internasjonale arrangement som Voss cup og Ekstremsportveko sitt til at (Ekstrem)sportbygda Voss gjer seg gjeldande som bumerket ved bygda. Planarbeidet bør støtte opp under desse kvalitetane og vidareutvikle Vangen og Prestegardsmoen til å bli innbydande til å bevege seg, til opphalde ute, og for eit mangfald av ulike deltakarar og aldersgrupper, uavhengig av funksjonsnivå og sosial status.

Klima og energi Regional klimaplan inngår som ei regionale føring, og måla i denne planen bør leggjast til grunn for planarbeidet. Fortettingsstrategien og fokuset på å leggja til rette for gange og sykkelbruk i planprogrammet er positive grep.

Kulturminne og kulturmiljø Voss kommune har starta opp arbeid med revidering av kulturminneplan for Voss. Parallelt med planarbeid er dei i gong med ei kulturhistorisk stadanalyse (DIVE) av Vossevangen. DIVE-analysen er ein måte å dokumentere, framheve og vurdere viktige kulturminne og kulturmiljø innafor planområdet. Hordaland fylkeskommune ber om at eventuelle kulturminneinteresser innafor planområde vert omtalt, verneverdiane vurdert og teken omsyn til i det vidare planarbeidet.

På Vossevangen finst det fleire kulturminne og kulturmiljø av høg verdi. Delar av Vossevangen er ført opp på Riksantikvaren sitt NB!-register over byar med kulturhistoriske bymiljø av nasjonal interesse. På Voss er desse interessene knytt til tettstadstrukturen og byplanen med byrom. Byplanen over Vangen er basert på

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [5201 06 74239] 5020 Bergen www.hordaland.no Side 6/7

”Brente Steders Regulering”. By- og bygningsstrukturane i sentrum har både bygningar frå før 2. verdskrig og arkitektur etter krigen av nasjonal interesse. Korleis utstrekning av NB!-område på Vossevangen skal vere, bør takast opp i planarbeidet og DIVE-analysen i dialog med Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren.

Fleire bygg og kulturmiljø er regulert til vern eller vist som omsynssone. Det er viktig at omsynssonene vert vidareført i planarbeid og i områdeplanen. Busetnad kring jernbanestasjon med toghallen og Lekvemoen er eksemplar på viktig kulturmiljø å sikre. Arkitekturen som vart bygd rett etter krigen er ein karakteristisk og lågmælt arkitektur som underordnar seg landskapet. Samspelet og siktlinjer mellom bygningsmassen på Vangen vil difor være viktig i det vidare arbeidet.

Forholdet mellom den bevaringsverdige bygningsmassen og utviklinga av sentrum er heilt sentrale tema som må sjåast i samanheng. Dei framlagte planane må ikkje redusere opplevinga av det einskilde kulturminne og det samla kulturmiljøet. Volum og høgde på den samla nye bygningsmassen må tilpassast .

Nær- og fjernverknad av utbyggingsområde til landskapsrommet og til eksisterande bygg i omgjevnadene må bli vurdert og teken omsyn til. Dei nye bygga må få proporsjonar som fungerer i samsvar med omgjevnad og landskapsrom. Skalaen i eksisterande bygningsmiljø, når det gjeld høgde og bygningsvolum bør vidareførast. Planarbeid må sikre føresegner for utnyttingsgrad, utforming og høgde som ikkje går ut over områdets karakter og viktig kulturmiljø. Kommunen bør ta vare på eksisteande strandsone som er ein vesentleg del av kulturmiljøet i sentrum. Utviding av planområdet mot aust bør vurderast for å kunne ta høgde for eventuelt utviding av sentrumsfunksjoner ved kjøpesenteret «Amfi».

Omsynssoner kulturmiljø Freda kulturminne, som Voss kyrkje med mellomalder kyrkjegard og lensmannssteinen Askeladden-id 85868, 126179, og steinkors id 25683 må visast i plankartet som omsynssone d), bandlagt etter kulturminnelova, jf. pbl § 11-8 d) og § 12-6 (sosi kode H730).

Eksisterande omsynssoner for kulturminne innafor plangrense må sikrast i planen og eventuelle nye område som kjem fram gjennom DIVE-analysen må leggast til. Omsynssone C jf. pbl. § 11-8 c) og § 12-6 (sosi kode H570) kan brukast for sikringssona til automatisk freda kulturminne og for å sikre viktig kulturmiljø både dei som alt er regulert til vern og dei som DIVE-analysen peiker på som viktig å ta vare på. Omsynssone d) og c) må ha føresegner som sikrar kulturminnet. Omsynssone d) og c) skal kombinerast med andre arealformål, som t.d. friluft og grønstruktur.

Potensial for funn av urørte automatisk freda kulturminner innafor planområdet er relativ låg.

Bergens Sjøfartsmuseum Museet har tidiligare gjort funn av ein båt og synketømmer innanfor det planlagde området. Desse blei vurdert som mindre viktige og den nordlege delen av planområdet blei anmoda frigitt for utfylling i rapport frå feltarbeid i 2002. Storparten av planområdet som ligg i vatn har ikkje vore undersøkt. Potensialet for verna eller automatisk freda kulturminne på botn av Vangsvatnet vurderar me for å være til stede.

Bergens Sjøfartsmuseum varslar at dei som vedkommande myndigheit etter føresegnene ved Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne, §§ 9 og 14, kjem til å krevje undersøkingar av om det kan være båtfunn eller andre kulturminne i vatn i tiltaksområdet når saka kjem på høyring. Etter Kulturminnelovens §§ 9 og 10 har tiltakshavar undersøkingsplikt, samt plikt til å dekke utgiftene til undersøkinga. Dei ber tiltakshavar om å ta direkte kontakt med Bergens Sjøfartsmuseum (Thomas Bjørkeland, marinarkeolog, 55549611 [email protected]) vedrørande gjennomføring av feltundersøkingane. Museet vil då først utarbeide eit budsjett for registreringane, som dei må ha godkjent før feltarbeidet kan gjennomførast.

Vi rår kommunen til å gå i dialog med kulturminnemynda for å synleggjere konfliktområda og om mogeleg finne løysingar som kan minske konfliktpotensialet før planen vert lagt fram til høyring.

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [5201 06 74239] 5020 Bergen www.hordaland.no Side 7/7

Oppsummering Hordaland fylkeskommune vurderer planprogrammet som eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å gjere Voss sentrum til eit attraktiv og levande regionsenter. Det blir lagt til rette for vekst i sentrum og tydelege føringar for overordna strukturer og ferdsel. Sentrum skal vere tett og ha gode samanhengande ferdselsårer der dei mjuke trafikantane er prioritert. Funksjonelle gang- og sykkelløysingar er avgjerande for om folk vel å la bilen stå, og dette er via brei merksemd. Idealet er «10-minutters byen», og dette gjer det svært viktig å fokusere på byrom og kva funksjoner som skal vere i dei ulike sentrumsgatene.

Fylkeskommunen meiner planen vil vere i behov for konsekvensutgreiing, og ber kommunen vurdere dette punktet på nytt.

Som kulturminnemynde krev Bergen Sjøfartsmuseum at det vert gjennomført undersøkingar med tanke på marine eller maritime kulturminne. Det vert tilrådd å ta tidleg kontakt med museet.

Vi vil ønskja lukke til med eit viktig og framtidsretta planarbeid, og bidreg gjerne vidare i prosessen om det er ønska.

Eva Katrine R. Taule fagleiar kommunal plan

Liz Eva Tøllefsen saksbehandlar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Saksbehandlar:

Liz Eva Tøllefsen, Seksjon for plan - REGIONALAVDELINGA

Gunhild Raddum, Transportplanseksjonen - SAMFERDSELSAVDELINGA

Elizabeth Warren, Fylkeskonservatoren - KULTUR OG IDRETTSAVDELINGA

Thomas Bjørkeland, Bergen Sjøfartsmuseum

Kopi til:

Statens vegvesen - Region Vest

Fylkesmannen i Hordaland

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 90 00 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. PB 7900 e-post: [email protected] Kontonr. [5201 06 74239] 5020 Bergen www.hordaland.no Fra: Mads Jansen Sendt: 10. april 2018 13:19 Til: Postmottak Voss kommune Emne: Voss kap - Foreløpig ingen bemerkninger til områdereguleringsplan for Vossevangen

Epost fra Opplysningsvesenets fond

Vår ref: 18/606 Deres ref:

Hei. Vi viser til mottatt oppstartsvarsel. Opplysningsvesenets fond har ingen bemerkninger til områdereguleringen på dette stadiet, men vi ber om varsling ved offentlig ettersyn og planvedtak.

