Spørsmål Til Rådmann ​Angåande Framtidig Skule På Vestsida Av Sørfjorden

Spørsmål Til Rådmann ​Angåande Framtidig Skule På Vestsida Av Sørfjorden

Spørsmål til Rådmann ​angåande Framtidig skule på Vestsida av Sørfjorden Spørsmål frå folkevalde i kommunestyre/utval står med svart skrift. ​Svar frå administrasjonen står med blå skrift. Alle spørsmål med svar sendast ut til alle i kommunestyret. Kollbotn (gruppeleiar Raudt Ullensvang) 1. Det er gjort framlegg om at det skal reknast på kostnadene for skule på Aga uten symjebasseng. Korleis tenkjer rådmannen/skuleadministrasjonen i så tilfelle at borna på vestsida skal få symjeopplæring (læreplanene set strenge krav til symjeopplæring/symjeferdigheiter). Kostnad symjebassen 16 ⅔ m lagt inn i tala med totalt 47,5 mill inkl prosjektering,administrasjon, reservar og marginar. I kommunestyret la administrasjonen fram tabell som viser kostnadane for svømmebasseng trekt ut ifrå kalkyletala for Aga. Det vil sei ei justering ned med totalt 47,5 millionar. Symjeopplæring med basseng lokalisert i Odda må organiserast med eigen skyss og ein må avklara kapasitet i Odda folkebad i høve kva tilbod skuleelevane kan få som stettar krava i lova. For ytterlegare detaljar om svømmetilbod/skyss se svar på konkrete spørsmål lenger ned i notatet. 2. Aga-tilhengjarar seier at valet av Hauso kan føra til at det blir så få elevar på Hauso at det ikkje er grunnlag for eigen ungdomsskule der. Deler rådmannen/skuleadministrasjonen denne bekymringa? (Dette er ikkje nevnt i rådmannen si tilråding om å velja Hauso). Avhengig av konkrete søknadar og val av skule frå dei ulike foreldra/elevane så vil det påverka framtidig elevtal på ein samla ungdomsskule på vestsida. Kva val av skulealternativ konkret vil bety for framtidig busetjing og skuleval kan ein ikkje direkte sei før ein har handsama søknadane og tal born det gjeld. Rådmann har ikkje vurdert eit alternativ utan ungdomsskule på Vestsida av Sørfjorden i denne saka, legg til grunn at ein skal vidareføre ungdomsskule på vestsida uavhengig av om det vert Hauso eller Aga. 3. Kan valet av Aga tilsvarande føra til nedgang i elevtalet fordi barnefamilier ikkje lenger finn det tenleg å bu i ytre deler av kommunen (Utne-Alsåker)? Formannskap, utval for kultur og levekår og kommunestyret har vore på synfaring og fekk informasjon frå Hauso alternativet ang. temaet der dei viser til at det vil ha stor betydning for framtidig busetjing i denne delen av kommunen. Spesielt med tanke på dårleg veg, ekstra lang skuleveg, samt at fritidsaktivitetar og vil ha tilsvarande lenger veg. 4. Dersom Hauso-alternativet blir vald, kan det vere aktuelt å organisere SFO på dagens Vikebygd skule for elevar 1.-4.klasse i den søndre delen av Vestsida? Saksframlegget frå juni viser til denne problemstillinga. Saksframstillinga legg vekt på at ein har samdriftsfordelar med å samlokalisera SFO og skule. Kostnadsmessig, arealmessig og med tanke på bemanning er det ei utfordring å leggja SFO til eit anna lokale. Så svaret frå administrasjonen er nei. 5. Kva kan gjerast for å redusere reisetida for dei elevane som bur lengst unna i val av begge skulealternativa, og kva vil dette koste i ekstra skuleskyss? Det har i saka vore diskutert bruk av minibuss/taxi for å ta ned reisetid/ulempene med dårleg veg. Dersom kommunen tek eigne val her som ikkje støttast av Skyss vil kommunen måtte ta dei auka kostnadane med minibuss/taxi sjølv. Kostnad vil vera avhengig av kva avtale ein då får med tilbydarane. 6. Er det eit alternativ å vidareføre dagens skulestruktur på Vestsida i noen år framover, og kva må i so fall gjerast på dagens to skular for å halde oppe forsvarleg drift, og kva vil dette koste? Dagens budsjett for dei to skulane må vidareførast med tilhøyrande bemanning, dette ligg innarbeida i budsjettet pr. idag. Vedlikehald og investering: Naudsynt vedlikehald må påreknast men er ikkje rekna konkret på pr idag kva som må gjerast. Videre utvikling/investering avhengig av kor mange år det vil gjelde. Til dømes er gymsal på Hauso ikkje forsvarleg utifrå sikkerhet, klima og størrelse og vil krevje snarleg oppgradering eller nybygg. Det er i løpet av dei siste åra gjort ulike tiltak som til dømes oppgradering av garderober, toalett og diverse ved uteområdet på Hauso. Liknande vedlikehald må gjerast løpande i åra som kjem. Ved vedlikehald av hauso samfunnshus så har kommunen og samfunnshuset ein avtale som visar til konkret kostnadsdeling/ansvar så lenge kommunen nyttar samfunnshuset som gymsal. Bolstad (H): - Estimert elevtal på Hauso gitt at ca 40-50% av Vikebygd går over til Odda (som tilsvarar dagens antal konkrete søknader) Oppdatert tabell med elevgrunnlag frå Hauso og Vikebygd (totale tall i tabell, tabellen er ikkje korrigert for eventuelle søknader og flytting til odda barneskule). År 1. kl 2. kl 3. kl 4. kl 5. kl 6. kl 