Sakshandsamar: Tom Dybwad Vår dato Vår referanse Telefon: 57643123 19.04.2018 2016/2455- 421.4 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse

Til adressatar i følgje liste

Flostranda naturreservat – høyring av framlegg om å endre grensa pga plan for ny Fv 722 til Flo

Fylkesmannen sender med dette eit framlegg om å redusere Flostranda naturreservat med om lag 10 dekar som følgje vedtak av reguleringsplan for ny tunnel til Flo i kommune. Grunneigarane i Flo har tilbode erstatningsareal for areal som går ut. Frist for å kome med fråsegn er 25. juni 2018.

Vi viser til brev av 18.01.2018 frå Statens vegvesen med søknad om grenseendring for Flostranda naturreservat i samband med å realisere ny rassikker veg til Flo, Fv 722.

Statens vegvesen har utgreidd to alternativ i Veslebygda, A1 og A5, der A1 fører til inngrep i Flostranda naturreservat, medan alternativ A5 går klar av naturreservatet. Stryn kommunestyre har i møte 19. desember 2017 vedtatt reguleringsplan der alternativ A1 vart valt. Dette var i samsvar med Statens vegvesen si tilråding.

Figuren nedanfor syner dei to alternativa.

Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected]

FYLKESMANNEN I OG FJORDANE 2/6

Statens vegvesen har difor søkt om grenseendring for området som i godkjend reguleringsplan ligg innanfor Flostranda naturreservat i alternativ A1. Reduksjonen av naturreservatet gjeld det området som i godkjend reguleringsplan er synt som veg, tunnelmunning og naudsynt tilgrensande areal for gjennomføring av veganlegget, i alt ca. 10 dekar.

Vi har lagt ved kart av Flostranda naturreservat som viser kva for areal Fylkesmannen no gjer framlegg om å ta ut, og reguleringsplanen for tunnellpåhogget for ny Fv 722 som ligg til grunn for framlegget.

Ut frå Fylkesatlas kan det sjå ut som arealet som det vert søkt om å ta ut av Flostranda naturreservat høyrer til gnr/bnr 6/1, 6/2, 6/3 og 6/4, men vi er usikre på om opplysningane er korrekte.

Bakgrunn Fylkesmannen har i fråsegner til planane om ny veg og tunnel til Flo meint at ei grenseendring/reduksjon kan gjerast dersom areal som går ut vert kompensert med areal på nedsida av eksisterande veg mellom Veslebygda og Flo. Av naturfaglege rapportar frå Miljøfaglig utredning AS går det fram at det er naturverdiar her som kan styrke verneverdien av Flostranda naturreservat i høve til areal som går ut som følgje av ny veg og tunnel etter alternativ A1.

Planane om bygging av ny veg med tunnel til Flo kom fordi eksisterande veg mellom Veslebygda og Flo er svært utsett for ras og steinsprang. Det har vore fleire ras-episodar i seinare år, og det er derfor viktig for Stryn kommune at tunnelprosjektet vert realisert så raskt som mogleg. Byggekostnaden kan vere avgjerande for realiseringa av prosjektet. Eitt av forslaga som vart lagde ut på høyring, fører ikkje til inngrep i naturreservatet (A5-B3). Kostnadsoverslag viser at dette alternativet er ein god del dyrare enn det som fører til inngrep i naturreservatet (A1-B3), likevel med +/10 % uvisse for begge alternativa.

Fylkesmannen gav si tilråding om val av vegtrasé i eit brev av 25.10.2017. Utifrå vurderinga til Miljøfagleg utredning om potensialet for avbøtande og kompenserande tiltak ved grenseendring for naturreservatet, kostnadsvurderingane, og signala Fylkesmannen fekk frå grunneigarane i området om å kompensere areal som vert teke ut, fann vi at det utifrå natur- og miljøinteresser var akseptabelt at alternativ A1-B3 vert godkjent. Elles meinte vi at alternativ A5-B3 burde veljast, også på grunn av den økonomiske uvissa på +/- 10 % ved dei to alternativa.

Fylkesmannen hadde eit møte 27.02.2018 med grunneigarane langs vegen, Stryn kommune og Vestskog, der tema var å kompensere areal som går ut med at grunneigarane tilbyr erstatningsareal på nedsida av vegen gjennom ordninga med frivillig skogvern. Det var stemning blant alle dei frammøtte grunneigarane for å få til eit erstatningsareal gjennom ordninga med frivillig vern, og semje om at Vestskog skulle ta kontakt med alle grunneigarane om dette. Etter dette møtet har alle grunneigarane på Flo som har areal på nedsida av fylkesveg 722 frå Marsåna i aust fram til eigedomsgrensa mot Veslebygda kome med tilbod om frivillig skogvern, eit område på i alt ca. 35,5 da (sjå kartvedlegg til dette brevet). Det er store naturverdiar i området, på høgde med det ein elles finn i Flostranda naturreservat, og vi reknar området som er tilbode som kompensasjon for området som vert teke ut, som ein fullgod erstatning. Fylkesmannen sende eit brev 17.04.2018 med oppstartmelding om utviding av Flostranda naturreservat med dette området. Brevet vart send til alle som får dette brevet.

Fylkesmannen sender med dette på høyring eit framlegg om å ta eit område på ca. 10 da ut av Flostranda naturreservat. For avgrensing sjå vedlagt kart. Frist for å kome med fråsegn til framlegget om å ta ut arealet vert sett til 25. juni 2018.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/6

Saksgang vidare. Etter høyringa vil Fylkesmannen oppsummere fråsegnene og kome med vår tilråding til Miljødirektoratet om grenseendring og reduksjon på 10 dekar av Flostranda naturreservat. Miljødirektoratet har så langt signalisert at endringa ikkje er større enn at dei truleg har fullmakt til å gjere vedtak i saka. Viss Miljødirektoratet likevel finn at dei ikkje kan gjere vedtak om reduksjon av Flostranda naturreservat, vil saka verte førebudd for vedtak ved kgl.res. i Regjeringa etter tilråding frå Miljødirektoratet.