Med vennlig hilsen Opplysningsvesenets fond

Mads Jansen arealforvalter

Adresse Epost /Web Post: Pb 535 Sentrum, 0105 [email protected] Besøk: Rådhusgata 1-3, Oslo www.ovf.no Telefon: 23 08 15 00

ArkivReferanse:#b56e98daf9f44138a1d04c29ee86ef352018000606#ACOS.WEBSAK#

Voss 23/4 2018

Frå: Stiftinga Bergsliminne ℅ Voss Folkemuseum Mølstervegen 143 5705 Voss

Til: Voss kommune Tekniske tenester v/planavdelinga Postboks 145 5701 Voss [email protected]

Merknad til Offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen planid 2018001

Viser til brev frå dykk dat. 20/3-18, ref.18/0075-7

Oppgåva til Stiftinga Bergsliminne er å vyrdsla om Bergslitræet, barndomsheim- en til kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien, og formidla deira og brorsonen Nils Bergsliens, kunst gjennom utstillingar og undervisning på staden til liks med andre minne etter Bergsliane på Voss.

Me er glade for planen og sluttar oss til føremåla med han slik dei vert målborne på s. 2: Det er viktig med eit levande, attraktivt sentrum med identitet og særpreg, der byggjehøgder og estetikk er viktig. - Så vonar me at dette ikkje berre vert vene ord - motkreftene er sterke.

Noko meir om Bergslitræet og Bergsliane. Brørne Knud (1827 - 1908) og Brynjulf (1830 - 1898) er fødde og oppvaksne her. Båe spela viktige roller i oppbygginga av den nye nasjonen Noreg. Knud med sine historiske målarstykke frå vikingtida og mellomalderen og dagsaktuelle tilburdar som kroninga av kong Oscar II i Nidarosdomen. I vår tid har biletet "Birkebeinarane på ski over fjellet med kongsbarnet" fått ny aktualitet med Birkebeinarrennet og fil- men om birkebeinarane. Biletstøttene til Brynjulf pryder hovudstaden. Mest kjend er ryttarstatuen av Carl Johan framfor Slottet. Carl Johan-statuen ser me alle saman på fjernsyn 17. mai. Bergslitræet er ein av tre husmannsplassar under Prestegarden langs Vosso i Prestegardsmoen. Bergslitræet ligg i midten mellom Hestabakken ovanfor og Skogly nærast Tintrabrui. Sistnemnde stad budde ferjemannen som ferja folk over Vosso og her var det kafé sommarsdagen. Dei tre husmannsplassane framstår i dag som tre grasgrodde glenner i skogen, fint stelte av Grøn etat i kommunen.

Av det ovannemnde skulle det gå fram at Bergslitræet med soga om dei to na- sjonsbyggjande husmannsønene både er bygdesoge og rikssoge, identitetsskap- ande både for Voss og Noreg.

Me reknar med at områdeplanen sikrar Bergslitræet og granneplassane mot skiplande inngrep også i framtida.

Også på Flat-Vangen er der minne om Bergslikunstnarane. I Bergsliparken står minnesmerket over dei tre; Knud, Brynjulf og brorson Nils. Det var Magnus Dage- som gjorde utkastet til minnesmerket. Tverrgata innom Bergsliparken heiter Bergsliplassen. (Sjå Gunstein Akselberg. Veg og gatenamnleksikon for Vossabygdi.) Ein kan nemna at både Kongsvinger og Oslo har kvar si Bergsliensgate. Bergsliplassen på Voss manglar gatenamnskilt. Eit slikt må det vera her. Me har også eit sterkt ynske om at parkeringsplassane langs vestsida av Bergsli- plassen vert fjerna. Parkerte bilar her skiplar innsynet mot Vangskyrkja og Bergsli- parken og veikjer opplevinga av desse kulturminna.

Konklusjon.

Denne gjennomgangen av minne knytta til dei tre Bergsliane og miljøet kringom dei skulle visa at her ligg noko av den identiteten og særhåtten som planutkastet ynskjer å ta vare på. Stiftinga Bergsliminne vonar at våre merknader vert tekne om- syn til.

I fall de som arbeider med planen treng fleire opplysningar eller de tykkjer noko er uklårt, står me til teneste med opplysningar eller gjerne ei synfaring. Vend dykk i så fall til:

Aslak L. Helleve Hangursvegen 11 5704 Voss tlf 56 51 91 28 e-adr [email protected]

For styret i Stiftinga Bergsliminne

Aslak L. Helleve sign skrivar og nestleiar

Sakshandsamar, telefon Vår dato Vår referanse Morten Sageidet, 5557 2057 23.04.2018 2018/3847 421.4 Dykkar dato Dykkar referanse 16.03.2018

Voss kommune Postboks 145 5701 Voss

Uttale til oppstartsmelding for områdeplan og sentrumsplan for Vossevangen

Vi viser til utsendt melding om oppstart i saka.

Voss kommune har meldt oppstart av sentrumsplan for Vossevangen. Planen skal utformast som ein områdeplan.

Fylkesmannen støttar forslaget til planprogram slik det ligg føre. Tematisk sett fangar planprogrammet i utgangspunktet opp den faglege breidda og dei utfordringar som er gjeldande for dette planarbeidet. Vi legg likevel til grunn at omsynet til Vossavassdraget, som nasjonalt laksevassdrag vert teke inn som ein del av temaet Natur – blå – grøn ressurs i planarbeidet, jf. Lov om laksefisk og innlandsfisk mv., §§ 1 og7.

Side 6 og 7 i planprogrammet viser elles dei overordna måla for planprogrammet. Vi vurderer at desse målformuleringane i dokumentet gir eit godt grunnlag for planarbeidet.

Planen har fått ei naturleg avgrensing. Vi vurderer det som positivt at planområdet har blitt relativt stort. Dette vil bidra til å planlegge for meir heilskaplege løysingar, og sjå dei store utfordringane for sentrumsområdet i ein større samanheng. At planprogrammet vektlegg felles byrom med gode møteplassar og legge til rette for meir liv i sentrum er ei god tilnærming til planarbeidet.

Fylkesmannen er innstilt på å medverke i planarbeidet ved behov og ønskjer lukke til med utarbeidinga av planen.

Med helsing

Egil Hauge Morten Sageidet fagdirektør seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Kopi til:

Fylkesmannen i Hordaland Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding

Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Telefon: 55 57 20 00 Org.nr: 974760665 Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen

2 Fra: Thomas Bjørkeland Sendt: 25. april 2018 11:28 Til: Jostein Aksdal Kopi: Postmottak Voss kommune Emne: Vedr. Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen, planid. 2018001. Forholdet til marine kulturminne – Varsel om krav om marinarkeologiske registreringar

Vedr. Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen, planid. 2018001. Forholdet til marine kulturminne – Varsel om krav om marinarkeologiske registreringar.

Me viser til brev motteke frå Voss kommune 26.03.18.

Saka har vore til vurdering ved Bergens Sjøfartsmuseum.

Søknaden gjeld områdereguleringsplan for Vossevangen, Voss kommune. Museet har tidiligare gjort funn av ein båt og synketømmer innanfor det planlagde området. Desse blei vurdert som mindre viktige og den nordlege delen av planområdet blei anmoda frigitt for utfylling i rapport frå feltarbeid i 2002. Storparten av planområdet som ligg i vatn har ikkje vore undersøkt. Potensialet for verna eller automatisk freda kulturminne på botn av Vangsvatnet vurderar me for å være til stede.

Bergens Sjøfartsmuseum varsler at me som vedkommande myndigheit etter føresegnene ved Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne, §§ 9 og 14, kjem til å krevje undersøkingar av om det kan være båtfunn eller andre kulturminne i vatn i tiltaksområdet når saka kjem på høyring. Etter Kulturminnelovens §§ 9 og 10 har tiltakshavar undersøkingsplikt, samt plikt til å dekke utgiftene til undersøkinga.

Me ber tiltakshavar om å ta direkte kontakt med Bergens Sjøfartsmuseum vedrøyrande gjennomføring av feltundersøkingane. Museet vil då først utarbeide eit budsjett for registreringane, som me må ha godkjent før feltarbeidet kan gjennomførast.

Med vennlig helsing for STIFTELSEN BERGENS SJØFARTSMUSEUM

Thomas Bjørkeland Marinarkeolog Direkte telefon: 55549611 E-postadresse: [email protected]

O Voss og omland LOP L P Lokallag for kommunane: Aurland, , , Vaksdal og Voss under LANDSFORBUNDET FOR OFFENTLIGE PENSJONISTER v/leiar Ragnhild Mølster Lidal Rognsbakken 11 5704 VOSS 24.april 2018

Voss kommune Tekniske tenester 5700 VOSS

Høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen (planid 2018001).

