Gulen kommune Eivindvikvegen 1119 5966

E-post-adresse postmottak@.kommune.no

FYLKESMANNEN

I OG FJORDANE

TILSYNSRAPPORT

Skulebasert vurdering

Gulen kommune - skule

Sak 2015/2017

Innhald

Samandrag ...... 3 1. Innleiing ...... 5 2. Om tilsynet med Gulen kommune – Brekke skule ...... 5 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular ...... 5 2.2 Tema for tilsyn ...... 5 2.3 Om gjennomføringa av tilsynet ...... 6 3. Skulebasert vurdering ...... 7 3.1 Rettsleg krav ...... 7 3.2 Fylkesmannens observasjonar ...... 8 3.3 Fylkesmannens vurdering og konklusjon ...... 10 4. Frist for å rette regelverksbrot ...... 11 5. Kommunen sin frist til å rette ...... 12 Vedlegg: Dokumentasjonsgrunnlaget ...... 13

2

Samandrag

Tilsynsrapporten gir ikkje ei heilskapsvurdering av skuleeigaren og skulen. Rapporten omhandlar berre resultat knytt til temaet som er valt og på det tidspunktet tilsynet er gjennomført.

Når det gjeld metode for tilsyn etter opplæringslova, har Utdanningsdirektoratet utarbeidd eiga handbok1 som Fylkesmannen skal nytte. Handboka ligg på Utdanningsdirektoratet sine internettsider.

Tema og formål Temaet for tilsynet er skulebasert vurdering. Skulebasert vurdering er skulens jamlege vurdering av eiga verksemd og måloppnåing. Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa.

Gjennomføring Fylkesmannen gjennomførte ei dagsamling om det felles nasjonale tilsynet 2014-2017 i Leirvik 13. januar 2015 for kommunane i HAFS-regionen inkludert Høyanger og Gulen.

Tilsyn med Brekke barnehage og skule2 i Gulen kommune vart opna gjennom brev 15.06.2015.

Kommunen mottok ein førebels tilsynsrapport 13.11.2015 og vi gjennomførte sluttmøte med kommunen og skulen 03.12.2015

Kommunen fekk frist til 11.12.2015 til å eventuelt kommentere førebels tilsynsrapport. Vi mottok svar frå Gulen kommune innnan fristen. Tilsvar frå rektor ved Brekke skule var lagt ved som vedlegg.

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på intervju og skriftleg dokumentasjon, sjå vedlegg.

Avdekte regelverksbrot Når det gjeld kontrollspørsmåla om skulebasert vurdering, imøtekjem Brekke skule ikkje dei aktuelle lovkrava under kontrollspørsmål 1 - 7. Det er såleis avdekt regelverksbrot.

Status på rapporten og vegen vidare Kommunen kunne uttale seg om førhandsvarslet i den førebelse tilsynsrapporten innan 11.12.2015. Vi har motteke kommentarar frå skulen og kommunen innan fristen. Vi har vurdert tilbakemeldingane og gjort justeringar i endeleg tilsynsrapport.

Fylkesmannen har i kapittel 3 konstatert regelverksbrot. I denne rapporten får Gulen kommune frist til å rette regelverksbrota, jf. kommunelova § 60 d.

Frist for retting er 01.04.2016.

1 Metodehåndbok for tilsyn – en håndbok i metode for tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven. 2 Namnet på skulen er Brekke barnehage og skule. Opplæringslova er lovgrunnlaget for tilsynet og difor nyttar vi Brekke skule i rapporten.

3

Kommunen må innan denne datoen sende Fylkesmannen ei erklæring om at det ulovlege forholdet er retta. Dersom regelverksbrot ikkje er retta innan den fastsette fristen, vil Fylkesmannen vedta pålegg om retting. Eit eventuelt pålegg om retting vil ha status som enkeltvedtak og kan klagast på, jf. forvaltningslova kapittel VI.

4

1. Innleiing

Fylkesmannen opna 15.06.2015 tilsyn med skulebasert vurdering ved Brekke skule i Gulen kommune.

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 handlar om skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa og består av tre område for tilsyn: Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, forvaltningskompetanse og skulebasert vurdering (som denne rapporten handlar om). Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriell3 knytt til tilsynet, og Fylkesmannen har gjennomført informasjons- og rettleiingssamlingar.

Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir etterlevde, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Kommunen er derfor adressat for denne tilsynsrapporten.

