Tysnes kommune

Reguleringsplan for småbåthamn i Gjersvika Gnr. 96, bnr. 2 m.fl.

Planomtale

Innhald

1. Planhistorie ...... 3 2. Innleiing ...... 3 3. Føremål med planen ...... 3 4. Avgrensing av planområdet ...... 4 5. Planstatus ...... 4 6. Kvifor båthamn? ...... 4 7. Lokalisering av båthamn - drøfting av alternative plasseringar ...... 5 8. Planforslag ...... 7 9. Risiko og sårbarheit – vurdering av konsekvensar for båthamn ...... 10 10. Bilete frå planområdet ...... 12

Vedlegg: 1. Føresegner 2. Plankart 3. Merknader og kommentar til oppstart plan

Vedteken plan: 11.12.2012.

Akvator AS

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 2

1. Planhistorie

I september 2008 blei søknad om oppstart av privat planarbeid vedtatt i utval for landbruk /teknisk, kommune. Utvalet var positive til å gå vidare med saka.

Saka vart sendt ut på høyring 12.03.09 med svarfrist 02.04.09. Merknadane til planen er handsama i eiga vedlegg.

Planen vart lagt fram i utval for Landbruk/teknisk den 23.06.2009. Planen vart sendt på høring. Planen fekk motsegn frå Fylkesmannen, då den m.a. ikkje var i samsvar med overordna plan (kommuneplan 2003-2015). Planen har sidan ikkje vorte prioritert av Tysnes kommune, i påvente av ny kommuneplan.

Kommuneplan for Tysnes (2011-2022) vart lagt fram for godkjenning 26.04.2012. I kommuneplanen er planområdet avsett som småbåthamn.

Tysnes kommune og Fylkesmannen i Hordland hadde, den 23.04.2012, eit møte for å komme fram til ei løysing av planframlegget slik at motsegn til planen kunne vert trekt. Basert på referatet frå dette møtet har Akvator utarbeidd nytt revidert planforslag, som no vert lagt fram.

Planomtalen er revidert med omsyn til at planområdet no er i samsvar med kommuneplan, samt dei endringar som er komme etter første gangshandsaming og i høyringsperioden. Akvator har valt å behalda kap. 6 og 7 i planomtalen. Kapittelet vart skriven før ny kommuneplan, og syner litt av den argumentasjon som har vor kring kvifor ein bør etablera ei småbåthamn i Gjersvika og ikkje lenger inne i Gjersvikvågen.

Hovudvekta av planomtalen relaterer seg til den nye kommuneplan og at området er regulert til småbåthamn.

Kommunen har akseptert av planen går etter gamal PBL.

2. Innleiing

Tysnes Båthamn som er ein open medlemsorganisasjon, legg med dette fram revidert forslag til reguleringsplan for småbåthamn i Gjersvika. Planen omhandlar privat småbåthamn med tilkomstveg og parkeringsareal. Planområdet er om lag 44 dekar.

Planområdet ligg i bukta Gjersvika, aust for Våge sentrum, Tysnes kommune.

Planen er utarbeidd av Akvator AS på oppdrag frå Tysnes Båthamn.

3. Føremål med planen

Føremålet med planen er å etablera småbåthamn for Vågeområdet. I tillegg vert det etablert tilkomstveg og parkeringsareal. Vegtilkomst til hamna er planlagd frå RV 49, via ny fellesveg ned til sjø. Ved strandsona og på ein holme, Hønsaholmen, vert arealet regulert til småbåthamn (land) med veg, parkering og servicebygg. Deler av Hønsaholmen vert regulert til friluftsområde og offentleg badeområde. På land vert det fortetting med naust ved eksisterande naustområde, samt felles parkeringsplass. Eit landbruksbygg vert regulert inn bak nausta.

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 3

4. Avgrensing av planområdet

Planområdet ligg i ei og omhandlar både sjø og land. I nord ligg Gjerstadneset med vågen Gjersvikvågen utanfor. I sør og vest grensar området til jordbruk og RV 49. Det er spreidd bustadbygging med hovudvekt på landbruk i nærområdet.

5. Planstatus

I kommuneplan for Tysnes (2011-2022) er eit område på sjø/land avsett til småbåthamn og eit området for naust. Revidert planframlegg er såleis i samsvar med overordna kommuneplan.

