Detaljreguleringsplan for Solvorn kaiområde og badeplass

Plan-ID 1426-2018005 Datert: 13.03.2019 Til offentleg ettersyn

Eigengodkjent: dd.mm.åååå, sak xx/xx Endra:

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Planomtale I samsvar med plan- og bygningslova § 4-2 er det utarbeidd ein planomtale som skildrar føremål, hovudinnhald og verknader av planen, samt gjere greie for vilkåra til andre gjeldane reguleringsplanar, overordna planar og retningslinjer i planområdet. Ei ROS- analyse er gjennomført i samband med planarbeidet og er eit eige vedlegg.

Plassering og avgrensing av planområdet Planområdet ligg nedst i bygda Solvorn i ei bukt på vestsida av Lustrafjorden. Bygda har tilkomst frå fv. 55 og vidare via fv. 338 fram til ferjeleia i planområdet. Frå planområdet er det om lag 18 km til kommunesenteret Gaupne. Planområdet er på om lag 14 dekar og omfattar areal på land og i sjø, sjå figur 1. Arealbruk i dag er ferjeleie, parkering, bustad, naust, friområde-badeplass og landbruk.

Figur 1 Avgrensing av planområdet i Solvorn.

Bakgrunnen for planarbeidet Hovudføremål med detaljreguleringa er å utvide badeplassen, sikre tilkomsten til friområdet og bruk av kaiområdet, og samstundes sikre bygningsmiljøet innanfor planområdet. Planframlegget er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel der eksisterande badeplass i Solvorn er vedteken utvida gjennom omregulering. I planleggingsprogrammet 2018-2021 til Luster kommune blei det vedteke at badeplassen og Solvorn kaiområde skal inngå i same plan.

Det er eit initiativ frå kommunestyret om å sikre ålmenta sitt tilgjenge til kaiområdet i Solvorn. Kommunestyret handsama ein interpellasjon knytt til framtidige eigartilhøve og bruk av kaien i Solvorn i møte den 17.12.2015, og rådmannen fekk i oppdrag å følgje opp saka. Eit ledd i oppfølginga er å utarbeide ein reguleringsplan for kaiområdet.

Det føreligg eit midlertidig forbod mot tiltak på Storekaien og den gjeldande reguleringsplanen for Solvorn er eldre enn 10 år og gjev ikkje lenger heimel for tiltak. Dette utløyser ein trong for ein ny reguleringsplan for å sikre området for tiltenkt bruk og gje heimel til å gjennomføre tiltak. Omreguleringa skal erstatte delar av reguleringsplanen i Solvorn frå 1995. Den nye reguleringsplanen skal sikre samsvar mellom plan og reell bruk av området og samtidig sette føringar for framtidig bruk.

Til offentleg ettersyn Side: 2

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Eigartilhøve Grunneigarar i planområdet er lista opp nedanfor.

Gbnr. Namn 177/1 Jorunn Orlaug N Walaker 177/8,11,24 Hermod Nitter Walaker 177/12 Nina Karlsen 177/13 og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen region vest 177/15,16,17,18 Luster kommune

Planprosessen

Oppstartsvedtak Planarbeidet er vedteke i Luster kommune sitt planleggingsprogram for 2018-2021 og gjennom kommuneplanen sin arealdel for 2015-2026. I Luster kommune sitt planleggingsprogram, vedteke 14.12.2017, er det bestemt at kaiområdet og badeplassen i Solvorn skal inngå i same reguleringsplan.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram jf. § 4-1 i plan- og bygningslova, sidan reguleringa er i samsvar med kommuneplanen og er vurdert til å ikkje gje vesentlege verknader for miljø og samfunn.

Varsel om oppstart av planarbeid Offentlege høyringsinstansar, grunneigarar i området og naboeigedommar vart varsla i brev datert 29.08.2018. Oppstart av reguleringsplanarbeidet vart varsla på kommunen si heimeside den 31.08.2018 og gjennom annonse i Sogn Avis den 04.09.2018. Frist for å kome med innspel var sett til 15.10.2018.

Innspel Det kom 13 innspel til førehandsvarselet for planarbeidet. Det er gjennomført synfaring i lag med interessentar som har teke kontakt og bedt om det. Synfaring var 1. og 2. oktober 2018.

Framdriftsplan 1. gongs handsaming: Januar/mars 2019

Offentleg utlegging: Mars 2019

2. gongs handsaming: Juni/september 2019

Eigengodkjenning: Juni/september 2019

Gjeldande planar og rammer for området

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2028 (KPS) I KPS er overordna tema som kommunen skal jobbe mot definert som; Luster -, (1) ein god stad og bu, (2) ein god stad å besøkje og (3) ein god stad for bedrifter. Tiltak er skildra i KPS for å støtte opp om dei overordna temaa i kommunen, og tiltak for kulturminne og friluftsliv er særleg relevante for planområdet.

Til offentleg ettersyn Side: 3

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Ein målsetnad og eit tiltak for kulturminne vedteke i KPS er å styrke Solvorn som inngangsportal til verdsarvområdet Urnes stavkyrkje. Eit anna tiltak er å leggje til rette for parkering, toalett og avfallslevering i prioriterte besøksområde. For friluftslivet er det satt føringar om å ivareta areal langs fjord og vassdrag for ålmenta som er eigna for bading og fiske, og vurdera vilkår for bruk av vasskuter. Desse målsetnadane og temaa i KPS er vurdert i planarbeidet.

Kommuneplanen sin arealdel 2015-2026 (KPA) I KPA er utviding av eksisterande badeplass i Solvorn vedteken som ein oppfylgjande planoppgåve og areal er sett av til føremålet framtidig friområde. I tillegg er parkeringssituasjonen i Solvorn nemnd som ei utfording og noko som må takast omsyn til ved planarbeid i området.

Arealføremål i KPA innanfor planavgrensinga er synt som friområde, bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, bustader, fritids- og turistføremål, og samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur, sjå figur 2. I tillegg ligg planområdet i omsynssona bevaring kulturmiljø. Ein kommunedelplan for kulturminne er under revidering, og difor vert forvaltningsplanen for Solvorn førande for planarbeidet. Tiltak som kan skade eller forringa kulturminneverdiane i området bør ikkje tillatast. Andre omsynsoner i planområdet i KPA er ras- og skredfare, faresone for brannsmitte og bevaring av kulturmiljø. Dei nemnde farane vert vurderte i ROS- analysen.

Framlegg til ny reguleringsplan for området er i Figur 2 Arealføremål for samsvar med gjeldande kommuneplan. Delar av planområdet i gjeldande kommuneplan. Omsynssoner er arealet synt som bustad i KPA vert regulert som ikkje tatt med i utsnittet (KPA avløpsanlegg ettersom kommunen har bygd eit 2015). offentleg toalett og pumpestasjon, medan resten av arealet er friområde. I tillegg er delar av arealet synt som fritids- og turistføremål regulert til naust og uthus, noko som er reell bruk av bygg og areal.

Kommuneplanen sin arealdel er under revidering.

Til offentleg ettersyn Side: 4

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Forvaltningsplan for Solvorn, Luster kommune 2013 Forvaltningsplanen i Solvorn tek opp tema og tiltak som er relevante for å verne kulturmiljøet og for få ein målretta utvikling av Solvorn. Utfordringar for området er blant anna trafikksituasjonen og manglande heimel for å regulere båttrafikken ved badeplassen. Dette er tema som vert vurderte i planarbeidet.

Eitt tiltak i handlingsplanen er å endre reguleringsplanen og vurdere bruk av/ferdsel i fjordbassenget, bruksendring av uthusbygningar og oppattføring av historiske bygningar som er fjerna.

I planområdet er det dei to første temaa som er aktuelle då det ikkje er funne kjelder på fjerna bygningar innanfor planområdet. Andre aktuelle tema er å gje betre forskrifter for utemiljø, vurdere trafikksituasjonen t.d. biloppstilling, framkomst for bussar og parkering, inkludere friområde i sjø og gje klarare Figur 3 Framlegg til felles buffer- og reglar for buffersona til verdsarven Urnes omsynssone for Ornes i forvaltningsplanen til stavkyrkje, sjå figur 3. Ornes, som omfattar Solvorn. Buffersona har som mål å sikre opplevinga knytt til

landskapsrommet og unngå store tiltak som får visuelle negative konsekvensar for verdsarvobjektet (Forvaltningsplan for Ornes, 2012).