Tilsynet har avdekt regelverksbrot. Frist for retting er 01.04.2016. Kommunen må innan denne datoen sende Fylkesmannen ei erklæring om at det ulovlege forholdet er retta, og ei utgreiing om korleis regelverksbrotet er retta.

2. Om tilsynet med Gulen kommune – Brekke skule

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular

Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som offentlege skular, jf. opplæringslova § 14-1 første ledd. Fylkesmannens tilsyn på opplæringsområdet er tilsyn med det lovpålagde, jf. kommunelova § 60 b.

Fylkesmannens tilsyn med offentlege skular er utøving av myndigheit og skjer i samsvar med reglane for dette i forvaltningsretten.

I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, blir dette sett på som regelverksbrot, uavhengig av om det er opplæringslova eller forskrifter fastsett i medhald av denne lova som er brotne.

2.2 Tema for tilsyn

Temaet for tilsynet er skulebasert vurdering. Skulebasert vurdering er skulens jamlege vurdering av eiga verksemd og måloppnåing. Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa.

Elevvurdering, skulebasert vurdering og nasjonal vurdering skal ein sjå i samanheng. Dei ulike formene for vurdering skal samla sett utfylle kvarandre og medverke til at den enkelte eleven blir motivert til å ta i bruk sine evner og anlegg, og at dei nasjonale måla for opplæringa styrer arbeidet i skulen (Stortingsmelding 47 1995-1996). Det overordna formålet med tilsynet er at skulebasert vurdering på denne måten medverkar til at elevane får eit godt utbytte av opplæringa.

3 http://www.udir.no/Regelverk/Tilsyn/_Tilsyn/Rettleiingsmateriell-for-felles-nasjonalt- tilsyn-2014-2017/

5

Tilsynet skal medverke til at kommunen som skuleeigar syter for at skulen ved skulebasert vurdering

 har gode kjelder og relevant informasjon om elevane si måloppnåing

 avdekkjer årsaka til manglande måloppnåing og gjennomfører endringar

 sikrar ein brei medverknad i gjennomføringa

 gjennomfører vurderinga jamleg

Manglande eller mangelfull gjennomføring av skulebasert vurdering kan føre til at skulen ikkje har god kunnskap om måloppnåing, og kva som eventuelt er årsaka til at måla ikkje blir nådde. Dette kan igjen føre til at skulen ikkje gjer noko med lite tilfredsstillande organisering, tilrettelegging eller gjennomføring av opplæringa. Elevane får dermed ikkje det utbyttet av opplæringa som dei elles kunne fått.

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet

Fylkesmannen gjennomførte ei dagsamling om det felles nasjonale tilsynet 2014-2017 i Leirvik 13. januar 2015 for kommunane i HAFS-regionen inkludert Høyanger og Gulen. Kommunen var representert ved skulefagleg ansvarleg og rektorane. Informasjon om Utdanningsdirektoratet sitt rettleiingsmateriell, lovkrava og metoden for tilsynet var tema på samlinga. Vi informerte vidare om at Fylkesmannen ville gjennomføre tilsyn i HAFS- regionen inkludert kommunane Høyanger og Gulen hausten 2015. Det vart òg lagt vekt på at kommunane og skulane, uavhengig av om dei får tilsyn, kan nytte rettleiingsmateriellet til å vurdere eigne system og praksis opp mot tilsynstemaet.

Tilsyn med Gulen kommune vart opna gjennom brev 15.06.2015. Fylkesmannen har kravd at kommunen legg fram dokumentasjon med heimel i kommunelova § 60 c.

Krav om dokumentasjon:

- eigenvurderingsskjema frå leiinga ved skulen - eigenvurderingsskjema frå lærarane 1.-4., 5.-7. og 8.-10. klassetrinn - skuleinterene dokument som støtta opp under konklusjonane i eigenvurderingsskjemaet - anna dokumentasjon, t.d. siste års rapportar eller resultat av skulebasert vurdering.

15.10.2015 gjennomførte vi opningsmøte og intervju med rektor og aktuelle lærarar. Både opningsmøtet og intervjua vart gjennomførte på Brekke skule

Kommunen mottok ein førebels tilsynsrapport 13.11.2015 og vi gjennomførte sluttmøte med kommunen og skulen 03.12.2015.

Kommunen fekk frist til 11.12.2015 til å eventuelt kommentere førebels tilsynsrapport. Vi mottok svar frå Gulen kommune med vedlegg frå rektor ved Brekke skule innan fristen.

6

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på intervju med rektor og pedagogisk personale og skriftleg dokumentasjon, sjå vedlegg: «Dokumentasjonsgrunnlaget».