Vi takkar for invitasjonen til å koma med innspel til planprogrammet. Voss og omland LOP har drøfta saka i styremøte 23. april, og har følgjande innspel:

Vårt utgangspunkt er at me ønskjer at sentrum skal vera ein triveleg stad for alle aldersgrupper å bu i, med stimulerande omgjevnader, kunna vera aktiv i, handla m.v.. Dvs. at områdereguleringsplanen må ha målsetjingar/føresegner/føringar om: · leikeplassar for barn · møteplassar (m.a. benkar) for eldre. · maksimalt støynivå natt · variasjon bygningsmiljø; fasadar, historiske bygg · levande fasadar; at butikkar må ha opne vindauge mot gatene, synleg butikkfunksjon ol. · Skilnad parkeringsavgifter Amfi og Flatvangen må bort! · Skog- og naturområda i Prestegardsmoen må sikrast som eit svært viktig rekreasjons- og helseområde, dvs. ikkje reduserast meir.

Med helsing

Ragnhild Mølster Lidal (s) Leiar

skrivar

Kopi ”Hordaland”

Mottakarar: Voss kommune Postboks 145 5701 VOSS

Kopi til: Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN

2

Voss kommune Tekniske tenester v/planavdelinga [email protected]

Dykkar ref.: 18/00075-9 Vår ref.: 170730-Vatletun Dato: 26.04.2018

Merknad til oppstart av områdereguleringsplan for Vossevangen. Det vert synt til varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen, planID 2018001.

Og Arkitekter utarbeider detaljreguleringsplan for Vatletun, plan-ID 2016010. Arbeidet vil samanfalle med planarbeidet for Vossevangen både i tidsplan og overlappe i områder. Det er etter vårt syn difor viktig at desse to planane vert sett i samanheng og er koordinerte.

Vi ber om at områdeplanen tek høgde for å endre planstatusen for Vatletun frå offentleg tenesteyting til bustadformål. Vidare må utnytting og byggehøgder sjåast på ut i frå det pågåande planarbeidet for Vatletun. Dersom reguleringsplan for Vatletun vert vedteke føre Vossevangen, må området vurderast tatt ut av områdereguleringsplanen.

Med beste helsing

Jan Espen Vik Og Arkitekter as

Og Arkitekter as Kanalveien 11 [email protected] Bank: 1503.18.36082 5068 Be rgen T: 55 30 06 00 Org.nr: NO 996 052 958 M VA ogarkitekter.no

Fra: mat Sendt: 1. mai 2018 20:19 Til: Postmottak Voss kommune Emne: Planid 2018001. Oppstart av planarbeid, Vossevangen. Merknad.

Til Voss kommune, Dykkar referanse 18/00075/8

Når Voss kommune no vil leggja til rette for konsentrert bustadbygging på og nær Vossevangen vil det gi kort veg mellom nye kundar og forretningar i sentrumsområdet og betre vilkår for alle som driv næring. Auka handel, service og tenesteyting kan difor gjennomførast med redusert lokal biltrafikk; levering av varer kan utførast før vanleg opningstid.

Denne «gode sirkelen» kan utnyttast til å betra miljøtilhøva i sentrum og dermed gjera det endå meir attraktivt å bu i området som no tidvis er sterkt prega av støy, støv, luftureining og arealkrevande biltrafikk. Tungtrafikken er i stor grad fjerna gjennom ei kostbar bygging av omkøyringstunnell frå Svartenakken til Lundarosen, men lokaltrafikken aukar uhemma. For meg som har eigedom i planområdet og nyttar Vossevangen i så mange samanhengar er denne utviklinga negativ.

Eg håpar at Voss kommune klarar å oppfyller målet sitt om grønt skifte og berekraftig utvikling m.a. gjennom å ta vare på - Grøntområde og møtestadar der menneskeleg samvær og kreativitet kan utfalda seg naturleg. - Trygge gang- og sykkelvegar frå bustad til skule, arbeid, butikk og fritidssysler; vilkår for at alle aldersgrupper kan bu på Vangen. - Kulturminne og eit rikt kulturliv som saman med nærleiken til naturen (Prestegardsmoen, Vangsvatnet Vossavassdraget) gjer Vossevangen attraktiv både for ibuarar og tilreisande.

Venleg helsing Matias Ringheim

Voss kommune

Plan og høyring av planprogram for offentlig områdereguleringsplan for vossevangen.

Vangen Cafe er vorten godt motatt av både vossinger og tilreisane. Me hadde aldri forutsett so stor auke av kunder.

Det å få ein uteplass mot hestavangen vil gi oss enno meir og spela på i sommarsesongen. Bruket arkitettur AS har tekna eit forslag for hestavangen,dette ser me på eit god løysing for alle.

Det å få liv på vangen, att vosssingar og tilreisane vil parkera bilane sine i vossapark og ta beina i bruk for og komma i sentrum er noko som vil vere posetivt for alle.

Vossabadet,gondolbane, ekstremsport,ski,hytter,ballspel og butikker med vanvittig service er noko av det Voss kan fronta med.

Dette vil me ta ein del av på Vangen Cafe. Me har satsa og legg masse av oss sjølve i dette. Uteplass vil gi oss endå fleire besøkende.

Mvh

Anita og Britt Knapstad

Vangen Cafe Fra: Mads Rio Sendt: 2. mai 2018 19:00 Til: Postmottak Voss kommune Emne: Planarbeid for Vangen.

Hei ! Viser til brev angåandes innspel til planarbeid for Vangen

Vangsgt 45 : Har ynskje om å bygge på garasjen i bakgarden i høgda og inn til husveggen. = ein får større/brukande garasje og leieligheten over får større altan ! Endre inngangen til kjellar frå bakgården

På veggen som vender mot aust. Vil ein gjerne henga opp eit bilete relatert til ekstremsport som er laga av kunstnar Stine Eide som har Galleri på gateplan i huset!

Mvh Mads Rio Huseigar Vangsgt 45 91374995

Fra: Geir Kristoffer Vassdal Sendt: 2. mai 2018 12:16 Til: Postmottak Voss kommune Kopi: [email protected] Emne: Innspel til plan for oppstart planarbeid for Vossevangen

Vi viser til motteke brev datert 20.03.2018 om planarbeidet for Vossevangen med frist for innmelding av innspel 02. mai.

Park Hotel Vossevangen AS har saman med dotterselskapet Vossevangen Boliger AS avslutta utbygging av 28 bueiningar i Park Panorama, i hovedsak alle privateigde. Prosjektet vart svært godt motteke i marknaden og attendemelding tyder på at bebuarar i dette området er svært nøgde med sine nye husvære.

Samstundes må vi slå fast at det no ligg føre planar om nytt storhotell på jernbanetomta der hotellkapasiteten på Vossevangen vert dobbla. Det er på kort sikt ikke plass i marknaden til 3 hotell med meir enn 450 rom i sentrum noko som tilseier over 500 saman med nærområdet i tillegg til hytter for utleige i tilgrensande område. Park Hotel Vossevangen AS må ut frå dette vurdera sine strategiske disposisjonar der alternativ utnytting av eigedomsmassen, som i dag utgjer 122 rom og stort konferanseareal, er eit av fleire vanskelege, men viktige spørsmål. Det er nærliggande å tenka seg at eit alternativ er ei større grad av fortetting med bustadbygging på eigedomen. Kringliggjande areal rundt eigedomen er so langt vi kan sjå, tenkt som grøntareal mellom riksvegen og Vangsvatnet aust for Kulturhuset. Det har lenge vore klårt uttala at bensinstasjon i dette området er lite tenleg i heilskapen og at denne skal/må flyttast.

Park Hotel Vossevangen AS vil på denne måten ta til orde for at det vert lagt til rette for alternativ utnytting av hotelltomta der bustadbygging i sona mellom Kulturhuset og Holbergsplass kan vera eit alternativ. Vi ser det som svært føremålstenleg at dette arealet vil kunne nyttast til permanent busetnad eller som lekk i pleie- og omsorgstenesta der folk i permanent bumiljø vert prioritert heilt eller delvis i overgangssona mellom kultur mot vest og meir komersielle tenester/handel mot aust. Med omsyn til nærleiken til trafikknutepunktet og lett gangavstand til/frå handel - og kommunale tenester ser vi at større grad av busetnad kan vera av interesse.

Vi ynskjer lukka til med planarbeidet.