Gjeldande reguleringsplan Området er tidlegare regulert i reguleringsplan for Solvorn, plan-ID 1426-1995007, vedteken av Luster kommunestyre i møte 31.05.1995, k- sak 95/0052. Planen var sist revidert i 2001 (sak 0053/00) i samband med utviding av badeplassen og opning for bygging av naust nord i området. Arealet innanfor planavgrensinga er regulert til parkering/manøvrering, friområde (badeplass), landbruk og spesialområde (bygnings- og landskapsvern sone), sjå figur 4.

Reguleringsplanen i Solvorn frå 1995 er ikkje i samsvar med gjeldande kommuneplan, med tanke på utviding av badeplassen og Figur 4 Utsnitt av den digitaliserte reguleringsplanen i samferdsleanlegg. Badeplassen vart Solvorn frå 1995 med planavgrensing for utvida i 2000 og er vedteken utvida i planforslaget.

Til offentleg ettersyn Side: 5

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS kommuneplanen sin arealdel 2015-2026. Dette har ikkje blitt oppdatert i reguleringsplanen, der er arealet regulert til landbruk. Planframlegget skal delvis erstatte reguleringsplanen frå 1995.

Tilstøytande reguleringsplanar Andre reguleringsplanar i området er Borhaug, plan-ID 1426-2005003. Dette er eit bustadfelt som er om lag éin km lengre opp i bygda mot vest. Anna planarbeid i nærleiken som kan ha innverknad på planen er arbeid med parkering langs fv. 388 og parkering ved Solvorn kyrkje. Desse er planoppgåver som er i planleggingsprogrammet 2018-2021, men det er ikkje meldt oppstart. I tillegg er det løyvd midlar i 2019 til ei trafikkanalyse som skal sjå på utfordingar og framtidige trafikkløysingar i aksen Galden- Solvorn-Ornes-Skjolden.

Til offentleg ettersyn Side: 6

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Områdeskildring Områdeskildringa tek for seg den eksisterande situasjonen i Solvorn før ein eventuell endring som følgje av planframlegget.

Kulturmiljøet og historisk utvikling Solvorn er ein stad som har ein historisk og kulturell verdi på grunn av den autentiske strandsona, bygningsmiljøet og eit kulturlandskap i aktiv drift, sjå figur 5. Fagrapporten som var grunnlaget for forvaltningsplanen for Solvorn omtalte kulturverdiane i området og peikte på samspelet og heilskapen i bygda som ein kunnskapsverdi og opplevingsverdi. Det er lagt stor vekt på eit autentisk strandsitjarmiljø som skildrar ei tettstadutvikling som var typisk for mellomalderen. Viktige antikvariske verdiar i området er naustrekkja, sjøhusa og bryggjer. Solvorn er den einaste strandsitjarstaden i Indre Sogn som har den opphavlege kontakten med fjorden. Strandsitjarmiljøet sør for planområdet og husrekkjene bak har behalde den allmenne strukturen som er typisk for bydanning i mellomalderen. Aktiviteten i bygda har gradvis gått ned sidan etterkrigstida.

Figur 5 Solvorn har opplevd vekst i øvre del av bygda der jordbruksareal har blitt gjort om til bustadareal (Norge i bilder, u.d.).

Solvorn er prega av landbruk og har over tid utvikla seg som eit turist- og feriemål. Kaiområdet vart opprusta i 1999, og i 2000 vart badestranda utvida og ny butikk og kafé kom. I nyare tid er fleire naust bygd nord for planområdet som gjev auka aktivitet ved fjorden. I tillegg er bruken av eksisterande bygg gradvis endra seg frå heilårsbruk til feriebustader.

Solvorn er ein inngangsportal til Urnes stavkyrkje og vitjing i Solvorn vert difor rekna som ein del av verdsarvopplevinga. Dette påverkar forvaltninga av området og formidling av kulturhistoria kan styrke turistnæringa lokalt i Solvorn og regionalt i Sogn. I KPA er Solvorn innanfor omsynsona bevaring av kulturmiljø for å verne om strandsitjarstrukturen, sjå figur 6. Figur 6 Strandsitjarmiljøet i Solvorn sett frå kaien i planområdet.

Til offentleg ettersyn Side: 7

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Kulturminner Det er fleire bygningar registrert i SEFRAK registeret innanfor og like ved planområdet, sjå figur 7.

 Tre naust på nordsida av planområdet  Stove, fjøs og naust ved badestranda  Walaker hotell og dukkehus vest for planområdet  Bygg på kaia er eit gamalt pakkhus/posthus  Fleire bygningar sør for planområdet

To av bygningane i planområdet har meldeplikt ved riving eller ombygging, noko som tyder at dei er bygd før 1850.

I Solvorn er det registrerte fleire verna kulturminner, men alle er utanfor planområdet. Dei to nærmaste kulturminna er bygningane på Christianelyst sorenskrivargard, som er sør for planområdet, og Solvorn kyrkjestad som er lengre opp i bygda mot vest (Askeladden, Riksantikvaren). Planområdet er hovudsakleg opparbeidd areal og det er ikkje Figur 7 Eldre og verneverdige kjennskap til automatisk freda kulturminne. bygningar i planområdet. ( fylkeskommune, fylkesatlas, u.d.).

Terreng, landskap og vegetasjon Solvorn ligger i ei bukt i Lustrafjorden, og planområdet ligger ved fjorden mellom kote 1 og 4, sjå figur 8. Området har ein relativ flat profil med markslag av både utbygd areal, samferdsel, fulldyrka jord og sjø (Kilden, NIBIO). Det utbygde arealet består av asfaltert dekke, ferjeleie, grusveg og bygningar. Det resterande arealet er hovudsakleg opparbeida vegetasjon og sandstrand. Planområdet har lausmasser av tynn eller usamanhengande hav-/strandavsetning over berggrunnen (Norges geologiske undersøkelse- NGU).

Eit avgrensa område i planen vert i dag nytta som landbruk ved grasproduksjon og beite. Dette arealet er avsett til friområde i KPA 2015. Kaipiren nord i planområdet vert nytta til tilkomst til nærings- og landsbruksareal på Ytre Eikjo/Eikum. Figur 8 Oversiktsbilete over Solvorn frå Norgei3d henta frå rapport faresonekartlegging for Luster kommune (NVE, 2015).

Til offentleg ettersyn Side: 8

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Naturområde I eit tilgrensande område er det registrert ein rik edellauvskog nord for badeplassen som er ein svært viktig naturtype av regional/nasjonal verdi, sjå figur 9. Lokaliteten er rik på tal soppartar og fleire rødelistearter er registrerte (naturbase, Miljødirektoratet). Det andre registrerte naturtypeområdet er ei slåttemark vurdert til lokalt viktig, men utanfor influensaområdet til planen grunna geografiske tilhøve med bratt fjellvegg i nord.

I Artsdatabanken er det registrert observasjonar av oter og plantearten trollnype i nærområdet. Desse artane er sårbare artar i følgje Norsk rødliste og er artar av særleg stor forvaltingsinteresse. I tillegg er det registert fiskemåke og gulspurv som er nær truga i Norsk rødliste grunna Figur 9 Planområdet ligg i nærleiken av eit område som vert rekna stor reduksjon i som ein svært viktig naturtype. (Sogn og Fjordane fylkeskomme, bestanden dei siste 10 fylkesatlas). åra.

Friområde - badeplassen Badeplassen ligg nord i planområdet og er mykje nytta om sommaren, sjå figur 10. Området er framheva som ein ressurs for bygda, blant anna i forvaltningsplanen for Solvorn frå 2013. Det er nyleg bygd eit stupetårn i nordenden av badeplassen. Ei trapp frå muren og ned til stranda er sett opp om lag midt på badeplassen på grunn stor høgdeskilnad. Ein badebrygge er bygd i området som ein platting med to nivå.

Figur 10 På godvêrsdagar er badeplassen i Solvorn

mykje nytta av lustringar og besøkande.

Til offentleg ettersyn Side: 9

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Mellom badestranda og kaiområdet er det ein kaipir/steinbrygge med ein flytebrygge ytst. Denne vert brukt som fortøyingsplass for småbåtar og utlegging/sjøsetting av småbåtar, i tillegg til opphald for badegjestar. Det er ynskjeleg at båttrafikken og badande vert mest mogleg separerte for å unngå farlege situasjonar.