3. Skulebasert vurdering

3.1 Rettsleg krav

Nedanfor har vi opplyst om og utdjupa dei rettslege krava for tilsynet med skulebasert vurdering. Alle dei rettslege krava byggjer på forskrift til opplæringslova § 2-1.

Skulen skal vurdere kva for eit kunnskapsgrunnlag som krevst for å vite om måla i læreplanverket er nådd av alle elevgrupper. Skulen skal jamleg vurdere om organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa medverkar til at elevane når måla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1. For at skulen skal kunne vurdere om elevane når måla, må dei etablere eit kunnskapsgrunnlag. Skulen må vurdere kva for grunnlag som gjev eit godt bilete av om alle elevgruppene når måla. I tillegg til eigne kjelder og undersøkingar er Elevundersøkinga, nasjonale prøver og eksamensresultat aktuelle kjelder. Når skulen har fått eit kunnskapsgrunnlag, må dei bruke dette til å vurdere i kva grad elevane når måla for opplæringa. Skulen kan til dømes samanlikne måloppnåing med tidlegare målingar for skulen, andre skular og gjennomsnittleg nivå kommunalt og nasjonalt. Dette kan gje skulen eit grunnlag til å reflektere over i kor stor grad elevane har nådd måla, og om det er behov for endringar.

Skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa basert på konklusjonen om elevane si måloppnåing frå relevante kjelder. Den skulebaserte vurderinga skal gje skulen informasjon om deira arbeid og organisering medverkar til at elevane når måla i læreplanverket. Dersom skulen konkluderer med at måloppnåinga ikkje er god nok, må skulen vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa. Vurderinga skal identifisere kva for endringar som best kan auke måloppnåinga for elevane. Det er derfor viktig at kunnskapsgrunnlaget er relevant.

Skulen skal setje i verk endring dersom den skulebaserte vurderinga viser behov for det. Formålet med den skulebaserte vurderinga er å auke måloppnåinga på skulen. Når skulen gjennom vurderinga avdekkjer manglar og forbetringsområde, må han syte for å setje i verk endringar på dei områda som effektivt kan auke måloppnåinga.

Skulen skal ha ein brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering. Skulen må involvere dei partane det gjeld både i analysen og i arbeidet med konklusjonen. Det er særleg viktig å involvere lærarane. Lærarar gjennomfører opplæringa og er dei som har best kunnskap om den opplæringa skulen gjev. For å kunne vurdere årsaka til ei eventuelt utilstrekkeleg måloppnåing, er synspunkta frå lærarane nødvendige. Skulen kan òg involvere elevane i arbeidet med skulebasert vurdering. Skulen vurderer elles kven som skal delta ut frå dei tema som blir tekne opp.

7

Skulen skal gjennomføre den skulebaserte vurderinga jamleg. Den skulebaserte vurderinga må planleggjast og utførast systematisk i samsvar med føresetnadene, jf. dei føregåande krava til å gjennomføre vurderinga . Skulen må gjennomføre skulebasert vurdering jamleg, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1. I utgangspunktet skal vurderinga gjennomførast årleg, men ein må bruke skjønn der tidsbruken blir vurdert opp mot det forsvarlege.

3.2 Fylkesmannens observasjonar Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på innsendt skriftleg dokumentasjon, eigenvurderingar og opplysningar gitt i intervju av rektor og lærarar.

1. Har skulen vurdert kva kunnskapsgrunnlag som krevst for å vite om måla i læreplanverket/annan godkjent læreplan er nådde av alle elevgrupper?

 Kvalitetsplan for oppvekstsektoren i Gulen 2014-2017 er utarbeidd med bakgrunn i kompetanse- og kvalitetsutviklingssystemet for HAFS-regionen og er ein del av strategiplanen for oppvekstsektoren i Gulen. Planen inneheld visjonar, mål og fokusområde for kommunen sine einingar. Det er laga eit årshjul for det årlege arbeidet i dei kommunale einingane. I årshjulet går det fram at skulane i kommune er pålagd å gjennomføre datainnsamling der sentrale kjelder er «eksamen, nasjonale prøver, kartleggingsprøver, Elevundersøkinga og Foreldreundersøkinga. I tillegg driv ein kontinuerleg vurdering av det pedagogiske arbeidet». Datainnsamlinga er ikkje knytt til eit bestemt tidspunkt i årshjulet.

