Søre Litlesotra

Søre Litlesotra

Søre Litlesotra OMRÅDEANALYSE AV GAVLEN, SNEKKEVIKA OG EBBESVIKA arealanalyse Knappskog 1 Forord Denne analysen omhandlar søredelen av Litlesotra som eit nautruleg utviklingsom- råde for bustadbygging. Området ligg i gangavstand frå Sartor Senter på Straume og vel vere ei naturleg burstadrandsone til byutviklinga der. Grunneigarane som står bak initiativet ønskjer å utvikle området til eit moderne og miljøvenleg bustadområde med eit mangfald som imøtekjem unge, vaksne og eldre sine behov for å trivast. Området legg særs godt til rette for ei attrativ utvikling ved å bruke naturen med fjell, våtmark og sjø som ein miljøskapande og nær nabo. Analysen vil gje ei meir detaljert skildring av korleis ein tenkjer området utvikla. Målet er å stille til rådvelde eit attraktivt områder for utbygging som fell saman med kommunen sine planar for bustadutvikling. Bergen, september 2005 Opus Bergen AS 2 opus bergen as / p03031 Innhold arealanalyse Knappskog 3 4 opus bergen as / p05015 Samandrag Fjell kommune var på 1970-talet rekna for ein mindre bygdekommune. Etter at Sotrabrua opna i 1972 har kommunen vakse frå kring 6000 innbyggjarar til i dag knapt 19000. Og veksten ser ut til å fortsetje. I befolkningsprognosen frå 2002 til 2010 (SSB) forventar ein ei samla auke i innbyggjartalet på 13,1 prosent – ca. 1,6 prosent per år. Noko lågare vekst er forventa for perioden 2010-2020. Slår progno- sen til, vil Fjell ha ei folkemengde i 2020 på 24058. Fjell kommune har som mål å vekse med 2 prosent per år – med ein slik vekst vil kommunen i 2020 ha nærmare 26.000 innbyggjarar. Nye tal frå SSB viser ein vekst på 2,1 prosent i gjennomsnitt for åra 1990-2005. Prognosen viser ei auke på nær alle alderstrinn. Fleire unge, unge vaksne og eldre. Samstundes skjer det ei strukturendring i folkesetnaden – stadig fleire bur åleine. Tidlegare var dette eit typisk storbyfenomen, men i dag ser ein også endringar i min- dre kommunar. Dette tar mange kommunar konsekvensen av. Til samanlikning kan nemnast at Stord, som arealmessig er like stor som Fjell og med litt færre innbyg- gjarar, i større grad har teke konsekvensen av trongen for bydanning og endringar i folkesetnaden. I Fjell er det meste av all ny busetnad framleis einebustader eller småhus (t.d. rek- kehus). Berre 2 prosent av bustadane som er sette i gang i tidsrommet 2001-2004 er bustader i leiligheitsbygg/blokk. Heile 65 prosent er einebustader. Tilsvarande for Stord er 26 og 28 prosent. Skal ein halde på folkesetnaden, er det viktig å utvikle eit variert og mangfaldig bustadtilbod. Dette handlar også om å sikre kommuneøkonomien. Tatt i vurdering fortsatt sterk vekst og ei antaking om at kvar bustad vil romme stadig færre personar, vil det måtte byggjast omlag 5000-6000 nye bustader innan dei neste 10-15 åra. områdeanalyse Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen 5 Det vil vere tvilsam arealbruk om ein framleis skal dekkje trongen for bustader med å byggja berre småhus. Kommunen sjølv har lansert tankar om å definere ein senter- struktur med ei urban kjerne ved Sartor senter og området rundt Fjell rådhus. Analyseområdet ligg i gangavstand til Sartor senter og vil kunne definerast som ei bustadrandsone rundt senteret. Området er på ca. 1500 daa og er tenkt planlagt i eitt, men med eit utbyggingsper- spektiv på ca. 10-15 år. Landskapet er vakkert med vatn, sjø og gode solforhold. Her har ein både ”by og land” i rimeleg nærleik. Arealet