Fylkesmannen legg opp til at dei to sakene med høvesvis reduksjon av Flostranda naturreservat og utviding av naturreservatet vil følgje kvarandre i tid så langt det er mogleg. Dersom bygging av den nye fylkesvegen med tunnel til Flo vil bli starta opp før vedtaket om reduksjon er gjort, vil Fylkesmannen kunne gi dispensasjon med tilvising til dei pågåande prosessane med Flostranda naturreservat.

Adresselister Dette brevet er sendt ut til rettshavarar i det aktuelle området, lokale, regionale og nasjonale instansar og organisasjonar som kan ha interesse av planarbeidet.

Vi ber om forståing og orsaking dersom det er feil og manglar ved adresselistene, og ber samstundes om tilbakemelding på slike feil til Fylkesmannen ved sakshandsamar.

Informasjon Spørsmål om planarbeidet kan rettast til - seniorrådgivar Tom Dybwad, tlf 57 64 31 23, e-post [email protected]

Skriftlege innspel sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller på e-post [email protected]

Med helsing

Nils Erling Yndesdal Tom Dybwad fylkesmiljøvernsjef seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Adresseliste: Stryn kommune, [email protected] Stryn Bondelag v/ Bjørn Magnus Rørtveit, [email protected] Stryn Bonde- og Småbrukarlag v/ Arne Sølvberg, [email protected] Stryn og jeger- og fiskarforbund v/ leiar Olav Andersbakken, [email protected] Indre Turlag, indrenordfjord.dnt.no/ Visit Nordfjord, [email protected]

Grunneigarar i Veslebygda og Flo Leif Magne Ljåstad (gnr/bnr 3/1) Observatorievegen 10, 2743 Harestua, [email protected]

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/6

Kolbein Nesheim v/ Jan Kristian Takvam (gnr/bnr 4/1), [email protected] Geir Ove Lindvik (gnr/bnr 5/1), Veslebygda, 6783 Stryn, [email protected] Arve Lindvik (gnr/bnr 5/2), Veslebygda, 6783 Stryn, [email protected] Kjell Steinar Lindvik (gnr/bnr 5/4), 6783 Stryn, [email protected] Magni Fure (gnr/bnr 6/1), Åsaberget 3, 6823 Sandane, [email protected] Stian Fure (gnr/bnr 6/1), 6783 Stryn/, [email protected] Roger Øren (gnr/bnr 6/2), Fure, 6783 Stryn, [email protected] Asbjørn Fure (gnr/bnr 6/3), Veslebygda 6783 Stryn, [email protected] Gerd-Jorunn Yttergård (gnr/bnr 6/4) 6783 Stryn, [email protected] Martin Flo (gnr/bnr 7/1), 6783 Stryn, [email protected] Kolbein Fridtun (gnr/bnr 7/2 og 7/7), 6783 Stryn, [email protected] Jon Nedre Flo (gnr/bnr 7/3), 6783 Stryn, [email protected] Egil Reidar Flo (gnr/bnr 7/4), 6783 Stryn Tor Hofrenning (gnr/bnr 7/5), Nybøvegen 7, 6783 Stryn, [email protected] Lisbet Aarnes (gnr/bnr 7/6), Årnes, 6799 Oppstryn, [email protected] Bjørn Inge Flo (gnr/bnr 7/9), 6783 Stryn, [email protected]

Sogn og Fjordane fylkeskommune, [email protected] Vest Politidistrikt, [email protected] Høgskulen på Vestlandet v/ avd. for naturforvaltning, Sogn og Fjordane, [email protected] Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, [email protected] Norges Jeger- og Fiskerforbund NJFF Sogn og Fjordane, [email protected] Norges vassdrags- og energiverk, region vest, [email protected] Sogn og Fjordane Bondelag, [email protected] Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, [email protected] Sogn og Fjordane Skogselskap, [email protected] Sogn og Fjordane Turlag, [email protected] Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, [email protected] Sogn og Fjordane avd. NOF v/Anders Braanaas, [email protected]

Statens vegvesen region vest, [email protected] Forsvarsbygg, [email protected] Norges jeger- og fiskerforbund, [email protected] Technogarden (nødnett), [email protected] Norsk organisasjon for terrengsykling - NOTS, [email protected] Statnett, [email protected] Avinor, [email protected] Direktoratet for mineralforvaltning, [email protected] Universitetsmuseet i , [email protected] Den Norske Turistforening, DNT, [email protected] Det Norske Skogselskap, [email protected] Fortidsminneforeningen, [email protected] Luftfartstilsynet, [email protected] Norges geologiske undersøkelse (NGU), [email protected] Norges Naturvernforbund, [email protected] Norges Skogeierforbund, [email protected] Norsk institutt for Naturforsking NINA, [email protected] Norsk ornitologisk forening (NOF), [email protected] Norsk Skogbruksforening NORSKOG, [email protected] Riksantikvaren, [email protected]

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 5/6

SABIMA, [email protected] Universitetet i Bergen, Geologisk institutt, [email protected] Verdens Naturfond (WWF Norge), [email protected] Vestskog, [email protected]

Kopi pr. e-post m/vedlegg: Miljødirektoratet, [email protected]

Kart over grenseendring – område som går ut av Flostranda naturreservat

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 6/6

Kart: Reguleringsplanen for tunnelpåhogg Veslebygda vedteke Alt 1