Årsmelding 2020 INNHALDSLISTE Side Helsing frå leiaren 3 Adresser til styret og administrasjonen 4 Liste over lokallagsleiarar 5 Tillitsvalde i Hordaland Bondelag 6 Aktivitet i fylkeslaget 9 Protokoll frå årsmøtet 2020 10 Arbeidsplan 15 Protokoll frå skipingsmøtet 20 Omdømmebygging og politisk kontakt 26 Jordbruksforhandlingar 28 Samarbeid 29 Hordaland Bygdekvinnelag 32 Rekneskap 33 Foto framsida: Fusa Bondelag HELSING FRÅ LEIAREN 2020 har vore eit spesielt år for heile verda. Heilt sidan mars har samfunnet vore i ulike fasar av ein lang unntakstilstand med karantenereglar, kohortar, reiserestriksjonar og nedstenginga. Dette har vore svært utfordrande for store deler av den norske økonomien, og mange bedrifter slit. I det norske landbruket har stengte grenser ført til auka etterspurnad etter varene våre, og mange har lagt seg i selen for å produsere litt ekstra av den gode norske maten. Styrken i den norske landbruksmodellen med god kommunikasjon og ein kultur for samarbeid har verkeleg vist seg i år. Medan arbeidet på garden har gått mykje i det vante i år har Bondelaget, som dei fleste organisasjonar, vorte pressa over i ein heilt ny måte å drive organisasjon på. Dei faste møteplassane har for det meste forsvunne, og vi har vorte pressa over i digitale møterom. Då nedstenginga kom i mars, vart det meste som kunne utsetjast utsett eller avlyst. Etter ei stund fant vi jo ein slags arbeidsform, men det er ikkje tvil om at saknet etter dei fysiske møta med dei gode diskusjonane er stor i heile organisasjonen. Oppi det heile hadde vi tidfesta opprettinga av Vestland Bondelag i fylkesårsmøta våre. Først såg det lyst ut for arrangementet, med letting av restriksjonar. Fylkesstyra i Hordaland og Sogn og Fjordane Bondelag var einige i at vi kunne gjennomføre eit skipingsmøte med brask og bram. Så kom bølge nummer to og tvinga oss til retrett. Vi var likevel samstemte på at det var rett å gå vidare med skipinga. Det var nok ikkje den høydaren vi hadde håpa på der vi sat ei handfull menneske på eit møterom på Voss, med resten av delegatane på Zoom. Men no er vi etablerte og klar for innsats. Sjølv om arbeidet i Bondelaget nok har vore prega av pandemien, er det lita tvil om at det er lokallagsarbeidet som har fått den største knekken. Dessverre har det ikkje vorte mange møteplassar for medlemene i løpet av året. Digitale verktøy kan løyse noko, men ein digital bondekafé vert liksom ikkje det same. Eg vil gå så langt som å seie at det er tilnærma krise for Bondelaget at kvardagsbondelaget er det som verkeleg har fått seg ein knekk i år. Vi må saman gjere ein innsats til neste år for å sikre den gode aktiviteten. Vi har mykje å gjere og vi treng ein sterk organisasjon i Bondelaget. Det er stortingsval i 2021, og både landbruk og den vidare distriktspolitikken kjem til å verte viktige tema. Lenge før valet er det andre tema som skal landast og andre kampar å kjempa. Daglegvaremeldinga vil vise om Stortinget vel å legge føringar for korleis daglegvaremarknaden skal fungere. Skal daglegvarekjedene framleis få moglegheit til å kunne breie seg ut i heile verdikjeda? Når den nye klimameldinga til regjeringa vert vedtatt, får vi sjå om det løner seg for ei næring å ta ansvar for klimaarbeidet sitt. Det er mange tunge saker, og eg er overtydd over at vi vil sjå spor etter arbeidet vårt i norsk politikk også i tida framover. Peder Nernæs, fylkesleiar 3 ADRESSER STYRET OG ADMINISTRASJONEN Styreverv Namn og adresse Telefon og e-post Leiar: Peder Nernæs 97 04 16 28 Nernæsvegen 179, 5632 Omastrand [email protected] Nestleiar: Knut Byrkjenes Hauso 99 26 32 54 Årekolvegen 2, 5777 Grimo [email protected] Styremedlem: Bodhild Fjelltveit 90 98 59 32 Hausdalsv. 