Sirdal Kommune Sirdal Kommune

Sirdal Kommune Sirdal Kommune

Sirdal kommune Sirdal kommune Melding om vedtak F-sak 14/30 Saksbehandler DERES REF: VÅR REF: SAKSBEHANDLER: ARKIVKODE: DATO: 2951/2014 - 2013/145 Marit Auset K01 28.02.2014 SÆRUTSKRIFT - FORSLAG TIL NY LOKAL FORSKRIFT OM MOTORFERDSEL I UTMARK OG VASSDRAG Vedlagt følger særutskrift av saken som ble behandlet i formannskapsmøte 26.02.2014 F-sak 14/30. Med hilsen Marit Auset Arkivleder/konsulent Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 38 37 90 00 Internett: www.sirdal.kommune.no Rådhuset Telefaks: 38 37 90 01 E-post: [email protected] 4440 Tonstad Bank kto.: 31320700038 Org.nr.: 964964165 Sirdal kommune Forslag til ny lokal forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag LØPENR/SAKSNR: SAKSBEHANDLER: DATO: 914/2014-2013/145 Sven Sandvik 21.01.2014 UTV.SAKSNR: UTVALG: MØTEDATO: 14/4 Utvalg for teknikk, landbruk og miljø 04.02.2014 14/30 Formannskapet 26.02.2014 Bakgrunn Miljøverndepartementet har vedtatt at motorferdselsforsøket som Sirdal kommune deltek i vert oppheva med verknad 1. mai 2014. Kommunedelplan for motorferdsel i utmark og vassdrag vil etter denne datoen ikkje lenger være gjeldande. Rådmannen fremmer i denne samanheng forslag til ny lokal forskrift som omhandlar ferdsel med motorbåt og start og landing med helikopter. Ein har set opp følgjande framdriftsplan: Tid Aktivitet Handsaming februar: Forslag til ny lokal forskrift vert lagt fram til politisk TLM, handsaming og sendt på høyring med ev. endringar. Formannskapet mars: Forslaget er ute på høyring i minst seks veker. april: Rådmannen går gjennom innkomne merknader og førebur politisk sak. mai: Forslag til ny lokal forskrift vert lagt fram til endelig TLM, politisk handsaming. Formannskapet og Kommunestyret Heimelsbakgrunn Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 tredje ledd: Ferdsel med motorfartøy er tillatt på innsjøer som er 2 kvadratkilometer eller større, på elvestrekninger, og på innsjøer mindre enn 2 kvadratkilometer dersom disse inngår som en del av et farbart vassdrag. Kommunen kan likevel bestemme at ferdsel som nevnt helt eller delvis ikke skal være tillatt. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5 første ledd: Kommunestyret kan gi forskrift om adgang til: a) landing og start med luftfartøy på bestemte steder i utmark og vassdrag. Adgangen kan begrenses til landing og start til bestemte formål, til bestemte tider og til å gjelde selskaper eller enkeltpersoner som driver ervervsmessig luftfartsvirksomhet, Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 38 37 90 00 Internett: www.sirdal.kommune.no Rådhuset Telefaks: 38 37 90 01 E-post: [email protected] 4440 Tonstad Bank kto.: 31320700038 Org.nr.: 964964165 b) bruk av motorfartøy på innsjøer mindre enn 2 kvadratkilometer når det foreligger særlige grunner som i tilfelle må angis i forskriften. Vurdering Sirdal kommune har frå før ei lokal forskrift om ferdsel med motorfartøy og luftfartøy, vedteke av kommunestyret i 1989 (tilgjengelig på lovdata.no). Denne har ikkje vore gjeldande under motorferdselsforsøket, men vil igjen tre i kraft når motorferdselsforsøket vert oppheva 1. mai 2014. Rådmannen ønskjer å oppheve den lokale forskrifta frå 1989 og erstatte denne med ei ny forskrift. Dette dels fordi forskrifta frå 1989 er utdatert og dels fordi ein ser at ein gjennom ny lokal forskrift kan gjere grep som kan forenkle sakshandsaminga. Administrasjonen brukar i dag unødig mykje tid på handsaming av heilt kurante motorferdselssaker. Dette gjeld særlig søknader om lufttransport i samsvar med byggeløyve og motorferdselssaker i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde. Sistnemnte, vert i dag handsama to gongar – først av den regionale verneområdeforvaltninga og deretter av kommunen. I forslaget til ny forskrift unngår ein delar av denne dobbelthandsaminga ved å legge inn heimel for transport med helikopter i samsvar med løyve frå verneområdeforvaltninga. Ein skulle gjerne sett at dette også omfatta snøskuterløyver, men motorferdselslova og den nasjonal forskrifta opnar ikkje for at kommunen kan gjera dette. Eit anna sentralt grep i forslaget er at det er lagt inn heimel til naudsynt helikoptertransport av materiale og utstyr i samband med byggeløyve. Tilsvarande heimel har ein frå før til transport på vinterføre, jf. nasjonal forskrift § 3 d. I dei tilfella ein ser at det kan være risiko for negative effektar på verdifull natur, vil ein i byggeløyve kunne stille vilkår for å unngå eller avgrense desse, jf. prinsippa i naturmangfaldlova §§ 9, 11 og 12. For å unngå missforståingar, er det i forskrifta presisert at dette ikkje gjeld vedlikehald og mindre tiltak som er unntatt frå byggesakshandsaming. For slike tiltak legg ein opp til at det fortsatt skal være søknadsplikt. I kommunedelplanen er naudsynt lufttransport i samband med jord- og beitebruk lagt inn som eit søknadspliktig føremål. Dette er i forslaget til ny forskrift teke ut etter som ein uansett har direkte heimel til slik transport i motorferdselslova § 4 c. Heimelen til å lande med sjøfly for å hente felt storvilt er også teke ut. Heimelen har ikkje vore i bruk på mange år og ein kan ikkje sjå at det i praksis er behov for denne lenger. Ved