UTSIKTSRYDDING I LUSTER ERFARINGAR FRÅ NOKRE RUNDAR MED UTSIKTSRYDDING:

• 2004: etter lokalt initiativ frå bygdelag på sørsida av Lustrafjorden • 2005: Prosjekt «Opne Landskap» (FM, FK og Vegvesenet) • 2009: Nye midlar til utsiktsrydding langs veg (SLF via FMLA) • 2016: Ordning etablert under jordbruksoppgjeret 2015. Utsiktsrydding knytt til jordbruket sitt kulturlandskap 2004 • Tiltak under Urnes prosjektet • Lokal person tilsett til rydding • Stubbebehandling med Roundup • 6 område/strekningar prioritert • Utsikt mot fjord/elv/foss 2005 • «Opne landskap» – i regi av Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Statens Vegvesen. I tillegg finansiering frå prosjektkommunen på 10%. Ingen eigenandel for søkjarane! • Lokale lag med i prosessen med å plukka ut aktuelle strekn./omr. • «mest muleg utsikt ved minst muleg rydding» (smale, og/eller bratte område). • Luster kommune: 9 strekningar/område (, , sørsida av Lustrafj.) • Landbruksvikarane i kommunen vart leigd inn når dei hadde ledig kapasitet – Nokre grunneigarar/lokale personar - fungerte veldig bra. • Trevirket vart delvis tilbakeført til grunneigar, delvis gitt til den/dei som utførte ryddinga (dersom grunneigar ikkje var interessert i å henta og ha veden sjølv). 2009 • Midlar frå SLF via FMLA-500 000,- til S og Fj. • Lagt vekt på sysselsetjingseffekt. • Kort frist (2 veker!) på å melda inn strekningar • Om lag 9 omr./punkt rydda i og sørsida av Lustrafjorden Prosessen i kommunen

• 2005 og 2009: – Invit. frå FMLA om å koma med søknad på strekningar ein ønskte å rydda. – Kommunen tok kontakt med lokale lag for å få innspel til område – Samanfatta i søknad frå kommunen til FMLA, som løyvde tilskot til nokre av strekningane. – Løyvingsbrev til bygdelaga, med følgjande oppgåve-/ansvarsfordeling : • Luster kommune som stod som arbeidsgjevar og som ansvarleg for utsiktsryddinga. • Kommunen innhenta løyve frå grunneigarar • Dei lokale laga hadde i hovudsak kontakten med dei som utførte arbeidet • Det vart ført logg for kvar sone (eit skjema pr. sone) av den som utførte ryddinga • Trevirket gikk til grunneigar, eller til den som hadde utført ryddinga (om grunneigar avstod) Prosessen i kommunen • 2016: – 5 mill til utsiktsrydding i og Fjordane i 2016 – Slutten av juni 2016: Retningsliner for klare, basert på forskrift om utsiktsrydding knytt til jordbrukets kulturlandskap. – Løpande søknadshandsaming

– Brev til bygdelaga med invit. til å koma med innspel til område. – Tilbakemeld./eigne søknader frå eitt bygdelag og ein grunneigar/gardbrukar, samt innspel på område frå ytterlegare eitt bygdelag (men ikkje søknad) – P.g.a løpande handsaming har kommunen sendt dei enkelte søknadane fortløpande vidare, men planen var å samla innspela frå lokale lag/enkeltpersonar/andre organisasjonar i ein søknad frå kommunen, for å få med og dei «mindre aktive» bygdelaga/lokale laga sine innspel (slik praksis var frå tidlegare rundar med utsiktsrydding). – Ny vurdering på kommunen si rolle for 2017 og framover. Meir aktiv involvering frå kommunen si side for å få med fleire område i kommunen. Søknadar til no i Luster kommune • Tilrådd frå Luster kommune – Fylkesmannen si vurdering Fylkesmannen ser det som ein fordel at Jostedal Bygdelag står som søkjar og organisator for rydding av fleire strekningar. Søknaden er ikkje grunngjeven med tanke på utsiktsrydding til kulturlandskap, men snarare naturopplevinga som elva utgjer. Jostedalen er likevel eit stort sett samanhengande kulturlandskap, tufta på jord- og skogbruk, slik at søknaden fell innanfor føremålet med ordninga. Strekningane der kulturlandskapet er minst framtredande er Svagruineset og Kvernadalen. Ved Moabrui mot kyrkja, strekninga ved Elvøy og rasteplassen ved Bruheimsbrui kan søknaden grunngjevast med utsikt til kulturlandskap og på Alsmo i skogbrukets kulturlandskap. • Tilrådd frå Luster kommune – Fylkesmannen si vurdering • Arealet som du ynskjer å rydda ligg som ei smal skogstripe mellom dyrka mark og elv langs elva på ______i Dalsdalen i Luster. I fylgje forskrifta skal ryddinga gje auka utsikt frå ferdselsårer. Målet er såleis å skapa opningar eller større opningar i utsiktsbildet ved å rydda langs ferdselsårer. Næraste offentlege ferdselsåre til dette arealet er hovudvegen gjennom Dalsdalen (57). Inntil vegen ligg dyrka mark og dernest ei elv før ein møter arealet som de ynskjer å rydda. Arealet de ynskjer å rydda ligg såleis ikkje langs ei ferdselsåre. Den planlagde ryddinga vil heller ikkje gje særleg auka utsikt frå ferdselsåra då det frå ferdselsåra i dag tilsynelatande allereie er fri sikt utover dyrka mark. Døme på avtale med den som utfører ryddinga