er tenkt utvikla med ulike typar bustader, men i hovudsak rekkjehus, terassehus og anna leiligheitsbygg. Dei ulike bustadfelta skal knytast saman med gang- og sykkelvegar som alle vert videreført til Sartor senter. Området rundt Ebbesvikvatnet skal opparbeidast som park, og eit grøntbelte skal følgje frå parken og ned mot sjøen i sør. I vest ved Skjelvika har ein tenkt byggjing av marina for ca. 100 båtar. Her kan ein og lage ei gjestebrygge med mogelegheit for tøming, vask og påfyll av drivstoff. Ein kan også lokalisere eit forsamlingshus for bygda her. Tiltaket vil vere avhengig av vegutløysing frå Straume. Det vil også vere naturleg å å planleggje utløysing av hytteområdet på austsida ved Snekkevik og føreny veg fram til Brattholmen skule. Målet med denne anlaysen er å vise eit potensiale ved eit utbyggingsområde, som ligg nært til Straume og som ivaretek kommunen sine visjonar om variert bustadutvik- ling, og som vil medverka til ei utvikling av Straume som levande bysamfunn. 6 opus bergen as / p05015 områdeanalyse Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen 7 8 opus bergen as / p05015 Føremål med analysen FØREMÅL Fjell kommune arbeider med rullering av kommuneplanen sin arealdel. I det høvet har Fjell kommune hatt folkemøte der dei har bedt innbyggjarane kome med sine synspunkt på korleis arealet i kommunen skal forvaltast. FRÅ LNF-C TIL BUS- TADOMRÅDE Fjell kommune har nyleg lagt Kommunedelplan for Straume ut til høyring. Her seier ein at Straume skal utviklast til eit "urbant regionsenter". Dette skal ein få til med blant anna å gjera Straume til ein "kompakt møtestad", tilby eit stort mangfald av bustader og bumiljø og skapa eit levande sentrum med tydeleg identitet. Ei slik urban utvikling kan også forståst som ei "bymessig" utvikling. Skal Straume bli eit urbant regionsenter med tyngde - ein by, er det naudsynt at ein satsar på bustadbygging nær sentrum, og det i større målestokk enn teke høgde for i kommu- nedelplanen. På Søre Litlesotra finn ein store, ubrukte område, som kan bli eit flott, nytt bustadområde - kun ein spasertur frå Struame. Grunneigarane i området føreslår å omdefinera Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen- området frå LNF C-område til bustadområde. Området har liten verdi som LNF- område slik dei ser det; ingen bruker området, og det er stor grad av gjengroing. Grunneigarane kjem med eit framlegg til korleis området kan nyttast. Det vert føre- stått 1200-1500 nye bustader, med blanda bustadtypar, båthamn med plass til 100- 200 båtar, tur veg gjennom området (som lett kan koplast til Straumemila), gards- og Over til venstre: Ebbesvik sett frå sør. friluftsbarnehage, bading i sjø og Ebbesvikvatnet m.m. Under til venstre: Ebesvik sett frå vest (copyright: Fjellanger Widerøe Foto AS) områdeanalyse Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen 9 ANALYSEOMRÅDET LIGG CA 17 KM FRÅ BERGEN SENTRUM 10 opus bergen as / p05015 Registrering av området Analyseområdet ligg på den sørlege halvdelen på Litlesotra. Området strekkjer seg frå Storskaret i nord (Struame idrettspark), sør til sjøen, frå busetnaden på Brattholmen og vest til Skjervika. Busetnaden i Ebbesvika og eit utmarksområde er ikkje med i det indre analyseområde. Området er ca 1500 daa stort og har mange kvalitetar; Nærleiken til Straume, Sartor Senter og Straume idrettspark, Ebbesvikvatnet og fjell, og nærleik til sjøen. Frå dei høgste toppane er det nydeleg utsikt i alle