 I eigenvurderingane går det fram at både rektor og dei tilsette meiner at skulen har vurdert kva kunnskapsgrunnlag som krevst for å vite om måla i læreplanverket/annan godkjent læreplan er nådde av alle elevgrupper. Det vert forklart at dette skjer gjennom innhenting og vurdering av elevens læringsutbytte. Dokumentasjonen som vert vist til spenner frå lover og forskrifter, læreplanar, ståstadsanalyse, årsplanar i fag, teammøte m.v.

2. Nyttar skulen kunnskapsgrunnlaget til å vurdere oppnåing av måla i læreplanverket/annan godkjent læreplan?

 I årshjulet til Kvalitetsplan for oppvekstsektoren i Gulen 2014-2017 går det fram at skulane skal gjennomføre resultatanalyse til bestemte tider av året. Resultatanalyse er i planen definert som «prosessane vi set i gang for å jobbe systematisk med innsamla data»4.

 I eigenvurderingsskjema går det fram at lærarane tilpassar vurderingane til kvart fag og resultata vert formidla gjennom t. d. konferansetimar og halvårsrapportar til elevane.

 I intervju kjem det fram at skulen har gjennomført ståstadsanalysen fase 2 i haust. Bakgrunnen er at skulen skulle ha ekstern skulevurdering i regi av HAFS- regionen og som ei innleiing til skulevurderinga skal skulen gjennomføre

4 Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017, side 15.

8

ståstadsanalyse for å finne fokusområde for vurderinga. Skulen har slik vi forstår det ikkje gjennomført ståstandsanalysen fase 1 der ein etablerer eit datagrunnlag for analysen eller ståstadsanalysen fase 3 der leiinga og personalet ser på materiale frå dei to forutgåande fasane for analyse, prioritering og konklusjon. Brekke skule har uavhengig av ståstadsanalysen bestemt fokusområdet for den eksterne vurderinga, på bakgrunn av utdanninnga i klasseleiing som skulen har vore igjennom.

 I intervju kjem det fram døme på undervegsvurdering av elevar, men òg døme på at ein på bakgrunn av resultat i fag (nasjonale prøver og eksamensresultat) har endra ressursbruken og sett inn meir delingstimar på tidlegare årstrinn.

3. Er kunnskapsgrunnlaget skulen bruker relevant for å vurdere elevane si måloppnåing?

 I eigenvurdringane til rektor og lærarane vert det forklart at Kvalitetsplan for oppvekstsektoren i Gulen 2014-2017 « kvalitetsplanen» er eit godt og sentralt utgangspunkt for å vurdere elevane si måloppnåing.

 I intervju med rektor vert det forklart at dei ikkje har arbeidd med kvalitesplanen på skulen, men at dei tilsette skal kjenne til den. «Planen har vore oppe på fellesmøte, overfladisk».

 I intervju med tilsette vert det forklart litt ulikt, men kankje med utsegn som peikar i retning av det same. Nokre lærarar seier m.a. « Rektor har meir informasjon om det systematiske arbeidet, vårt arbeid er mot elevane», mens andre forklarar at teama har eit avklart forhold til kartleggingar og testar som skal gjennomførast på hovudstega. Teama blir einige om kva undersøkingar som skal gjerast.

4. Vurderer skulen organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa basert på konklusjonane om måloppnåing?

 Kvalitetsplan for oppvekstsektoren i Gulen 2014-2017 skisserer tre fokusområde for perioden og pålegg skulane å lage årlege tiltaksplan basert på datainnsamling og resultatanalyse. Det kjem fram i intervju at skulen ikkje har laga slik tiltaksplan og at arbeid med årshjulet skal vere eit fokusområde framover.

 I eigenvurderinga forklarar lærarane at skulen gjer omorganiseringar for å sikre elevane eit best mogleg læringsutbytte. Døme som vert trekt fram er tilpassa opplæring, fleire delingstimar inn i undervisninga eller at klassesteg vert delte og ikkje sett saman i ei større gruppe.

 I intervju kjem det fram at skulen på eit tidspunkt vurderte resultata frå Elevundersøkinga og fann noko uønskt resultat som gjaldt elevmedverknad. Skulen prøvde å undersøkje kva som var årsaka til resultata og oppfatta at arbeidet med elevmedverknad «kom seg etter kvart». Det vert òg forklart at 4. klasse er flytta frå mellomtrinnet til småskuletrinnet etter ei vurdering.

