MØTEBOK Rådsmøte I Hardangerrådet Iks 1
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
MØTEBOK Rådsmøte i Hardangerrådet iks Dato: Mandag 10.09.2020 Klokka 09.00 – 15.00 Stad: Møterom Thon Hotel Sandven, Norheimsund Til stades: Eidfjord kommune: Ordførar Anders Vatle Kvam herad: Ordførar Torgeir Næss - rådsordførar Ullensvang kommune: Ordførar Roald Aga Haug - rådsvaraordførar fram til kl 12.30 Ulvik herad: Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen Hardangerrådet iks: Styreleiar Toralv Mikkelsen Rådmannsforum: Rådmann Ole-Jørgen Jondahl fram til kl 12.30 Administrasjonen: Dagleg leiar Jostein Eitrheim og konsulent Trude Rinaldo Forfall: Voss herad: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb Rådmannsforum Rådmann Anita Hesthamar Agenda: 09.00 - 11.30 Sakshandsaming 11.30 - 12.30 Lunsj 12.30 - 13.00 Visit Hardangerfjord - Sommarsesongen 2020 - Status v/ Andreas Skogseth 13.00 - 13.30 Næringshagen i Hardanger - Samarbeidsprosjekt/Fusjonsplanar v/ Sigmund Vereide 13.30 - 15.00 Sakshandsaming Orienteringar: Visit Hardangerfjord v/Andreas Skogseth orienterte om status 2020 for overnattingsverksemdene i Hardanger. VHF har bistått mange medlemsbedrifter ifm med auka bruk av sosiale medier for marknadsføring. Særleg vekt på MF innanlands. Vidare fokus på utvikling og reiselivsstrategi for regionen. Næringshagen i Hardanger (NIH) v/Sigmund Vereide orienterte om aktuelle saker frå NIH og status vedr. drøftingar om fusjon mellom Næringshagen på Voss og Næringshagen i Hardanger. Innkalling og sakliste vart godkjent. Desse vart valde til å skriva under møteboka saman med rådsordførar: Hans Petter Thorbjørnsen Roald Aga Haug Saker til handsaming i Regionrådet: Alle vedtak er samrøystes om ikkje anna er nemnt. 1 Saker til handsaming: HR-sak 29/20 Saker innmeldte ved starten av møtet. Vert tatt opp under sak 28/20. ● Tilskot 2020 til Turistbåtruta på Hardangerfjorden ● Program for møte med Hordalandsbenken på Scandic Ørnen i Bergen 28. september ● Fellesmøte (Nettmøte) 18. sept mellom regionråda v/rådsordførar og dagleg leiar ● Forskingsprosjekt (Planprosjekt) “Innovasjon i offentleg sektor”. ● Facebookgruppe for rask kommunikasjon ● Nytt møte med NIBIO ● Internasjonale prosjekt: ○ Stride for stride ○ Siderprosjekt ● Trafikkstatistikk ● Uttale til samf.dep. vedr straksmidlar til Rv13 ● Oppfølgjing Hardcruise ● Uttale til Vestland fylkeskommune vedr. Tokagjelet ● Kraft HR-sak 30/20 Meldingar Vedtak: Meldingane vart tekne til vitande. HR-sak 31/20 Hardangerrådet frå 2021 ● Strategiplan Regionrådet drøfta og gav innspel til framlagt presentasjon. Vedtak: Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik vil vidareføra eit regionalt samarbeid gjennom Hardangerrådet. Rådsordførar og dagleg leiar får fullmakt til å utarbeida utkast til Strategiplan. Styret utarbeider utkast til ny selskapsavtale. Desse vert lagt fram for regionrådet for handsaming i neste rådsmøte 22. oktober 2020. HR-sak 32/20 Orientering om viktige saker i kvar kommune og i Vestland fylkeskommune med særleg vekt på koronapandemien - Orientering ved kvar ordførar Denne gjennomgang vert utsett til neste rådsmøte. HR-sak 33/20 Orientering- og drøftingssaker ● Tilskot 2020 til Turistbåtruta på Hardangerfjorden ○ Endeleg tilskot for 2020 er kr 175.000 ● Program for møte med Hordalandsbenken på Scandic Ørnen i Bergen 28. september ○ Fellessaker frå Hardangerrådet 2 ■ Reiselivet tiltakspakkar ■ NTP Rassikring Tilgjengelegheit/heilårsopne vegar. ■ Kraft Lokal utnytting av overskotskraft. ○ Aktuelle saker frå kvar kommune. ○ Bolk med fylkesordførar ● Fellesmøte (Nettmøte) 18. sept mellom regionråda v/rådsordførar og dagleg leiar ○ Møte med fylkesordførar og fylkesrådmann mot slutten av dette møtet. ● Forskingsprosjekt (Planprosjekt) “Innovasjon i offentleg sektor”. ○ Administrasjonen orienterte om prosess for førebuing av søknad til Forskningsrådet. ● Messengergruppe for rask kommunikasjon ○ HR oppretter denne. ● Nytt møte med NIBIO ○ Det vert lagt opp til at møtet som skulle vore i mars 2020 vert arrangert på NIBIO 8. oktober. Alle ordførarane vert inviterte. ● Internasjonale prosjekt: ○ Stride for stride ○ Siderprosjekt Administrasjonen orienterte kort om desse prosjekta. ● Trafikkstatistikk ○ Dagelg leiar la fram trafikkstatistikk for alle målepunkt i Hardanger. ● Uttale til samf.dep. vedr NTP-midlar til Rv13 ○ Dagleg leiar og ordførarar utformer uttale. ● Oppfølgjing Hardcruise ○ Hardangerrådet inviterer Hardcruise v/Hans Parnefalt til rådsmøtet 22. oktober ● Kronikk i BT vedr. Tokagjelet ○ Rådsordførar skriv kronikk på vegne av Hardangerrådet. ● Kraft ○ Hardangerrådet prioriterer å utarbeida plan for kraftutnytting lokalt i regionen. Møteboka godkjent 10.09.2020 Torgeir Næss Rådsordførar Rådsmedlem Rådsvaraordførar Hans Petter Thorbjørnsen Roald Aga Haug 3 .