Badeplassen er sentrumsnært og kan opparbeidast for å betre universell tilgjenge. Badeplassen er prega av ein del midlertidige løysingar som ikkje er optimale, som til dømes trapp ned til badestrand som har ein glip mellom mur og trapp, sjå figur 11. Dette er ikkje ynskjeleg for tryggleiken til badegjestar. Muren som støttar landbruksvegen bør rustast opp for å ivareta tryggleiken og visuell heilskap mellom badeplassen og Figur 11 Støttemuren langs regulert turveg bør tilstøytande kaiområde. rustast opp.

Bygningar og anlegg Innanfor planområdet er det eit bustadhus med tilhøyrande fjøs (Filipstova), tre naust/sjøbod, eit bygg med både offentleg toalett og pumpestasjon, og eit kaihus på kaia (pakkhus/posthus). Bustadhuset vert brukt som fritidsbustad og har hage mot badeplassen, sjå figur 12. Det offentleg toalettet like ved kaiområdet vart bygd i 2017, og vert innarbeidd i reguleringsplanen. Figur 12 Bustadhuset ligg ved badeplassen og nausta ligg rett ovanfor kaipiren og sandstranda.

Kaiområdet Kaiområdet omfattar kai «Storekaien», ferjelem og parkeringsplass, sjå figur 13. Kaiområdet er sentralt plassert i Solvorn med opparbeidde offentlege parkeringsplassar som er mykje brukt om sommaren. Kaiområdet grensar til Walaker hotell og kunstgalleri, gangareal vidare til badeplassen i nord og tråkk mot strandsitjarstaden i sør. Bruk av arealet er ferjeoppstilling for bil, parkeringsplass, snuplass for buss og eit privat kaiområde «Storekaien». Den private delen av kaien er sperra for køyretøy. Sør for ferjelemmen er det ein platting med sitjebenkar og mur ned mot fjorden, og eit tråkk som går vidare til strandsitjarområdet.

Til offentleg ettersyn Side: 10

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Figur 13 Kaiområdet er eit trafikkområde med fleire ulike aktivitetar. Bilete syner plassering av nokre av objekta.

Kaiområdet er eit bindeledd i sentrum, der utforminga kan påverke inntrykket besøkande sit att med. Eit besøk i dette området tel inn på opplevinga av strandsitjarstaden Solvorn og verdsarvstaden Urnes stavkyrkje og bør forvaltast med omsyn til dette. Området er ein del av transportåra for buande på Ornes og eit sentralt parkeringsareal for å nytte sentrum i Solvorn. Difor er det viktig å legge til rette for dei ulike brukarane av området slik at arealet er funksjonelt heile året.

Kaiområdet har trafikale utfordringar med manglande parkeringsdekning og trong snuplass for bussar og andre større køyretøy. Det er i hovudsak ei stor utfording om sommaren når trafikkmengda aukar på grunn av turistar og badegjestar. Den auka trafikkmengda og mangelen på parkeringsplassar fører til parkering på uynskt område både på kaiområdet og elles i bygda. Den tette parkeringa på kaiområdet og langs fv. 338 sperrar tidvis tilkomsten til kaiområdet sidan vegen er smal og ikkje dimensjonert for parkering langs vegen.

Samferdsel - veg og trafikk Fylkesveg 338 endar i kaiområdet og vert rekna som ein lokal samleveg med ferje vidare til Ornes på motsett side av Lustrafjorden, sjå figur 14. Fartsgrensa i planområdet er 30 km/t. På kaien finst ein busshaldeplass utan ein fast plassering, bussen stoppar der han har høve til det.

Planområdet har ein landbruksveg av grusdekke som vert brukt som tilkomst til landbruksareal på Neset, som tilkomst til badeplassen for gåande og som turveg til Neset. Det er ikkje fortau i planområdet. Andre ganglinjer er tråkk i vegetasjonen mot strandsitjarområdet i sør. Det er liten samanheng mellom ganglinjene for mjuke trafikantar. Kaiområdet med parkeringsareal har ikkje avsett areal for fotgjengarar.

Til offentleg ettersyn Side: 11

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Samla sett er det store utfordringar i trafikksituasjonen då trafikk til badeplassen og turisttrafikken er knytt til godvêrsdagar slik at ein får ei krevjande trafikkmengd i eit avgrensa areal. Ei trafikkregistrering gjennomført på fv. 338 i Solvorn i 2018 av Statens vegvesen synte at det er store skilnadar på månadsdøgntrafikken (MDT) i området. I juli var MDT på 765 medan i september var MDT på 321. Samla sett er årsdøgntrafikken på 450 køyretøy (tal frå 2017). Problemstillingar i området er samhandling av trafikken med ferjetrafikk og parkering av blant anna bubilar og turistbussar som krev store areal og gjer trafikken uoversiktleg. Figur 14 Landbruksvegen mot Neset er markert i brun Den offentleg parkeringsplassen på stipla linje og rosa stiple linje syner stien mot kaiområdet har ei tidsavgrensing på strandsitjarområdet i sør (Sogn og Fjordane to timar, men dette vert ikkje fylkeskommune, fylkesatlas, redigert av Luster kommune). handheva slik at bilar ofte er parkerte over lengre tid. Parkeringsplassen er ikkje tilpassa større køyretøy. Dette fører til at når bubilar og andre større bilar er parkerte, har ikkje buss eller utrykkingsfartøy mogelegheit til å snu utan å måtte rygge. På sommaren når parkeringsplassen er full hender det at ferjeoppstillinga og parkering av bilar skjer i gata ovanfor og vidare opp i bygda langs fv. 338 der ein finn plass. Parkeringsskilt vert ikkje følgd slik at bilar står parkert der det ikkje er parkeringsplassar og hindrar ferjetrafikken, sjå figur 15.

Fleire av utfordingane i området i dag er òg nemnde i plan for opprusting av sentrum og kaiområde frå 1999 og reguleringsplan frå 1995. Desse utfordingane gjeld blant anna parkeringstilhøvet, auke av parkeringsplassar og areal til badeplassen. I 1999 vart badeplassen utvida på grunn av plassmangel for badegjestar, og sentrumsområdet vart rusta Figur 15 Parkering er ei utfording på dagar med mykje besøk til badestranda. opp for å blant anna auke tal parkeringsplassar. I dag dekkjer ikkje dette lenger behovet på sommaren med eit auka tal turistar og badegjestar.

Til offentleg ettersyn Side: 12

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Teknisk infrastruktur Det er tilgang til vann- og avløpsleidningsnett innanfor planområdet. Ved kaiområdet ligg det ein bygning for ein pumpestasjon og eit offentleg toalett.

Universell utforming I 2015 vart badeplassen i Solvorn vurdert i ein kartlegging på fylkesnivå av universell utforming (UU) med mål om synleggjering og tilrettelegging for UU i framtidig planlegging. Det var registert at parkeringsplassen på kaia har eit jamt og fast dekke, men ingen avsette HC-parkeringar blant dei 21 P-plassane. Grusvegen fram til badeplassen har i følgje kartlegginga ujamt tilstand på dekke og lang avstand til offentleg toalett. I 2017 kom det eit nytt offentleg handikaptoalett plassert ved kaiområdet, sjå figur 16.

Figur 16 Tilgjengelegheit – friluftsliv vurdert for rullestol i 2015. Raud firkant markerer plassering av offentleg toalett (Sogn og Fjordane fylkeskomme, fylkesatlas, 2015.). Det offentlege toalettet er synt på bilete til høgre.

Fareområder

Skredfare I 2015 gjennomførte Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ei skredfarekartlegging i Luster kommune, det er denne som dannar grunnlaget for skredsonene synt i figur 17. Kartlegginga inkluderte skredtypane steinsprang, snø-, sørpe-, jord- og flaumskred. Planområdet har areal innanfor skredsona med sannsyn for skredintervall på 1/1000 år og 1/5000 år. Gjennom kartlegginga til NVE vart det stadfesta at steinblokkene i strandkanten tyder på at badeplassen ligger utsatt til for steinskred. Fare for flom -/jordskred i Solvorn er hovudsakleg knytt til elva sør for planområdet ved snøsmelting og store nedbørsmengder.