Fylgjande eigedomar inngår i planområdet:

Gnr Bnr Eigar pr 01.05. 2009 95 4 Arild Teigland Gjerstad 96 2 Ann og Erling Langballe

6. Kvifor båthamn? (vidareført frå 1. planframlegging, 2009)

I Noreg er det registert om lag 350 000 småbåtar (år 2009). er det fylket i landet som har flest båtar registrert i Småbåtregisteret med 44 000. Båtturismen er sterkt aukande, og er eit definert satsingsområde i (Samarbeidsrådet for Sunnhordland, rapport Båt- og kystturisme, 2009).

Det er mykje trivsel, kultur og identitet knytt til sjøen i øykommunen Tysnes. Samtidig er det mange som i dag ikkje har tilgang til naust eller båtfeste. Ytterlegare skjerping av byggjeforbod i strandsona i ny Plan- og bygningslov vil gjera at tilrettelegging av felles tiltak, som større båthamner, vil verta enda viktigare. Felles båthamner legg til rette for tilgjenge til strandsona på ein arealsparande måte, og er slik i samsvar med overordna prinsipp om bruk og vern av strandsona.

Våge er ein av dei bygdene som har færrast tilrettelagde båtplassar i fellesanlegg. Privat båthamn i Svevågen er mellombels, og har 25 plassar og ikkje høve til vidare utviding slik det ligg i dag. Behovet for båtplassar i Vågebygda er difor stort. Gapet mellom tilgjengelege plassar og behov er stort, og vil venteleg auka i åra som kjem, med utbygging av vidare steg i Vågsmarka byggefelt, samt private felt og auka fortetting i Vågeområdet.

Småbåthamn i Våge har i mange år vore ei prioritert sak både i kommuneplansamanheng og i strategisk næringsplan for Tysnes. I gjeldande kommuneplan (2003-2015) ligg det inne småbåthamn ved ferjekaien, og i Svevågen om lag 500 m søraust for ferjekaien. Det har i mange år vore jobba med å få til småbåthamn på desse to plassane i Våge, men konfliktar i høve til andre interesser har stoppa planarbeidet. Det er no etablert ei større gjestehamn ved ferjekaien i Våge som ikkje er foreinleg med ei småbåthamn av denne storleik.

Tysnes kommune, Hordaland Fylkeskommune og Asplan Viak har utarbeidd ein stadanalyse for fjordlandsbyen Våge, i dialog med befolkninga på Tysnes. Spørsmålet om båtplassar i Våge vart og handsama i analysen, som konkluderte med at småbåthamn må etablerast utanfor sentrumsområde. Samstundes er det viktig at ei båthamn ligg nokolunde sentralt i høve til busetnad. Rapporten gjorde framlegg om Gjersvika, ca.1 km aust for eksisterande ferjekai (sjå kart nedanfor). Det har vore søkt etter andre alternativ i samarbeid med kommune og grunneigarar. Ei samla vurdering basert på tilgjenge, storleik på området, lokalklimatiske tilhøve og topografi konkluderer med Gjersvika som den best eigna lokaliteten for privat småbåthamn i Våge. Stadanalysen var bakgrunn for at interimstyret for båthamn i Våge vart danna, og byrja arbeida med planar for båthamn i Vågeområde. Interimstyret avventa planarbeidet i høve til arbeidet med stadanalysen i Våge som

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 4

vart lagt fram våren 2008. Arealet som vart peika på i rapporten, er i samsvar med planframlegget som no vert lagt fram.

Bilde: ”Ei småbåthamn krev mykje parkeringsareal. Det er ikkje plass i Vågsvika. I Svevågen er det plass, men areala kan med fordel nyttast til andre føremål. Dersom grunneigarane er positive vil Gjersvika kunne vere eit godt alternativ for ei større gjestehamn”(Stadanalyse Våge s.72).

Ei småbåthamn i Gjersvika løyser behov for tilgang til sjø og båtplassar for Vågebygda, på fylgjande punkt:

 Løyser naudsynt behov for båtplassar i Våge  Fellesanlegg for båtplassar lettar presset på øvrig areal til sjø i Våge  Plassering samsvarar med tilrådingane i stadanalyse for Våge  Tilgang til offentleg badeområde i gangavstand skule / barnehage  Ny veg fram til offentleg veg, kan nyttast til fleire føremål.

