Hylestad Barnehage

Hylestad Barnehage

Hylestad barnehage 0 Hylestad Barnehage Hylestad barnehage er ein liten barnehage som ligg tett ved Hylestad skule Uteområdet vårt er spanande og gjev rom for variert leik i ulendt terreng og ulike underlag . Skogen ligg i nærleiken og sti gjeng opp til gapahuken, som er eit flott og utfordrande turområdet. Fysisk aktivitet er viktig og me nytter oss av både gymsalen på skulen og dette flotte nærmiljøet til å gjeve barna gode moglegheiter til leik og rørsle. Visjonen vår er; det er godt å vere meg. I barnehagen skal alle barna føle seg trygge, bli sett, høyrt og verdsatt. Barnehagekvardagen er prega av humor og glede, gode samtalar, utfordringar som gjev gode meistiringsopplevingar. Me arbeider i små grupper med fokus på leik og vennskap. Alle skal få ta del i og være ein del av felleskapet. Hos oss er gode kvardagar og tid og rom for leik viktigast. Me arbeidar med inkluderande læringsmiljø og forebyggande mobbing. 1 Innhald Innleiing .................................................................................................................................. 3 Mål og satsingar for barnehagane i Setesdal .......................................................................... 4 Mål og satsingar for barnehagane i kommunen ...................................................................... 4 Om barnehagen ..................................................................................................................... 5 Barnehagens formål og innhald .............................................................................................. 7 Å ivareta barns behov for omsorg ...................................................................................... 7 Å ivareta barns behov for leik ............................................................................................. 7 Fremje danning .................................................................................................................. 7 Fremje læring..................................................................................................................... 8 Fremje vennskap og fellesskap .......................................................................................... 8 Fremje kommunikasjon og språk ....................................................................................... 9 Barns medverknad ............................................................................................................. 9 Samarbeid mellom heimen og barnehagen ........................................................................ 9 Overgangar .......................................................................................................................... 10 Arbeidsmåtane til barnehagen og progresjon ....................................................................... 11 Progresjon i arbeid med omsorg, leik, danning, læring, digitale praksis og fagområda ......... 12 Fagområde ........................................................................................................................... 14 Barnehagen som pedagogisk verksemd - Planlegging, vurdering og dokumentasjon .......... 17 Kalendar ............................................................................................................................... 18 2 Innleiing Med heimel i barnehagelova og forskrifta om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver skal barnehagen utarbeide ein årsplan: « I tillegg skal det utarbeidast planar for kortare og lengre tidsrom og for ulike barnegrupper etter behov. Årsplanen er ein arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivnadene til barnehagen. Årsplanen kan gi informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til myndigheitsnivåa, samarbeidspartane til barnehagen og andre interesserte. Styraren skal leie prosessen med å utarbeide årsplanen. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet i barnehagen. Årsplanen skal vise korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innholdet i rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen skal mellom anna vise korleis barnehagen arbeider med omsorg, leik, danning og læring. Her må også progresjon tydeleggjerast. Ein skal synleggjere korleis medverknaden frå barn og foreldre blir teken inn i planleggingsarbeide, og korleis barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet sitt.. Det skal óg kome fram korleis barnehagen arbeider med tilvenning av nye barn og sikrar samarbeid og samanheng med skulen». (Frå rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver kapittel 7. Barnehagen som pedagogisk verksemd, side 37-40) Mal for årsplan for barnehagar i Setesdal er til bruk for alle kommunale barnehagar i regionen. Det er tilrådd at ikkje-kommunale barnehagar brukar malen. Mål med felles