Studie Handbok

Studie Handbok

STUDIE­ HANDBOK 1973-7 4 MØRE �G B�M�Il!t IlI� T HIK T �HØG� K � t [ Studiehandbok 1973/74 MØRE OG ROMSDAL DISTRIKTSHØGSKOLE Aarflots Prenteverk - 6101 Volda 1973 INNHALD: Møre og Romsdal distriktshøgskole s. 5 Administrasjon s. 6 Utdanningstilbod s. 6 Opptak og søknad s. 7 Pensum, arbeidsformer, ek&amen, evaluering s. 8 Kompetanse s. 10 Kontinuerleg revisjon s. 110 Frie kurs s. 11 Andre opplysningar s. 11 Studium i Volda: Lokalhistorie s 1'3 Studium av lokalsamfunnet s. 21 Media og kommunikasjon s. 27 Norsk språk og litteratur s. 39 Tysk språk og litteratur s. 56 Velferd og organisasjon, allmenn line s. 62 Velferd og organisasjon, teologisk line s. 69 Btudium i Molde: EDB/Systemering s. 77 Matematikkstudiet s. 89 Transportfagstudiet s. 9·3 Det økonomisk/administrative studiet · s. 129 Møre og Romsdal distriktshøgskole Distriktshøgskolen vart oppretta ved stortingsvedtak '20. juni 1969. Det er ein ny, postgymnasial utdannings­ institusjon under utprøving. P:r;øveordninga går fram til :1. august 1974. Bakgrunnen for opprettinga av distriktshøgskolar var ·dels kapasitetskrisa ved universiteta, men samstundes eit ,ønske om å skape alternativ til dei relativt langvarige, ·tradisjonelle studia ved universitetet og høgskolar. Eit -viktig siktemål for distriktshøgskolen er såleis å gi eit variert og yrkesretta tilbod av relativt kortvarige studi­ ·.um. Samstundes skal ei slik utdanning i visse høve kunne ·vere eit utgangspunkt for vidaregåande studium ved ·universitet og andre høgskolar for dei som måtte ønskje ..det. Vidareutdanningskomiteen (Ottosen-komiteen) opp­ .summerte i si innstilling nr. 3 frå 1968 føremålet med ,distriktshøgskolane slik: A kvalifisere dei som har gjennomført gymnas eller ,anna tilsvarande utdanning direkte for arbeidsoppgåver j yrkeslivet, å kvalifisere dei som 'har gjennomført gymnas eller "anna tilsvarande utdanning for vidaregåande universi­ tets/høgskolestudium, å kvalifisere studentar som på førehand har byrja på ·eit universitetsstudium for oppgåver i yrkeslivet, å dekkje trongen for innsikt i bestemte fag, m.a . estetiske fag, utan at dette heiveges tek sikte på å kva­ lifisere for yrkesliv eller vidaregåande studium, å utfylle funksjonar i samband med etterutdanning. Men den nye høgskolen har og ei distriktspolitisk målsetting og kan bli eit verkemiddel m.a. ved at han ;gir ungdom frå regionen utdanning på eller- nær heim- 5 staden, ved å gi studietilbod som tek direkte sikte på yrke i den regionen distriktshøgskolen er plassert og ved studietilbod som er tilpassa det personalbehov ein har i distrikta slik at bygdene betre blir i stand til sjølvutvikling og til å influere på samfunnsutviklinga. I Møre og Romsdal vart distriktshøgskoleundervis­ ninga sett i gang hausten 1969 i Molde og hausten 1971 i Volda. Distriktshøgskolen i Møre og Romsdal er såleis desentralisert. Bakgrunnen for dette er eit vedtak i fyl­ kestinget 4. mars 1969. I samsvar med dette vedtaket gjekk Stortinget inn for utprøving av ein desentralisert høgskole i Møre og Romsdal og gjorde samstundes ved­ tak om at Volda/Ørsta burde bli hovudsentret og admi­ nistrasjonssenteret for skolen. Administrasjon Møre og Romsdal distriktshøgskole har eit styre· på 7 medlemer. 