9

 Nokre forklarar i intervju at resultat frå t.d. nasjonale prøver vert diskutert på personalmøte og at dei der vurderer om det er behov for meir ressursar til enkelte klassar. Det vert av andre forklart at lærarene arbeider mykje med slike vurderingar på teama og «Det er mogleg at skulen har eit fast system, men vi opplever at det er mykje opp til den einskilde lærar».

5. Dersom den skulebaserte/verksomheitsbaserte vurderinga viser behov for endringar, blir endringane sette i verk?

 Det vert i eigenvurderingane forklart at skulen gjer endringar ved behov.

 I intervju kjem det fram at skulen har jamlege personalmøte og at rektor tek notat i eiga bok. Det vert ikkje skrive referat frå personalmøte eller skriftleggjort og distribuert konklusjonar på annan måte.

6. Er det brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering?

 I eigenvurderingsskjemaene går det fram at det skjer kontinuerleg vurdering i mange fora som involverer både elevar, foreldre, lærarar og leiarar, t.d. konferansetimar, elevsamtalar, foreldremøte og møte med PPT.

 I intervju vert det òg vist til at alle lærarar deltek på fellesmøte kvar 14. dag.

7. Gjennomfører skulen skulebasert/verksembasert vurdering jamleg?

 I eigenvurderinga kjem det fram litt ulike svar på dette spørsmålet frå dagleg tilrettelegging til ein syklus på kvart fjerde år.

Kommunens tilbakemelding etter førebels rapport

Kommunen kommenterer varsel om pålegg slik:

«Skuleeigar opplever at skulen i praksis arbeider godt med informasjonsutveksling, drøfting og tiltak vedkommande kunnskapsgrunnlag, organisering og ressursbruk. Men skulen manglar ein lokaltilpassa skriftleg plan basert på kommunen sin kvalitetsplan. Vi tek til etterretning at det manglar skriftleg dokumentasjon på gjennomførte møter og tiltak. Det vil verte arbeidd vidare med å få på plass gode rutiner for dette.»

3.3 Fylkesmannens vurdering og konklusjon

For å kunne vurdere om skulen sitt arbeid bidrar til å nå måla i læreplanverket/anna godkjent læreplan, må skulen vurdere samanhengen mellom elevane sitt læringsutbytte, arbeidsprosessane og ressursbruken ved skulen. For å kunne gjere dette må skulen ha eit kunnskapsgrunnlag. Kunnskapsgrunnlaget må avgrensast opp mot kva som er tema

10 for den skulebaserte vurderinga. Vi kan ikkje sjå at skulen har gjort ei slik avgrensing av kunnskapsgrunnlaget opp mot bestemt tema.

Den skulebaserte vurderinga må også planleggast langsiktig og utførast systematisk i samsvar med krava til innhald og gjennomføring av vurderinga. Ei forsvarleg skulebasert vurdering er viktig for at skulene skal kunne avdekke eventuelle behov for endring og setje i verk nødvendige tiltak. Skulen skal difor jamleg gjennomføre skulebasert vurdering. Dette innebærer at det i utgangspunktet skal gjerast ei årlig vurdering.

Det kjem fram at Brekke skule gjer endringar i organiseringa av opplæringa og ressursbruken, gjerne på bakgrunn av vurderingar gjort på team- eller personalmøte. Desse endringane er meir eit resultat av skulen sitt løpande arbeid og ikkje som ein del av ei planlagt skulebasert vurdering.

For å kunne sikre krav til gjennomføring av den skulebaserte vurderinga må alle konklusjonar være skriftlige. Konklusjonane som vert gjort på fellesmøte vert ikkje skriftleggjort i form av referat og distribuert. Forholdet er stadfesta i intervju med rektor og lærarar.

Skulen må sjå elevvurdering, skulebasert vurdering og nasjonal vurdering i samanheng. Elevvurdering har som føremål å vurdere den enkelte elev sitt læringsutbytte, medan skulebasert vurdering er skulens jamlege vurdering av eiga verksemd og måloppnåing. I eigenvurderingane og i intervju forklarar både leiinga og lærarar på Brekke skule seg hovudsakleg om elevvurdering når vi spør om arbeidsprosessane som gjeld skulebasert vurdering. Vi finn difor at Brekke skule ikkje har eit avklart forhold til skilnaden mellom elevvurdering og skulebasert vurdering. Skulen må også sjå til at alle lærerne er kjende med forskrifta om skulebasert vurdering.

Då Fylkesmannen i andre runde etterlyste grunnlagsdokument for arbeidet med skulebasert vurdering, sende skulen inn Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017 som dokumentasjon.