Til offentleg ettersyn Side: 13

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Bygningar innanfor skredområda vert klassifisert i tre ulike tryggleiksklasser med omsyn til konsekvensar for liv og helse, og økonomiske verdiar. I planområdet er sona for skredintervall på 1/1000 år ikkje aktuelt for byggjeføremål. Badeplassen er innanfor dette arealet, og det skal ikkje tillatast bygg for varig opphald. I sona for skredintervall på 1/5000 år i planområdet finst det fem bygningar. Bygningane i dette området kjem inn under tryggleiksklassene S1 og S2, og er plasserte innanfor krava i dei byggtekniske forskriftene (TEK17). Dette tyder at bygningane er plasserte slik at dei har tilfredsstillande tryggleik mot skred. Temaet er vurdert i ROS-analysen

Flaumfare Det finst ikkje flaumsonekart for Solvorn, Figur 17 Det er kartlagt eit sannsyn for gjentaksintervall for skred på 1000 år på og dermed vert tilrådingane i Retningslinje badeplassen, nord i planområdet. Det 2-2011 frå NVE lagt til grunn for omsyn til resterande området i faresona har eit flom i planen. Aktsemdkart for flaum syner gjentaksintervall for skred på 5000 år, der at planområdet er innanfor potensiell fare bustadhus, fjøs, og tre naust er innanfor dette området. (NVE Atlas, 2015). for flaum. Aktsemdkartet er ei teoretisk framstilling av potensiell fare for flaum.

Det vert tilrådd i Retningslinjer 2-2011 frå NVE ein sone på minimum 20 meter på kvar side av ein bekk vil vere tilstrekkeleg for dagens og framtidig klima. I nærområdet til planen ligg det to grøver. Grova som er kjelda til flaumfaren i aktsemdkartet har eit lite nedbørsfelt og sannsyn for flaum i dette området er lågt. Denne grova ligg om lag 200 meter frå planområdet. Det er ei mindre grov om lag 30 meter frå planområdet som går gjennom strandsitjarområdet. Begge grøvene er meir enn 20 meter unna planområdet, og er vurdert til å ikkje utgjere ei flomfare for planområdet.

Havnivåstigning og stormflod Store delar av planområdet er areal som skal tole å stå under vatn i kortare eller lenger periodar. Badeplassen er eit område som det er uaktuelt å byggje på grunn av fare for skred og er såleis eit areal som kan stå under vatn. Ferjesambandet er ein viktig tilkomståre for fastbuande på Ornes. Kaien bør vere i stand til å tåle påkjenninga som ein stormflod fører med seg, og bør vere dimensjonert med tilsvarande klimapåslag som tek høgde for havnivåstiging. Dei høge alternativa for klimaframskriving skal leggast til grunn for tiltak, noko som er i tråd med føre-var-prinsippet gitt i planretningslinjene for klimatilpassing. Tiltak for kaien og bustadhus i området kan vere naudsynt. Temaet er vurdert i ROS-analysen.

Ureining og radonførekomst Det er ikkje registrert noko ureining i grunnen ved kartløysinga Grunnforurensing frå Miljødirektoratet. Geologiske kart frå NGU syner at planområdet ligger i eit område med moderat til lav aktsemd for radon. Radonkartlegging frå 2003 syner at i Solvorn er det

Til offentleg ettersyn Side: 14

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS middels høgt sannsyn for høge radonverdiar, der 5-20 % av målingane var over tiltaksgrensa. Tryggleik mot høge radonverdiar er definerte i TEK17.

Støy Ei kartlegging av støy langs riks- og fylkesvegar utført av Statens vegvesen syner at Fylkesveg 338 er i gul sone i delar av planområdet. Figur 18 syner ein prognosesituasjon 15-10 år fram i tid. Gul sone er ein vurderingssone der avbøtande tiltak kan vere naudsynt ved etablering av bruksføremål som krev lågt støynivå (til dømes barnehage, skule, pleieinstitusjonar og bustadføremål). I samsvar med retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442 skal nye veganlegg eller vesentlege endringar i eksisterande veganlegg utløyse krav om støyreduserande tiltak dersom støynivået aukar.

Figur 18 Støykartlegging frå trafikkstøy (Statens vegvesen, 2017).

Branntryggleik I KPA 2015 er Solvorn omfatta av ei faresone for brannsmitte på grunn av eit tett trehusmiljø, sjå figur 19. Ein brannteknisk tiltaksplan for Solvorn var ferdigstilt i 2010 med målsetnad om å betre branntryggleiken. Tiltak er gjennomført i samsvar med brannteknisk tiltaksplan slik at området er godt dekka av røykdetektorarar, og fleire brannslangar er sett ut i sentrumsområdet. Det finst éin brannslange i planområdet nær det offentlege toalettet. Det er kome ein ny brannhydrant ved butikken i sentrum som er om lag 60 m frå kaiområdet. Fleire bygningar inkludert naust og uthus er rusta med røykdetektorarar som er tilkopla ein felles alarmsentral. Dette tyder at ein tidleg varsling Figur 19 Eit tett trehusmiljø sør for fører til at ein kan oppdage hendingar raskt og planområdet gjev høg risiko for brannsmitte. (Brannteknisk tiltaksplan avgrense eventuelle konsekvensar. Det er god Solvorn, 2010). tilgang til sløkkjevatn i området.

Brannvesenet har fleire gongar opplevd utfordingar med tilkomst til sentrum i Solvorn på grunn av «villparkering» langs fv.338. Dette medfører ein risiko ved hendingar der naudetatane må fram. Næraste brannstasjon er ein bi-stasjon i som ligg under brannstasjonen i Gaupne i Luster kommune. Innsatstida er på om lag 25 minutt.

Til offentleg ettersyn Side: 15

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Brannvesenet som moglegheit å nytte Urnes ferja for å kome til sjøvegen på sørsida av Lustrafjorden. Ferjeselskapet vert kontakta for å ligge i beredskap på kaiområdet. Dette er for å oppretthalde beredskapen i særskilde høve ved stengingar av veg eller tunnelar.

Temaet er vurdert i ROS-analysen.

Til offentleg ettersyn Side: 16

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Omtale og verknader av planframlegget

Bygningar og anlegg Heile planområdet er innanfor 100-metersbeltet langs sjø og omfatta av eit generelt byggjeforbod, og det vert ikkje lagt til rette for nye bygningar i planen. Eksisterande bygningar vert regulert inn med arealføremål som reflekterer reell bruk og plassering. Storleik og plassering av bygningar vert ikkje endra.

Bustad – frittliggjande Eigedomen vert brukt som fritidsbustad og vert regulert som frittliggjande bustad. I føresegnene er det opna for tilkomst til bustadhuset med parkering på eigen grunn. Dette vil frigjere éin parkeringsplass på kaien, samtidig som parkering vil bli skjult av eit gjerde som skjermar hagen for innsyn. Dette hindrar at parkeringa vert visuelt forstyrrande for området. Ein legg til grunn at den eksisterande tuja-hekken vert erstatta av ein levegg eller eit gjerde tilpassa omgjevnadane ved opparbeiding av støytiltak og tilkomst. Tuja er skildra som ein uheldig og skjemmande plante for området i fagrapporten for Solvorn, og ei fjerning av planten er positivt for det visuelle inntrykket av området. Det er uheldig at tilkomst skjer ved badeplassen, men totalt sett vil det ikkje vil generere stor trafikk då det er snakk om eitt bustadhus som vert nytta som fritidsbustad.

Andre bygningar og anlegg Nytt offentleg toalett og pumpestasjon bygd i 2017 vert regulert inn som avløpsanlegg på eksisterande plassering. Naust og uthus vert regulert som anna typar bygningar og anlegg. Bygningane får føresegner som sikrar vern av eksteriøret og vektlegg tilpassing til omgjevnadane. Ein kaipire/steinbrygge nord for kaiområdet vert regulert som småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Dette området vert nytta av badegjestar i sommarhalvåret. Det knytt seg avgrensingar i bruk av kaipiren gjennom føresegnene.

Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur

Samferdsleanlegg Det offentlege samferdsleanlegget omfattar ferjelem, oppstillingsfiler for ferjekø, vegbane og areal til parkering. Illustrasjonen syner den tiltenkte trafikkløysinga, sjå figur 20. Planen ynskjer å lette på utfordingar kring parkering og trafikkgjennomgang i området. Det vert lagt til grunn prinsipp om einvegskøyring for å frigjere areal til oppstillingsplass for ferje og tilkomst for beredskap og buss. Dette kan skape ein oversiktleg trafikkflyt som betrar høva for fotgjengarar. Det er lagt inn tilstrekkeleg areal til at utrykkingskøyretøy og buss kan snu utan å måtte ryggje. Retningslinjer frå Sogn brann og redning, Statens vegsen sin vegnormal N100 og kollektivhandboka V123 er lagt til grunn for areal og svingradiusar på veg for tilkomst. Areal tiltenkt vegbane har ei breidde på 3,5 m. Samstundes er det rekna tilstrekkeleg bredde i svingen ned mot fjorden, slik at det er mogleg for bussen å stoppe nær ferjeleiet. Det gjer at at det er kort veg for fotgjengarar å gå utan å hindra trafikk ut frå ferja. Varelevering kan skje på motsett side av parkeringsarealet nærme hotell Walaker, der det er avsett tilstrekkeleg breidde for passering.

Til offentleg ettersyn Side: 17

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Figur 20 Illustrasjonen syner prinsippa for korleis ferjeoppstilling, parkering og snuplass for buss og beredskap kan løysast innanfor regulert samferdsleareal.

Oppstillingsfiler for ferje I sommarhalvåret har dei to eksisterande oppstillingsfilene for ferjekøen for liten kapasitet slik at turistar ikkje finn tilgjengeleg parkering, og det har vore tilfelle der ferjekøen forplantar seg i vegen gjennom sentrumsområdet. Dette er uheldig for næringa og utviklinga i området. I vintersesongen er det mindre trafikk som reiser med ferja, og erfaring tilseier at to filer er tilstrekkeleg i denne perioden.

Oppstillingsfilene for ferjekøen tek om lag sju bilar, medan ferja tek maksimalt 12 bilar. I illustrasjonen er oppstillingsfilene for ferjekøen auka til tre filer for å hindre oppstilling i vegen som fører ned til kaiområdet. Dette kan betre tryggleiken og lette på trongselen for ferjekøen. Oppstillingsfilene er tenkt smalare enn eksisterande breidde for å få plass til tre filer og veg sør for parkeringsplassane. Den eksisterande breidda på filene er om lag 3 m, og illustrert med ein breidde på 2,8 m for å auke til tre filer.

Bilane må rygge om bord i ferja og treng areal til å snu bilane. Det er tenkt at vegbana og areal ved sidan av skal nyttast til å snu bilane. Det skal vere tilstrekkeleg breidde på vegarealet der bilane skal køyre ut frå ferja, slik at ein rutebuss kan stå midlertidig og vente på passasjerar utan å hindre ferjekøen.

Til offentleg ettersyn Side: 18

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Parkeringsplassar Parkeringssituasjonen i Solvorn er pressa, spesielt på solrike dagar med badegjestar, turistar som vitjar Ornes og parkerer i Solvorn, turist- og rutebussar og lokale turar. Det er ikkje ynskjeleg med ein auke i parkeringsplassar innanfor kaiområdet, men det er aktuelt løyse trafikkavviklinga på ein annan måte enn i tidlegare detaljplan. Ferjeoppstilling og snuplass for buss fungerer ikkje i samsvar med eldre detaljplan og dekker ikkje behovet for ferjeoppstilling og areal for snuplass. Auke i parkeringsdekning er tiltenkt løyst på areal utanfor planområdet og ikkje på kaiområdet. Det er vedteke å utarbeide plan for område langs fv. 338 og ved kyrkja i Solvorn som inkluderer parkering og tek høgde for auke i behov for parkeringsplassar. Tilrettelegging for fleire parkeringsplassar på kaiområdet let seg vanskeleg gjennomføre samstundes som ein skal sikre tilkomst for beredskap og buss.

Planen legg til rette for etablering av éin HC-parkering samtidig som det vert fjerna to P- plassar for å sikre areal for vegen ved kaihuset. Dette er for å sikre tilkomst for t.d. beredskap, buss, varelevering, landbruksmaskin, snørydding og anna aktivitet på kaien. Det er lagt til to P-plassar på parkeringsområdet og areal til fire parkeringsplassar ved ferjelemmen som er tenkt avsett for tilsette i ferjesambandet. Totalt sett vert det ikkje mindre parkering tilgjengeleg. Makismalt tal på parkeringsplassar er 24 inkludert HC- parkering.

Tidlegare parkeringsløysing har ikkje fungert på grunn av manglande handheving av parkeringsreglar. For at omorganisering av trafikkløysinga og parkeringsareal skal fungere må andre tiltak gjennomførast for å hindre uynskt parkering. Dette er særskilt om sommaren når det er sterkt press på parkeringsplassane. Tiltaka ligger utanfor verkeområdet til reguleringsplanen. Nokre aktuelle tiltak er lista opp nedanfor:

 Avgrensing av P-areal med fysiske tiltak (spesielt for P-plassar som ikkje lenger skal nyttast)  Fjerning av steinkant på P-plassar som ikkje er i bruk og markering av nye P- plassar  Retningspilar på veg eller merking av vegbane  Skilting før ein kjem inn i kaiområdet  Tydlege skilt (med både norsk og engelsk tekst)

Det er ynskjeleg å legge til rette for sykkelparkering som eit supplement til bilparkering innanfor vegareal eller i utkanten av kaien.

Mjuke trafikantar Langs ferjelemmen er eit lite areal avsett i illustrasjonen for å syne moglegheitene for tilgang til kaifronten for fotgjengarar. Gangalternativet langs kaifronten skapar samanheng mellom strandsitjarbygningane og badeplassen. Det er potensiale for å utvikle ein «promenade» eller eit vrimleareal rundt kaiområdet med sitjeplassar, informasjon om kulturverdiane i området og skape eit tydleg skilje mellom areala for mjuke trafikantar og køyretøy.

Passering for fotgjengarar ved ferjelemmen vert hindra ved ferjeavgangar, men er vurdert til å ikkje føre til store konfliktar på grunn av ein ferjefrekvens på om lag éin avgang i timen. Frekvensen på ferjeavgangar kan endre seg, men passeringa er det området som er minst konfliktfylt for fotgjengarar med tanke på kryssing av

Til offentleg ettersyn Side: 19

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS trafikkarealet. Det er ein høgdeskilnad der det gamle billettkontoret stod som bør jamnast ut for å gjere området eigna som eit tilrettelagt og tilgjengeleg gangareal.

Hamn – kai 12-5 nr. 2 – hamn – kai Eit område som omfattar «Storekaien» med tilhøyrande kaihus vert regulert til offentleg kai for å sikre føremålet i planen om ålment tilgjenge og bruk. Arealet skal ikkje nyttast slik at det hindrar bruken av området som regulert kai, men kan periodevis tilpassast eit anna bruk og tilgjenge for mjuke trafikantar. Kaihuset som òg er omtala som «pakkhuset» er ein SEFRAK-registrert bygning. Kaihuset må vere dimensjonert slik at det golvet kan stå delvis under vatn under ekstreme tilhøve. Dette kan gjerast ved å sikre tilstrekkeleg høgde på elektrisk anlegg og forureinande objekt. Eksteriør på kaihuset skal oppretthaldast med omsyn til ytre fasade og volum på bygningen.

Møblering Kaiområdet kan verte lett møblert i sommarsesongen utan at det hindrar tilgang til kai for fartøy og utsikt til fjorden. Dette kan bidra til å avlaste badeplassen med å legge til rette for opphald nær kaiområdet og samtidig ha ein aktiv kai med tilgjengeleg front. Møblering kan vere flyttbare sitteplassar, bålpanne/grill og/eller planting i flyttbare objekt. Utforminga av møbleringa bør stå i stil med den tradisjonelle byggjeskikken slik at ein kan bidra til at området får eit samanhengande preg. I tillegg kan møblering og planting vere eit fysisk verkemiddel for å hindre villparkering.

Grøntstruktur - friområde

Offentleg badeområde Badeplassen er eit offentleg friområde der det kan og bør sikrast ålment tilgjenge gjennom opparbeidd tilkomstveg og opphaldsplass. Dette kan ivaretakast ved universell utforming av området. Området bind saman tettstaden med turområdet Neset og har ein friluftsverdi det er ynskeleg å ta vare på slik at området fortsatt har eit naturleg preg. Badeplassen skal avgrensast med gjerde mot landbruksarealet.

