Forord Det var ei tid tanken at soga om kyrkje og skule kunne koma med som eit kapittel i den allmenne soga om Hemne, i andre bandet av bygdeboka. Men det viste seg vanskeleg å felle det inn der. Emnet er så stort og viktig, at det bør få rommeleg plass, meir enn bygdeboka på rimeleg vis kan ofre på ei enkelt side av bygdelivet. Det syntest derfor betre å lage ei særskilt bok om emnet. Her blir det da ei skildring av arbeidet i kyrkje og skule, av opplysningsarbeidet og kulturlivet i det heile, så utførleg som kjeldene gjev høve til. Rikeleg med bilete er da også ein del av kjeldematerialet som ein har funne fram. Denne skildringa tar for seg tida frå 1830-åra og framover mot våre dagar. For tida før 1830 må eg vise til det eg skreiv i andre delen av Hemneboka, band 1, og til skulesoga for Hemne i boka "Frå opplysningssoga i Trøndelag", utgjeven av Det Kgl. Norske Videnskabsselskab i 1938. Denne boka byggjer vidare på det som vart lagt fram i dei to bøkene. Men elles kan ein godt lage ei sjølstendig skildring av emnet i tida etter 1830-åra, som var noko av eit tidsskifte på fleire vis. Formannskapslova i 1837 gav grunnlag for ei ny politisk u I vikling, da bøndene etter kvart fekk meir å seie i bygdestyringa. Og i Hemne fekk den sterke lekmannsrørsla mykje å seie for kyrkje- og kristenliv, ikkje minst fordi prestane som kom etter |uhle prost Borch, gjekk inn i eit godt samarbeid med lekfolket. Skulelova frå 1827 kom ikkje med så mykje nytt, men noko forandring vart det etter kvart i skulen. Ungane fekk litt meir skuletid, og fleire fag fekk plass på timeplanen, ved sida av kristendomskunnskap. Det vart ikkje gjennomført så fort, men ulover 1830-åra vart det nok litt undervisning i det vi kan kalle oiicnlcringsfag, og det auka på med nye skulelover seinare i hundreåret. Og ungane fekk lære litt skriving og rekning. Det har stor interesse å følgje denne utviklinga i opplysnings- -arbeidet, og på samme tid sjå på tilhøvet mellom skule og kyrkje, lekmannsrørsla og dei frie organisasjonane og enkeltpersonar som gjorde ein innsats i åndslivet. Denne boka er ein freistnad på å gje eit oversyn over dei krefter som var med og forma utviklinga av kulturlivet i dette tidsrommet, innpå halvtanna hundre år framover mot var tid. Lærarane har sjølsagt ein viktig plass her, og eg har prøvt å lage ei fullstendig liste over alle som har tjent i folkeskulen frå 1830 og til og med siste krigen. For somme av dei er det bra kjeldemateriale til å skildre det arbeidet dei gjorde. Om andre er det lite opplysningar å finne. For etterkrigstida var det uråd å ta med ei fullstendig liste over lærarane. Men soga om Hemne lærarlag er ført fram til 80-årsjubileet i 1974, og der kan ein få eit inntrykk av det opplysnings- og kulturarbeid lærarane gjorde, også i etterkrigstida. Denne kultursoga bygger både på skriftlege og kjelder og på tradisjonsstoff som eg meiner er påliteleg. Minne frå min eigen barndom og ungdom er også nytta i somme tilfelle, og samtalar med eldre og yngre sambygdingar har vore til god hjelp. Eg takkar alle som har hjelpe til på denne måten. Men trass i gransakingsarbeid og all hjelp eg har fått, er vel ikkje denne kultursoga så fullstendig som ho burde vera. Særleg for den aller nyaste tid kan det vera ting som ikkje har vorte med, ting som eg ikkje hadde nok kjennskap til. Eg kan berre seie meg lei for det som måtte mangle i omtalen av personar og hendingar som fortjente å bli nemnde, Tittelen på boka er da også forma slik at ho ikkje gjer krav på a vera ei fullstendig utgreiing om emnet. Det er ei kultursoge for Hemne så godt som forfattaren har makta det. Og det har vore ei glede å prøve å forme denne kultursoga for. Kjeldetilvisingane står i parentes i teksta der det høver. Men for ei så viktig kjelde som skulestyreprotokollen er det ikkje sett til særskilt kjeldetilvising, når det i sjølve teksta er fortalt om år og dato for møtet i skulestyret.I denne boka har eg ikkje teke med noko om det ein kan kalle materiell kultur, om næringsliv og teknisk utvikling i perioden. For eg reknar med at det fell meir naturleg inn i den allmenne soga, og vil sikkert bli grundig omtala i det nye bandet av bygdeboka. Henrik Sødal KYRKJA OG PRIVATE ORGANI• SASJONAR I KULTURARBEIDET PRESTANE OG LESARANE. FORENINGSLIV Heilt frå Hauges tid først på 1800-talet stod lekmannsrørsla sterkt i Hemne og sette sitt preg på det religiøse livet i bygda gjennom heile hundreåret, ja, enda lenger. Det har derfor interesse å prøve å få klarlagt samhøvet mellom