Eit system kan forståast som både å gje føringar òg ha oppfølging, for mellom anna å sikre at systemet er kjent og sett i verk. Det er skuleeigar som skal sjå til at skulane gjennomfører skulebasert vurdering. Skuleeigar har gjennom Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017 gjeve føringar for arbeidet i grunnskulane i kommunen. Vi meiner at skuleeigar gjennom kvalitetsplanen har gitt føringar for arbeidet med skulebasert vurdering, men at føringane enno ikkje er implementert ved Brekke skule.

Fylkesmannen kan ikkje finne at det er medvite kunnskap på skulen om forskrift til opplæringslova § 2-1 sine krav om skulebasert vurdering eller at slik aktivitet vert gjennomført jamleg ved skulen.

4. Frist for å rette regelverksbrot

Fylkesmannen har i kapittel 3 konstatert regelverksbrot.

I denne rapporten får Gulen kommune frist til å rette regelverksbrot, jf. kommunelova § 60 d.

11

Frist for retting og tilbakemelding er 01.04.2016. Kommunen må innan denne datoen sende Fylkesmannen ei erklæring om at det ulovlege forholdet er retta, og ei utgreiing om korleis regelverksbrotet er retta.

Dersom regelverksbrot ikkje er retta innan den fastsette fristen, vil Fylkesmannen vedta pålegg om retting. Eit eventuelt pålegg om retting vil ha status som enkeltvedtak og kan klagast på, jf. forvaltningslova kapittel VI.

Følgjande pålegg er aktuelle å vedta etter utløpet av rettefristen i denne rapporten:

1. Gulen kommune må syte for at Brekke skule jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1.

Gulen kommune må i samband med dette sjå til at:

a. Skulen vurderer kva for kunnskapsgrunnlag som krevst for å vite om måla i læreplanverket er nådd av alle elevgrupper. b. Skulen bruker kunnskapsgrunnlaget til å vurdere oppnåing av måla i læreplanverket. c. Kunnskapsgrunnlaget som skulen nyttar, er relevant for å vurdere elevane si måloppnåing. d. Skulen vurderer organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa basert på konklusjonane om måloppnåing. e. Endringane blir sette i verk når den skulebaserte vurderinga viser behov for endringar. f. Det er brei og representativ medverknad i arbeidet med skulebasert vurdering. g. Skulen gjennomfører skulebasert vurdering jamleg.

5. Kommunen sin frist til å rette

Som nemnt i kapittel 4 ovanfor, har kommunen fått ein frist for å rette dei ulovlege forholda som er konstaterte i denne rapporten.

Frist for tilbakemelding er 01.04.2016.

Kommunen har rett til innsyn i saksdokumenta, jf. forvaltningslova § 18.

Leikanger 14.01.2016

Helge Pedersen Lill Mona Solberg

12

Vedlegg: Dokumentasjonsgrunnlaget

Følgjande dokument inngår i dokumentasjonsgrunnlaget for tilsynet:

 Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017  Eigenvurderingsskjema frå leiinga ved Brekke skule  Eigenvurderingsskjema frå lærargruppa 1.-4. klassetrinn  Eigenvurderingsskjema frå lærargruppa 5.-7. klassetrinn  Eigenvurderingsskjema frå lærargruppa 8.-10. klassetrinn  Fase 2: Eigenvurdering av skulens praksis, Brekke skule. Resultat frå eigenvuirderinga.  Kvalitetsmelding for 2015, oppvekstsektoren i Gulen kommune

Informasjon sendt inn etter sluttmøtet

 Gulen kommune, 11.12.2015: Svar på førebels rapport etter tilsyn med Gulen kommune og Byrknes, Brekke og Eivindvik skule  Vedlegg til Gulen kommune sitt svarskriv. Brekke skule 11.12.15 «Svar til fylkesmannen sin førebelse rapport».

Det er gjennomført stadleg tilsyn på Brekke skule 15.10.2015 og sluttmøte på kommunehuset i Eivindvik 03.12.2015.

Desse deltok Åpningsmøte Intervju Sluttmøte Reidun Halland, rådmann X Kari Brekken, rådgjevar X Bodil Bjørlo Takle, rektor X X X Kontaktlærarar 1.-4. årstrinn X X Kontaktlærarar 5.-7. årstrinn X X Kontaktlærarar 8.-10. årstrinn X X Helge Pedersen, rektor X Agnar Mostrøm, rektor X Einar Thune, rektor X

13