3 av desse er oppnemnde etter framlegg frå fylkesutvalet, 1 etter framlegg frå lærarane og 1 frå studentane, medan Kyrkje- og undervisningsdepartemen­ tet gjer framlegg om 2, den eine frå universitet/høgskole, den andre frå fylket. Regionen er såleis sterkt represen­ tert i styret. Ved sida av styret er det oppretta eit Rådsmøte for distriktshøgskolen med 20 medlemer som kjem saman ein eller to gonger i året. Rådsmøtet skal ha represen­ tantar frå alle delar av fylket og vere eit forum for de­ batt og informasjon om distriktshøgskolen. Den daglege leiar av skolen er direktøren. Han er sam­ stundes sekretær for styret. Det er eit prinsipp at studentane skal ha valde rep­ resentantar i alle organ, utval og komitear som arbei­ der med faglege spørsmål, administrative saker og den vidare utvikling av skolen. U !danningstilbod Volda: 1) Lokalsamfunnet - lokal planlegging - 2) Lokalhistorie 6 3) Media og kommunikasjon 4) Norsk språk og litteratur 5) Tysk språk og litteratur: 6) Velferd og organisasjon, allmenn line 7) Velferd og · organisasjon, teologisk line Molde: 1) ØDE/Systemering ,2) Matematikk 3) Transportfagstudium 4) Økonomisk/administrativt studium \ Opptak og søknad Studentane vert opptekne på grunnlag av studentek­ samen eller anna kvalifiserande utdanning. Med anna kvalifiserande utdanning meiner ein teoretisk opplæring eller praksis etter 9-årig grunnskole som ein finn rele­ vant og -god nok for det studiet studenten søkjer om opptak til. Søkjarar med studenteksamen blir opptekne på grunn­ lag av eksamensresultatet. Det blir gitt tilleggspoeng for relevant tilleggsutdanning og praksis. Det - er såleis viktig å nemne slik utdanning og praksis i søknaden og å dokumentere det ved vedlegg. Søknader om opptak blir vurderte av ein opptakskomite for kvar studieretning. Dersom det melder seg fleire søkjarar til ei line enn skolen kan ta opp, står dei .med og utan artium prinsipi­ elt likt. Opptak vil då skje slik at gruppene blir repre­ senterte i forhold til det totale antall søkjarar i dei to gruppene. bpptak direkte til 2. år kan i einskilde høve korne på tale, t.d. når søkjaren kan dokumentere at han har til­ strekkelege førkunnskapar, praksis og/eller utdanning som svarar til eller er likeverdig med pensumskrava for 1. år. Opptak til 2. året blir vurdert særskilt og kjem berre på tale når det er ledig plass og kapasitet til det. Søknad skriv ein på eige skjema som ein får ved å vende seg til skolen. Søknader til studia i Volda skal sen- 7 <lasttil Møre og Romsdal distriktshøgskole, boks 188, 6101 Volda. For studia i Molde er adressa boks 308, 6401 iMolde. Søknadsfristen er 24. juni. Pensum, arbeids[ormer, eksamen, evaluering og kompetanse Den viktigaste skilnaden mellom tradisjonell skole­ undervisning og undervisning ved ein høgskole er at studentane ved høgskolen sjølve i langt større grad er ansvarlege for utdanninga si. For dei fleste studieretnin­ gane gjeld det at større eller mindre delar av pensum er meint til sjølvstudium, medan lærarane konsentrerer undervisninga si dels om sentrale, dels om meir spesielle emne innan studiet. Studia ved DH-skolen har normalt ei tidsramme på eitt eller to år, men det er studentane sjølve som avgjer om dei vil leggje opp studiet sitt etter denne ramma. Pensum: Dei fleste studia er lagde opp slik at pensum er delt inn i obligatoriske fag og valfag. Det obligatoriske pen­ sumet er felles for alle, medan studentane sjølve vel så mange valemne som planen krev. I nokre høve og be­ stemte kombinasjonar kan einskilde valfag bli obligato­ riske. Ein viser her til studieplanane. Omfang av pensum vil variere noko frå kurs til kurs, men