7. Lokalisering av båthamn - drøfting av alternative plasseringar (vidareført frå 1. planframlegging, 2009)

Diskusjon av lokaliseringsalternativ er ofte knytt til overordna planar. Val av lokalitet er likevel grovt drøfta nedanfor å syna begrunna val av lokalisering i Gjersvika. Kartskisse over Gjersvikvågen (nedanfor) viser alternative plasseringar for ei båthamn (merka med nr.1-5). Dei store føremonene med lokaliteten i Gjersvika (nr.1) er vegløysing og parkering med minimale inngrep i eksisterande landbruksområde, samt særs gode hamnetilhøve. Ei båthamn med plass for over 100 – 150 båtar, krev skikkeleg infrastruktur på land. Ingen av dei eksisterande vegsystema i området er av ein slik art at det er foreineleg med trafikk til ei båthamn av ein slik storleik. Difor er det lagt opp til ny veg. Den nye vegen erstattar eksisterande veg til sjø over Gnr.96, Bnr.2. Denne vert tilbakeført til jordbruksareal. Avstanden frå RV 49 til parkeringsplass for båthamna er tilstrekkeleg til at ein får laga ein veg med tilfredstillande stigningstilhøve. Det planlagde parkeringsarealet med plass til om lag 50 bilar er for ein stor del lagd på utfylte og utsprengde massar. Ein unngår slik unødig bandlegging av jordbruksareal. Strandsona der parkeringsarealet ligg er av låg kvalitet med grunn evjebotn. Med etablert veg over til Hønsaholmen, vert deler av strandsona her opna for ålmenta for opparbeiding av offentleg tilgjengeleg badeområde. Området ligg i gangavstand frå Tysnes Skule og ny planlagd Barnehage.

Alternative plasseringar av småbåthamn i Gjersvikvågen:

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 5

Lisbetneset (nr.2) Her er ei mogeleg alternativ plassering til Hønsaholmen. Hovudproblemet her vert veg og plassering av parkeringsareal. Her er det mange høgdemeter på relativt kort avstand frå RV 49. Dette vil krevja eit veganlegg med fleire svingar og større terrenginngrep. Belastninga med anlegg på land vert vesentleg større i høve til jordbruksareal.

Bøneset (nr.3) Her er nok ei mogeleg plassering. Her vil det vera råd å få til ei vegløysing, men parkeringsarealet vil koma i konflikt med jordbruksareal av høg kvalitet. Det er og kulturminne i strandsona i tilknyting til gamal dampskipskai, noko som ikkje vil vera foreneleg med ei småbåthamnplassering. Bøneset er og vesentleg meir verutsett.

Kvernavika (nr.4). Her byr løysing for veg og parkeringsareal på store utfordringar. Det er god plass til eit anlegg i sjø men ikkje infrastruktur på land. Det må anleggjast heilt ny veg, og ein kjem i konflikt med landbruk og kulturlandskap. Eit anlegg her vil og komme inn på mange ulike grunneigarar, som ikkje utan vidare vil vera interessert i eit slik anlegg.

Gjersvikeidet (nr.5). Her syner det seg at det vil vera vanskeleg og plassera eit anlegg av nemnde storleik utan å koma i konflikt med eksisterande naustområde. Likeeins vil det ikkje vera plass for eit parkeringsanlegg av naudsynt storleik. Området er svært utsett frå vind frå vest.

Alternativ for båthamn på nordsida av Gjersvikvågen, ser ein heilt bort frå, grunna eksisterande veg til Tysnes/Gåsevik. Denne er av ein slik karakter at det ikkje vil vera forsvarleg å auka trafikkgrunnlaget ved etablering av ei båthamn av slik storleik.

Bilde: Kartskisse over Gjersvikvågen med ulike alternative plasseringar for båthamn (nr.1-5).

