Kommuneplanen sin arealdel for perioden 2018-2030 Planskildring Vedtatt 28.02.2019 Vår ref. 17/318 Innhaldsliste Innhold Innhaldsliste .......................................................................................................................... 1 Forord ................................................................................................................................... 3 Innleiing ................................................................................................................................ 4 AREALSTRATEGIAR ........................................................................................................... 5 Klima ................................................................................................................................. 5 Målsetting: ..................................................................................................................... 5 Arealstrategi klima: ........................................................................................................ 5 Det gode liv ....................................................................................................................... 5 Målsetting: ..................................................................................................................... 5 Arealstrategi det gode liv: ............................................................................................... 5 Utdanning .......................................................................................................................... 6 Målsetting: ..................................................................................................................... 6 Arealstrategi utdanning: ................................................................................................. 6 Kommunikasjon ................................................................................................................. 6 Målsetting: ..................................................................................................................... 6 Arealstrategi kommunikasjon: ........................................................................................ 6 Kultur ................................................................................................................................. 6 Kommunen sine føringar for planarbeidet ............................................................................. 8 Nasjonale føringar ............................................................................................................. 8 Regionale føringar ............................................................................................................. 8 Heieplanen..................................................................................................................... 8 Regionplan Agder 2020 ................................................................................................. 8 Kommunale føringar .......................................................................................................... 8 Kommunal planstrategi .................................................................................................. 8 Kommunedelplanar ........................................................................................................ 8 Reguleringsplanar .......................................................................................................... 8 Hovudmålsetning ............................................................................................................... 8 Medverknad i kommuneplanprosessen ............................................................................... 11 Opne møte ...................................................................................................................... 11 Gjestebod ........................................................................................................................ 11 Besøk i skulen ................................................................................................................. 11 Folkehelseverkstad.......................................................................................................... 11 Arealinnspel- konsekvensutgreiing .................................................................................. 11 Tilhøve til eksisterande planar ............................................................................................. 14 1 «Heieplanen» .................................................................................................................. 14 Kommunedelplanar ......................................................................................................... 14 Reguleringsplanar ........................................................................................................... 14 Eldre disposisjonsplanar .................................................................................................. 14 Beredskap og naturfare ....................................................................................................... 15 Byggeområde bustader (B 1-4) ................................................................................. 25 Byggeområde fritidsbustader (BFR1-27) .................................................................. 26 Byggeområde fritids- og turistformål ....................................................................... 28 Byggeområde spreidde fritidsbustader ......................................................................... 33 2 Forord Med heimel i plan og bygningslova §§11-2,11-13 og 4-1 vart det varsla oppstart 07.07.16 og planprogrammet til kommuneplanen vedteke 15.09.16. Kommuneplanen sin arealdel vart sist revidert og vedteken 28.06.2012. Ein samla arealplan er viktig for å sikre ei planlagt og forsvarleg utnytting av areala. Samstundes må vi sikre nokre areal for framtida. Det viktigaste er å sikre at det vert utvikla arbeidsplassar i privat sektor. Gode bumiljø og gode vilkår for barne og unge er avgjerande for at folk blir verande her. Vi ynskjer oss fleire innbyggarar, gjerne barnefamiliar. Folketalet har vore om lag 950 i lang tid, men aldri kome over 1000 fastbuande. I påska kan det vere over 20.000. Dette fordi vi er ein vinterdestinasjon og vil gjerne også vere ein heilårsdestinasjon. Dette krev ei planlegging som prøver å ta dette opp i seg. Sjølv om Bykle med sine 1552 km2 er ein stor kommune, er det ein svært liten del av kommunen som er utbygd i vanleg forstand. Bykle har store ressursar i vasskraft og er ein såkalla «magasinkommune» med mange svært store regulerte vassmagasin. Dei same store fjellområda er leveområde for villrein. No er Heieplanen vedteken. Den er ein regionalplan og skal sikre store nok areal for framtida, i høve til funksjonsområde for villrein. Arealplanen skal difor vise kva for areal som kan brukast til ulike formål og kva for omsyn vi må ta når vi skal til å bruke dei meir sårbare areala. Håpet er at arealdisponeringa som er gjort i denne kommuneplanen kan vere med og gi vekst og trivsel til både fastbuande og tilreisande. 3 Innleiing Med utgangspunkt i samfunnsdelen, vedteke 29.09.17, er det utarbeidd arealdel til kommuneplanen med plankart, føresegner og retningsliner som høyrer til. I tillegg dette dokumentet som er planskildring med konsekvensutgreiing. Arealplankartet saman med føresegnene er juridisk bindande. Planskildring er ein forklarande og meir utdjupa tekstdel som høyrer til plankart og føresegner med retningsliner. Konsekvensutgreiing av dei enkelte arealinnspela er samla i eitt dokument og dei samla konsekvensane er vurdert her i planskildringa. Alle dokument er tilgjengeleg på kommunen si heimeside www.bykle.kommune.no Gjeldande/tidlegare kommuneplan vart vedteken i 2012. Som grunnlag for kommuneplanens arealdel vart det utarbeidd og fastsett eit planprogram. Planprogrammet og samfunnsdelen ligg til grunn for arbeidet med arealdelen. Den viktigaste utfordringa i planperioden er å skape heilårlege arbeidsplassar i privat sektor og å auke folketalet. Desse to heng nøye saman. Næringsutvikling for å skape og utvikle arbeidsplassar, saman med å vidareutvikle Hovden som reiselivsdestinasjon vil ha fokus dei neste 10 åra. Areala i Bykle ,som ikkje er underlagt restriksjonar, er knappe. Bykle kommune må tenke fleire tankar samstundes. Dei viktige tema er areal til næringsutvikling, landbruksareal og leveområde til villrein. I Bykle kommune er det to hovudsentra. Det er Bykle og Hovden. Det er viktig å ha fokus på tettstadutvikling i desse sentra for å skape gode bumiljø. Vi må heller ikkje gløyme at grendene skal vere gode buplassar med ljos i vindauga heile året. Gjennom arbeidet med kommuneplanen er det arrangert opne folkemøte, gjestebod og temadag i 10.klasse. Det er også halde folkehelseverkstad. Styringsgruppa (planutvalet) har hatt fleire temadagar og eigne møte. Sidan vi har vald å bruke Regionplan Agder som mal for samfunnsdelen ber den preg av det. Når det gjeld kapitlet om kommunikasjon har vi her tatt med dette med informasjonsflyt mellom innbyggarar og kommune, samt lokaldemokrati og korleis skape interesse for lokaldemokrati blant den oppveksande generasjon. Det er kome inn mange innspel til arealdelen, og styringsgruppa har hatt ein gjennomgang og prioritering av desse. Arealdelen har med seg område frå førre kommuneplan som ikkje er realisert. Heieplanen er ein viktig føring i arealdelen. Det er viktig å få innarbeida den same soneinndelinga av areal i kommuneplanen.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages37 Page
-
File Size-