Og Bruksnamna I Volda, Eit Samandrag

Og Bruksnamna I Volda, Eit Samandrag

Gards- og bruksnamna i Volda Tolking og tyding Mastergradsoppgåve i Nynorsk Skriftkultur Våren 2017 Olav Myklebust 1 Gards- og bruksnamna i Volda, eit samandrag: Mastergradsoppgåve i Nynorsk Skriftkultur Oppgåva tek føre seg gardsnamna i Volda gjennom tidene, og dokumenterer korleis dei har vorte skrivne i ulike kjelder til ulik tid. Ein ser også på dokumenterte uttaleformer av gards- og bruksnamna i Volda, m.a. med utgangspunkt i Ivar Aasen sine nedteikningar, Oluf Rygh sine innsamlingar av lokal uttale i samband med arbeidet med Norske Gaardnavne og innsamlinga av lokale stadnamn i 1976, bevart i Stadnamnarkivet. I oppgåva blir alderen på gardane vurdert utifrå det ein kjenner til om dei ulike namnetypene, ein brukar også landskylda på dei enkelte gardane for å vurdere korleis gardane kom til, fellesskap om sætring og skulekrinsar, og ein ser på arkeologiske funn på gardane for å finne ei brei grunngjeving for tidfestinga. I tillegg ser ein på namneformene i oppgåva opp mot Stadnamnlova av 1990 om at skrivemåten av gardsnamna skal bygge på den ”nedervde lokale uttalen”. Namna har vore i endring, og i dag er det slik at ikkje alle namn blir skrivne på ein måte som viser kva som er opphavet til namnet. Særleg gardsnamn som blir brukte som etternamn pregar mange av namnesakene som har vore reist. Folk knyter sin identitet til ein gard, og ønskjer at gardsnamnet skal skrivast på same måte som etternamnet. Den nye stadnamnlova av 2015 tek meir omsyn til skriftformene og gjev også brukaren meir innflytelse over namnevalet, sjølv om prinsippet om nedarva lokal uttale ligg i botnen. Oppgåva blir slik ei analyse av namna slik dei er i dag, og slik dei ideelt sett burde ha vore skrivne, dersom ein skulle ivareta meiningsinnhaldet i gardsnamna. Namn er også kulturvern! 2 Farm- and subfarm-names in Volda – in short: Thesis for the degree of Master in New Norwegian Written Language Culture The thesis look at the different farm names of Volda, and how they have been presented in writing. It also look at the oral use of the farm names, documented by the writings of Ivar Aasen, the gatherings of Oluf Rygh in connection with his book on Norwegian Farm Names (Norske Gaardnavne) and the collections of local place names material in 1976. In the thesis the age of the farm is listed according to what we know about different naming traditions; we use the estimated historical value of the different farms to evaluate which of them was considered the best to farm on; we look at the local farms as part of a community and we look at the archeological findings in the area. All this gives us information about the original settlement of Volda as a community. In addition we look at the written form of the farm names, and evaluate them based on the law of 1990, which stated that farm names shoud be written ‘based on the local oral traditions’. Names are as a language item in constant change, and today we find that not all the names are written in a way that show us the origin of the name. Especially the farm names which are used as surnames have been a constant issue in the many naming cases raised for the authorities. People generally have an attachment to a local farm, and want the farm name written in the same way as their surname. The changed law of 2015 hold the historical written forms in higher regard than the old law did, and gives the local user more influence over the spelling; although the principle of basing the names on local oral traditions still stands. This thesis is then a general analysis of the names as they present themselves today, and a theory of how they ‘ideally’ should be written, upholding the true information contained in them. The names are part of an old cultural tradition worth keeping! 3 Føreord Sunnmørsmålet har alltid interessert og fascinert meg. Eg oppdaga tidleg at det var særmerkt, fordi det hadde eit lydbilete som eg ikkje fann att i andre dialektar i landet. Men det var først då eg starta på studia mine i Volda i 1995, at eg fann ut akkurat kor spesielt dette var. Eg starta opp med å studere historie, men etter å ha gjennomført storfag i historie, tok eg også mellomfag i norsk. Eg blei nok aldri nokon kløppar i litteratur, men i språkdelen av studiet likte eg meg godt. Ikkje minst takka vere dyktige lærarar som Jon Tvinnereim, Terje Aarset og no avdøde Peter Hallaråker (1933 – 2011). Desse stimulerte interessa mi for språk, både oppbyggingsmessig og uttalemessig. I tillegg kopla dei på ein fin måte språkstudiet mot interessa eg allereie hadde for lokalhistorie, og det var nyttig for meg. Her blei eg kjend med Ivar Aasen sine mange målsamlingar og studiar av det sunnmørske målet med 15 vokalar og ei rekkje andre særmerkte lydar. Sterk palatalisering, stungen d (ð), sterk diftongering og haHle-lyd var særtrekk som eg hadde merka meg i dialekten, men aldri heilt hadde greidd å «katalogisere» for meg sjølv. I tillegg fekk eg augene opp for det sterke kasuspreget i sunnmørsmålet, særleg genitivs- og dativ- formene som framleis var levande mellom folket i heimbygda mi, Gursken. Eg la også merke til at dialektane var i endring. Både dativ og genitiv var tydeleg på tilbakegang, for dei som var yngre enn meg snakka om å ‘reise på sjø[!!]’ i staden for til sjøss, og dei snakka om å ‘leike på Bøen’ i staden for å leike på Bønå. Likevel var nok stadnamna eitt av dei områda der dei gamle dialekttrekka heldt seg best, og dette var spennande! Frå studietida huskar eg personnamnstudiet med Terje Aarset og stadnamnspesialiseringa med Peter Hallaråker som særleg interessante emne, som gjekk rett inn i dette interessefeltet mitt i skjæringspunktet mellom språk og lokalhistorie. Som mellomfags- oppgåve i norsk språk skreiv eg om stadnamn, og fekk gode tilbakemeldingar på den. Det var nok også grunnen til at eg valde dette som tema då eg i si tid planla å ta hovudfag i Nynorsk Skriftkultur; med stadnamn som tema og med Peter Hallaråker som rettleiar. Men så blir ikkje alt slik ein har tenkt. Eg fekk tilbod om å arbeide med slektshistorie, som har vore ein hobby for meg gjennom heile oppveksten. Og tilbodet om å ta ansvaret for slektslistene i Busetnadssoga for Volda gjorde at eg la vidare studium på is. Men oppgåva mi vart ikkje gløymd, og i ledige stunder arbeidde eg med å samle materiale som eg tenkte eg skulle få bruke ein gong i framtida. Det gjekk mange år, og dessverre fekk ikkje Peter Hallaråker oppleve at eg gjennomførte dette arbeidet. Men med denne oppgåva håper eg likevel å avslutte eit viktig kapittel i studiane mine. Det hadde nok ikkje vore mogleg utan at eg hadde ein solid pådrivar i rettleiaren min, Stig Helset. Utan han, hadde eg nok ikkje greidd å fullføre dette løpet! 4 1. Innleiing ............................................................................................................................................. 10 2. Stadnamngranskinga i Noreg ............................................................................................................ 12 2.1. Historisk riss................................................................................................................................ 12 2.1.1. Pionerperioden (1830-1878) ............................................................................................... 12 2.1.2. Oluf Rygh-perioden (1878-1921) ......................................................................................... 12 2.1.3. Mellomkrigstida (1921-1942) .............................................................................................. 13 2.1.4. Etterkrigstida (1946-1970) .................................................................................................. 14 2.1.5. Regionaliseringsperioden (frå 1970) ................................................................................... 14 2.2. Kva er eit stadnamn? .................................................................................................................. 14 2.2.1. Proprium .............................................................................................................................. 15 2.2.2. Samansette/usamansette ................................................................................................... 15 2.2.3. Bunden/ubunden form ....................................................................................................... 15 2.2.4. Eintal/fleirtal ........................................................................................................................ 16 2.2.5. Nominativ/dativ .................................................................................................................. 16 2.2.6. Lokalitet ............................................................................................................................... 17 2.2.7. Kommunikasjonsmiddel ...................................................................................................... 17 2.2.8. Identitetsskapar ................................................................................................................... 17 2.2.9. Brukarkrins .......................................................................................................................... 18 3. Metode .............................................................................................................................................. 20 3.1. Tidfesting .................................................................................................................................... 20 3.2. Tolking .......................................................................................................................................

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    158 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us