Ut i frå 5 moglege lokaliseringar for båthamn, basert på større småbåtanlegg med tilhøyrande parkering og vegtilførsel, er alternativ 1 og tiltaksområde det beste alternativet. Sjølv om denne småbåthamna ikkje enno er med i gjeldande kommuneplan, er det både politisk og administrativt vilje til å gje løyve til utarbeiding av reguleringsplan for dette viktige føremålet i Tysnesbygda. Kommunen har det siste året jobba med prioritering av tema i planprogram for revisjon av gjeldande kommuneplan. Likevel vil det ta lang tid før denne er godkjent og kan vera grunnlag for reguleringsplan. Oppstart av reguleringsplanen vart drøfta i utval for landbruk og teknisk 1/9-2008, og det vart fatta positivt vedtak. I etterkant vart det arrangert møte og synfaring med Fylkesmannen 22/10-2008 for å diskutere planskisse og planprosess.

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 6

8. Planforslag

Planområdet har eit samla areal på 44,3 da og fordeler seg på dei ulike planføremåla på fylgjande måte:

Føremål Areal (m²) Naust (privat) 0,5 Landbruksbygg (privat) 0,3 Område for industri (privat) 0,3 Område for jordbruk (privat) 8,3 Offentleg kjøreveg og anna veggrunn 1,3 Offentleg badeområde 0,1 Bevaring kulturminne 0,5 Privat småbåthamn (land) 3,0 Privat småbåthamn (sjø) 4,6 Friluftsområde (på land) 1,7 Friluftsområde (i sjø) 19,8 Privat veg 0,1 Felles avkjørsel 3,4 Felles parkering 0,4

5.1 Naust I planområdet fins det 5 eksisterande naust innerst i bukta. To av desse nausta høyrer til hovudbruka 95/4 og 96/2 og vert regulert som landbruksareal. Planframlegget legg til rette for ei ny naustrekke med plass til 4 einingar. Eksisterande naustområde vert såleis fortetta i samsvar med fylkesplanen: ”Nye naust bør som hovudregel samlast i eigne naustmiljø der ein planlegg med tanke på felles båthamner, opplagsplassar og anna”. Dette er også i samsvar med Tysnes kommune sine eigne retningsline i kommuneplan. Det er imidlertid viktig å leggja vekt på landskapsmessige tilpassingar og estetisk utforming av eit tiltak i strandsona, og m.a. skal naust tillatast innanfor gjeldande retningsliner: ”Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland”. Sump- og evjesjøområde ved dei nye nausta vert fylt att og planert til same nivå som eksisterande naust. Planeringskote +2 +/-0,5

5.2 Landbruksbygg Grunneigar av bruk 95/4 har lenge hatt behov for eit reiskapshus til sine jordbruksreiskapar. Det har lenge vore tenkt å etablere eit bygg bak eksisterande naust, då ein meiner dette er ein eigna og god lokalitet. Her er området alt planert ned og terrenget ligg utan vegetasjon. I planframlegget har ein regulert inn eit område for landbruksbygg nettopp her.

5.3 Område for Industri Eit lite industriområde er regulert inn i planen. Dette området er i samsvar med overordna kommuneplan. Området tilhøyrer eksisterande industri i området, og vert nytta som parkeringsområde

5.4 Landbruksområde Område for landbruksområde er i kommuneplanen angitt som LNF-område. I planforslaget vil eksisterande veg til naustet innerst i Gjersvika (bruk 96/2) verta erstatta av ny felles tilkomstveg til småbåtanlegget. Eksisterande veg vil verta tilbakeført til jordbruksføremål.

5.5 Offentleg kjøreveg og anna veggrunn RV 49 har fått dette føremålet. Ingen endringar vert gjort på den offentlege vegen. Eksisterande vegstatus og vegklasse vert oppretthalden slik den er i dag.

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 7

5.6 Offentleg badeområde I eit område nord på Hønsaholmen er det planlagt å etablera ei badestrand. Stranda ligg skjerma for vind, og vil få gode soltilhøve når under- og krattvegetasjon vert fjerna på holmen. Det vil vera naudsynt å reinska opp i standsona og etablera sandstrand i området. Det vil verta etablert ein universell utforma gangveg til badestranda. Stranda er offentleg og kan nyttast av alle, spesielt av skuleborna på Tysnes skule, som ligg i nærområdet.

5.7 Bevaring kulturminne I planområdet er det registrert eit automatisk freda kulturminne. Det regulerte området inkluderer ei buffersone på 5 m rundt kulturminnet.