eit eventuelt behov for bruk av sjøfly til uthenting av felt storvilt vil ein kunne søkje om dette etter § 6 d i forslaget. Ferdsel med motorfartøy på innsjøar større enn 2 km2 er tillate med direkte heimel i motorferdselslova § 4, tredje ledd. Dette gjeld også innsjøar som er mindre enn 2 km2 dersom desse inngår i eit farbart vassdrag. Utover dette er motorisert ferdsel på vatn i utgangspunktet forbode, med mindre kommunen gjennom forskrift gjer unntak på bakgrunn av særlige grunnar. I forslaget til ny forskrift, § 3, første ledd, freistar ein å fange opp mykje av dagens motorbåtbruk på ein enkel måte. Ein ser det som lite sannsynleg at forslaget vil føre til ein nemneverdig auke i motorferdsel med båt. Dersom ein skulle knyte ferdsla opp til bestemte føremål, ville forskrifta verte unødig komplisert og vanskelige å handheve i praksis. Sei, til eksempel, at transporten var knytt opp til nokre konkrete nytteføremål. Båteigaren ville då Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 38 37 90 00 Internett: www.sirdal.kommune.no Rådhuset Telefaks: 38 37 90 01 E-post: [email protected] 4440 Tonstad Bank kto.: 31320700038 Org.nr.: 964964165 gjerne kunne bruke påhengsmotoren på fisketur, ved henting av ved og for å sjå til sauene på beite, men i prinsippet måtte dra opp påhengsmotoren og ro når familien er på søndagstur. Rådmannen meiner det er ryddigare om det for kvart vatn anten er lov eller ikkje lov til å nytte forbrenningsmotor. Ei generell opning for bruk av stillegåande elektriske motorar vil kunne dekkje eventuelle behov i vatn under 2 km2 som ikkje vert fanga opp av § 3, første ledd. I karta nedanfor er vatn som er større enn 2 km2 ringa inn med raudt og forslag til vatn under 2 km2 som det også skal være lov til å nytte forbrenningsmotor på ringa inn med svarte stipla linjer. I kommunedelplanen vert oppkjøring av skiløyper avgrensa til å gjelde trasear som er teikna inn i motorferdselskartet som følgjer planen. Vår erfaring er at det har vore lite hensiktsmessig å bruke motorferdselsregelverket til å avgrense skiløyper. Det er betre å gjere vurderingar av løypetraseane i arbeidet med kommuneplan, reguleringsplanar, løypeplanar eller i samband med tildeling av kommunalt tilskot til oppkjøring av nye løyper. Ein har i desse samanhengane plikt til å syte for at det er gjort vurderingar etter prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8 - 12. Forslag til vedtak Forslag til ny lokal forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag vert sendt på høyring. Saksprotokoll i Utvalg for teknikk, landbruk og miljø - 04.02.2014 – PS sak 14/4. Behandling Fellesforslag fra TLM Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 38 37 90 00 Internett: www.sirdal.kommune.no Rådhuset Telefaks: 38 37 90 01 E-post: [email protected] 4440 Tonstad Bank kto.: 31320700038 Org.nr.: 964964165 Forslag til forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Sirdal kommune, Vest-Agder Heimel: Fastsett av Sirdal kommunestyre, …………., med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, §§ 4 og 5. § 1. Føremål Denne forskrifta utfyller føresegnene i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag og nasjonale forskrifter gitt i medhald av lova. § 2. Virkeområde Forskrifta gjeld i heile Sirdal kommune. § 3. Ferdsel med motorfartøy på innsjøar under 2 km2 Motorfartøy med forbrenningsmotor og elektrisk motor kan ferdast på alle innsjøar i kommunen, for nødvendig transport ifm næring og transport til hytte. § 4. Avgrensing av motorstorleik Ferdsel med motorfartøy som har større motor enn 10 HK er forbode på innsjøar under 2 2 km2. § 5. Landing og start med luftfartøy Utover det som er direkte heimla i lov, er landing og start med luftfartøy i utmark tillate for følgjande føremål: a) naudsynt transport av materiale og utstyr til bygging i samsvar med byggeløyve - føresegna omfattar ikkje vedlikehald og mindre tiltak som er unntatt frå byggesakshandsaming, b) naudsynt transport i samband med tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg, c) naudsynt transport i samband med vitskaplege undersøkingar etter oppdrag frå forskingsinstitusjon. d) transport i samsvar med løyve frå verneområdeforvaltninga for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde. § 6. Landing og start med luftfartøy etter melding. Utover det som er direkte heimla i lov, er landing og start med luftfartøy i utmark tillat etter forhåndsmelding til kommunen for følgjande føremål: a) naudsynt transport av materiale og utstyr til hytter, buer, klopper o.l. i samband med vedlikehald og mindre tiltak som er unntatt frå byggesakshandsaming, b) naudsynt transport av brensel, utstyr og proviant til hytter og buer, c) naudsynt transport i samband med fiskekultiveringstiltak, d) transport av jaktutbytte ved jakt på storvilt. § 7. Ikraftsetjing og oppheving Forskrifta trer i kraft så snart den er kunngjort i Norsk Lovtidend. Frå same tidspunkt vert forskrift 20. juni 1989 nr. 844 om ferdsel med motorfartøy og luftfartøy, Sirdal kommune, Vest-Agder, oppheva. Votering Fellesforslaget fra utvalg teknikk, landbruk og miljø ble enstemmig tilrådt.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    7 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us