379, 5229 Kalandseidet [email protected] Styremedlem: Lars Bø 91 16 54 48 Tjukkebygdvegen 159, 5706 Voss [email protected] Styremedlem: Kjersti Hjelemland 91 56 02 53 Hjelemlandsvegen 48, 5464 Dimmelsvik [email protected] Frå HBK: Siv Helle Prestegard, 92 24 58 80 Reisetervegen 13, 5776 Nå [email protected] 1. vara: Hege Aase Tysnes 41 45 18 65 Åsevegen 296, 5640 Eikelandsosen [email protected] 2. vara: Olav Myhr 91 17 60 11 Mykingvegen 230, 5913 Eikangervåg [email protected] 3. vara: Jørund Kvestad 92 68 88 42 Gamlevegen 83, 5777 Grimo [email protected] Administrasjonen på Landbrukstunet: Post- og besøksadresse : Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad Organisasjonssjef Lars Peter Taule 90 85 85 55, [email protected] Rådgjevar Geir Totland 99 64 26 00, [email protected] Rådgjevar Maria Makloufi Skjold 93 49 30 78, [email protected] Bybonden Ida Kleppe [email protected] 4 LISTE OVER LOKALLAGSLEIARAR Hordaland Bondelag har 39 lokallag. Med unntak av Fedje, er det minst eitt lokallag i alle kommunar. 5 TILLITSVALDE I HORDALAND BONDELAG Lokallaga Lokallaga gir nettverk og sosialt samhald for medlemer. Dei påverkar lokalpolitikken, driv med omdømebygging og informasjon om landbruket. Lokallaga gir grunnlag for korleis styret i Norges Bondelag arbeider. Lokallaga bidrar til beredskap kan vere ei god støtte for andre bønder og for kommunen ved ulykker, naturkatastrofar og brann. Desse lokallaga fekk ny leiar i 2020: Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag, Vikøy og Øystese Bondelag og Voss Bondelag. Tusen takk til leiarane og styremedlemene som gjekk av for arbeidet dei har gjort for landbruket og bøndene. Årets lokallag 2019 Hordaland Bondelag har kåra årets lokallag sidan 2010. Vinnaren går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag. I denne siste kåringa av årets lokallag i Hordaland Bondelag, var det Huglo Bondelag som fekk tittelen og 10 000 kroner. I den nasjonale kåringa med finalistar frå heile landet, fekk dei tredjeplass og heiderleg omtale. Dette året valte fylkesstyret eit lokallag som kanskje ikkje har den høgaste aktiviteten målt i tal. Dei er årets lokallag fordi dei held ein jamn og god aktivitet år etter år, sjølv om dei ikkje har så mange å fordele oppgåvene på. Til tross for at lokallaget berre har 6 produksjonsmedlemer og 20 medlemer totalt, møter dei alltid på fylkesarrangement, og har både møte og kurs for medlemene. Når dei skal ha større arrangement, samarbeider dei med andre lokallag. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Huglo Bondelag. 6 Aktive lokallag og lokallagsmidlar Den viktigaste årsaka til at Bondelaget står sterkt, er gode lokallag. Lokallagsstyret planlegg arbeidet i laget. Det er krav om å halde årsmøte, og dei fleste har både medlems- møte og andre arrangement. I 2018 vedtok årsmøtet i Norges Bondelag å auke midlane til aktive lokallag og øyremerke dei til aktivitet. Fylkesstyret fordeler midlane etter søknad. I 2020 fekk alle lokallag som har hatt årsmøte midlar. Her er eit utval av aktivitetar i 2020: Møte om biogass, bondefest, bondepub/kafé, grautdag, jerninnsamling, plastinnsamling, fagtur til Jæren og gardsbesøk for skuleklassar. Det er også mange lag som har laga innspel til politikarar, kommunen, ulike planar og høyringar. Styret i Voss Bondelag med leiaren innfelt. Styret i Radøy Bondelag. 