Mvh Park Hotel Vossevangen AS

Jan Bruse Andersen styreleiar

Valestrandsfossen, 02.05.18 Voss kommune

INNSPEL TIL OPPSTART AV PLANARBEID FOR OFFENTLEG OMRÅDEPLAN FOR VOSSEVANGEN – planid 2018001

INNHALD

Forord 1

Lokalitet 2

Gjeldande status i KDP 2

Gjeldande status i reguleringsplan 3

Risiko og sårberheit, ROS 3

Anna arealinformasjon 3

Skildring av nærområde og aktuell eigedom __ 3

Innspel 4

Forord Grunnlaget for innspel er basert på ønskje frå grunneigar av gnr/bnr 255/152, Strandavegen 2 på Vossevangen. Innspel er utarbeida av Arkoconsult AS på vegne avSameiget Strandavegn 2.

Arkoconsult AS Tekniske tegninger, reguleringsplaner, byggesøknader Postboks 103, 5291 Valestrandsfossen Foretaksregisteret: NO 997 089 782 MVA Tlf 56 39 00 03 [email protected] Faks 56 19 11 30 www.arkoconsult.no

Side 2 (4)

LOKALITET Innspelet gjeld eigedom 255/152, Strandavegen 2 som er på 210 m2.

Figur 1 255/152 markert med raud ring (kjelde: Vossakart)

Gjeldande status i KPA (kommuneplan) Den aktuelle eigedomen ligg i dag som Næringsbebyggelse i kommuneplan til Voss.

Figur 2 Utsnitt KPA (kjelde: Vossakart)

Arkoconsult AS Innspel Vossevangen. Innspel områdeplan Vossevangen.doc

Side 3 (4)

Gjeldande status i gjeldande reguleringsplan Den aktuelle eigedomen ligg i dag som Bustad/Forreting/Kontor i reguleringsplan Vossevangen, planid 98001.

Figur 3 Utsnitt gjeldande reguleringsplan Vossevangen (kjelde: Vossakart)

Risiko og sårberheit, ROS Området er ikkje spesielt utsatt i høve til ras, snøskred eller flaum, og kartbasene syner ikkje utløps- og utløsningsområde for snøskred eller steinsprang i eller i nærleiken av tomta.

Anna arealinformasjon Eigedomen er heller ikkje omfatta av kulturminner, Sefrak-registrerte bygg, raudlista artar, utvalde naturtyper, kulturlandskap eller anna arealinformasjon som kan vere til hinder for vidare drift innanfor næring.

Skildring av aktuell eigedom og nærområde Eigedomen huser eit bygg med næring på grunnplanet og bustad i 2. og loftetasje. Eigedomen ligg langs nordsida av Strandavegen, og grensar mot jernbanen sitt areal i nord og vest. Det går jernbaneline langs nordsida av eigedomen, samt jernbanebru som kryssar Strandavegen like sørvest for eigedomen.

Jernbanen som går vidare austover frå Voss ligg nord for eigedomen. Vidare aust langs Strandavegen ligg det bustad og aust for denne igjen ligg eit bygg med kombinert bruk næring, bustad. Det er også opparbeida parkeringsareal på vestsida av bygget som leigast av jernbaneverket.

Arkoconsult AS Innspel Vossevangen. Innspel områdeplan Vossevangen.doc

Side 4 (4)

Figur 4 Skråfoto, eigedom sett frå sør og aust (kjelde: 1881)

Innspel Det ønskjast at den aktuelle tomta vidareførast som Bustad/Forreting/Kontor i områdeplan. Det er ikkje planlagd noko nye tiltak på eigedomen.

Arkoconsult AS Innspel Vossevangen. Innspel områdeplan Vossevangen.doc

VOSS TAXI SA

Uttrågata 19 Telefon 56 51 13 40 [email protected]

02.05.2018

Til Planavdelinga i Voss Kommune

Voss taxi ynskjer å koma med innspel til «planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen». Og da tenkjer me spesielt på Hestavangen. Me er ikkje kjent med om der føreligger aktuelle planer med Hestavangen, men ynskjer å seie noko om kva som er viktig for oss.

· Me ynskjer å kunna fortsetta og disponere dette området for framtida med tanke på plassering og tilgjengelegheit.

Med tanke på det; «overordna målet om å legge til rette for eit levande og attraktivt regionssenter, med fokus på det grøne skiftet og ei berekraftig utvikling. Vossevangen som regionalt og lokalt sentrum skal utviklast til ein attraktiv plass å bu, besøka og drive næring, handle, oppsøke teneste og treffast. Planen skal styrke identitet og særpreg. Føremål med planarbeidet er å utarbeide ein heilskapleg plan som:

- legg til rette for eit levande og attraktivt regionssenter

- utviklar eit sentrum kor det er godt å leve, bu, arbeide og besøke

- har fokus på ei berekraftig utvikling»

Av den grunn trur me at det er viktig at Voss Taxi har sine lokaler der me er i dag. Det at me har denne posisjonen midt i hjarta av sentrum er verdt og ta vare på både

Uttrågata 19 Tlf: 56 51 13 40 5700 Voss epost: [email protected]

for kundane våre, men óg som ei bygd med mykje aktivitet. Om de ynskjer eit sentrum som «lever», så trur me at Voss Taxi lyt vere i dette sentrumet.

· Me har også behov for fleire parkeringsplassar no. Me forstår at dette kanskje ikkje er så lett å få til, men det er naudsynt at me i det minste får behalda dei plassane me har også i framtida.

Om det skulle vere ynskjeleg å flytte den gamle drosje bua, vil me vere positive til dette om det kan gi oss fleire parkeringsplassar. Ynskjer også å opplyse om at me har kontakta Samferdselsavdelinga i fylket for å få lyst ut to nye hovudløyve. Dette gjere me for å stå betre rusta for framtidig vekst. Me vonar at dette skal vere godt for alle som nyttar oss.

· Om der skal gjerast planmessige endringar på Hestavangen. Bortsett frå vårt behov for plass, er det også viktig at me er budd på det «grøne skiftet». Det er kanskje ikkje så lenge til bilparken vår gradvis går over til bilar som er ladbar hybrid. Og om ein ser 10 år fram, er der kanskje nokre reine elbilar.

Då ynskjer me at det evt. vert teke med i planane at der bør ligge straumkabel i bakken for framtidige ladepunkt.

· Tryggleiken til fotgjengarar og trafikkflyten i krysset Hestavangen, Uttrågata er ikkje like god til ei kvar tid. Me ynskjer at dette vert vurdert. På morgon og ettermiddag er det mykje trafikk opp og ned Nain-brekko og frå og til Ungdomskulen, Vossabadet og idrettsplassen. Me ynskjer at det vert vurdert om trafikken til Vangen skule kan gå via Lekvemogata slik som trafikken til Gymnaset gjere i dag. Om de ser andre tiltak som kan lett på krysset ved sentralen, så er dette først og fremst viktig for elevane som går til og frå skulane sine.

Me vonar at dette er tankar det vil ta med i planarbeidet for Hestavangen og Vossevangen. Og styret i Voss Taxi SA stiller gladleg om det er noko planavdelinga ynskjer meir innspel på.

Helsing Voss Taxi

Ved Styret; Heine Ringheim Rune Bolstad Daniel Skodje Skaar

Uttrågata 19 Tlf: 56 51 13 40 5700 Voss epost: [email protected]

Voss, 2. mai 2018

Voss kommune [email protected]

INNSPEL TIL SENTRUMSPLAN VOSS

Me viser til tidlegare samtalar med prosjektleiar for Sentrumsplan Voss og temaforedrag på naturvernlaget sitt årsmøte i mars 2018. Voss naturvernlag planlegg å kome med innspel om sykkelveg gjennom Voss sentrum frå Langebrua/Strandavegen til knutepunkt Voss i løpet av sumarmånadene 2018.

Med helsing Voss naturvernlag Kåre Flatlandsmo leiar mobil: 959 15 940

Frå Miljøpartiet dei Grøne på Voss

Til Voss kommune

Høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen

MDG meiner at dette er viktige ting å ta msyn til i planen;

Det er viktig at Vossevangen vert eit levande sentrum der dei gåande og syklande vert prioritert .

Vangsgata må verta einvegskøyrt for å gje plass til mjuke trafikantar.

Det er viktig å ha gode gang- og sykkelløysingar på Vangen med god sykkelparkering med takoverbygg.

Ein må få tilbod om ”bysykkel” på Vangen til utleige.

Gang- og sykkelvegar mellom Vossevangen og dei nærliggjande tettstadene som Gjernes, Skulestadmo og Palmafossen må vera gode og samanhengjande og vedlikehaldne året rundt.

Ein må sjå på effekten av eit takoverbygg over deler av Vangsgata for å få eit tørt og levande sentrum uansett ver og årstid.

Det er viktig å ta vare på grendaskulen i Gullfjordungen for å unngå auka ferdsel inn til Vangen.