7. kl Sum 16/17 12 13 16 9 11 16 15 92 17/18 8 12 13 16 9 11 16 85 18/19 12 8 12 13 16 9 11 81 19/20 10 13 10 11 15 16 10 85 20/21 10 10 13 10 11 15 16 85 21/22 7 10 10 13 10 11 15 76 22/23 11 7 10 10 13 10 11 72 23/24 9 11 7 10 10 13 10 70 24/25 4 9 11 7 10 10 13 64 25/26 3 4 9 11 7 10 10 54 Elevtallet på Vikebygd er samla sett for skuleåret 20/21 : 48 elevar Viss 40-50% av dei søkjer seg over til Odda barneskule så vil det sei at frå 19 til 24 elevar (utifrå dagens elevtal) vil gå på skule i Odda. - Driftskostnader for basseng Kostnadar til drift av basseng ligg innarbeida i budsjettet til Hauso skule, det vil sei at til dømes ligg timar til oppfylgjing av bassengområdet frå teknisk som del av samla sum for skulen. Det som kan enklast skiljast ut som eige kostnadar er bruk av kjemikalier og gass til basseng. Hauso skule nytta i 2019 64.000 kr inkl mva til gass og kjemikalier for bassengdrift. Hauso skule nytta 474.000 kr eks.mva til straum i 2019 på heile skule inkl. Basseng. Hauso skule er 2295 m2. Det er ikkje eigen straum-målar for bassenget. Vikebygd skule nytta til samanlikning 209.000 kr til straum i 2019. Vikebygd skule er på 1417 m2 og skulen har ikkje basseng. I tillegg til straum, kjemikalier og gass vil det være vaktmeistertimar som nyttast til bassenget. Kostnadane til vaktmeister er ikkje historisk spesifisert på basseng, dei ligg registret på Hauso skule generelt. Reinhald nyttar 10 timer i veka til garderobar og svømmehall, der garderobar tar mest tid. Hauso skule fungerer idag som terapibasseng 1-2 dagar i veka (32 grader), det medfører noko meir kostnadar til kjemikalier og straum. Stipulert for nokre år sidan utgjorde meirkostnaden ca. 20.000 kr i året. I høve auka slitasje er svaret ein får at det byggteknisk er lagt til rette for terapibasseng (32 grader) og soleis skal det ikkje medføra meirkostnad til vedlikehald. - Er Hausohallen AS aka Vestglimt IL (på Hauso) søkegode for tippemidler? Dei har ikkje organisert barneidrett. Vestglimt IL står for søknaden og er søkegode, dei har hatt dialog med fylkeskommunen og fått ein stipulert sum til sitt budsjett. Lind-Skoglund (SP): Eit punkt rådmannen ikkje har utgreidd er rassikring på Aga. Deler av tomta ein ynskjer å bygga den nye skulen på ligg i skredsone 1/1000, og tett opp til skredsone 1/100. Dette vil eg tru det må gjerast noko med (= rassikring), før ein ev. får lov til å bygga idrettshall og skule der. Kva vil kostnaden for dette vera for kommunen? På eit tidleg stadium er det berekna 1 mill ++ for fangnett i område over fotballbane. Det må detlajprosjekterast før ein kan gje endeleg sum. For sikring mot elv er det avhengig av avstand til nybygg. Pr. i dag satt ei grense på 20 meter. Kostnadsberekning her må gjerast må gjerast i detaljprosjektering og me snakkar om større beløp enn til fangnett som nemnt over. Eg har òg fått vita at grunneigaren nedanfor Skotamyri på Aga ynskjer å behalda området som er tenkt som uteareal for elevane. Då vil ikkje skogen, som vert trekt fram på Aga som særs positiv, vera tilgjengeleg på det viset ein ynskjer. Kva vil kostnaden vera for kommunen om ein skal løysa ut dette arealet? Det er lagt inn ein buffersone i planane og ein skal beholde vegetasjon ned mot nabo. Kostnadar med erverv av t.d. skogsgrunn kjem an på kvalitet på skog, opparbeida dyrka mark, eventuelle bygg eller andre faktorar for det gitte området. Kostnad (grunnerverv) ligg ikkje i dei konkrete kostnadskalkylane pr idag og vil måtte spesifiserast i detaljprosjekteringa. Kor lang reiseveg, og kva kostnad vil det vera å skyssa elevar frå Aga til Odda (og i verste fall Jondal) for symjeundervisning? Vil det ev. vera plass til alle klassane i bassenget i Odda, eller vil elevane få ei dårlegare symjeundervisning enn dei har på Hauso i dag? Reiseveg: ● 30 km frå Aga til Odda ● 54 km frå Aga til Jondal via Utne ● 60 km frå Aga til Jondal via Odda Kostnad: Det er vanskeleg å berekna kostnaden for symjeundervisninga. Det er mange ulike faktorar som vi spela inn t.d. kor mange elevar som skal reise på symjing. Skal ein gje tilbod til alle elevane ved skulen eller berre 1. - 4. trinn. For dei elevane som ikkje har lært å symja til 4. klasse har dei krav om vidare opplæring. Dette seier lova: § 1-1.Opplæringa i grunnskolen I grunnskolen skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den generelle delen av læreplanen, prinsipp for opplæringa, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga. I læreplanen står det: Etter 4. klasse skal eleven være svømmedyktig ved å falle uti på dypt vann, svømme 100 meter på magen, og underveis dykke ned og hente en gjenstand med hendene, stoppe og hvile i 3 minutter (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så svømme 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    14 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us