mal for årsplan for barnehagar i Setesdal er Å sikre alle barn eit barnehagetilbod av høg kvalitet Å auke kvaliteten i barnehagane Styrke barnehagen som læringsarena Å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen Årsplan med progresjonsplan gir informasjon om dei overordna måla i barnehagelova og tiltaka barnehagen har for å nå desse. Personalet i barnehagen nyttar årsplanen som eit arbeidsdokument. Barnehagane utarbeider detaljerte planar som viser korleis barnehagen arbeider konkret med tiltaka som er fastsett i årsplanen. Styringsdokument: Lov om barnehage Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver Vedtekter til barnehagen Foreldra skal gjennom planane få eit godt innblikk i barnehagen sitt arbeid, og kunna sjå ein klar samanheng mellom føringane som ligg i rammeplanen og innhaldet i årsplanen til barnehagen. Samarbeidsuvalet skal fastsetje årsplanen til barnehagen. 3 Mål og satsingar for barnehagane i Setesdal Nettverk Setesdal barnehage består av barnehagemynde og barnehagane i kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. I regionen er det 9 barnehagar. Åtte barnehagar er kommunale, og ein barnehage er privat. Setesdal strekker seg frå Evje i sør til Hovden i nord, total 147 kilometer. RV 9, Setesdalsvegen, er hovudkommunikasjonsåre i dalen frå Kristiansand til den møter E134 i Haukeli. I regionen bur det om lag 7.000 innbyggjarar. Mål for barnehagane i Setesdal Sikre alle barn eit barnehagetilbod av høg kvalitet Bidra til å realisere intensjonar og krav i forskrift om rammeplanens innhald og oppgåver Kvalitetssikring av barnehagetilbodet i kommunane i Setesdal Satsingsområde: Realfag i barnehagen på barnehagens premisser Tiltak Nettverk for barnehagemyndigheit Forum for styrarar i Setesdal Plan for barnehagebasert kompetanseutvikling for barnehagesektoren i Setesdal 2018-2022 Mal for årsplan for barnehagane i Setesdal Mål og satsingar for barnehagane i kommunen 4 Om barnehagen Hylestad barnehage er ein liten barnehage med ein avdeling. Me er saman store og små om morgon/ettermiddag og deler i mindre grupper i kjernetida. Avdelingane er Systog og Attistog. Dei største held mest til på Systog og dei minste på Attistog. Barnegruppa i Hylestad barnehage er på 15 barn. 7 av dei er under 3 år. Barnehagens tiltak i arbeid med kommunen sitt mål for barnehagane: Mål: Barnehageplass med kvalifisert tilbod til alle. Barnehagen skal bidra til tidleg innsats og sosial utjamning. Strategi: fokus på språk- og talforståing Barnehagen gjennomfører det språkstimulerande verktøyet; Bravoleiken Temaarbeid for barnehageåret 2018/2019 er frå fagområdet; språk, tekst og kommunikasjon. Informasjon om bravoleiken: Bravo-leiken er ein aktiv og utviklande leik med ord og bokstavar. Ord, bokstavar og bilete kombinert med sanseopplevingar og morosame aktivitetar skal betre barnets språklige bevissthet og auke både ordforråd og forståing. Samtidig får barnet motoriske utfordringar og ei oppleving av å meistre. Bravo-leiken er ei investering i barnet si utvikling. Auka konsentrasjon, betre kommunikasjonsevne og betre språkutvikling. Har de lyst til å lese og sjå meir: gå inn på http://www.bravoleken.no Barnehagens mål og satsingar: Barn opplever livsmeistring. I rammeplanen for barnehagen kapittel 1 står det om barnehagens verdigrunnlag. «Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen». (Rmp). Punkter i dette kapittelet er; Barn og barndom, demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling og likeverd, berekraftig utvikling og livsmestring og helse. Me ynskjer i år å ha fokus på Livsmeistring og helse Barnehagens tiltak for å oppnå dette i år: Arbeide etter boka til Line Mevold; Livsmestring i barnehagen – å bære sin egen bagasje. Diskusjonar og samtaler i pedagoggruppa. Lager praksisforteljing og nytte dei i samtaler vidare på personalmøtene. 5 Barnehagens verdigrunnlag: Respekt for menneskeverdet – Sjå andre og bli sett Åndsfridom – Rett til å vere den du er Nestekjærleik – Gjer det lille ekstra for andre med handling og/eller med ord Tilgiving – Det er menneskeleg å feile, be om tilgiving, godta unnskyldningen og gå vidare Likeverd – Me er alle like mykje verd Solidaritet – Vise omtanke og støtte andre og kvarandre Visjon: Det er godt å være meg! Fagleg ansvarleg for årsplanen ved styrar:……Stine Haugeland Årsplanen vart fastsett i barnehagen sitt samarbeidsutval: …14.august 2018 6 Barnehagens formål og innhald Frå forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, kapittel 3, side 19-25. Å ivareta barns behov for omsorg Slik gjer vi det i barnehagen Barnehagen skal gi barna høve til å Barna blir møtt med sensitive og utvikle tillit til seg sjølve og andre omsorgsfulle vaksne. I barnehagen skal alle barn

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    23 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us