
Jarnvinna i Rennebu Historisk sus. Historia om mennesket og skogen har alltid vore i endring. Bakover i tid har nyvinningar heilt endra arbeidet med treet: Hogstmaskina, firehjulstrekkaren, motorsaga, tigersvansen, og største framsteget måtte vere øksa etter at jarnet blei kjent nokre hundreår før år null. Frå elden vart mogleg å styre, har skogen gitt brensle til å lage til mat, gjere svidebruk, lage jarn, tjurru og kol for å nemne noko. Utanom hogst av brensle og tømmer, var folket lenge i marka for slått, og med dyra på sætring og beiting. Mykje av tida vart nytta i skogen, med arbeid, veiding og fangst. Det er ei rar kjensle når det knasar under føtene ein stad ute i ville skogen, og du oppdagar det som må vere ein slaggklump. Korleis får ein slagg? Kva er det som har smelta? Kan ein klare dette med eit bål? Så lærer du at det er myrmalm som var nytta, og den kunne vere å likne med kaffigrut, elglort eller mørk myrjord. Du lærer òg at alle som prøver å herme dette i dag, slit med å få det til. Sjølv dei som har noggrann oppskrift frå Ole Evenstad lukkast berre måteleg. Du leitar og finn fleire plassar. Med moderne metodar blir datering mogleg. Du får svaret og høyrer at slagget vart til medan Magnus Berrføtt var konge i landet! Kven var dei som var her då? Korleis såg dei ut? Korleis gjorde dei dette? Du tek til å sjå glimt av bilete, stigar som må ha vore her, ei koie til ly for sol og regn, du finn kolgropa dei har laga, og ser restar av kol i botnen. Då stoppar du, for denne er freda. Du er på ein ny slagghaug du fann. Du leita i finvêret i bekken oppetter, og det rann berre litt mellom steinane. Du fann slaggbitar i aurane fleire stader, og til slutt slagghaugen. Blokker av slagg og store, knudrete klumpar med kantete hol og tydelege avtrykk av ved, og fleire stader ser du årringane. No veit du at dette er frå romartida. Lite anna er kjent frå så langt attende. Slagg er mest heilt upåverkeleg av tida si tann, dette er evige vitnesbyrd! Ein plass på Hamran, mellom Nåva og Grytbekkdalen, er slaggvarpet datert til år 75-250, med eit midtpunkt på år 165. Vanleg skrivemåte er med «Anno Domini» AD. Andre er Slaggbekken i Vaulan datert AD180 +/-160 og Nertjønna AD260 +/- 120, mest alle i tidleg romartid (frå Kr.f.-400). Dei aktuelle historiske periodane for denne artikkelen, og ein forenkla oversikt over jarnproduksjon frå myrmalm i dei næraste områda. *) Folkevandringstid Ulike anlegg frå ulike tider Spor etter menneskeleg aktivitet er kulturminne. Kjem ein over noko som ein veit er, eller skjøner kan vere frå før reformasjonen (år 1537), er kulturminnet freda. Det er ikkje lov å røre noko på slike stader. Ein kan berre sjå på overflata. Attmed eit blæster ligg ofte slaggblokker som har trilla ned skrenten mot bekken, eller ein ser slaggbitar med avtrykk av ved. Utsnitt frå slaggblokk på anlegg frå romartid i Granslættet. Ein legg merke til tydeleg avtrykk frå trestykke med årringar. Dei store slaggblokkene og vedavtrykka er teikna på romartid. Likeins har slike anlegg ofte fleire slagghaugar etter kvarandre bortetter bekkebrinken. Mellomalderanlegga er oftast små med berre ein slagghaug. Ein kan sjå rennslagg, dvs. at slagget har vorte tappa ut på bakken slik at det er flytefingrar på oppsida. Om ein stikk med tynt jarnspyd i nærleiken, kan ein somtid kjenne ei steinrøys der omnen har vore, somme gonger høyrer ein på lyden at det er steinheller. Etter svartedauden vart evenstad-omnen nytta. Ole Evenstad skreiv nøye korleis den var bygd og nytta alt i 1782. Omnen er ein steinbygnad nede i bakken. Det var mest i Nord-Østerdalen denne omnen var i bruk. Det er funne eit par slike i Oppdal, men ingen her i bygda. Nokre gonger er det ikkje lett å seie kva for sort anlegg ein har funne. For i båe typar omn vart det òg anna slagg, slikt som ikkje så lett røper historia. Det er berre arkeologar som kan granska noggrant. Jarnvinna i Trøndelag For betre å kunne sjå beretninga om jarnblæstring i Rennebu i ein samanheng, vil eg først ta med noko om heile Trøndelag. Jarnvinna var arbeidet med å blæstre myrmalm for å få det ettertrakta jarnet, ofte kalla «myrjarnet». Til Noreg kom denne kunsten om lag 300 år f.Kr., og spelte ei rolle til lenge etter at det nye jarnet kom frå masomnen på 1600-talet. Askeladden er databasen som Riksantikvaren har for kulturminne. Eg har for heile Trøndelag trekt ut 467 jarnvinneplassar og 91 slaggfunn frå Askeladden. Når eg òg har gått gjennom listene etter gamle, kjende «jarnfolk», er det funne slagg på 905 stader i Trøndelag som eg har vitnesbyrd om. Karl Mørkved laga lister i Nord-Trøndelag