5.8 Privat småbåthamn (sjø) Planframlegget legg opp til at det kan etablerast eit småbåthamn med plass til maks 100 båtar. Anlegget i sjøen kan ha dimensjonane ca. 90m* 50m, og vil vert oppankra med kjetting til betonglodd/anker på sjøbotn. Djupneforholda er undersøkt og vurdert som gode, så området er godt egna som småbåthamn.

5.9 Privat småbåthamn (land) Delar av Hønsaholmen og litt av fastlandet har fått dette føremålet. På Hønsaholmen ynskjer ein å etablera anlegg tilknytt småbåthamna, servicebygg, bodar, veg og 3 handikapp parkeringar. Ein delvis nyetablert veg ut til Hønsaholmen vil verta nytta som veg ut til småbåthamna. På fastlandet vil det verta etablert ein større parkeringsplass som tilhøyrer småbåthamna. Her er strandområdet delvis utfylt, og ein ynskjer fylla ut fronten slik at den vert rettlinja og får ein steinsett front (sjå fylling i sjø under ROS).

I revidert planframlegg har ein, etter merkande frå Fylkesmannen, redusert arealet på Hønsaholmen. Arealet på holmen gir moglegheiter for å snu ein bil med båttilhengar. I tillegg skal det på holmen vera plass til eit servicebygg med små bodar og 3 handikapparkeringar med manøvringsfelt.

Det er sett krav om 50 % parkeringsdekning for båthamna. I planframlegget er det synt maks utnytting av anlegget, noko som vil tilseia 50 parkeringsplassar. I planforslaget er det også eit område med felles parkering. Her vil ein kunne etablera nokre parkeringsplassar for å stetta kravet om parkeringsdekning for båthamna, samt at dei 7 nausta i planen skal ha kvar sin parkeringsplass her.

5.10 Friluftsområde (på land) Delar av Hønsaholmen er avsett som friluftsområde som kan nyttast av ålment ihht. friluftslova. Ein del kratt- og undervegetasjon vil måtte fjernast for å få fram ein gangveg til badeområdet, men einskilde tre vil likevel verta ståande igjen i området. Eit tilrettelagt friluftsområde med gangvegar og badeplass gjev eit betre tilgjengeleg sjøområde enn det som er gjeldande med dagens sump- og gjørmeområde.

5.11 Friluftsområde (i sjø) Sjøområde rundt småbåthamna og inn til nausta er avsett med dette føremålet. Her vert det fri ferdsle for båtar til og frå småbåtanlegget, samt eksisterande og nye naust. Kommunen kan setja krav om fartsregulering for båtar her.

I kommuneplan er området utanfor småbåthamna avsett som kaste- og låssettingsplass. Ein forventar at den største delen av trafikken med småbåtar frå båthamna vil reisa ut av Gjersvikvågen og ikkje nytta nærområdet i så stor grad. Konflikt med sjøområdet sin kaste- og låssettingsplass vert vurdert som minimalt.

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 8

5.12 Privat veg Den private traktorvegen til bruk 95/4 kjem inn og koplar seg på felles veg i planområdet (regulert som ”felles avkjørsel”). Grunneigar vil nytta denne vegen til og frå det nye landbruksbygget.

5.13 Felles avkjørsel og parkering Det vil verta etablert ny veg ned til småbåthamna. Vegen er dimensjonert for større kjøretøy og bli lagt om i frå eksisterande kjerreveg i området grunna stigningsforholda. Eksisterande veg er svært bratt og dårleg og difor erstatta med ny. Fellesvegen skal nyttast av biltrafikk til og frå småbåthamna, naustområdet og offentleg badeområdet. I planen er føremålet felles avkjørselen vist som eit breitt område, dette for å ta omsyn til fyllingar. Endeleg vegplassering vil verta gjort i detaljprosjektering. Ein skal då leggja til rette skråningar mot vegen slik at dei kan verta ein nytteverdi for grunneigar samstundes som den gjev ei estetisk utforming av vegen.

I revidert planframlegg er den nye vegen til småbåthamna endra. Det vart gjort ei registrering av eit automatisk freda kulturminne i området i høringsfasen av planen. Vegen er difor lagt om slik at den er meir enn 5 m (sikringssone) frå kulturminnet. Kulturminnet er synt med rune-R i bakgrunnskartet og med sona bevaring kulturminne i planframlegget.

