Vi trur på

PARTIPROGRAM FOR SYKKYLVEN HØGRE 2019-2023 9 grunner for å stemme Høgre

›› Sikre gode oppvekstvilkår

›› Sikre ei god og verdig eldreomsorg

›› Sikre ein framtidsretta næringspolitikk

›› Sikre representasjon i kommunestyret frå heile Sykkylven

›› Sikre ein berekraftig kommuneøkonomi

›› Sikre ei levande kommune med eit attraktivt sentrum

›› Sikre god infrastruktur og oppgradering av dei kommunale vegane

›› Sikre at kommunen støttar opp om tiltak og initiativ knytta til reiseliv og turisme

›› Sikre at det blir jobba for tunell Hole-Engeset og Storfjordsambandet

2 INFRASTRUKTUR OG SAMARBEID I REGIONEN/KOMMUNEREFORM

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Vere ein aktiv medspelar i Storfjordsambandet, og vere ein pådrivar for å kome vidare med prosjektet tunell Hole - Engeset () i denne valperioden. • Oppretthalde god rutefrekvens, fleire avgangar morgon og kveld, og store nok ferger på Sykkylven – Magerholm og Hundeidvik – Festøy. • Jobbe for at skuleskyssordninga til barneskulane, vidaregåande- og ungdomsskulen er godt tilpassa behova til borna og elevane. Sykkylven Høgre ønskjer også at det generelle kollektivtilbodet blir styrka. • Fortsette med opprusting av dei kommunale vegane. • Arbeide for at kommunen fortsatt skal ta ei aktiv rolle for å få på plass gangveg til Aursneset. • Arbeide opp mot Fylkesmannen for å sikre at rundkøyringa ved småbåthamna i sentrum blir prioritert og realisert. • Arbeide for at det er utbygd fiber til alle husstandar i Sykkylven. • Arbeide for at Sykkylven skal ha eit godt samarbeid med utdannings- og forskings- institusjonar, næringsliv og frivilligheita. • Støtte kommunesamanslåing for å sikre at alle innbyggjarar også i framtida får gode tenester med høg kvalitet. • Arbeide for at Sykkylven som nærliggande kommune til storregionen Ålesund blir attraktiv som bukommune.

REISELIVKOMMUNA SYKKYLVEN

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Utvide reiselivsbegrepet frå «ferie og fritid» til også å gjelde kultur. Reiseliv er ei næring i vekst, og dei reisande blir stadig meir opptatt av kulturopplevingar så vel som naturopplevingar. • Støtte opp om viktige reiselivsatsingar som t.d. Designvegen. Sykkylven har tilbod innan kunst, design og møbel, museer, mat, gardsbesøk og opplevingar innan natur, ski, sport og fritid. Satsinga på Designvegen er difor viktig for å kunne profilere desse tilboda. • Støtte utvikling av området på Auremarkane. • Legge til rette for sykkelturisme. Sykkelturisme er sterkt veksande, og Sykkylven Høgre er pådrivar for å tilrettelegge for dette. Mellom anna gjennom sykkelnettverket i samarbeid med Stranda, og . • Arbeide for at det skal vere heilårsturisme på Fjellsætra, noko som kan gi auka næringsvirksomheit og inntekter til kommunen. Opprusting og heilårsdrift av Fasteindalen kan vere eit virkemiddel for utvikling i Fjellsæterområdet. • Tilrettelegge for tursti/trappetrinn til Aurenakken. Dette vil styrke Sykkylven som ei reiselivskommune. • Tilrettelegge for gode servicetilbod for tilreisande turistar med bubil og campingvogner.

3 TILBOD TIL ELDRE

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Arbeide for at det blir fleire dagplassar og avlastningsplassar for eldre. • Arbeide for fleire og meir differensierte aktivitetstilbod til personar med demenssjukdom, og fleire demensplassar på BUAS. • At flest mogleg skal kunne bu heime og meistre eigen kvardag. Det er difor viktig at kommunen har tilstrekkeleg kapasitet innan kvardagsmestring. Det er også viktig at kommunen har tilbod om førebyggande heimebesøk for eldre. • Legge til rette for at det blir bygd fleire boligar for eldre i sentrum. • Utvikle tilboda til eldre, som til dømes å opprette eit Senioruniversitet med alle dei spennande muligheitene dette kan tilføre seniorane i kommunen. • At tiltaka i kvalitetsreforma «Leve hele livet» blir gjennomført. Dette fordi reforma skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger, ha tryggleik for at dei får god hjelp når dei har behov for det, at pårørande kan bidra utan at dei blir utslitt og at tilsette kan bruke sin kompetanse i tenestene.