I føresegnene er det lagt til eit krav om å undersøkje moglegheitene for utbygging av rampe ved badestranda som skal sikre ålment tilgjenge, blant anna for folk med nedsett funksjonsevne. Rampa bør plasserast slik at den ikkje forstyrrar det visuelle inntrykket av badeområdet sett frå kaien. Det vert krav om å detaljplanlegge utforminga av badeplassen med tilhøyrande sjøareal slik det vart vedteke i kommunestyret den 21.09.2000 i sak 00/00152. Dette skal skje før utviding av badeplassen og opparbeiding av nytt areal til badeplass. Dette vert gjort for å sikre landskapsverdiane og tryggleiken i området, og samstundes bidra til å ta vare på kulturmiljøet. Det er viktig å legge til rette for eit tilgjengeleg, funksjonelt og trygt offentleg badeområde for alle brukarar.

Ei oppgradering og utviding av badearealet kan auke attraktiviteten til området og generere meir trafikk til parkeringsarealet. Kapasiteten på parkeringa og tilkomst om sommaren er allereie sprengd. Ei utviding og detaljutforming bør kartleggje og ta høgde for det auka behovet for parkering og mogleg sjå på alternative løysingar for parkering og tilkomst. Den planlagde trafikkanalysen for aksa Galden – Solvorn – Ornes – Skjolden skal inkluderast når den er ferdigstilt i arbeidet med detaljplan for badeplassen.

Til offentleg ettersyn Side: 20

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Turveg Det går ein landbruksveg gjennom badeområdet som ofte vert nytta som turveg. Denne kan nyttast av landbruksmaskiner som skal til Neset og som tilkomst til gbnr. 177/12. Vegen vert regulert som turveg på plankartet.

Anna friområde Område ved ferjekai mot strandsitjarstad vert regulert som friområde for å ivareta det grøne området og interessene til mjuke trafikantar. Friområdet har tråkka stiar mot stranda i sør. Stiane bør rustast opp for å tydlegare markere dei i vegetasjonen og lage eit fast dekke av t.d. grus. Ein ynskjer å halde sikta open mot uthus og naust i sør og oppretthalde lett tilgjenge for gåande mot strandsitjarområdet og samstundes lede mjuke trafikantar vekk frå trafikkområdet.

Grøntområde ved kaien vert regulert som friområde og er eit areal tilknytt både badeplassen og kaiområdet. Mange badegjestar nyttar arealet til badeføremål. Området er opparbeidd med plen og trapp ned til fjorden. Det er ynskeleg å vidareføre grøntområdet og sjå det i samanheng med opphald på kaiområdet. Buskar og bed som ikkje vert stelt bør fjernast og erstattast med eit allergivenleg og lettstelt vegetasjonsalternativt.

Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

Ferdsel Det regulerte sjøarealet er tilgjengeleg for alle typar ferdsel knytt til offentleg og kommersiell verksemd, nyttetrafikk og fritidstrafikk. Ferdsel i sjøområdet skal ta omsyn til badegjestar. Tiltak i og bruk av sjøareal skal ikkje bidra til forureining som fører til at ein ikkje når vassmiljømåla for Lustrafjorden. Tiltak og aktivitet bør om mogeleg bidra til å auke miljøkvalitetane slik at miljømåla satt i Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion vert nådd.

Friluftsområde - badeområde Området skal nyttast til bading. Ein kan markere regulert badeområde med bruk av markeringsbøyer. Regulert badeområde i sjø får tilhøyrande føresegner som skjermar sjøareal og innsnevrar moglegheit for motorisert ferdsel i området. Ein separering av aktivitetar kan bidra til auka tryggleik for badande. Badeområdet i sjø skal vere fritt for motorisert ferdsel i badesesongen frå og med juni til og med august. Det vil framleis vere mogleg å nytte sjøarealet utanfor badesesongen. Dei eksisterande installasjonane flytebrygge og stupetårn er tilpassa aktiviteten i føremålet, og det er ikkje høve til å byggje fleire permanente installasjonar i sjø med unntak av universell utforma rampe søm fører ut i sjøen. Fleire dominerande installasjonar i sjø vil vere uheldig for det naturlege preget sandstranda utgjer i landskapet, noko som er eit verdifult element for badeplassen som friområde og den kulturelle historia til Solvorn.

Fareområde Heile planområdet ligg mellom kote 1 og kote 4, og planen vert delvis omfatta av ei omsynssone for stormflod og havnivåstigning. Omsynssona for stormflod og havnivåstigning omfattar returnivå for stormflod for 200-års gjentaksintervall i 2090 og er om lag identisk med kotehøgde 2. Temaet er vurdert gjennom ROS-analysen og omsynssona får tilhøyrande føresegner for å sikre tilfredsstillande tryggleik for bygningar og anlegg.

Til offentleg ettersyn Side: 21

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Branntryggleik I arbeid med planen vert rettleiar om tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i distriktet utarbeidd av Sogn brann og redning IKS lagt til grunn. Illustrasjonen til trafikkløysinga på kaiområdet har svingradiusar tilsvarande retningslinjene. Det er god tilgang til sløkkjevatn i området og dei fleste bygningane er rusta med røykdetektorar etter brannteknisk tiltaksplan for Solvorn.

Omsynssone for brannsmitte i KPA 2015 vert ikkje vidareført til reguleringsplanen, og det er lagt til ei føresegn som sikrar at tilkomst for beredskapsresursar vert ivareteke. ROS- analysen syner at fare for brannsmitte ikkje medfører ein stor risiko for planområdet.

Trafikkforhold i og utanfor planområdet er tidvis utfordrande for framkomsten til naudetatane. Utviding av badeplassen kan føre til eit auke i tal besøkande og medføre auka trafikk og villparkering. Dette kan forverre utfordingane med tilkomst som naudetatane har i dag. Trafikale utfordingar og parkering utanfor planen bør løysast før ei utviding av badeplassen.

Eit avbøtande tiltak er å sikre ei god utforming av badeplassen som tek høgde for risiko for ulukker og brann. Det er teke med føresegn om detaljplan av badeplassen som må ta høgde for branntryggleik, ulukker og tilgjenge.

Støy Retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegging T-1442/2016 bør følgjast ved tiltak i planområdet. Ei utviding av badeplassen kan bety fleire besøkjande om sommaren som fører til eit auka støynivå for nærliggjande bustader. Avbøtande tiltak kan vere naudsynt for bustad som vert påverka av dette. Aktuell eigedom er gbnr. 177/12 og avbøtande tiltak er inkludert i føresegnene.

Renovasjon Det er tilstrekkeleg areal til at renovasjonskøyretøy har tilgang til kaiområdet for søppelhandtering. Det er i føresegnene lagt krav om at avfallsbehaldarar og containerar på samferdsleareala skal lagrast innandørs, eller ein kan føre opp eit bygg for lagring av avfallsbehaldarar. Dette bygget skal ha ei utforming og plassering som er tilpassa det verneverdige bygningsmiljøet.

Universell utforming Gjennom krav om detaljplan for badeplassen skal det sikrast universell utforming av tilkomst badeplassen. I følgje kartlegging til fylkeskommunen vil små endringar som merking av HC-parkering, flate ut tilkomst til anlegg, få vekk terskalar til bygg, tilpasse toalettanlegg og bygging av rampe føre til fleire friluftsområder som er tilgjengeleg for alle. I Solvorn er det allereie eitt trinnfritt offentleg toalett, og planen legg til rette for opparbeiding av éin HC-parkering og om mogleg ei rampe på badestranda som skal gjere området meir tilgjengeleg for rørslehemma. Det er ein høgdeskilnad som gjer det vanskeleg for rørslehemma å kome seg ned til badestranda og ei rampe vil lette tilgjenge til stranda.

Tilkomstvegen bør ha eit jamt og fast dekke av t.d. grus og det bør opparbeidast ein universell utforma sittegruppe på badeplassen som er tilgjengeleg for blant anna rullestolbrukarar. HC-plassen plasserast nærast badeplassen der det er tilstrekkeleg areal til det, sjå illustrasjonen for trafikkløysing.

Til offentleg ettersyn Side: 22

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Miljø og natur Planen legg ikkje opp til endringar i arealbruk som vil få vesentlege konsekvensar for naturmangfaldet på land eller i sjø sidan planområdet allereie er utbygd og det er ikkje lagt opp til ny byggjeaktivitet.