Sjølve avkjørsel frå RV 49 er ikkje dimensjonert til at større kjøretøy kan gjera ein 180 grader sving frå riksvegen og inn på avkjørselen. Privat bustad i området gjer det umogeleg å utvida avkjørselen slik at større kjøretøy frå vest kan svinga direkte inn på avkjørselen. Alle større bilar må difor koma køyrande inn på avkjørselen frå aust, dvs. på same side som avkjørselen ligg. Ei omlegging av avkjørsla kjem i konflikt med andre interesser, men kan vera eit alternativ i framtida, dersom denne løysinga ikkje er haldbar. Ein forventar at hovudvekta av kjøretøy til og frå småbåthamna vert småbilar og det er avkjørselen dimensjonert for.

I området bak dei nye nausta vil det verta naudsynt å fylla igjen sumpområde/sjø (sjå om fylling under ROS). Området har fått føremåla felles parkering og jordbruk.

Det vert sett krav om 1 parkeringsplass pr. naust i planområde, noko som er i samsvar med kommuneplan. Område regulert til felles parkering skal nyttast som parkeringsområde av nausteigarane.

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 9

9. Risiko og sårbarheit – vurdering av konsekvensar for båthamn

Fylling i sjø: Det er gjort lodding av djupneforholda aust for Hønsaholmen som viser at område er djupt nok til å etablere ei småbåthamn her. Gjersvikbukta ligg med front mot aust og vil difor ikkje vera utsett for sterke vindar frå nord og nordvest. Gjersvika er ei relativt stille vik og har alle føresetnad for at ei båthamn kan etablerast her.

Det vert aktuelt å fylle i sjø fleire stader i planområdet. Det vert utfylling mellom Hønsaholmen og småbåthamna (sjø), langs parkeringsområde i småbåthamn (land) og ved naustområda. Ved småbåthamna (sjø) og parkeringsplassane vert det aktuelt å fjerna dårleg sjøbotn og fylla på med sprengsteinsfylling. I front og langs sidene av fyllinga vert det etablera natursteinsmura frå sjøbotn og opp. Ein steinsett front vil gje området eit felles estetisk utsjånad. Steinmuren er også med på å stabilisera fyllinga og hindra erosjonsutvasking av grunn. Lags eksisterande veg til Hønsaholmen vert det lagt større steinar i fyllingssida som skapar eit felles bilde som harmonera med resterande murar og langs vegen vert det etablert stabbesteinar. All fylling i sjø må skje med løyve etter Hamne- og farvasslova. I område for naust vert det i tillegg utskifting av massar. Her må det dokumenterast kva massane skal nyttast til.

Kulturminne Det var ved søk i Askeladden og fylkeskommunen sin database ”Kart i Vest” ikkje funne registerte kulturminne eller SEFRAK registerte bygningar innanfor plangrensa då planen starta opp. I høyringsfasen vart det gjennomført arkeologisk registrering i området og eit nytt kulturminne (id 129561) vart registrert. Området er med i planframlegget som bevaring kulturminne (jf. punkt 5.7 ovanfor). I nærområdet til plan er det elles registrerte ein gravhaug ytst på Gjerstadneset.

Bergen Sjøfartsmuseum og Hordaland Fylkeskommune har gjorde ei marinarkeologisk (sjø) og ei arkeologisk (på land) undersøking i området, i samband med planframlegget, i 2009. Dette vart gjort i høyringsfasen av planen.

Friluftsområde Det er i dag ikkje tilgjengelege offentlege badeplassar på nordre del av Tysnes utan bruk av båt. Tiltaket vil leggja til rette for offentleg badeområde, med god vegtilførsel og parkering. Området vil såleis gjera delar av strandsona meir tilgjengeleg for ålmenta. Tiltaket skapar ikkje barrierar for nærmiljøet, men skapar betre tilgjenge til strandsona for ålmenta. Området er i dag ikkje nytta som utfartsområde. Tiltaket er med på å styra friluftsinteressa ved tilrettelegging av parkering, småbåtanlegg og badeområde og gjev betre nytting av området enn kva som er tilfelle i dag.