vil normalt liggje på omkring 400 sider for eit 2-po­ engskurs, 700 for eit 3-poengskurs og 1000 for eit 5-po­ engskurs. Arbeidsformer: Dei viktigaste undervisningsformer ved DH-skolen er førelesingar og seminar. I førelesingane gjennomgår ein sentrale emne frå pensum, medan seminargruppene helst arbeider med meir �vgrensa stoff og problemstillingar. Seminara vert leidde av faglærarane, men føreset at studentane deltar aktivt med innleiing til diskusjon framlegg av stoff eller oppgåveløysingar o.s.b. 8 Frammøte til undervisninga er i prinsippet friviljug, men særleg når det gjeld seminara, er det viktig både for ein sjølv og dei andre i gruppa at kvar student kjen­ ner ansvar for å bu seg og å delta aktivt i arbeidet og diskusjonane. i førstninga av det einskilde studiet blir det gitt rett­ leiing i studieteknikk og, orientering om studieopplegget. Studentane bør så snart som mogleg skaffe seg oversyn over viktig litteratur og hovuddraga i det stoffet som vil bli gjennomgått i løpet av semesteret, slik at han kan legge opp ein rasjonell arbeidsplan. Lesesalen og biblio­ teket ·bør vere den sentrale arbeidsstaden for det indi­ viduelle studiet. [)et er ønskjeleg at studentane også utanom den regu­ Jære undervisninga samarbeider i mindre studiegrupper. Lærarane vil hjelpe til med å setje i gang slike grupper for dei som ønskjer det. Elles· er det viktig at det er god kontakt mellom stu­ dentar og lærarar. Ein vil såleis oppmode studentane om å rådføre seg med lærarane når dei har behov for rett­ leiing i faglege spørsmål. Eksamen og evaluering: Ved DH-skolen kan ein anten ta eksamen i einskilde emne eller fageksamenar som femner om fleire emne. Til vanleg er det faglæraren som eksaminerer i det fag eller emne han har undervist i. Sensorane blir oppnemnde av Sentralutvalet for iDH-skolane og kjem frå univer- siteta og høgskolane eller andre kompetente institusjo- nar. I einskilde fag vil andre evalueringsformer enn tradi­ sjonell eksamen kunne korne på tale, t.d. semester­ rapportar, seminararbeid og særoppgåver. Når det gjeld evalueringsformer, viser ein til plan for dei ulike studie­ retningane. Dei som ikkje greier eksamen i eit fag, eller ønskjer å utsetje prøva, har høve til å gå opp til eksamen i faget seinare. Prinsipielt vil altså ein student kunne velje sin eigen progresjon i studiet, innanfor dei grenser som om­ synet til kapasiteten ved høgskolen set. Karakterskalaen går frå 1.0 til 6.0. Beste karakter er 1.0. Kandidatar med dårlegare resultat enn 4.0 har ikkje 9 bestått eksamen. For einskilde emne kan forma «stått» eller «ikkje stått» nyttast. Kompetanse Det er to former for kompetanse som kjem på tale: a. vidare studiekompetanse, b. yrkeskompetanse. Når det gjeld vidare studiekompetanse, kan studiet ved distriktshøgskolen gå inn, eventuelt bli godskrive som del av vidaregåande universitetsutdanning. Ein vil såleis kunne starte eit akademisk studium ved distriktshøgsko­ len. (Ein går då ut frå at studiekompetansen elles er i orden). Yrkeskompetanse: Distriktshøgskolane skal primært gi studietilbod som står fram som alternativ til uni­ versitets- og høgskolestudium. Dei er dermed sjølvsten­ dige utdanningsvegar med sin eigen generelle kompe­ tanse. Ein meir definert kompetanse vil etablere seg utfrå dei røynsler arbeidslivet sjølv etterkvart vil få m.o.t.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    157 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us