Ryfylke Vassområde

Ryfylke Vassområde

Årsrapport 2017 og budsjett 2018 – Ryfylke vassområde www.vannportalen.no/ryfylke INNHALD 1. Om vassområde ........................................................................................................................................... 3 Innleiing ....................................................................................................................................................... 3 Vassområdeutvalet ..................................................................................................................................... 3 Arbeidgruppa og vasskoordinator ............................................................................................................... 4 1.2 Korleis har vassområde jobba i 2017 ........................................................................................................ 5 Tiltaksgjennomføring................................................................................................................................... 5 Overvaking og problemkartlegging ............................................................................................................. 5 Vasskraft og revisjon ................................................................................................................................... 7 Møteverksemd ............................................................................................................................................ 8 1.3 Økonomi .................................................................................................................................................... 8 Vasskoordinator .......................................................................................................................................... 8 Prosjektregnskap ......................................................................................................................................... 9 Prosjektbudsjett 2018 ................................................................................................................................. 9 Vedlegg .......................................................................................................................................................... 10 side 2 1. OM VASSOMRÅDE Innleiing Ryfylke vassområde består hovudsakleg av kommunane Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy, Forsand, Strand, Hjelmeland, Sauda, Suldal, og deler av Gjesdal og Odda. Mindre deler av Vinje, Bykle, Sirdal og Stavanger kommune ligg og innanfor vassområdet. I tråd med vassforskrifta skal vassområde arbeide for å «…sikre helhetlig beskyttelse og bærekraftig bruk av vannforekomstene» (§-1). Vidare skal ein sikre at alle vassførekomstar minst skal oppretthalde eller oppnå god økologisk og god kjemisk tilstand. Dette krevje aktiv samordning og målretta prioritering av tiltak og verkemiddel mellom berørte sektorar og myndigheter. Hovudpåverknad i vassområde er sur nedbør, vasskraftregulering og avrenning frå landbruk. I svært mange vassførekomstar er miljøtilstanden vurdert utan basis i faktiske data, men i stor grad basert på opplevd tilstand eller ei påverknadsanalyse. Innhenting av kunnskap er difor høgt prioritert i noverande tiltaksfase for å betre kunnskapsgrunnlaget. Det er satt miljømål for alle vassførekomstar fram mot 2021. Standard miljømål etter vassforskrifta er enten «god tilstand» eller «svært god tilstand». Ein del vassførekomstar har fått utsett frist til anten 2027 eller 2033, då det ikkje ses som mogleg å oppnå eit minimum av «god tilstand» innan 2021. Miljøtilstand, miljømål og tiltaksstatus går fram av vedlegg 1: «Tiltaksstatus i Ryfylke vassområde». Vassområdeutvalet Vassområdeutvalet utgjer styringsgruppa for prosjektet har det overordna ansvaret for å leie og koordinere arbeidet, syte for nødvendig politisk avklaring og fastsette dei årlege rammene for aktivitetane. Noverande vassområdeutval blei konstituert i 2017. Leiar er Lin-Veronica Jacobsen. side 3 Oversikt Ryfylke vassområdeutval Kommune: Representant Vara Finnøy kommune Henrik Halleland Kai Petter Flesjå Forsand kommune Bjarte Sveinsvoll Dagestad Tore Hans Mikkelson Gjesdal kommune Harald Bernt Dirdal Jan Andreassen Hjelmeland kommune Bjørn Laugaland Sven Gil Westersjø Kvitsøy kommune Jon Kristian Sande Torhild Djup Odda kommune Nils Petter Rabbe Lars O. Seim Rennesøy kommune Eva Jakobsson (nestleiar) Dagny S. Hausken Rogaland fylkeskommune Lin-Veronica Jacobsen (leiar) Bjørn Ove Hersdal Rogaland fylkeskommune Trine Danielsen Knut Atle Seim Sauda kommune Geir Bjarne Tveit Tor Andreas Michalsen Strand kommune Karl Stokka Suldal kommune Magne Langeland Klara Holmestad Nerheim Arbeidgruppa og vasskoordinator Denne gruppa består av administrative fagfolk frå kvar av kommunane i vassområdet. Fleire av kommunane har berre mindre