AVTALE

OM RYDDING AV SKOG PÅ PRIORITERTE OMRÅDE LANGS FYLKESVEGEN PÅ SØRSIDA AV LUSTRAFJORDEN

Det vert med dette inngått avtale mellom Luster kommune og Heidi Heløy om følgjande:

 Arbeidet omfattar rydding av fire område langs vegstrekninga mellom Skjolden og Ornes. Det er utarbeida ein pris pr. område. Prisen er ut ifrå ei timelønn på kr.145,- , med eit tillegg pr. time på kr. 35,- for bruk av eige utstyr, 8-timars arbeidsdag, og ut ifrå i vurdering av arbeidsomfanget på kvart område.  Prisane pr. omr. er som følgjer, og er med utgangspunkt i løn til 2 personar pr. dag: Totalt Timelønn Tillegg  Omr. 1 Tallsete (3 dgr.): 7 800,- 6 960,- 840,-  Omr. 2 Stokkenes (2 dgr.) : 5 200,- 4 640,- 560,-  Omr. 3 Loi (2,5 dgr.) : 6 500,- 5 800,- 700,-  Omr. 4 Kroken(1 dgr.): 2 600,- 2 320,- 280,-  SUM: 22 100,- 19 720,- 2 380,-

 Heidi Heløy er ut ifrå dette tilsett i 8,5 dgr. med ovanfor nemnde satsar.  Arbeidstakar stiller med alt naudsynt utstyr sjølv (maskiner, verneklede, drivstoff, evt. anna)  Kvistar og greiner skal samlast i dungar og skjulast mest muleg i terrenget der dette er muleg. Der dette ikkje er muleg skal slikt avfall køyrast vekk.  Fine bjørketre og rogn skal setjast att.  Arbeidstakar skal syta for at stubbane vert behandla med roundup (punktbehandling), for å unngå sterk attvekst.

Gaupne, 01.03.2010 Grunnlag for kostnadsoverslag

• Timesatsar basert på SMIL satsar (om lag 300,- pr. t - pers. med motorsag) • Vurdering av arbeidsomfanget på kvart område (buskas, tettvakse, vaksne tre, bratt/flatt, osb.) ERFARINGAR OG TANKAR KRING ORDNINGA SLIK HO FØRELIGG NO I 2016 Uheldig: – At det ikkje er krav om bruk av Roundup (glyfosat) – At finansieringa kjem berre frå jordbruket, delvis på bekostning av andre ordningar for bøndene (og ikkje reiseliv, samferdsle) – Eigeninnsats/-finansiering på 30% (kven tek/bør ta den kostnaden..) – Ikkje midlar til vedlikehald – korleis sikrar ein då vedlikehald? – Dei mest aktuelle strekningane/områda er lite eigna til beiting (som kanskje er det mest tydelege landbrukstilknytta tiltaket i denne samanheng) – Dersom ryddinga i hovudsak vert utført av meir eller mindre lokale entreprenørar og ikkje bønder/grunneigarar vert det sysselsetjing, men ikkje nødvendigvis i landbruket (der kostnadane er tillagt).. – «Ubalanse» mellom kven som har fordelar med ryddinga (innbyggjarane, turistar, vegmyndigheiter) – og dei som «har arbeidet, og kostnadane» med utsiktsryddinga (jordbruket, innbyggjarane) – Fare for at dette vert eit «kulisse-prosjekt», som gror att etter få år. Forts. erfaringar/tankar.. • Det bør vera: – Krav om stubbebehandling – Arbeida for eit tettare samarbeid med vegmyndigheiter og reiseliv på alle nivå, med tanke på ansvarsfordeling, fordelar, kostnader, osb. – Meir fokus på vedlikehaldet og kostnader/ ordningar knytt til det – Kan verta ei god ordning, dersom ein bearbeidar ho litt og involverar fleire BILETE

Like etter rydding i 2006 Forts. bilete

Utsikt mot Hafslo frå Rv, like etter rydding i 2005

Like etter rydding i 2007, ved Sørheim Forts. bilete