Arbeidarkroppen Individ og kollektiv i Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals prosa Ingrid Nestås Mathisen Avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.) Universitetet i Bergen 2019 Arbeidarkroppen Individ og kollektiv i Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals prosa Ingrid Nestås Mathisen AvhandlingAvhandling for for graden graden philosophiae philosophiae doctor (ph.d.) (ph.d. ) ved Universitetet i Bergen Dato for disputas:2017 18.01 2019 Dato for disputas: 1111 © Copyright Ingrid Nestås Mathisen Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverkslovens bestemmelser. År: 2019 Tittel: Arbeidarkroppen Navn: Ingrid Nestås Mathisen Trykk: Skipnes Kommunikasjon / Universitetet i Bergen For mig er det 3 ting, 3 vældige ting, som gjør livet værdt at leve: kjærlighed, kunst og arbeiderspørgsmaalet Nini Roll Anker i brev til Bjørnstjerne Bjørnson 16.01.1906 III II Føreord «Og arbeidet gaar undan. Ark etter ark. Kapitel etter kapitel», heiter det om skrivearbeid hjå Uppdal. Skriving kan kjennast lett og skriving kan kjennast vanskeleg. Eg vil her nytta høvet til å takka dei som har hjelpt meg med skrive- og avhandlingsarbeidet mitt. Hovudrettleiaren min Christine Hamm skal ha ein stor takk for oppmodingar og innspel! Takk òg for engasjementet for arbeid, arbeidarlitteratur og arbeidarlitteraturforsking. Lars Rune Waage var ein god samtalepartnar som rettleiar-vikar det fyrste året. Medrettleiar Unni Langås vil eg takka for å ha vore ein rask og trufast lesar av kapittelutkasta mine. Eg er glad for og stolt over å høyra til fagmiljøet på nordisk litteratur. I forskargruppa vår har eg fått verdifulle innspel, og eg har fått oppleva å vera ein del av eit engasjert forskarmiljø. Takk alle som har medverka her! Arbeidarlitteraturforskinga er i vekst, og eg har gleda av å vera ein del av eit nordisk arbeidarlitteraturnettverk. Takk for lærerike og hyggelege treff i Landskrona, Gøteborg og Bergen (og snart Uppsala). Eg vil takka den lokale forskarskulen, leia av Erik Bjerck Hagen, for å ha arrangert meisterklasse. Irene Iversen, takk for at du stilte som meister og gav meg relevante og gode innspel på eit større manusutkast i ein viktig fase av avhandlingsarbeidet. Tusen takk til Erlend Bakke som har vore manusrallaren min og lese korrektur på avhandlinga. Takk til storebror Eirik som har hjelpt meg med det engelske samandraget. Synne, takk for du ler like høgt som meg og for alle samtalar om litteratur, kjærleik og kålsalat. Stipendiatkollegaene mine Anemari, Inga, Elin, Kjersti, Line og Fredrik vil eg takka for innspel og avveksling. Takk for at du gav meg gode arbeidsvanar og Anne-Cath Vestly, Pappa. Mamma, takk for godt humør, heiarop og støtte. Og takk for at du kan laga lammegryte og festmiddag til 25 svoltne arbeidarlitteraturforskarar. Sverre og Fredrik, de er verdas beste leikekompisar og avkopling! Og Svein – min beste venn – takk for at du lèt meg skriva og får meg til å le. III Somme av lesingane og diskusjonane mine her i avhandlinga har vore publiserte i tidlegare versjonar. Framstillinga i kapittel 2 av debatten i 2016 mellom Kjartan Fløgstad og Édouard Louis, og omtalen i same kapittelet av Carl Nærups og Olav Kringens samtidsresepsjon av Trolldom i lufta (1912), var ein del av innleiingskapittelet (Mathisen 2017) i antologien Hva er arbeiderlitteratur? Begrepsbruk, kartlegging og forskingstradisjon (Hamm et al. 2017). Artikkelen som eg har skrive om Nini Roll Anker for Store norske leksikons nettutgåve (Mathisen 2018), kan ha samanfall med framstillinga av Roll Ankers forfattarskap og status i kapittel 2. Delar av definisjonsproblematikken som eg gjer greie for i kapittel 2, vert også utforska i artikkelen «’Kan själva skrivandet vara ett övergrepp?’ Ein diskusjon om arbeidarforfattarars bakgrunn og høve til å representera» (Mathisen 2014) i antologien Från Bruket till Yarden. Nordiske perspektiv på arbetarlitteratur (Jonsson et al. 2014). Ein tidlegare versjon av lesingane om Tøger og om Lil-Anna i kapittel 3, er publisert som artikkelen «’Men bruget var hans alt’ Identifikasjon og kropp i Roll Ankers bruksbyforteljingar Lil-Anna og andre» (Mathisen 2015) i Stempelslag. Lesinger i nordisk politisk litteratur (Diesen et al 2015). Enkelte poeng i kapittel 4, 5 og 6 er prøvde ut i artikkelen «’Den mannlege styrke alle stader’ Produksjon av (arbeider)maskulinitet i Dansen gjenom skuggeheimen» (Mathisen 2013) i Norsk litterær årbok (Gujord og Michelsen 2013). Bergen august 2018. Ingrid Nestås Mathisen IV Innhald 1 Kvifor kroppen? 1 1.1 Kva for nokre kroppar? Utval ....................................................................................................................... 3 1.2 Kva med kroppen? Problemstilling ............................................................................................................... 