kyrkja, prestane og lesarane, som vart det vanlege namnet på kristenfolket, etterkomarane av dei gamle haugianarane. Det kunne skifte mellom motsetningar og godt samarbeid frå tid til tid og etter dei aktuelle spørsmål som var oppe i tida, og etter den måten som prest og lesar dreiv arbeidet sitt. Og alt dette verka inn på heile folkelivet, som vi får høyre meir om i visitasmeldingane og andre kjelder. Vi veit at gamle prost Borch først på hundreåret stridde hardt imot Hans Nilsen Hauge. Men han fekk røyne at han ikkje kunne demme opp imot Hauge-rørsla, som voks seg sterkare etter kvart. Og dei fleste av prestane etter Borchs tid hadde eit godt samarbeid med lesarane, om det enn kunne skifte noko frå den eine presten til den andre. Først i 1860-åra kom det til ein alvorleg konflikt mellom presten og lesarane, som vi seinare skal sjå. Ein av dei mest kjende lesarane, Erik Sagen, skreiv i 1899 ei vise om prestane som han mintest. I denne visa gjev han ein kort karakteristikk av kvar prest. Han er nok ikkje "objektiv" i skildringa av prestane, men det han skreiv, fortel noko om korleis lesarane såg på presten sin, og det kan vera interessant nok. Etter at Rasmus Parelius flytta frå Hemne til Børsa i 1835, vart Anton Christian Brodtkorb sokneprest i Hemne 1835-42. Han var son til presten på Hitra, Tobias Brodtkorb, og soneson til kaptein og kyrkjeeigar Brodtkorb på Kjørse. Der hadde faren vakse opp. Men bestefaren døydde før Anton Christian var fødd, så han hadde ikkje noko minne om han. Men vi får tru at faren somtid tok guten med til Hemne og fortalte om slektsgarden og bygda, så han hadde vel noko kjennskap til Hemne før han kom dit som prest. Han hadde da vore sokneprest i Kautokeino og Kistrand i 5 år, hadde prøvd det barske livet i Finnmark. Truleg hadde han fått helseknekk der. Han var i alle fall sjukleg dei sju åra han var i Hemne, og han døydde berre 39 år gammal i 1842. Det var i det heile noko tragisk med presten Brodtkorb. Han låg under for drikk, som folk vel visste om, men ingen klaga på han for det, syntes berre synd på han. Etter tradisjonen hang det slik saman med denne vanlagnaden: I Finnmark var han overlag godt likt, og folk ville ikkje sleppe han frå seg. Men da han likevel drog sin veg, var det ei finnkjerring som let om at han skulle få ein last å bera på så lenge han levde, det var forbanninga som følgde han, vart det sagt (Fortalt mell. a. av Ragnhild Lian, f. 1876. Ho herma det etter bestemora.) Kyrkjebøkene viser at han trass i veik helse reiste rundt i det store kallet, såg om sjuke og utførte si prestegjerning så godt han kunne. Og etter protokollen for skulekommisjonen ser vi at han fire gonger var på skulane og heldt eksamen. Men det var noko lenge mellom møta i kommisjonen, og han skreiv ikkje så fyldige referat som Parelius hadde gjort. Hausten 1839 var han ute av arbeidet på grunn av sjukdommen, og det var ein kapellan R. Gaurder som styrte embetet og las med konfirmantane. Men Brodtkorb var i arbeid igjen frå desember 1 839 og to år framover. I denne tida heldt han jamvel møte i skulekommisjonen to gonger for året. Men frå nyttår 1842 gjekk det fort nedover med helsa, og han døydde 18. april. Om hausten samme året heldt prost Magelsen visitas i Hemne. Da var kallet utan prest, men prosten heldt møte med medhjelparar og kyrkjeverje i prestegarden. Prosten let stort sett vel om tilstanden i kyrkjelyden, og han roser ungdommen som var avhørt. Men han har funne fleire "Mangler ved Menigheds- bogen", som viser at presten hadde vore sjuk dei siste åra. Klokkaren, Erik Kjønsvik, vart pålagt å rette på det som vanta i boka før ny sokeprest kom. Det greidde vel ikkje han Erik, stakkar, så vi høyrer om det som var ufullstendig i ministerialboka ved seinare visitasar også. Erik og Berit Sagen Halvor Kristian Heyerdahl, sokneprest 1843 65 Erik Sagen, som var berre ungguten på denne tid, skriv berre dette om presten Brodtkorb i prestevisa si: "Hans Aar var ikke mange, og snarlig sov han hen. Hans Grav er bagom Kirken, en Gravsten dekker den." Han er ein av dei få prestane som er gravlagt ved Hemne-kyrkja. Halvor Christian Heyerdahl (1843—65) var også sjukleg, var plaga av astma. Men han heldt ut i det store, strevsame kallet i tjueto ar. Heyerdahl var presteson frå Toten og kom som nybakt teolog til Edøy, der han var sokneprest i 15 år. Hausten 1842 vart han utnemnd til sokneprest i Hemne, men kom ikkje til å overta embetet før våren 1843.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages134 Page
-
File Size-