Planområdet har eit sjøareal på om lag 8,6 dekar og ligg ut mot Lustrafjorden. Lustrafjorden har definerte miljømål gjennom regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion. Den økologiske tilstanden i fjorden er god, medan kjemisk tilstand er dårleg (www.vann-nett.no). Miljømåla er god økologisk og god kjemisk tilstand. Vassforskrifta § 4 tillét ikkje at nye byggjetiltak gjer tilstanden av overflatevatn dårlegare enn han er i dag eller at utbygging aukar risikoen for at vassmiljømål ikkje vert nådd. For å sikre at tiltak etter planen ikkje bidreg til at vassmiljøet vert dårlegare er det lagt til krav i føresengene. Dette skal sørge for at tiltak som krev byggjeløyve kan betre tilstanden til vassmiljøet dersom det er økonomisk og praktisk mogleg.

Kulturmiljø

Omsynssone - bevaring av kulturmiljø Heile planområdet er omfatta av omsynssone kulturmiljø for å verne om kulturverdiane og bygningsmiljøet i Solvorn. Føresegner set krav om bevaring av ytre fasade og same volum på bygningar innanfor planområdet. Dette vert gjort for å verne den pedagogiske og kulturelle verdien som bygningsmiljøet utgjer for kulturmiljøet. Strandlinja og kontakt med fjorden vert behalde gjennom å ikkje tillate faste installasjonar i sjø.

Arealtabell § 12-5 nr.1 bygningar og anlegg Areal (m2) Bustad 335 Andre bygningar og anlegg 350 § 12-5 nr.2 samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Samferdsleanlegg 1 991 Offentleg kai 499 Anna veggrunn 93 § 12-5 nr.3 grøntstruktur Friområde 522 Badeplass 1 635 Turveg 373 § 12-5 nr.6 bruk og vern av sjø og vassdrag Badeområde 4 755 Ferdsel 3 884 Totalt areal 14 437

Til offentleg ettersyn Side: 23

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

ROS-analyse I samsvar med plan og bygningslova § 4-3 er det utarbeidd ei ROS-analyse for planområdet, datert 03.10.2018. Analysen er gjennomført i samsvar med metoden i DSB sin rettleiar «Samfunnstryggleik i kommunen si arealplanlegging» frå 2017. I tillegg er sjekklista for ROS-analysen distribuert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nytta til å identifisere uønskte hendingar. Sjekklista erstattar vedlegg 5 i DSB sin rettleiar. Analysen er gjennomført av Luster kommune v/plan og dersom andre kjelder er nytta er dei lista opp i ROS-analysen.

Moglege identifiserte uønskte hendingar i planområdet er:

Natur- og miljøtilhøve - Fare for skred på badeplassen - Planområdet er utsett for stormflod i kombinasjon med havnivåstigning

Tilhøve skapt av menneske - Redusert tilkomst for naudetatar ved brann eller ulukker

Risiko og sårbarheit i planområdet er knyta til trafikkforholda både i og utanfor planområdet, grunna smale vegar og «villparkering» som hindrar framkomst for uttrykkingskøyretøy. Planområdet sin geografi med plassering ved fjell og fjord ligg til grunn for dei to andre identifiserte risikoane. Dette er naturfarar som har krav til tryggleik gitt i byggteknisk forskrift (TEK17). Under finn ein liste over tiltak som må og bør gjennomførast for å redusere risiko og sårbarheit i planområdet i høve planforslaget.

Tiltak som MÅ gjennomførast sikre tilstrekkeleg tryggleik i planområdet Sårbarheit/risiko Tiltak Oppfølging Fare for 200-års stormflod Heving av elektrisk Omsynssone i plankart med tilhøyrande føresegn, og havnivåstigning anlegg jf. pbl § 12-6 med tilsvarande bruk som i § 11-8 (3) bokstav a) og 12-7 nr. 4. Kaihus kan hevast 0,5 meter, men golv i kaihus og naust skal tole å stå periodevis under vatn. Elektrisk anlegg og anna materiale som ikkje tåler vassinntrenging, bør leggjast på minimum kote 2,5 m.

Framkomst for Betre høve for Sikre at «villparkering» ikkje skjer på kaiområdet redningsteneste knyta til parkering slik at ved fysiske grep eller parkeringsvakt (inkludert i brann/personulukke i framkomsten til planomtale og illustrasjon). planområdet naudetatane ikkje vert Det er lagt til rette for at det skal vere tilstrekkeleg hindra areal og svingradiusar slik at eit uttrykkingskøyretøy har tilgang. Planarbeidet har lagt rettleiar om tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i distriktet til Sogn brann og redning IKS til grunn for utforming av illustrasjonen.

Framkomst for Auke sikkerheit ved Føresegn om detaljplan av badeplassen før utviding redningsteneste knyta til badeplassen som må ta høgde for branntryggleik, ulukker og brann/personulukke i tilgjenge, § 12-7 nr. 4. planområdet

Tiltak som BØR gjennomførast for å auke tryggleiken i planområdet Sårbarheit/risiko Tiltak Oppfølging Risiko for brann på Fastmonterte Kommunen må setje krav i opparbeiding av badeplassen grillobjekt badeområdet.

Fare for 200-års stormflod Kaianlegg i Føresegn til omsynssone, jf. pbl. § 12-7 nr. 4. Ved og havnivåstigning omsynssona kan tiltak i omsynssone skal det dokumenterast renoverast til å tole

Til offentleg ettersyn Side: 24

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

stormflo etter tilstrekkeleg sikring mot havnivåstigning og framskrivingar for stormflod. havnivåstigning

Til offentleg ettersyn Side: 25

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

Føresegner for Solvorn kaiområde Plan-ID 1426-2018005 Dato for siste revisjon av føresegnene: 13.03.2019.

§ 1 Avgrensing av planen Det regulerte området er synt med reguleringsgrense på plankart datert 13.03.2019. Føresegnene gjeld innanfor planavgrensinga og er juridisk bindande.

§ 2 Reguleringsføremål Føremålet med reguleringsplanen er å utvide badeplassen, sikre tilkomsten til friområdet og offentleg tilgjenge til bruk av kaiområdet, og samstundes sikre bygningsmiljøet innanfor planområdet. Området er regulert til følgjande føremål:

Bygningar og anlegg (PBL § 12-5 nr. 1)  Frittliggjande bustad, BFS  Andre typar bygg og anlegg, BAB  Avløpsanlegg, o_BAV  Småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, BBS

Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (PBL § 12-5 nr. 2)  Samferdsleanlegg, o_S  Offentleg kai, o_SK  Anna veggrunn – grøntareal og tekniske anlegg, o_SVG og o_SVT Grøntstruktur (PBL § 12-5 nr. 3)  Friområde, o_GF1 og o_GF2  Offentleg badeplass, o_GB1 og o_GB2  Turveg, o_GT Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (PBL § 12-5 nr. 6)  Friluftsområde i sjø – Badeområde, o_VB  Ferdsel, VFE Omsynssone (PBL § 12-6)  Bevaring av kulturmiljø, H570  Faresone – stormflo og havnivåstigning, H320

§ 3 Fellesføresegner  Alle kabelanlegg skal gå i bakken.  Tiltak som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova må ha situasjonsplan som syner at tilkomst for beredskapsresursar er ivareteke. Søknad om tiltak i området skal leggast fram for brannvesenet til uttale.  Oppbevaring av avfallsdunkar skal skje på eigen grunn eller innomhus.  Tiltak som krev byggjeløyve skal der det er økonomisk og praktisk mogleg bidra til å betre tilstanden i Lustrafjorden for å nå miljømåla i Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion om god økologisk og god kjemisk tilstand.  Gangsamband utanom stiar skal vere universelt utforma og ha maks stigning på 1:12. Stiar og tråkk er unnateke.  Dersom ein bygning brenn ned eller vert fjerna kan ein føre opp att bygningen med same volum og ytre fasade inne på tomta.

Til offentleg ettersyn Side: 26

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

 Det er ikkje tillate å inngå privatrettslege avtaler i strid med vedteken reguleringsplan.

§ 4 Bygningar og anlegg (PBL § 12-5 nr. 1) 4.1 Fellesføresegner. Bygningane skal ha saltak, og utvendig kledning skal vere i tre. Ved opprusting av bygningane skal ein behalde opphaveleg eksteriør og fasade ved å nytta same type utvending material, fargar og vindauger av opphaveleg type eller ein moderne kopi. Uthus skal vera låveraude, okergule eller tjørefarga. Uthustak skal tekkjast med skifer, pannestein, papp, torv eller bølgjeblikk. Farge på uthustak skal vere grått eller svart. Det skal nyttast heildekkande fargar. Fargeendring på bygningar skal godkjennast av kommunen.