4 1.3 Korleis kroppen? Metode ............................................................................................................................... 5 1.3.1 Den erfarte arbeidarkroppen ...................................................................................................................... 6 1.3.2 Arbeidarkroppen i og i høve til produksjonen og fellesskapet .................................................................. 7 1.3.3. Ein politisk arbeidarkropp ........................................................................................................................ 8 1.4 Kvifor ikkje kroppen? Arbeidarkroppens fråvær i arbeidarlitteraturforskinga...................................... 9 1.4.1 Forventing om arbeidaren som ein oppbyggeleg rollefigur ..................................................................... 10 1.4.2 Forventing om kollektiv solidaritet ......................................................................................................... 11 1.5 Avhandlingskroppen. Kapitteloversyn ........................................................................................................ 12 2 Arbeidarforfattarar, arbeidarlitteratur, og den litterære arbeidarkroppen 16 2.1 Nini Roll Anker: Resepsjon og status .......................................................................................................... 17 2.1.1 Samtidsresepsjonen av Lil-Anna og andre (1906) ................................................................................... 18 2.1.2 Bruksbysamlinga – Roll Ankers arbeidarlitterære sjangernyvinning ...................................................... 21 2.1.3 Godseigarfrua – vurderingar av hennar sosiale status og arbeid ............................................................. 25 2.1.4 Samtidsresepsjonen av Den som henger i en tråd (1935) ....................................................................... 29 2.1.5 Roll Anker-forskinga ............................................................................................................................... 34 2.2 Kristofer Uppdal: Resepsjon og status ........................................................................................................ 40 2.2.1 Dansen gjenom skuggeheimen, ein romansyklus om rallaren ................................................................. 40 2.2.2 Uppdals litteratursyn og norsk(e) kritikkoffentlegheit(er) ....................................................................... 44 2.2.3 Samtidsresepsjonen av Trolldom i lufta (1912) ....................................................................................... 49 2.2.4 Samtidsresepsjonen av Stigeren .............................................................................................................. 53 2.2.5 Uppdal-forskinga. Er Uppdal ein arbeidsleiar for Uppdal-forskaren? ..................................................... 55 2.2.6 Ei skapingsforteljing og eit metaperspektiv ............................................................................................ 60 2.3 Arbeidarlitteratur: Ein merkelapp, eit omgrep med brukshistorie og definisjonar ............................... 63 2.3.1 Arbeidarlitteratur som litteraturhistorisk kategori ................................................................................... 65 2.3.2 Arbeidarlitteraturomgrepet var mangfaldig på 1970-talet ....................................................................... 71 2.3.3 Ny (og naudsynt) diskusjon om arbeidarlitteraturen ............................................................................... 77 2.3.4 Akademisk definisjonsarbeid .................................................................................................................. 82 2.3.5 Dagens arbeidarlitteratur og arbeidarlitteraturforsking ........................................................................... 84 2.4 Den litterære arbeidarkroppen .................................................................................................................... 88 2.4.1 Ein fenomenologisk inngang ................................................................................................................... 91 2.4.2 Fenomenologi og narratologi .................................................................................................................. 95 2.4.3 Stemmemangfaldet synleggjer maktstrukturar i arbeidarlitteraturen....................................................... 98 2.4.4 Kollektivstemma ................................................................................................................................... 101 2.4.5 Kroppen og litteraturen ........................................................................................................................
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages346 Page
-
File Size-