Ein må tilretteleggja med godt tilbod med buss mellom Vangen og lokalområda og tettstadene omkring.

Det er viktig med tilrettelegging for aktivitetar med friluftsliv, fiske og leirslaging m.m. i sentrum

Det må verta tilbod om område til parsellhagar og hageområde for dei som bur i blokk i sentrum

Fortetting i sentrum der ein også tek vare på grøntområde og har lett tilkomst til butikk og helse og fritidsaktivitetar på Vangen utan bruk av bil.

Det er viktig med sikring av Prestegardsmoen som friluftsområde for å unngå meir inngrep og nedbygging av det resterande arealet.

Helsing Sveinung Klyve, MDG Voss, 2.5.2018

Bjørn Brunborg AS

Voss Kommune Tekniske tjenester v/planavdelinga Postboks 145 5701 Voss

Innspel til områdereguleringsplan for Vossevangen, planid 2018001

Det er bede om innspel til arbeidet med ny reguleringsplan for Vossevangen. Det blir vist til tidlegare samtalar.

Bjørn Brunborg AS har eigarskap til fleire eigedommar på Vossevangen. Desse kan utviklast for å bidra til å gjera Vossevangen til ein meir attraktiv stad. Bjørn Brunborg AS meiner at for å bli ein attraktiv stad, må Vossevangen få ein klar visjon om å bli menneskevennleg.

Bakgrunn:

Reguleringsplanen for Vangen blei laga i ei tid då planleggjarane hadde lite bevisst kunnskap om menneskevennleg byplanleggjing. Attraksjonsverdien til tettstadene blei tatt som ein sjølvfølge og planleggjarane fokuserte på andre ting, først og fremst plass til bilisme, som den gongen var eit relativt nytt fenomen. Planleggjarane forlot løysingar som hadde fungert i fleire århundre og innførte radikale løysingar som var uprøvde og for lite gjennomtenkte. Vangen er planlagt etter ein teoretisk modell med store manglar. Vernakulære og tradisjonelle løysingar, slik dei til dømes er beskrivne av vossaarktitekten Arne Berg i «Norske Gardstun» er blitt tilsidesatt.

Vossevangen bryt i dag med mange prinsipp for menneskevennlegheit. Vangen er difor blitt folketomt trass i omfattande regional turisme og eineståande beliggenheit. Turistar på Voss ynskjer å møta noko som liknar ein europeisk landsbyidyll, men møter i staden ein bilbasert og folketom tettstad.

Nyare forskning gir klare indikasjonar på at menneskevennlege tettstader gir innbyggjarane betre humør, betre somatisk og psykisk helse og lengre levealder (Susan Pinker: «The Village Effect»). Dette fordi mennesket er ein sosialt art som trivst best i sosiale miljø. Det er semje om at attraktive tettstader styrker turismen og er avgjerande for å utvikla eit innovativt og sterkt næringsliv (Jane Jakobs, Michael Porter, Richard Florida). Attraktive tettstader gir også betre og tryggare oppvekstvilkår og mindre kriminalitet.

Det er med andre ord svært uheldig at Vangen ikkje er menneskevennleg og attraktivt.

Det er naudsynt at all nybyggjing skjer med eit overordna ansvar for å auka attrakjonsverdien utover eigen bygning.

Innspel.

1. Innspel til Hestavangen. Hestavangen var i gamle dagar ein militær ekserserplass og utgjer i dag ein av aksane som er sentrale i den gjeldande reguleringsplanen. Aksen gjennom Hestavangen har visuell forlenging mot Bordalen.

Aksetenking er uvesentleg for å oppnå menneskevennlegheit og er ein estetisk kvalitet som ikkje er viktig for trivnad. Hestavangen er overdimensjonert og eignar seg til militærparader, men bidreg negativt for landsbylivet. Hestavangen er med andre ord uheldig og råflott sløsing med sentrumsareal. I fylgje arkitekt Jan Gehl, som er ein av verdas mest anerkjente byplanleggjarar, er ein attraktiv plass for mennesket helst mindre enn omlag 40 gonger 80 meter, noko som tilsvarer Hestavangen nord for Uttrågata. Til dømes har Campo dei Fiori, den mest kjende marknadsplassen i Roma, samme storleik som Hestavangen nord for Uttrågata. Det paradoksale er at Campo dei Fiori er stor nok for Roma. Hestavangen sør for Uttrågata er svært dårleg ivareteken. Plassen blir dominert av asfalt, biltrafikk, parkeringsplassar og bilvegen ligg til overmål i det mest solrike området. Mjuke trafikantar, som kryssar plassen på veg til skule og fritid, har helst dårlege vilkår. Hestavangen manglar alt som kan gje ly mot vær og vind, noko som er uheldig på våre breddegradar. Utsikten mot Bordalen er prioritert høgare enn faktorar som bidreg til sosialt liv. Ytterlegare negativt for Hestavangen er det at dei arkitektoniske og funksjonelle kvalitetane på bygningane rundt plassen er blitt neglisjerte i høve til menneskeleg attraksjonsverdi. Den tidlegare gamleheimen har svært dårleg utforming med tanke på bylivskvalitet og den nye bygningen som erstatta den tidlegare enkjeheimen, har endå dårlegare kvalitet mot Hestavangen. Bygget vender ryggen mot Hestavangen og bidreg dermed til avliving av gatelivet.

Bjørn Brunborg AS har eigarskap til eigedom i det søraustre hjørnet av Hestavangen. Desse eigedommane er det i dag vanskeleg å utvikla fordi Hestavangen sør for Uttrågata har spesielt dårleg plan og kvalitet. Så dårleg som Hestavangen framstår i dag, er det lite fornuftig å byggja for bustadføremål. Brunborg AS ber difor om løyve til å planlegga og realisera ein heilskapeleg reguleringsplan og utbyggjingsplan for Hestavangen sør frå og med Uttrågata til gravplassen. Modellen for prosjektet vil eventuelt fylgja tilrådingane frå til dømes Peter Butenschøn (Jfr. kap. 12 i «Byen-en bruksanvisning») og vil i samsvar med dette eventuelt bli eit samarbeidsprosjekt mellom planmyndigheitene og fleire lokale investorar. Bjørn Brunborg AS ynskjer å leggja vekt på vekt på: - Trygg trafikk med mest mogeleg skilje mellom bilisme og mjuke trafikantar. Biltrafikk vil ein prøva å leggja under bakkenivå og eventuelt kombinera med parkeringsareal og annan trafikkavvikling. - Menneskevennleg målestokk og arkitektur. Utbyggingsøkonomi vil bli nedprioritert i forhold til landsbykvalitet. Kjent forskning omkring menneskevennlegheit og vernakulære tradisjonar frå vossaregionen skal vera premissgjevar for utforminga. Alle plassar og gater vil bli intime og attraktive. Alle definerte møteplassar vil få sol og ly mot vind og takhøgder og husplassering vil bli tilpassa dette. Bygningane vil få gode proporsjonar og vennlege fasadar og både hus og plassar vil bli fleksible og enkle å bruka til ulike føremål. Det vil bli brukt fleire lokale arkitektar og husa vil få individuell utforming og området vil på denne måten få karakteristisk identitet.

Innspel til Torget og Tre Brør.

Bjørn Brunborg AS har eigarskap til Tre Brør (Hålandshuset) og næringsareala i Gamlameieriet. Dette området er restar av gamle Vangen frå før krigen og har gode kvalitetar. Stallgata er eit triveleg byrom og Tre Brør har ein fin uteplass i nordenden av torget. Eit stort problem for både Stallgata og Tre brør er at torget har dårleg utforming. Det åpne torget manglar veggar og er omkrinsa av biltrafikk. Mangelen på veggar gjer at torget blir eit kjedeleg krysningsområde (eit gåande menneske skal helst ha nye stimuli på kort avstand kvart femte sekund). Mangelen på veggar fører også til at torget blir oppfatta som lite lunt og trygt, delvis fordi det kjem i konflikt med menneskeleg orienteringsadferd (tigmotaktisk adferd, som tyder at me, i likheit med andre artar, føretrekkjer å orientera oss og bevega oss langs kantane av åpne plassar) og delvis fordi synsavstandane blir for lange og det blir dårleg skjerming mot vær og vind.. Ein ytterlegare negativ faktor er at torget er omringa av biltrafikk. Ved sida av at biltrafikk er støyande, blir biltrafikk ubevisst oppfatta som trugande og det gjer at opphaldstida og trivselen på torget blir ytterlegare redusert, særleg for familiar der foreldra stressar med å passa på born.