HELSE OG OMSORG

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Arbeide for å sikre eit godt tilbod innan psykisk helsevern og rusomsorg. • Arbeide for å sikre eit godt tilbod innan kreftomsorg. • At fleire skal ta i bruk velferdsteknologi (som for eksempel tryggleiksalarm, digitalt nattilsyn, multidosedispensere, e-låsar og digital avstandsoppfølging). Dette for å sikre at dei som ønsker det kan bu heime lengst mogleg og meistre eigen kvardag. • Jobbe aktivt for arbeidstidsordningar som sikrar kontinuitet i pleietenestene, eit godt arbeidsmiljø og bidreg til større heiltidskultur, både i eldreomsorga og i øvrige omsorgstilbod. • Legge til rette for ulike rekrutteringstiltak i kommunen. Kommunen vil framover ha eit auka behov for helsepersonell, og eit viktig rekrutteringstiltak kan vere å arbeide for å få fleire menn inn i helsetenesta. • Arbeide for at alle i Sykkylven har ei legedekning som er minst like god som landsgjennomsnittet.

4 Høgres liste i Sykkylven

1. BIRGITTE J SÆTRE BONESMO Født år: 1972

2. Trond Blakstad 10. Ole Høibakk 18. Anna Simonsen Født år: 1963 Født år: 1973 Født år: 1977

3. Trond Bonesmo 11. Øistein Klokk 19. Jan Ove Skogvold Født år: 1970 Født år: 1976 Født år: 1954

4. Stian Hellebostad 12. Arne Krogh-Bakkedal 20. Jarle Strømmegjerde Født år: 1985 Født år: 1948 Født år: 1960

5. Ole Bjørn Hjellegjerde 13. Bente Grebstad Molnes 21. Henning Sølvik Født år: 1976 Født år: 1954 Født år: 1972

6. Bergljot Hjortdal 14. Synnøve Ramstad 22. Torill Velle Født år: 1973 Født år: 1948 Født år: 1971

7. Jostein Hole 15. Kjellaug Roald 23. Roger Andre Welle Født år: 1958 Født år: 1942 Født år: 1968

8. Jan Halvard Holmøy 16. Stig Sandnes Født år: 1977 Født år: 1964

9. Kamilla Høibakk 17. Kjetil Settemsdal Født år: 1999 Født år: 1980

5 EI LEVANDA KOMMUNE MED EIT ATTRAKTIVT SENTRUM

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Arbeide for at vi har ein levande kommune med aktivitet i heile Sykkylven. • Utvikle kaiområdet i sentrum til å verte eit område for allmenn nytte for alle i kommunen, og eit attraktivt område for tilreisande. • Arbeide for at Alpebadet skal kunne realiserast. • Arbeide for å få til gang/sykkelsti frå Småbåthamna til Haugneset/Berlihuset. Dette inkluderer gangbru over Aureelva. • Arbeide for at vi skal ha byggeklare tomter i heile bygda, med ekstra fokus på sentrumsnære tomter. • Arbeide for å sikre fleire parkeringsplassar i sentrum. Dette for å unngå at viktig utvikling stoppar opp.

OPPVEKST OG KUNNSKAPSPARTIET HØGRE

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Arbeide for at det skal vere barnehagar med god kvalitet i heile kommunen. • Arbeide for at ny sentrumsskule, som også skal innehalde kulturskule, kjem på plass så raskt som mogleg. Høgre vil arbeide for å få på plass heilskapleg infrastruktur før byggestart. • Arbeide for å auke kompetansen til det pedagogiske personalet i skulane. Det må vere pedagogisk personell i alle klasserom. • Intensivere bruken av digitale verktøy i undervisninga for å styrke individuell opplæring og auke læringsutbyttet. • Arbeide for at det også i framtida skal vere ein vidaregåande skule i kommunen, med utdanningsprogram som er attraktive for elevane og tilpassa næringslivet. • Satse på entreprenørskap i skulen i samarbeid med næringslivet.