4.2 Frittliggjande bustad, BFS. Bustadeininga skal ha éin parkeringsplass på eiga tomt. Farge på bustadhus skal vera kvit eller lys grå dersom ikkje annan eldre fargesetting kan dokumenterast. Vindauge skal vera sidehengsla, og sprosser skal vera gjennomgåande. Det kan ikkje nyttast vindauge som har farga glas eller som på annan måte framstår som ei farga flate. Ved utskifting av vindauge skal ein nytta kopiar av den opphavlege vindaugstypen eller av eldre, dokumentert type. Ved innvendig ombygging skal ein leggja vekt på at tilhøvet mellom veggflate og vindaugsflate ikkje vert vesentleg endra. Husa skal ikkje utstyrast med prydlister eller utsmykking på rekkverk eller liknande dersom dette ikkje var ein del av huset sitt tidlegare, dokumenterte uttrykk. Bustadhus skal ha takktekking av enkeltkrum, uglasert pannestein eller av skifer.

4.3 Andre typar bygg og anlegg, BAB Naust og uthus skal ved opprusting og reparasjon ha same materialbruk som opphavleg, eller av eldre dokumentert type. Det er ikkje høve til å omdisponera eller nytta naust som fritidshus eller bustad.

4.4 Avløpsanlegg, o_BAV. Arealet er avsett til offentleg avløpsanlegg. Tiltak skal estetisk tilpassast omgjevnadane. Bygning på maks 1 etasje og med takvinkel mellom 35 og 40 grader. Vindauge skal ha gjennomgåande sprosser. Bygningen skal ha nøktern detaljering. Utvendige fargar som kan nyttast er låveraud, okergul, eller tjørefarga.

4.5 Småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, BBS. Området er avsett til ei mindre kai. Det er tillate å sjøsette og ta inn småbåtar i månadane frå september til og med mai. Kaien skal ved opprusting og reparasjon ha same materialbruk som opphavleg, eller nytte material som er tidlegare dokumentert.

§ 5 Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (PBL § 12-5 nr. 2) 5.1 Fellesføresegner. Behaldarar/containerar for oppsamling av avfall skal lagrast innandørs. Det kan oppførast eit mindre bygg innanfor området for lagring av avfallsbehaldarane og dette bygget skal ha ei utforming som er tilpassa det verneverdige bygningsmiljøet.

Til offentleg ettersyn Side: 27

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

5.2 Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur, o_S Området o_S skal dekke føremåla parkering, ferjelem, oppstillingsfiler for ferjekø og snuplass for buss og beredskap. Busstrafikken og beredskapskøyretøy skal kunne snu utan rygging. Innanfor arealet kan det opparbeidast maksimalt 24 parkeringsplassar og det skal etablerast minst éin parkeringsplass tilpassa rørslehemma.

5.3 Offentleg kai, o_SK Bygningar og anlegg kan hevast og rustast opp til å tole stormflod og havnivåstigning etter høgaste klimaframskrivingar for året 2090 og dette skal dokumentarast

5.4 Anna veggrunn – grøntareal og tekniske anlegg, o_SVG og o_SVT. Området er avsett til grøntareal og teknisk anlegg knytt til turvegen, slik som mur mellom veg og sjøareal og grøntareal mellom turveg og naust/bustadbygg.

§ 6 Grøntstruktur (PBL § 12-5 nr. 3) 6.1 Friområde, o_GF1 og o_GF2. Området er avsett til offentleg friområde. Stiar og tråkk i o_GF1 skal ha eit fast dekke av til dømes grus for å ta vare på grasvegetasjonen.

6.2 Offentleg badeplass, o_GB1 og o_GB2. Badeplass på land skal nyttast til ålmenta si rekreasjon, opphald og leik. Det skal ikkje førast opp bygningar i området. Det skal utarbeidast ein detaljert plan for utforming av badestranda med tilhøyrande sjøareal som syner plassering av ulike aktivitetar, utforming av murar m.m. Detaljplanen skal sikre tryggleik for badegjestar, undersøke moglegheit for baderampe for rørslehemma, og sikre universell utforming av tilkomst til badeplassen.

Badeplassen skal avgrensast med gjerde mot landbruksareal.

Ein levegg skal etablerast i høgde 2 m og gå langs grensa mellom utvidinga av o_GB1 og gbnr. 177/12. Leveggen skal utformast slik at den ikkje inviterer til ballspel og skal oppførast seinast samtidig med utviding av badeplass.

6.3 Turveg, o_GT. Turvegen kan nyttast som tilkomstveg til eksisterande busetnad/gbnr. 177/12, og av naudsynt transport for drift av landbruksareal i Neset. Vegen kan ikkje utvidast. Vegen kan ikkje nyttast som bilveg til naust/båtplassar eller for transport av tømmer.

§ 7 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (PBL § 12-5 nr. 6) 7.1 Friluftsområde i sjø – Badeområde, o_VB. Ingen faste innretningar for oppankring av båt eller faste installasjonar knytt til badeaktivitet i sjø er tillate utover eksisterande anlegg. Badeområdet skal vere fritt for motorisert ferdsel i perioden frå og med juni til og med august. Det er ikkje tillate med fortøying av båt innanfor regulert område. Regulert badeområde

Til offentleg ettersyn Side: 28

LUSTER KOMMUNE – REGULERINGSPLAN FOR SOLVORN KAIOMRÅDE OG BADEPLASS

skal markerast med markeringbøyer. Brukarar av område BAB har høve til å nytte sjøarealet langs BBS heile året. Sjå elles føresegn 4.5 for aktivitet med småbåt.

7.2 Ferdsel, VFE. Sjøarealet er avsett til alle typar ferdsel. Motorisert ferdsel skal ta omsyn til badande. For tiltak i sjøen skal undersøking og eventuelle utgravingar vere klarert med Bergen Sjøfartsmuseum før det foretas utfylling i sjø. Strandlina har ei samanhengande form som ikkje skal brytast med moderne flytebryggeanlegg. Utstikkande brygger kan byggast som kopi av gamle bolverkskaiar, eller som mura steinkaiar av naturstein med tilnærma vertikale sider.

§ 8 Omsynssone (PBL §12-6) 8.1 Bevaring av kulturmiljø, H570. Omsynet til kulturmiljøa og dei antikvariske verdiane skal vere førande for arealbruken, og for byggje- og anleggstiltak. Det er ikkje tillate å rive bygningar i området.

Bruksendring av anlegg og inngrep i terreng og vegetasjon utover vanleg skjøtsel er ikkje tillate utan særleg løyve frå kommunen i samråd med fylkeskulturmyndigheita. Tiltak i omsynssona skal utformast og tilpassast med omsyn til terrenget, estetikken i omgjevnaden og kulturmiljøet sin karakter. Støttemurer skal ha ein einskapleg utforming, helst i naturstein.

Lysreklame kan ikkje monterast innanfor omsynssona. Skilt bør målast direkte på husvegg. Reklameplakatar o.l. som skal hengja i meir enn 3 månader kan ikkje setjast opp utan løyve frå kommunen. Alle skilt skal godkjennast av kommunen. Tekniske installasjonar, også skilt og reklame, skal ha ein diskret utforming og ha ein plassering, materialbruk og fargeval som harmonerer med omgjevnadane og kulturmiljøet sin karakter.

Ved planting i omsynssona bør det nyttast eldre arter artar som harmonerer med miljøet i omsynssona og som ikkje er dominerande i landskapet med omsyn til form og farge. Ved planting på offentlege uteområde skal det nyttast allergivenlege arter. Det skal ikkje nyttast arter som er svartelista i Artsdatabanken i omsynssona.

8.2 Faresone – stormflod og havnivåstigning, H320. Ved iverksetjing av tiltak innanfor H320 skal tilstrekkeleg sikring mot havnivåstigning og stormflod dokumenterast. Kaihus kan hevast 0,5 meter, men golv i kaihus og naust skal tole å stå periodevis under vatn. Elektrisk anlegg og anna materiale som ikkje tåler vassinntrenging, bør leggjast på minimum kote 2,5 m.

Til offentleg ettersyn Side: 29