Bjørn Brunborg AS ynskjer at torget skal omsluttast av bygningar og at det skal vera åpningar i og mellom desse som stimulerar til vidare utforsking av området. Døme på korleis dette kan gjerast, framgår til dømes av boka «The Concise Townscape» av Gordon Cullen. Bjørn Brunborg AS ynskjer også at torget skal stengast for gjennomgangstrafikk for bilar.

Sjølv om tiltaka ovanfor vil vera svært gunstig for Vangen, er det mykje som tyder på at næringsliv og politikarar vil gå inn for desse løysingane, i alle fall ikkje endå. Bjørn Brunborg AS ynskjer difor å utvida Tre Brør slik at det bli ein meir samanhengande vegg i nordenden av torget. Dette vil føra til betre driftsvilkår og lettare tilkomst for Tre Brør som næringsverksemd. Meir generelt vil den ovannemnde torgveggen skjerma for vind frå Ringheimsvegen under tunnellundergangen og mot støy frå trafikken langs denne vegen. Torget vil difor bli oppfatta som lunare og tryggare. Tiltaket vil også føra til at det blir ein meir spennande fasade å bevega seg langs på torget og dermed styrka gangtrafikken mellom sentrumsområda rundt torget. Når det nye kommunikasjonsknutepunktet for jernbane og Hangursbanen vert ferdig, blir det viktig å styrka kvalitetane langs ganglinjene mellom Vangsgata og trafikknutepunktet. For Stallgata vil ein husvegg mot Ringheimsvegen bli meir spennande og forsterka Stallgata som byrom fordi synsflatene (husveggane) kjem nærmare. (Jfr. Jan Gehl si bok «Livet mellom husene»). Ein slik vegg vil få kveldssol og vil også få attraktiv utforming. Stallgata og Ringheimsvegen vil fylgjeleg bli betre definert og vil bli oppfatta som tryggare, meir intim og meir attraktiv. Optimal plassering og utforming av ein eller fleire åpnngar i husveggen mellom Ringheimsvegen og Torget vil styrka kommunikasjonen mellom områda.

Voss, 2. mai 2018

Mvh Bjørn Helge Brunborg

Bjørn Brunborg AS

Voss kommune Postboks 145 5701 VOSS

Behandlande eining: Sakshandsamar/telefon: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region vest Hilde Gunn Stenseth / 56520207 18/54134-2 18/00075-4 02.05.2018

Statens vegvesen sine merknader til varsel om oppstart av planarbeid og høyring for offentlig områdereguleringsplan for Vossevangen - planid 2018001

Viser til oversending dagsett 19.03.2018.

Statens vegvesen sine interesser i alle plan- og forvaltningssaker omfattar primært etaten sitt ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegnettet. Vår hovudmålsetting er å leggja til rette for trygg og god trafikkavvikling, eit godt miljø og i tillegg ta omsyn til naboar og samfunnsinteresser elles.

I samband med varsla oppstart av områdereguleringsplan for Vossevangen ynskjer Statens vegvesen å peika på nokre tema/punkt me meiner er viktige i det vidare planarbeidet. · E16 er lagt i tunnel utanom sentrum. Statens vegvesen meiner Voss kommune i sitt planarbeid må ha fokus på tilrettelegging og trygging av mjuke trafikantar. · Det er tidlegare utarbeidd utkast til hovudplan for sykkel. Me meiner denne bør leggast til grunn ved planarbeidet som no vert starta opp. · Tiltak i Voss sentrum, finansiert av «Vossapakko», byggjer på vedtak om «deling» av vegen og fartssone 30 km/t. Deling peiker her mot at det ikkje er spesiell tilrettelegging for syklande. · Situasjonsplanen til områdereguleringsplan for Voss knutepunkt viser også ein tydeleg intensjon og ynskje om å leggja til rette for mjuke trafikantar. · Etter Statens vegvesen sitt syn er det viktig å tenkja identiske/tilsvarande strategiske val gjennom heile sentrum. · Statens vegvesen opplever spørsmål om arbeid med trafikktryggleik, særleg opp mot skulane. Det er etter vårt syn viktig å ha fokus på trafikktryggleik og trafikktrygge område i/ved sidegater til E16 og Rv. 13. Døme på slike område er Lekvemoen, Hestavangen, bak Coop og Aasbygget, Bonangergata m.fl. I tillegg vert fleire kryssområde trekt fram som nødvendige utbetringingsområde, t.d. kryss ved Park

Postadresse Telefon: 22 07 30 00 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Flyplassvegen Statens vegvesen Region vest [email protected] 5705 VOSS Regnskap Postboks 43 Postboks 702 6861 LEIKANGER Org.nr: 971032081 9815 Vadsø

2

hotell/kyrkja/torget og kryss mellom Rv. 13 og Fv. 310 og 311 mot Gjernes. Tryggleik generelt og trafikktryggleik spesielt må med som tema i alle risikovurderingar og –analyser. · Overordna syn for tilrettelegging av tiltak for nødvendig kollektivtransport. · Støy er eit viktig tema når det gjeld gode område for bustad og opphald.

I planprogrammet ser me det er lagt opp til ein brei prosess for samhandling og medverknad og at dei fleste tema Statens vegvesen er opptekne av er med.

Statens vegvesen set pris på å verta involvert i planarbeidet så tidleg som mogleg. Me bidrar gjerne med innspel i samband med spørsmål som vedkjem våre fagområde.

Plan & Forvaltning Voss og Hardanger

Med helsing

Carl Erik Nielsen Seksjonssjef Hilde Gunn Stenseth Senioringeniør

Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar.

Kopi Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 BERGEN Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN

Fra: Elisabeth Lillegraven Sendt: 3. mai 2018 10:57 Til: Postmottak Voss kommune Emne: VS: [KARANTENE] Innspel frå Sameie Kyrkjebø til planprogram for offentleg områdeplan Vossevangen

Viktighet: Lav

Fra: Knut Karevoll [mailto:[email protected]] Sendt: 2. mai 2018 22:53 Til: Elisabeth Lillegraven ; Postmottak Voss kommune Emne: [KARANTENE] Innspel frå Sameie Kyrkjebø til planprogram for offentleg områdeplan Vossevangen Viktighet: Lav

Att.: Elisabeth Lillegraven

Ordinært årsmøte i Sameie Kyrkjebø den 26.04.2018 hadde oppe sak om planprogram for off. områdeplan for Vossevangen. Årsmøtet gjorde slikt vedtak:

Innspel frå Sameie Kyrkjebø til planprogram for offentleg områdeplan Vossevangen

1.«Bystøy» dvs forslag til begrensingar på opningstidenefor støyande restaurant -og pubverksemder, spesielt på kvardagar, i område der ein ynskjer å ha mange bustadar. 2.Opna for bygging av balkongar mot bakside / gardsrom i bygg som Kyrkjebø for å auka kvaliteten og attraktiviteten på bustadar, spesielt viktig for husvære som ikkje ergjennomgåande og er aust og nordvendte. Kyrkjebø sin fasade mot Vangsgata bør bevarast slik den er , men på fasaden mot gardsrommet som er privat og ikkje synleg fråoffentleg stad, bør ein kunna tillata mindre balkongar som er reversible og ikkje gjer inngrep i verneverdige konstruksjonar. 3.For å gjera sentrum meir attraktiv for fastbuande og tilreisande, bør det stillast strengare krav til at fasadar på gateplan skal vera opne og publikumsretta, dette for å gjerasentrum meir levande og kjennast tryggare når ein går og oppheld seg i sentrum. 4.Skal ein få fleire fastbuande og spesielt barnefamiliar til å bu i sentrum må det leggjast til rette for fleire trygge og attraktive private og offentlege leike- og opphaldsområdefor barn. Det er og behov for sentrumsnære barnehagarmed høg kvalitet om Voss sentrum og skal vera attraktiv plass å bu for småbarnsforeldre som jobbar i Bergen. 5.I inversjonsperiodar er luftkvaliteten i sentrum dårleg, spesielt for dei som bur og jobbar her og har luftvegsproblem. Som avbøtande tiltak bør det leggjast til rette for mindre og meir miljøvenleg bilbruk, m.a. bør einleggja til rette for parkeringsplassar for bildelering i sentrum og det bør stillast krav om ladepunkt for el-bilarved alle nybygg og større ombyggingar slik ein f.eks krev i Bergen. 6.Prestegardsmoen må sikrast som attraktivt frilufts- og rekreasjonsområde med dagens avgrensing.

CBRE AS Bryggegata 9 Postboks 1284, Vika 0250 Oslo Norge Voss kommune Tekniske tjenester v/planavdelinga Postboks 145 5701 Voss [email protected]

Oslo, 2. mai 2018

Vedr. Vossevangen, varsel om oppstart av planarbeid, planid 2018001

Vi viser til varsel om oppstart av planarbeid og høring av planprogram for offentlig områdereguleringsplan for Vossevangen (planid 2018001), og tilskriver Dem på vegne av Certas Energy AS (Certas) som eier og driver Esso-stasjonen på gnr. 45, bnr. 25 i Voss kommune.

