Kommunedelplan for Husnes-Området

Kommunedelplan for Husnes-Området

Plan, arealbruk og beredskap Saksbehandlar: Arne Handegard Dok.nr: 02/01828-68 Dato: 01.02.2003 KVINNHERAD KOMMUNE -fellesskap og trivsel -utvikling og vekst PLANFORKLARING, FØRESEGNER OG RETNINGSLINER TIL KOMMUNEDELPLAN FOR HUSNES-OMRÅDET HERØYSUND – HUSNES – SUNDE - VALEN 2001 - 2010 Februar 2003 Vedlegg til K-sak 03/0011, møte 20.02.03. 2 3 INNHALD KOMMUNEDELPLAN FOR HUSNES-OMRÅDET .................................................................5 PLANPROSESSEN ...........................................................................................................................5 AVGRENSING AV PLANOMRÅDET ..................................................................................................5 FØRESETNADER FOR PLANARBEIDET.............................................................................................5 MEIR OM PLANINNHALDET............................................................................................................6 HERØYSUND.................................................................................................................................8 BYGGJEOMRÅDE ...........................................................................................................................8 LANDBRUK, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE (LNF-OMRÅDE) ........................................................8 KULTURMINNE – FRIOMRÅDE .......................................................................................................8 HUSNES - SUNDE..........................................................................................................................9 BYGGJEOMRÅDE ...........................................................................................................................9 LANDBRUK, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE ................................................................................10 KOMMUNIKASJON OG SAMFERDSLE ............................................................................................10 KULTURMINNE - BYGNINGSVERN................................................................................................10 NATUROMRÅDE – FRIOMRÅDE – LANDSKAPSVERN.....................................................................11 VALEN ..........................................................................................................................................12 BYGGJEOMRÅDE .........................................................................................................................12 LANDBRUK, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE ................................................................................12 KULTURMINNE - BYGNINGSVERN................................................................................................12 NATUROMRÅDE – FRIOMRÅDE – LANDSKAPSVERN.....................................................................12 FØRESEGNER OG RETNINGSLINER....................................................................................13 GJELDANDE REGULERINGSPLANAR .............................................................................................13 FØRESEGNER OG RETNINGSLINER TIL BYGGJEOMRÅDE ETTER PBL §20-4, FØRSTE LEDD NR 1.....14 FØRESEGNER OG RETNINGSLINER TIL LNF-OMRÅDE ETTER PBL § 20-4, FØRSTE LEDD NR 2.......15 FØRESEGNER OG RETNINGSLINER TIL LNF-OMRÅDE DER DET ER TILLETE MED SPREIDD BUSTADBYGGING (KSB-OMRÅDE), JF PBL § 20-4, ANDRE LEDD BOKSTAV B), C) OG D).............15 RETNINGSLINER FOR OMRÅDE FOR SÆRSKILT BRUK ELLER VERN AV SJØ OG VASSDRAG, JF PBL § 20-4, 1. LEDD NR 5.........................................................................................................16 GENERELLE RETNINGSLINER.......................................................................................................16 4 5 Kommunedelplan for Husnes-området Dette dokumentet inneheld nærare forklaringar til kommunedelplankartet for Husnes-området. Dokumentet inneheld vidare føresegner og retningsliner knytte til plankartet. Planprosessen Eit utkast til kommunedelplan vart lagt ut til uformell høyring våren 2000. I tilknyting til plankartet vart det utarbeidd ein planrapport som inneheldt ei omfattande utgreiing om planområdet, historisk utvikling, eksisterande arealbruk, premissar for vidare utvikling osv. I samband med den uformelle høyringa kom det inn ei rekkje innspel og merknader både frå offentlege organ og private grunneigarar. Desse innspela vart lagde til grunn for eit nytt planforslag som vart sendt på 1. gongs formell høyring sommaren 2001. Merknadene frå denne høyringa vart lagde til grunn for eit nytt planforslag datert febr. 2002. Formannskapet som styringsgruppe for kommuneplanarbeidet vedtok i møte 07.02.02 å leggja planforslaget ut for 2. gong. Det føreliggjande planforslaget datert