retningar. Det er gode solforhold i heile området. Det er 1-2 km til Straume, alt etter kvar i området ein er. Til Bergen er omlag 17 km og 15 min. kjøyretid. EIGEDOMSFORHOLD Tiltakshavar er ei gruppe på 10 grunneigarar, representert ved Johannes Kobbeltvedt, Ole J. Gavlen, Petter Hellevik og Wenche Snekkevik. områdeanalyse Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen 11 Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen målestokk 1:10 000 Områdeavgrensing 12 opus bergen as / p05015 NATURGRUNNLAG Analyseområdet er i hovudsak prega av bart fjell (gneis), som stadvis er grodd til med lyngvekst, og fattigmyrer med lyng og brake. Midt i analyseområdet ligg eit tynt dekke av morenemateriale. Topografi/terrengform Analyseområdet er todelt topografisk. I det sørlegaste området er det slake fjellskrå- ningar i aust, som går over i bratte stup mot vest. Desse følgjer lagdelinga i grunn- fjellsgneisane. Fjella går i retning nord-sør. Dei er ikkje høge, men stikk opp over ei låg, jamn strandflate omgitt av fjord i sør og aust. I det nordlegaste området finn vi Ebbesvikfjellet, som er 104 høgt. Aust for fjellet er det senkingar med fleire vatn, små bekkeløp og myr som fylgjer landskapet si nord-sør-retning. Analysemrådet ligg fritt, og er ikkje påverka av støy eller forureining. Biologisk mangfold I MVA-Rapport 11/2003 ”Naturtypar i Fjell” (Fjell kommune/Fylkesmannen i Hordaland, Miljøavdelinga 2003) er det registrert ein lokalitet ved den sørlege delen av Ebbesvikvatnet. Dette vantet grenser her til ei gammal og gjengrodd beitemark med ulike grassortar og mykje einer. (Kjelde: Direktoratet for naturforvaltning). Dyreliv Den søraustlege delen av området er definert som eit viktig trekkområde for hjort. I fylgje grunneigarane er det lite dyr som ferdast her anna enn eit og anna streifdyr. KULTURLANDSKAP I Kommunedelplan for landbruk, natur og friluftsliv er ikkje området nemd som eit viktig kulturlandskapsområde. Bygningsmiljø Det står att ein del bygningar frå tidelegere gardsdrift. Dette er eldre steinbuer, potet- kjellarar og andre bygningsrestar. Likeeins er det ein del eldre steingardar. Dei fleste er haldne i hevd og avmerka på Fjell kommune sitt situasjonskart over området. Vern Det er ikkje registrert verna element innan analyseområdet. Ein del av steingarden bør bli tatt vare på som lokalt viktige kulturminner. områdeanalyse Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen 13 BUSETNAD, INFRASTRUKTUR OG BRUK AV OMRÅDET Busetnad I analyseområdet er det for det meste einebustader, hytter og nokre hytter som er omgjorde til heilårsbustader. På Søre Litlesotra er det få bruk i drift. Innanfor analyseområ- det er det ikkje fleire drivne bruk. I Gavlen og storvika finn vi eit naustmiljø, med ei rekkje naust, bryggjer og badestrender. INFRASTRUKTUR Veisystemet Fylkesveg 233 går i sørvestleg retning gjennom analysområdet. Vegen er smal og lite trafikkert. Kommunalteknikk Det er ikkje offentlege VA-anlegg i analyseområdet. Ebbesvik skal få vatn i 2007, men det er ikkje bestemt korleis det skal skje. Skular Barneskule Neraste barneskule er Brattholmen skule (1. – 7. klasse). I dag har skulen 18 klassar og 330 elevar. Elevane kjem frå Brattholmen, Straume, Arefjord, Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen. Over: Steingard. Midten: Busetnad. Ungdomsskular Under: Nautsmiljø.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    39 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us