Vi oppfatter det slik at Certas’ eiendom i gjeldende reguleringsplan (planid 2011002) er dels regulert til «kombinerte formål for samferdselsanlegg», og dels til «angitt grøntstruktur kombinert med andre angitte hovedfomål, park og parkering». Når det nå skal utarbeides en ny sentrumsplan, hvor bl.a. formålet er å legge forholdene til rette for å drive næring i et levende og attraktivt regionssenter, mener Certas det er grunn til å revurdere reguleringsformålene for gnr. 45, bnr. 25, og ev. tilpasse formålet til den virksomhet som faktisk bedrives på eiendommen: · Er det fortsatt behov for at deler av eiendommen er regulert til samferdselsanlegg? · Er det fortsatt nødvendig/hensiktsmessig at brorparten av eiendommen er regulert til grøntstruktur, park og parkering? · Kan reguleringsformålet defineres slik at det «hjemler» bensinstasjon/veiserviceanlegg sammen med annen alternativ utnyttelse (eks. sentrumsformål eller bolig/kontor/forretning)?

Certas har respekt for Voss kommunes ønske om å ivareta en helhetlig og koordinert utvikling av sentrum, og Certas stiller seg positive til en dialog i forkant av at planforslaget ferdigstilles og legges ut til offentlig ettersyn.

Med vennlig hilsen CBRE AS

Simon Killi Senior Director

www.cbre.no Fra: Ingrid røthe Sendt: 3. mai 2018 23:37 Til: Postmottak Voss kommune Emne: Anng. oppstart planarbeid og høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen planid 2018001

Bjørn Inge Rokne Ingrid Røthe Bordalsvegen 1 5700 Voss 2. mai 2018

Voss Kommune Tekniske tenester v/ planavdelinga Postboks 145 5701 Voss

Viser til motteke brev referanse 18/00075-9 "Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen, planid 2018001." Og telefonsamtale med Elisabeth Lillegraven.

Vonar det ved arbeid med plan vert merksemd mot vegkryss Bordalsvegen - Gjernesvegen -Hardangervegen; trafikkavvikling og aukande støy, støv/forureining med konsekvens for dei som bur ved krysset.

Etter store utbygginar av bustadar og fritidsbustadar retning Nyre og Bordalen, og vidare planlagde utbyggingar mellom anna ved Nyre og Vatle, har og vil trafikkutviklinga og -avviklinga i dette krysset endra seg med stor auke av trafikkmengde og trafikktype, støy og støv. Denne endringa påvirka sterkt bumiljøet og kvardagen for oss som bur tett på krysset. Støy og støvproblema er siste åra vorte store både ute- og innadørs. Vindu er knapt muleg å ha opne lenger.

Frå me busette oss her i 2000, då trafikken stort sett bestod av småbiltrafikken som glei forbi, har det seinare åra vorte mykje tungtrafikk i tillegg til stor trafikkauke generellt. Dette medfører mykje meir støy og støv/forureining. Der vert ofte ståande køar både i Bordalsvegen og Gjernesvegen ved stopp / problem med trafikkavviklinga mot vegkryss. Kva tiltak kan gjerast for å ta tilbake ein god plass å bu oppi dette?

Me veit det er kombinasjon av kommunale- og fylkesvegar her. Ved ein områdereguleringsplan vonar me det er mogeleg å sjå dette i heilheit.

Venleg helsing Bjørn Inge Rokne Ingrid Røthe

Voss kommune Postboks 145 5701 VOSS

Vår dato: 04.05.2018 Vår ref.: 201832860-2 Arkiv: 323 Sakshandsamar: Dykkar dato: 20.03.2018 Toralf Otnes Dykkar ref.: 18/00075-5 22959527/[email protected] 1 NVE sitt innspel til varsel om oppstart av arbeid med områdereguleringsplan for Vossevangen - Voss kommune Vi syner til brev datert 20.03.2018. Saka gjeld varsel om oppstart av arbeid med områdereguleringsplan for Vossevangen. Dei overordna måla er å utarbeide ein heilskapleg plan som legg til rette for eit levande og attraktivt regionsenter, utviklar eit sentrum kor det er godt å leve, bu, arbeide og besøke, og har fokus på ei berekraftig utvikling. Voss kommune ynskjer at NVE kjem med innspel til ny sentrumsplan. Store deler av sentrum ligg innanfor omsynssone flaum, og planarbeidet må legge føringar for korleis ein kan bygge og etablere tiltak innanfor sentrum. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er nasjonalt sektormynde innanfor saksområda flaum- og skredfare, ålmenne interesser i vassdrag og grunnvatn, og anlegg for energiproduksjon og framføring av elektrisk kraft. NVE gir råd og rettleiing om korleis desse saksområda skal takast omsyn til ved utarbeiding av arealplanar etter Plan- og bygningslova (pbl). Ved oppstart av planarbeidet rår vi til å nytte følgjande rettleiar og verktøy: · NVE sine karttenester viser informasjon om flaum- og skredfare, vassdrag og energianlegg. · NVE rettleiar 2/2017 Nasjonale og vesentlige regionale interesser innan NVEs saksområder i arealplanlegging skildrar korleis desse interessene bør takast i vare i planen, slik at ein unngår motsegn. · NVE retningslinje 2/2011 Flaum- og skredfare i arealplanar skildrar kva flaum- og skredprosessar som kan medføre fare, og korleis desse farane bør utgreiast og innarbeidast i planen. · NVE si sjekkliste for reguleringsplan kan være eit nyttig verktøy, for å sikre at alle relevante saksområde er vurdert. · Fleire nyttige rettleiarar og verktøy finnast på www.nve.no/arealplan.

NVE rår Voss kommune til å vidareføre kommuneplanen sine omsynssoner og føresegner som tek omsyn til venta klimaendringar. Det gir då at 200 års flaum vil nå kote 53,2.

Når ein skal ta omsyn til flaumfare ved utbygging har ein i utgangspunktet generelt fleire val. I prioritert rekkefølgje er dette:

E-post: [email protected], Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Abels gate 9 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvegen. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen Postboks 2124 Postboks 4223 0301 OSLO 7030 TRONDHEIM 8514 NARVIK 3103 TØNSBERG 6800 FØRDE 2307 HAMAR

Side 2

1. Å ikkje bygge ut areal som ligg lågare enn dimensjonerande flaumhøgd. Dette har høgast prioritet då utbygginga ikkje påverkar flaumtilhøva i vassdraget og det ligg ikkje føre restrisiko for flaumskadar. 2. Å heve utbyggingsareal permanent til over dimensjonerande flaumhøgd betyr at det ikkje ligg føre restrisiko, men terrengendringa kan påverke vassdraget og flaumtilhøva for tilstøytande areal. Særleg gjeld dette dersom ein hevar areal der flaumvatn har fart. 3. Å stenge flaumen ute ved hjelp av flaumvollar kan påverke vassdraget og flaumtilhøva for tilstøytande areal som nemnd i pkt. 2. I tillegg vil ein ha ein restrisiko knytt til brot i forbygginga, og fare for auka grunnvasstrykk/overvatn bak forbygginga. Det vil og vere trong for vedlikehald. 4. Ein kan og vurdere tekniske tilpassingar av byggverket/tiltaket slik at det toler å bli utsett for flaum utan å ta skade. Det er ikkje i samsvar med Byggteknisk forskrift å basere seg på flaumsikringstiltak som krev handling/beredskap, dvs. det ein kan kalle «organisatoriske» sikringstiltak. NVE trur det vil vere fornuftig av Voss kommune å bruke planprosessen no til å bestemme kva strategi ein skal satse på i dei ulike delane i planområdet. Det vil til dømes vere umogeleg å satse på at kvar utbyggar sjølv skal velje mellom strategi 2 og 3, og Vossevangen vil truleg sjå rar ut dersom ein overlet til kvar utbyggar å velje mellom 2 og 4.