areal/utfordringar i vassområde og stiller på møte ved behov. Arbeidsgruppa utarbeider framlegg til tiltak og arbeidsoppgåver som skal gjennomførast på vassområdenivå. Viktig er og å skaffe faglege informasjon. Arbeidsgruppa rapporterer til vassområdeutvalet. Jarle Lunde er vasskoordinator og driftar vassområdet. Stillinga er på 50% og blei oppretta hausten 2016. Stillinga er finansiert gjennom eit spleiselag mellom kommunane og fylkeskommunen (50 %). Koordinator er tilsett av Suldal kommune og har kontorstad på Sand. Oversikt over medlemmer i arbeidsgruppa Bykle kommune Sigrid Bjørgum Finnøy kommune Silke Ullrich Forsand k. Rune Idsøe Gjesdal kommune Asgeir Kleppa Hjelmeland kommune Torborg Kleppa Kvitsøy kommune Anne Marit Eikeland Odda kommune Torstein Backer-Owe Rennesøy kommune Geir Helge Rygg Sauda kommune Øyvind Ljung Stavanger kommune Kristin Bringedal side 4 Strand kommune Trond Leirflåt Suldal kommune Ole Martin Dahle Vinje kommune Dorthe Huitfeldt Ørjan Simonsen Fylkesmannen i Rogaland Nono Dimby Fylkesmannen i Rogaland Jarle Lunde Vasskoordinator Mandat og arbeidsoppgåver i vassområde blei vedteke i arbeidsutvalet 12.juni -2017 (last ned her). 1.2 KORLEIS HAR VASSOMRÅDE JOBBA I 2017 Tiltaksgjennomføring Regionalt tiltaksprogram viser kva som må gjerast for å sikre tilstrekkeleg høg økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstar som står i fare for å ikkje nå miljømåla. Dei delar av tiltaksprogrammet som kommunane har ansvar for gjeld i hovudsak ureining av elvar og innsjøar frå landbruk og avløp. For dei fleste av desse vassførekomstane er kunnskapsgrunnlaget for mangelfullt til å velje effektive avbøtande tiltak. I desse tilfella er det problemkartlegging som er tiltaket. Tiltaksstatus i Ryfylke vassområde er vedlagt. Overvaking og problemkartlegging I regi av vassområde/kommunane er følgjande tilstandsovervaking gjennomført. Resultata frå undersøkingane har styrka kunnskapsgrunnlaget og vil bli nytta i vassområda sitt vidare arbeid for å betre den økologiske tilstanden i vassførekomstane. Overvåking av innsjøer og elver i Ryfylke og Haugalandet I ei felles overvaking har Ryfylke og Haugalandet vassområde fått utført ei undersøking av fire innsjøar og 35 stasjonar i elver/bekkar. Målet med undersøkinga har vore å avdekke den økologiske tilstanden i vassførekomstar der ein har hatt mistanke om eutrofiering/organisk belastning. For Ryfylke sin del visar resultata at tiltak må til for å løfte vasskvaliteten til god økologisk tilstand i mange av lokalitetane. side 5 Samla klassifisering av bekkar og elver ga 3 stasjoner med god økologisk tilstand, 9 stasjoner med moderat økologisk tilstand, 7 stasjoner med dårlig økologisk tilstand, og 5 stasjoner med svært dårlig økologisk tilstand. Av vatn blei Nattlandsvatn (Suldal) i Suldal undersøkt. Tilstanden blei her moderat. Økologisk tilstand i elvene er basert på undersøkingar av påvekstalger (PIT) og botndyr. I innsjøane har fokus vore på planteplankton, men og vassplanter og fysisk-kjemiske kvalitetselement. Det er Cowi som har utført overvåkinga på oppdrag frå Ryfylke og Haugalandet vassområde. Undersøkinga er finansiert av Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og dei to vassområda. Vasskoordinator har vore feltassistent i innsjøovervakinga. Innsjøar i Strand Det er gjennomført ei undersøking i Åsvatnet, Nordlandsvatnet og Nordvatnet i Strand kommune. Målet har vore å få kartlagt eventuelle effektar av organisk belastning og eutrofiering. Hovudfokus for undersøkinga har vore på planteplankton i innsjøane, med mål om å skaffe tilstrekkeleg data for å kunne fastsette miljøtilstanden etter gjeldande klassifiseringssystem. Totalt konkluderer rapporten frå undersøkinga å gi «god» økologisk tilstand i Åsvatnet og Nordvatnet, og «moderat» økologisk tilstand i Nordlandsvatnet. IRIS har gjennomført undersøkinga for Strand kommune/Ryfylke vassområde med finansiering frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Elvemusling i Hjelmelandsvassdraget Tidligare undersøking har vist at vasskvalitet er generelt er tilfredsstillande. Substratet i større parti i elva var likevel ganske dekket av elvemose og grøne trådalger. Tilstanden er eit sikkert teikn på næringstilførsel. Stadvis langs elva mangla kantvegetasjon som gir skygge og lågare temperaturar i vatnet, samt reduserer partikkelavrenning frå tilgrensande areal. Det blir rekna for å vere ein totalbestand på mellom 4.000 og 8.000 av elvemuslingar. Rekruttering skjer, men openbart ikkje ofte. Som tiltak foreslår rapporten mellom anna kantvegetasjon som gir verdifull skygge og bidrar til vasstemperaturen held seg lågare, og bidrar til redusert algevekst og tilslamming med partikler frå tilstøytane produksjonsareal. side 6 Det er Kjell Sandaas (Naturfaglige konsulenttjenester)

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    40 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us