i 60-åra. Han hadde lenge arbeidd som fylkesskogsjef der. Eg fekk tilgang til originalmanuset hans, og både Arne Espelund og Tore Haug-Warberg er å takke for det. Mørkved har meir eller mindre eksakte opplysningar om 269 blæsterplassar, og berre 108 av dei var lagt inn i Askeladden då eg såg etter. Ein annan viktig person for kjennskap til den trønderske jarnvinna, er Christian Lodgaard frå Singsås. Han samla opplysningar mest frå si heimbygd, men har òg nokre frå Haltdalen, Ålen, Støren og Budalen, i alt 90 stader. Ivar Berre lyt nemnast. Han samla opplysningar folk hadde frå skogane i Levanger og Skogn. Einar Hermstad har samla mykje frå Stjørdalen og Meråker, og Hallvard Bakås frå Holtålen. Listene til Gunnar Broen og Svein Tovmo frå Midtre Gauldal er likevel dei mest omfattande, med 209 anlegg. Eg bruker orda jarnvinneanlegg, blæster og jarnblæster om kvarandre for å variere. Her heiter det eit blæster og difor blæsteret, medan andre stader er det både hokjønn og hankjønn. Det er ein stad der dei blæstra, altså brukte blåst frå ein belg av noko slag til å smelta malm i ein omn. Ein del av anlegga er daterte med C14-metoden (sjå lenger ned). Heller sjeldan er det fleire prøver frå det same anlegget, og då frå skilte soner i dei. Eg har teke med berre dei eldste resultata derifrå. Store anlegg er dokumentert i heile fylket frå romartid. Etter den tid braut jarnvinna saman. Ny tid og ny teknologi med små omnar, først dei blå, seinare dei raude, kom inn frå Sverige over bygdene nord i fylket rundt 600 e.Kr. Når dei er plotta inn på kartet, syner dei 63 resultata som eg har med, at heile Trøndelag - utanom kyststroka, hadde jarnblæster i romartida, her rekna fram til 500 e.Kr. Det er 30 svarte prikkar jamt fordelt, og tre av dei er i Rennebu. At merkene mest er på fjellbygdene, stemmer godt også for dei aller fleste av dei andre funna i Trøndelag. Det var lettast å finne myrmalm her. Så legg vi merke til ei skeiv fordeling etter folkevandringstida og fram mot vikingtida. Det er mest berre i det gamle Nord-Trøndelag ein då har blæstring, kan det sjå ut til. No er det berre 11 anlegg som er datert frå denne overgangsperioden. Mange har peikt på at det var eit markant skifte i teknikken og måten omnane var bygde på etter at dei store anlegga i romartida vart heilt borte. Det er ein motsett situasjon for anlegga frå mellomalder. Dei 18 raude prikkane er mest berre i dei indre bygdene i sør. Kva grunnen til dette er, veit eg lite om. Ein kunne lett tru at den nye teknologien med små omnar utan slaggrop (dei blå og dei raude), kom inn frå svenske trakter over Verdalen og Stjørdalen. Mykje tyder på at det var den vegen at kjennskapen til blæstringa kom til landet fyrste gongen, òg. Endeleg er det med fire grå «smultringar» for dateringar etter svartedauden. Det er funne nokre anlegg av denne typen – «Evenstadomnen». To finnest òg i Oppdal, men utan datering. Dette er typen omn som er vanlegast i Østerdalen. Ein kan lese om jarnalderen i fyrste bandet av «Trøndelags historie» s.107-118. Her har Lars Stenvik 684 jarnframstillingsanlegg og 53 dateringar (i 2005). Talet på daterte anlegg har i dag stige til 100 (pers. medd.), så det er ei utvikling i forskinga på jarnvinna. - og her i bygda vår Det vart skrive om 33 jarnvinneplassar i Rennebu i årsskriftet 1996. Sidan «Trøndelags historie» kom i 2005, har talet på anlegg i Rennebu auka frå 39 til 77. Det spørst korleis ein vil rekne. Minst to plassar er det tydelege teikn på drift både i romartid og i mellomalder. Ein vil gjerne gjere greie for kor mange blæstre det er av kvar sort, og summen blir noko høgare enn talet på stader. Det einaste stadnamnet eg kjenner til i bygda som er med i Kartverket sin stadnamnbase og er knytt til jarnvinna, er Jønnblæsteret attmed Skranglabekken aust for Skaumsjøen. I austre delen av bygda er forma «jønn» meir vanleg i bruk. Eg har òg Blæstermyra frå sikker kjelde, utan at namnet er med på kartet no, det kjem eg attende til. I åra før 1996 hadde underteikna samla opplysningar om funn av slaggklumpar og -haugar. Ei skuleklasse fekk i oppgåve å intervjue besteforeldre. Fleire fortalte om slagg dei hadde funne, andre visste ting om myrmalmsmelting. Men ingen visste om personar som hadde drive med det her i bygda. Tradisjonen var gløymd, og rart er ikkje det; det har truleg gått mest tusen år sidan siste blæstringa vart gjort her. Jarnvinna har i Rennebu vorte driven i to periodar, truleg skilde med fleire hundre år, og mest tusen år mellom toppane i produksjonen.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages10 Page
-
File Size-