Sentrumsanalyse Sveio sentrum Innleiande opplysningar Rapport nr. / sak 201800700 Dato 04.01.2019 Prosjekttype Sentrumsanalyse Tittel Sentrumsanalyse Sveio sentrum Oppdragsgjevar Sveio kommune Bilete – foto Sveio kommune og ABO Produksjon ABO Plan & Arkitektur Stord AS PLANRAPPORT 201803100 Stadanalyse Sveio sentrum 1 Forord Stadutvikling er påverka av mange forhold, lokale, regionale og nasjonale føringar. For dei som bur og har sitt daglege virke i staden, er kjensla av lokal identitet, tilhøyrsle og stadforståing viktige faktorar for god medverknad og engasjement. Hovudfokuset i stadanalysen er knytt til utvikling av sentrumskjernen, med vekt på framtidig bustadbehov, behov for areal til næring og offentlege areal, møtestader, trafikk og parkering. Stadanalysen syner og forslag til lokalisering av ulik arealbruk, som kan vera grunnlag for den pågåande rulleringa av kommunedelplan for sentrum. Innbyggjarane sine eigne oppleveingar av staden, og deira mål og visjonar, er eit viktig grunnlag for å forstå staden og dei kvalitetane som kan utviklast. I dette arbeidet har vi gjort nytte av den medverknadsprosessen som alt er starta i samband med kommuneplanarbeidet. Etter eit arbeidsmøte den 25.02.16 der representantar for ibuarar og kommuneleiing møtte kvarandre, har Sveio kommune sjølv samanfatta ein god rapport datert same dato. Sjølv om meiningane var mange og nokre motseiande, er det likevel mogeleg å trekke visse konklusjonar om kva fleirtalet av frammøtte personar ønskjer i høve til utvikling av sentrum. Ein ser for seg noko i retninga av ein bygdeby for Sveio sentrum, med eit tett handlemiljø, kaféar og møteplassar og ein ordna gatestruktur. Men det skal framfor alt vere ein god stad å bu. Vår målsetnad er å trekke fram nokre føresetnader for vidare planlegging og utvikling av tettstaden Sveio sentrum utifrå kva kommunen og innbyggjarane sjølve meiner om utvikling av sin eigen stad. Fylkeskommunen, fylkesmann og stat har lagt sine rammer for tettstadutviklinga i Noreg utifrå målsettinga om å utvikle berekraftige og robuste tettstader og byar, dette er styringsmekansimer ein må ta med i arbeidet. ABO Plan & Arkitektur Stord AS 04.01.2018 PLANRAPPORT 201803100 Stadanalyse Sveio sentrum 2 Innhaldsoversikt Innleiande opplysningar ................................................................................................................................................................. 1 Forord .................................................................................................................................................................................................... 2 Innhaldsoversikt ................................................................................................................................................................................. 3 1 Stadanalyse - innleiing ......................................................................................................................................................... 4 2 Situasjonen i dag .................................................................................................................................................................... 5 2.1 Analyseområdet ............................................................................................................................................................. 5 2.2 Gjeldande og pågåande planar for området ..................................................................................................... 5 2.3 Regional og lokal senterstruktur ............................................................................................................................ 6 2.4 Folketalsutvikling .......................................................................................................................................................... 9 2.5 Staden Sveio ................................................................................................................................................................ 11 2.6 Busetnad ........................................................................................................................................................................ 18 2.7 Handel og privat tenesteyting .............................................................................................................................. 23 2.8 Sysselsetting og arbeidspendling ....................................................................................................................... 26 2.9 Trafikk og infrastruktur ............................................................................................................................................ 28 2.10 Kulturminne .................................................................................................................................................................. 31 2.11 Naturmangfald ............................................................................................................................................................ 32 2.12 Landskap ....................................................................................................................................................................... 34 2.13 Landbruk ....................................................................................................................................................................... 38 3 Sveio sentrum fram mot 2050 ....................................................................................................................................... 40 3.1 Bustadutvikling ........................................................................................................................................................... 40 3.2 Korleis stimulere til auka opphald, trivsel og handel i sentrum? ............................................................ 42 3.3 Næring og handel i sentrum ................................................................................................................................. 43 3.4 Etablering av Vikingland ......................................................................................................................................... 45 3.5 Trafikk og parkering .................................................................................................................................................. 46 3.6 Sveio sentrum - ei mogleg utvikling .................................................................................................................. 51 4 Kjelder ...................................................................................................................................................................................... 53 PLANRAPPORT 201803100 Stadanalyse Sveio sentrum 3 1 Stadanalyse - innleiing Stadanalysen skal vera eit kunnskapsgrunnlag for arbeidet med sentrumsplanen. Ein stadanalyse for Sveio sentrum vil ha som mål å leggja grunnen for framtidige vurderingar av kor nye tiltak skal koma og skal fungera som grunnlag for å ta stilling til retningsliner og føresegner for sentrumsplanen. Med tettstadsanalysen er målet å skaffe eit forståeleg bilete av korleis Sveio sentrum fungerer i dag, kva faktorar som er førande og formande, og kvar utfordringane ligg. I arbeidet med å planlegge for framtida, er det viktig å ha auge for kva ein har i dag, på historia og kva den fortel. Det er gjennomført ei kartlegging og registrering av landskap, busetnad, handel og tenesteyting, sysselsetting mm. som gir informasjon om dagens situasjon. Innspel frå innbyggjarane er henta frå kommunen sin eigen medverknadsprosess og møter som er gjennomført. Ved å invitere til deltaking og medverknad har ein som resultat fått eit innblikk i oppfatningar og meiningar om Sveio sentrum. I kommunen sitt arbeidsmøte gjennomført februar 2016 vart det mellom anna lagt grunnlag for ein SWOT analyse der ibuarane og andre gav uttrykk for staden sin karakter, potensiale for utvikling, utfordringar og manglar. Det ligg føre ein eigen rapport som summerer opp innspela frå desse møta. Det er også utarbeidd eigen rapport om barnetrakk i Sveio datert februar 2018. Rapporten ligg tilgjengeleg på kommunen sine nettsider. Konklusjonar herifrå er teke med i Her er eit lite utdrag frå kommentarane frå ungdomane ved Sveio ungdomsskule: Sentrale innspel frå medverknadsprosessar: 1. Stadbiletet av Sveio tettstad er optimistisk, men noko haltande i høve til å uttrykkje kvalitet og omdøme – stort forbetringspotensiale, men og endringsvilje. 2. Sveiogata må rustast opp i høve til funksjon, tryggleik og estetikk. «Gata er ikkje berre til for bilar». 3. Det må leggjast kvalitetar til sentrum i form av møteplassar, grøne lunger, torg, parkar, leikeområde, materialbruk og passasjar til viktige turområde som Vigdarvatnet. 4. Kulturtiltak, kulturhus og svømmehall er etterlyst. 5. Meir effektiv og samordna arealbruk som gjev rom for fleire nærings- og servicefunksjonar med større vareutval og rom for interessant bustadmasse. Det bør byggast høgare og tettare. 6. Viktig å økonomisere med arealressursane både av omsyn til jordbruket og av omsyn til biologisk mangfald. 7. Torget framfor kommunehuset er det møteplass og plass for skateboard og andre aktivitetar, ein populær møteplass (skaterampe står mellombels på torget). (frå barnetråkkundersøkjinga) 8. Ved skulegarden og på Vigdartun er det mykje aktivitet og det er møteplassar og område for ballspel, leik og skateboarding. Grasbanene er og populære stader for aktivitet.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages54 Page
-
File Size-