februar 2003 er utarbeidd med grunnlag i merknadene som kom inn i samband med 2. gongs høyring og resultatet etter fylkesmannen si mekling 23.01.03. Planarbeidet er utført av ei administrativ prosjektgruppe der representantar frå dei ulike fagkontora i kommunen har vore med. Vidare har ei politisk arbeidsgruppe med seks representantar frå formannskapet gitt politiske føringar til planarbeidet. Avgrensing av planområdet Planområdet omfattar følgjande skulekrinsar: 1 Bringedalsbygda (Herøysund) 2 Undarheim (Husnes) 3 Sunde 4 Valen KARTET SYNER DELPLAN- OMRÅDET MED SKULEKRINSAR 1. Bringedalsbygda 2. Undarheim 3. Sunde 4. Valen Føresetnader for planarbeidet Komunedelplanen byggjer på mål og strategiar som er trekte opp i den langsiktige delen av kommuneplanen, måldokumentet, som vart vedteke av kommunestyret 31.08.00. Folketalsutvikling Måldokumentet legg opp til ein gjennomsnittleg folketalsauke i kommunen på 0,5% pr. år. Det vil seia stabilt eller kanskje svakt veksande. 6 2500 2250 2000 1750 1500 1250 1000 750 500 1989 1992 1995 1998 2001 2004 2007 2010 Bringedalsbygda Undarheim Sunde Valen Diagram : Faktisk folketalsutvikling i delplanområdet 1989-1998 og stipulert utvikling fram til år 2010. Gjennomsnittleg folketilvekst for dei bygdene som inngår i kommunedelplanområdet er sett til 0,75% pr. år og vil utgjera om lag 440 fram til år 2010. Ein legg til grunn ein årleg vekst i Bringedalsbygda på 0,2%, Undarheim 0,6%, Sunde 1,3% og Valen på 0,75%. Busetnadsmønster Eit auka folketal på 440 personar i planperioden vil medføre eit auka behov for om lag 220 nye bustader. I tillegg kjem den ordinære bustadavgangen som er stipulert til ca. 7 bustader pr. år, dvs. om lag 70 bustader i perioden. Dette gjev eit behov for 290 nye bustader i perioden. Samla vert det i planforslaget lagt ut ca 480 da til bustadføremål. Rundt rekna kan dette gje plass til 340 nye bustader. Det er lagt opp til ein overkapasitet for å sikre valfridom både i høve til tomteval innanfor dei einskilde krinsane og valfridom mellom krinsane. Vidare må det reknast ein viss arealreserve p.g.a at det trengst lang tid for å avklara bustadareal. Planframstilling Denne planforklaringa skal gje utfyllande informasjon til plankartet. For ytterlegare informasjon om planområdet vert det vist til planrapporten som vart utarbeidd våren 2000 av planfirmaet Plan Vest. Dei nye utbyggingsområda som er viste på plankartet er lista opp i tabellar for kvart delområde. Desse tabellane viser storleik på utbyggingsområda, areal og plankrav. Ein del mindre utbyggingsområde og utfylling av eksisterande bebyggelse er også vist på plankartet. I desse områda må forvaltningsstyret vurdera evt. plankrav i kvart einskild høve. Område som er omfatta av godkjende reguleringsplanar er på plankartet viste som eksisterande arealbruk. Godkjende reguleringsplanar er lista opp i planføresegnene og skal gjelda i kommuneplanen. Der det er motstrid gjeld arealdelen i kommuneplanen framfor reguleringsplanen. Meir om planinnhaldet I denne planforklaringa er dei einskilde bygdene omtala kvar for seg. Det er likevel ein del generelle tema som vert teke opp samla i dette avsnittet. Vassforsyning Nedslagsfelta for eksisterande vassverk er på plankartet viste som restriksjonsområde for drikkevatn. 7 Skredfaregrense Plankartet viser grenser for skredfarlege område. Vidare er det vist område der det er fare for steinsprang. Registreringa byggjer på undersøkingar utførde av Universitetet i Bergen i 1974. Det vert kravt grundigare undersøkingar i samband med detaljplanlegging. Grøntstruktur Det er gitt generelle retningsliner med omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv og landskapsoppleving i heile planområdet. Det er gitt spesielle retningsliner for landskapsdrag langs nedre delen av dei fire største vassdraga i planområdet. Kulturminne Alle freda kulturminne er viste som bandlagde område. I område med automatisk freda kulturminne tek fylkeskommunen atterhald for alle former for endra arealbruk til områda er nærare undersøkte av arkeologar i samband med utarbeiding av reguleringsplan. Jord- og skogbruk Landbruksareala er inkludert i LNF-områda. Det er aktuelt å utarbeida oversikt over dei mest verdifulle jordbruksareala i kommunen. Ved seinare revisjon av kommunedelplanen kan dette leggjast til grunn for t.d. avgrensing av område der spreidd utbygging kan tillatast. Det er utarbeidd oversiktsplan for skogbruket i kommunen. Denne planen viser m.a. produktivt skogareal og behovet for nye skogsvegar. Fleirbruksområde på sjøen Ein stor del av sjøarealet er lagt ut som fleirbruksområde for fiske, ferdsle, naturvern og friluftsliv (FFNF). Sjøarealet ut mot Hardangerfjorden er etter mekling med fylkesmannen vist som uplanlagt i denne planperioden. Akvakultur Område til akvakultur byggjer i grove trekk på kystsoneanalysen

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    16 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us