Rekruttering og stabilisering av legar utafor sjukehus 2000-2015

Fylkeslege Per Stensland og assisterande fylkeslege Jacob Andersen

Fylkesmannen har sidan 2000 kartlagt rekruttering av legar til og Fjordane. Vi har dei siste åra gitt ei vurdering av situasjonen, i 2012 også med samanlikningstal frå resten av helsetenesta. Her er oppdaterte tal frå undersøkinga i januar 2015.

Legerekruttering i

Rekruttering i fastlegetenesta/kommunehelsetenesta er vanskelegare i distriktsfylket enn elles i landet. Legedekninga var stabilt låg i fylket i perioden frå 1990 fram mot 2000. Om lag ti prosent av stillingane var heile tida ledige. Dei siste åra mot tusenårsskiftet auka talet på ledige kommunelegestillingar til 20 %. I 2004 tok Fylkesmannen initiativ til ein særskilt kriseplan for å betre legetenesta i fylket. Dei viktigaste elementa i denne planen var å betre kvaliteten på turnustenesta og å etablere betre vaktordningar.

Rekrutteringssituasjonen no

Talet på kommunelegar i fylket auka med 20 % i perioden 2000-15, men frå eit lågt utgangspunkt i forhold til andre fylke (tabell 1). Innføringa av fastlegeordninga førte til ein kort periode med oppretting av nye stillingar. Etter år med stillstand i nyetablering var det teikn til auke i samband med samhandlingsreforma, men auken har igjen stagnert.

Manglande jamn rekruttering av legar fører til forgubbing, med ein gjennomsnittsalder på 50 år. Mange av kommunelegane (30 %) er eldre enn 55 år. 70 % av legane er menn. 46 % er spesialist i allmennmedisin. Berre 6 legar (5%) har spesialitet i samfunnsmedisin, mens heile 24 legar er i samfunnsmedisinsk spesialistutdanning. I 2014 auka grensa for vaktfritak frå 55 til 60 år. Dette har ikkje hatt verknad på delen legar med vaktfritak, som framleis er 25 %. Når så mange av kommunelegane har vaktfritak, blir mange vakter dekka av urøynde turnuslegar eller vikarar. Nokre kommunar står framfor store problem med å dekke legevaktene av denne grunnen.

Om lag 13 % av legestillingane er dekka av vikar. Etter reduksjon i vikarbruk, har vi sett ein auke siste år. Bruken av korttidsvikarar kan representere eit kvalitetsproblem. Ein kommune har god erfaring med vikarstafett av legar som har god kjennskap til kommunen.

Andelen kommunar med kommuneoverlege som kan gje kommuneleiinga råd om samfunnsmedisinske emne har auka til 69 %, ikkje minst grunna interkommunalt samarbeid rundt Folkehelseavdelinga i Flora kommune.

I fire av 26 kommunar (Årdal, , Høyanger, Vågsøy) ser leiande kommunelege/kontorleiar med uro på legerekruttering ut frå erfaringane i 2014 og i seks (Bremanger, Lærdal, , Eid, Høyanger, Årdal) vurderast driftssituasjonen som vanskeleg. Årdal, Høyanger og Bremanger opptrer på begge problemlistene, og er blant kommunane med mest utprega rekrutteringsproblem.

Det finst eit landsomfattande rekrutteringsproblem i fastlegeordninga, og dette er større i distriktsfylket enn i sentrale strok. Rekrutteringa går rett veg, men det skjer seint, spesielt i nokre av kommunane. Betringa er spesielt beskjeden når ein ser på det kriseprega utgangspunktet og den svære auken av legar vi ser i sjukehussektoren.

Samhandlingsreforma gir auka behov for legeårsverk i kommunane. Dette gjeld spesielt for legetenestene i førebyggande helsearbeid, omsorgstenesta, rehabilitering og kommunal akutt døgnopphald. Nokre kommunar har rekruttert betre etter oppretting av fastlegestillingar.

Stabilisering av fastlegar i fylket

Kva kan gjerast for å få fastlegar som er rekruttert i fylket til å bli? Vi har undersøkingar som indikerer at oppvekstbakgrunn i fylket eller andre perifere strok, turnusteneste og spesialistutdanningstilbod i fylket, samt godt samarbeid med kommuneleiinga verkar stabiliserande på legane. Godt samarbeidsklima mellom fastlegar og kommuneadministrasjon kan bidra til at legane blir.

Kva kan gjerast?

Kommunane bør gjennomgå både rekrutteringsstrategi og tiltak for å behalde dei legane dei har. Til ein slik gjennomgang høyrer vaktordningar og turnuskvalitet. Legar legg vekt på å kunne få spesialistutdanning (allmenn- og samfunnsmedisin) lokalt og kommunane må legge til rette for dette. Kommunar bør også vurdere alternative organiseringsformer, t.d. tilby fastløn som alternativ til næringsdrift. Ikkje minst ser ein at unge legar i etableringsfase etterspør slike løysingar. Små einskildkommunar kan ha vanskar med å greie dette aleine. Fleire kommunar kan vinne på å gå saman for å tilby pakker for å møte arbeidsbehov, bustadbehov og skulebehov for legar, ektefelle og familie. Kommunane bør også etablere faste og gode samarbeidsrutinar med fastlegane ut frå indikasjonane på at dette bidrar til stabilisering. På lengre sikt treng vi å halde oppe politisk merksemd om at dei faglege krava til legetenesta er større i distrikt enn sentralt, grunna eldre befolkning og krav til beredskap. Distriktskommunane heng stadig etter i legerekruttering. Det er naudsynt å vise korleis vikarsystema kan gi kvalitetsproblem. Jamvel om talet på legar i landet stig, er det ikkje gitt at distrikta får den same auken som byane.

Tabell 1.

Fastlegar og kommunelegar i Sogn og Fjordane 2000-2015

2000 2004 2010 2012 2013 2014 2015 Tal fastlegeheimlar 99 104 114 114 118 120 119 Tal fastlegeheimlar heilt utan lege 21 13 1 0 3 3 0 Prosent fastlegeheimlar med vikar 19 15 13 10 13 Prosent fastlegar i same stilling > 2 år 67 82 80 85 80 Prosent fastlegar med vaktfritak 13 16 24 22 25 24 Prosent fastlegar > 55 år 25 22 31 28 29 30 Prosent kommunar med medisinsk fagleg rådgjevar >30% /IKS 46 62 69