Ulike måtar å sikre mot flaum i Vangsvatnet er no under utgreiing. I tillegg til dei generelle vala som er nemnd over så inneber nokre av alternativa som vert utgreidd å redusere flaumhøgda for ein 200 års flaum. Dersom ein til slutt skulle lande på, eventuelt i kombinasjon med andre tiltak, å gjennomføre konkrete sikringstiltak innanfor planområdet må reguleringsplanen sette av naudsynt areal og tilpasse seg desse tiltaka. Det må dokumenterast om terrengendringar/flaumvollar i planområdet kan påverke flaum- og erosjonsfaren i tilstøytande område. Sikringstiltak mot flaum må vere gjennomført før utbygging i flaumutsett område. Dette kan ein sikre i planen gjennom å markere flaumutsett areal med omsynssone Flaumfare, og innarbeide føresegner som sikrar akseptabel tryggleik før utbygging kan finne stad. Nokre mindre deler av planområdet ligg innanfor aktsemdområde for jord- og flaumskred, jf. NVE Atlas. Det betyr i første omgang at det må gjerast ei nærare vurdering av skredfaren. Til dette arbeidet må det nyttast tilstrekkeleg fagleg kompetanse, og skredfarevurderinga må underleggast kontroll av sidemann eller uavhengig part. Dersom skredfaren er reell må det definerast faresonegrenser i samsvar med tryggleikskrava i Byggteknisk forskrift (TEK17). Ev. fareområde må innarbeidast i planen, dvs. syne som omsynssone (jf. pbl § 12-6), og ha tilhøyrande føresegner som sikrar akseptabel tryggleik før utbygging kan finne stad. Dersom det er trong for sikringstiltak eller restriksjonar på arealbruk for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik rår vi til at det aktuelle området vert teke inn i planen. Området skal faresonekartleggast i statleg regi i 2018. Vi vonar difor at ein kan nytte resultat frå dette kartleggingsarbeidet i reguleringsplanen. Vangsvatnet og Vosso inngår i planområdet. Av omsyn til tryggleik mot naturfarar, og omsyn til vassdragsmiljøet, rår NVE til å gi vassdraget god plass. Dersom elvebreidda er erosjonsutsett skal det vere ei tryggleikssone mellom bygningar og toppen av lausmasseskråninga over elva som er minst like brei som høgda frå elva og opp til toppen av skråninga. Sona må ikkje vere smalare enn 20m. I rettleiinga til TEK17 §7-2, 4.ledd er det teke inn ei prinsippskisse for erosjonssikker plassering av byggverk.

Side 3

Planområdet ligg under marin grense. I følgje NGU sitt lausmassekart er lausmassane i planområdet elveavsetningar. Under elveavsetningane kan det vere marine avsetningar. I område med marine avsetningar kan ein ikkje utelukke førekomstar av kvikkleire. Fare for områdeskred av kvikkleire må difor vere eit tema i ROS analysen. NVE rår til at prosedyren i NVE rettleiar 7/2014 «Sikkerhet mot kvikkleireskred» vert nytta så langt som naudsynt for å avklare skredfaren. Det bør gå fram av planprogrammet at det skal gjennomførast ein ROS analyse, jf. pbl § 4-3 NVE oppmodar om ein arealbruk som ikkje medfører inngrep i vassdraget. Dersom inngrep ikkje er til å unngå må NVE vurdere tiltaka etter vassressurslova i samband med planhandsaminga. For å få til ei koordinert handsaming er det viktig at planen gir ei god skildring av tiltaka og at konsekvensane for ålmenne interesser i vassdraget er vurdert. Som døme på ålmenne interesser kan nemnast fiskens frie gong, ålmenn ferdsel, naturvern, biologisk mangfald, vitskapleg interesse, kultur og landskapsomsyn, jordvern, omsyn til flaum og skred osb. Vi syner også til vassressurslova §11 om kantvegetasjon. Reguleringsplanen bør sette av areal langs vassdraget eit vegetasjonsbelte. Arealbrukskategorien Bruk og vern av sjø og vassdrag, jf. pbl §12-5 nr. 6 bør nyttast til å merke alt vassareal. Vosso, ned til utlaupet i Vangsvatnet, er verna mot kraftutbygging og Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag må leggjast til grunn i planarbeidet. Retningslinene gjeld hovudelv, sideelvar, større bekkar, sjø og tjern og eit område på inntil 100 m breidd på sidene av desse. Det må leggast opp til ein arealbruk som ikkje reduserer verneverdiane knytt til vassdraget. I planens tekstdel bør det gå fram korleis dei rikspolitiske retningslinene er følgd opp i planen.

Med helsing

Brigt Samdal Toralf Otnes regionsjef senioringeniør

Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar.

Kopi til: Fylkesmannen i Hordaland

Elisabeth Lillegraven

Fra: Frode Sendt: 8. mai 2018 11:41 Til: Elisabeth Lillegraven Emne: Sentrumsplan

I 9 

{                  5        [9LY9t[!{{  $$   L   %        $     5  %      &%  '$      $ % %  % a    $ $  % &&    %   $ $&

9    %   $ $$'    )   )  $$'  % $ % ë $   

5  % $ $$  % $  ) $ +  a C D  ./01 9 0  .

5 .2./2.1 .3/ $ 9  [3 4 ë        4 4 9  5$ 4 4 a 4 4 9  [ 4 4 t'$  { & ë 4 4 ë $ 4 4 /0/6/

1

Voss Kommune v/ Berit Marie Galaaen Postboks 145 5700 Voss

Voss, 06.08.2018 Voss Kommune- Sentrumsplan

- Vedk. Planprogram for ny sentrumsplan for Vossevangen.

Viser til telefonsamtale om Gnr 255/80 - Bøndenes Hus. Det har mellom seksjonseigarane i Sameiga Bøndenes Hus vore diskutert mogelegheit for å utvida bygget mot nord. Arealet som no er parkering må i so fall regulerast om slik at det også kan koma ei utviding av bygget.

Bøndenes hus har mange viktige arbeidsplassar, både offentlege og private verksemder og bygget ligg svært sentralt til på Vangen.

Husbreidda er no 15 m pluss 6 m parkering. Totalt 21 m. Ei evt utviding på heile eller deler av arealet må innehalda dei føremåla som er i dag og at det framleis kan vera parkering slik som i dag på gateplan.

Antall høgder kan og vera eit tema som vert teke opp på meir generelt grunnlag i høve til omkringliggjande byggningsmasse.

Me vert gjerne med på ein diskusjon om utnyttinga til tomta til Bøndenes Hus og tilpassningen til området i kring.

Med helsing

Sameiga Bøndenes Hus.

Lars Anda

Skulegata 11 A Telefon: 56 52 95 80 Foretaksnummer: Postboks 284 Telefaks: 56 52 95 81 NO 955 184 661 MVA 5702 VOSS E-post: [email protected] Bank: 3480.05.01506

C:\Users\Berit.M.Galaaen\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.Outlook\YZ20Y5T3\Voss Kommune- Sentrumsplan.doc

Voss kommune Dato: 18.04.2018 Postboks 145 Saksref: 201802896-2 Dykkar ref.: 18/00075-4 5701 VOSS Side: 1 / 1

Førespurnad til: Sølvi Morvik Telefon: Mobil: +47 99034591 E-post: [email protected]

Voss kommune - Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for offentleg områdereguleringsplan for Vossevangen

Syner til innkome varsel angåande oppstart av planarbeid og høyring av planprogram, datert 19.03.2018.

Rammebetingelsene for jernbanen er i endring, men det kan være vanskelig å forutse hvilke behov som kan oppstå. Bane NOR er derfor opptatt av å sikre mulighetene for videre utvikling.

Det er satt i gang store arbeider på og ved Voss stasjon, som ligger innafor planområdet. Nytt terminalbygg vart ferdig stilt 2017, gondolbana er under bygging og hotellet har byggjestart i 2018. Det vert og varsla oppstart for detaljregulering i trå med områdereguleringa Voss knutepunkt innan våren. Det er viktig at Bane NOR si eigedom vert satt av til jernbaneformål. Det er og viktig at byggjegrenser i følgje Jernbanelovens § 10 overhaldast. Dette er på grunn av tryggleik, støy osb.

Bane NOR har ein rekkje krav til planlegginga i nærleiken av jernbane. Informasjon om desse finns i vår rettleiar for sosiale interesser i arealplanlegging: http://www.banenor.no/Sikkerhet/Veileder-for-god- planlegging/ og i vårt tekniske regelverk: http://www.banenor.no/Marked/Leverandorinfo/Teknisk-regelverk/

Me forventar at forslagsstillar setter seg inn i dette materiale før det utarbeidast forslag til reguleringsplan.

Med helsing

Ragnhild Lien seksjonssjef Sølvi Morvik Planavdelingen, Forvaltning og senioringeniør samfunnskontakt

Dokumentet er godkjend elektronisk og sendast utan signatur

Formatted: Norwegian (Bokmål)

Bane NOR SF [email protected] Bankgiro: 1503.74.00573 Postboks 4350, NO-2308 Hamar banenor.no IBAN-nr.: NO4115037400537 Sentralbord: 05280 Org.nr.: NO 917 082 308 MVA BIC: DNBNOKK