KULTUR, IDRETT OG MANGFOLD

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Ha ein Kulturskule som bidreg til eit rikt kulturliv. Sykkylven Høgre er positiv til ny Kulturskule i den nye sentrumskulen slik at vi kan utvikle kulturlivet og skape bulyst og trivsel. • I framtida ha eit nytt kulturhus som er samlokalisert med Alpebad og hotell. Dette er ein framtidsdraum. • Ha gode vilkår for idretten og frivilligheita. Idretten bidreg til god folkehelse, deltakelse og inkludering. Frivilligheit og dugnad skaper lokalt engasjement og fellesskap.

6 • At naturen skal vere ein ressurs til stor glede for alle. • At kommunen skal bli med i Stikk UT då det bidreg til å styrke folkehelsa, samt gir bygda fleire tilreisande. Det er også eit viktig ledd i å gjere Sykkylven attraktiv som turist- og bukommune. • Jobbe for å auke hallkapasiteten i sentrum då hallkapasiteten i Sykkylven Storhall er sprengt. • Støtte opp om festivalar og kulturarrangement då dei er viktige for bulyst, trivsel og turisme. • At kommunen i større grad enn i dag skal samarbeide med frivillige lag og organisasjonar, og også ha ein plan for økonomisk støtte til dei. Det er mange i Sykkylven som deltek på dugnad for ulike lag og organisasjonar, noko som skaper aktivitet og trivsel i bygda.

TILBOD TIL UNGE

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• At kommunen skal ha gode og varierte tilbod til ungdommen, som er vår viktigaste ressurs for framtida! • Arbeide for at kommunen har både organiserte og uorganiserte arena for ungdom. • Støtte opp om det viktige arbeidet MOT gjer for ungdommen i bygda, og vil at det skal vere MOT-arbeid på alle skulane. • Styrke det forebyggande helsearbeidet for barn og unge, gjennom helsestasjon og skulehelsetenesten/helsesjukepleiar, styrke psykologtilbodet og fleire lavterskeltilbod. • Ha fleire aktivitetsbaserte moglegheiter for barn og ungdom med nedsett funksjonsevne.

7 NÆRINGSUTVIKLING, KLIMA OG SKAPARGLEDE

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• At Strategisk Næringsplan skal vere retningsgivande for kommunen sin næringspolitikk. Planen er utarbeida av Sykkylven Næringsutvikling AS, i samarbeid med Industrilaget, Handelsforeninga, Bondelaget, Vidaregåande Skule og Fylkeskommunen. Næringsplanen legg til rette for skaparglede, bulyst, kompetansearbeidsplasser, turisme, Designvegen, mm. • Støtte opp om industrien i kommunen. Sykkylven Høgre er stolt av industrien og det arbeidet dei gjer med tanke på å bygge eit berekraftig velferdssamfunn. Eit berekraftig velferdssamfunn inneber at fleire kjem i jobb, fleire blir inkludert i samfunnet, og vi i fellesskap innfrir klimamåla. • Legge til rette for omstilling til eit grønare samfunn med t.d. nye berekraftige jobbar og stille miljøkrav. • Arbeide for at kommunen blir opplevd som positiv og løysningsorientert i alle møter med næringslivet. • Arbeide for å sikre rasjonell og effektiv kommunal drift, og sjå på tenestemodellar for god organisering. Sykkylven Høgre er prinsipielt imot eigedomsskatt og vil arbeide for at det ikkje skal vere nødvendig å ha denne skatten i Sykkylven. Sykkylven Høgre støttar ikkje eigedoms- skatt på næring. • Arbeide for å styrke statlege verkemiddel som reduserer den økonomiske risiko bedrifter tek på seg ved å prøve ut ny teknologi. • Legge til rette for attraktive næringstomter.

KOMMUNEN SOM ARBEIDGJEVAR/SAMARBEID MELLOM POLITIKARAR OG ADMINISTRASJON

SYKKYLVEN HØGRE VIL:

• Arbeide for at kommunen skal vere innovativ og framoverlent. • Arbeide for at kommunen skal ha rett organisering, god leiing og engasjerte medarbeidarar som sikrar gode tenester til innbyggarane. • Arbeide for at kommunen har medarbeidarar med høg kompetanse og det skal leggast til rette for vidareutdanning. • Arbeide for at det blir oppretta fleire lærlingplassar i kommunen. • Arbeide for å sikre eit godt samarbeid mellom politikarar og administrasjon.

Spørsmål eller innspel? Ta kontakt!

Sykkylven Høgre Foto-kreditering: www.hoyre.no xxxxxxxxxxx [email protected]