Naturmangfald Det er ikkje registrert artsførekomstar, viktige naturtypar eller verdifulle viltområde og vilttrekk i offentlege kartdatabasar innanfor planområdet (www.naturbase.no, www.artsdatabanken.no, naturtypekartlegging og viltkartlegging). Det er heller ikkje verna eller forslag til vera område innanfor eller i nærområdet til planområdet.

Bilde: Utsnitt DN Naturbase

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 10

Området innanfor planområdet og nærområdet vert nytta som habitat (leve- og hekkeområde) for ein del fugleartar knytt til strandsone og sjø, som t.d. grågås, tjeld, måker og gråhegre. Det er også registert artar som svarttrost, kjøttmeis, blåmeis i nærområdet (artsdatabanken). Artane er vanleg førekommande, og alle er registert med levedyktige bestandar. Området er ikkje vurdert meir “unikt” enn andre strandsone- og sjøområde i nærområdet.

Ein ser det slik at Naturmangfaldslova § 8 (kunnskapsgrunnlaget) er stetta i høve til kravet om at kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimeleg forhold til saken/planen sin karakter og risiko for skade på naturmangfaldet. Dette på bakgrunn av eksisterande kjennskap til området, utbyggingsområdet er klarert i kommuneplanprosessen. Eksisterande kunnskap er vurdert til å vera tilstrekkeleg.

Det er grunn til å tru at konsekvensane av planframlegget vil vera avgrensa. Den samla belastninga for økosystema innanfor planområdet vil verta negativt påverka pga. inngrep og endringar. Verknaden er likevel liten då nærområdet er menneskeskapt (jordbruksareal) og registreringane innanfor og i nærområdet er knytt til vanleg førekommande artar og naturtypar/viltområde.

Tiltaket er vurdert slik at det ikkje utgjer ein trussel mot direkte trua eller sårbare artar og deira leveområde.

LNF I kommuneplan er området avsett til småbåthamn. Ein har her vurdert jordbruksinteressene vil å få små negative konsekvensar og svært lite jordbruksland vil gå tapt ved eit slikt tiltak.

Støy Tysnes kommune har i ny kommuneplan lagt til rette for ei småbåthamn her. Dei har ikkje sett som krav at ein skal utarbeide støykartlegging for eit slikt tiltak. Det er difor ikkje gjort ei støykartlegging av planframlegget.

Det vert mest støy under anleggsperioden ved etablering av småbåthamna. Støy frå eit ferdig småbåthamn vert vurdert som minimal. Bruken av anlegget med kjøring av båtar til og frå anlegget vil generere noko støy. Det vert satt krav om maks fart i båthamna og når ein kan drive vedlikehald av anlegget/båtar i føresegna.

Ved eventuelle klage vil Tysnes båthamn i etterkant utføra støymålingar, desse vil avdekka eventuelle behov for andre avbøtande tiltak.

Ras og flaum Området er ikkje vurdert utsett for rashendingar av tyding. Eit tiltaksområde inne i ei vik, som Gjersvika, er godt skjerma og relativt lite utsett for ekstrem vær og vind som skapar flaumhendingar med negative konsekvensar. Ei småbåthamn er konstruert til å tole variasjonar i vassnivået og vil vera godt forankra til å kunne tole sterk vind og straumar i sjø.

Vassforsyning, avløpsanlegg og renovasjon Planar for teknisk anlegg for området vil bli avklart i samband med detaljprosjektering av området.

Konklusjon: Samla sett vert tiltaket vurdert til ikkje å koma i konflikt med område med særleg verdifullt landskap, naturmiljø, kulturminne, ras, flaum eller støy som gjer det naudsynt med ekstra tiltak.

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 11

10. Bilete frå planområdet

Bilde: Oversikt over Gjersvika. I dag er det aktivitet i strandområde gjennom ny veg til Hønsaholmen og steinuttak på jordet til bruk 95/4. (Foto: L. Enes)

Bilde: Deler av strandsona er alt påverka av menneskeleg aktivitet. Utfylling, veg i strandområde og delvis veg til Hønsaholmen. Eit steinuttaksområde kan ein sjå midt på biletet. I området bak eksisterande naust er det også tatt ut stein og terrenget planert ned (Foto: L. Enes)

______Reguleringsplan for småbåthamn Gjersvika 12