7 Styret i Norges Bondelag Frøydis Haugen frå Austrheim/Lindås Bondelag har vore andre nestleiar i styret i Norges Bondelag, men gav stafettpinnen vidare på årsmøtet i 2020. Bodhild Fjelltveit frå Bergen Bondelag var styremedlem, og vart vald til andre nestleiar i 2020. Knut Byrkjenes Hauso frå Ullensvang Hagebrukslag vart vald inn i valnemnda. Fylkesstyret I 2020 handsama fylkesstyret 80 saker i 13 styremøte. 18.-19. juni var det styremøte i Rosendal og 24. til 25. august hadde Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag felles styremøte i Sogndal. Møtet vart nytta til å drøfte vegval for Vestland Bondelag. Dette året har det vore mindre representasjon enn vanleg då mange møte og arrangement vart avlyst. Styret rakk likevel ein del møte før pandemien, mellom anna med Fylkeskommunen og Fylkesmannen. Døme på tema er jordbruksforhandlingane, regionalt miljøprogram og grågåsforvaltning. Styret og/eller tilsette deltok på opning av eit jordrensingsanlegg på Laksevåg, fagdag om gardsvarme, opning av biogassanlegg, Fruktdagane på Voss, møte om forvaltning av hjort i Øygarden, møte om daglegvaremeldinga og møte om kva som skjer i Hardanger. I tillegg var Hordaland Bondelag representert på ulike høyringsmøte, til dømes Nasjonal Transportplan, jordbruksforhandlingane og endring av CWD-forskrifta. Det vart også tid til å delta på nokre årsmøte før Norge stengte ned; årsmøte i Sogn og Fjordane Bondelag, Hordaland Senterparti, 4H Hordaland og Hordaland Bygdeungdomslag. Seinare vart det digitalt årsmøte i Hordaland Landbruksselskap. I april hadde Hordaland Bondelag eit møte med Mattilsynet, der tema var rutinar ved tilsyn, oppfølging, rapportering og korleis handtere bønder i ein sårbar situasjon. Situasjonen kring koronaviruset vart sjølvsagt også diskutert. Styret deltok også i fleire digitale møte og webinar, mellom anna med NIBIO, Universitetet i Bergen og møte om arbeidskraft i grøntnæringa i regi av Norges Bondelag. Mykje av den politiske kontakten var digital, mellom anna med politikarar frå Høgre. Styremøte med korona-avstand i Rosendal. 8 AKTIVITET I FYLKESLAGET Hordaland Bondelag har 39 lokallag som har aktivitetar for medlemene og deltar på møte, samlingar og kurs i regi av fylkeslaget. Leiarane møtest på leiarmøtet kvart år, medan regionmøta er for heile lokallagsstyret. Lokallaget vel utsendingar til årsmøtet i Hordaland Bondelag, og fylkesårsmøtet vel utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag. Æresmedlem Æresmedlemskap er ein heider til personar som har utførd spesielt godt arbeid for organisasjonen og medlemene. Kari Valland frå Kvam har vore æresmedlem sidan 2005. Ho har vore tillitsvald i lokallag og i fylkeslag og varamedlem til styret i Norges Bondelag. Nils T. Bjørke har vore æresmedlem sidan 2015. Han har vore tillitsvald i Voss Bondelag, Hordaland Bondelag, Norges Bondelag og leiar for Norges Bondelag frå 2009 til 2014. Regionmøta 15. og 16. januar På regionmøta får alle tillitsvalde i lokallaga høve til å møte kollegaer og diskutere lagsarbeid og landbrukspolitikk.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages36 Page
-
File Size-