HÆGEBOSTAD SOGELAG ÅRSSKRIFT 2014 Framsida: 1. mai 2014. Odd Rynning Jørgensen legg ned krans på minnesmerket over dei som omkom under arbeidet med jernbanen på strekninga Kristiansand – Moi. Foto: Torfinn N. Hageland. ÅRSSKRIFT 2014 HÆGEBOSTAD SOGELAG 3 Grafisk produksjon: Setesdalstrykk as ISBN 0809-5248 4 Innhald Føreord om litt av kvart Torger Kvåle ............................................................................................................ s. 6 Kjennskap til slekt kan endre interesse for gamle dager Tor Arild Bakke .............................................................................................................. s. Anders Olsen Solberg Tor Arild Bakke .............................................................................................................. s. Frå Hægebostad 1814 Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Stortingsmann Hans Jacob Rolfsen Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Kladdebok for Ingeborg Lea, Livets skole, siste klasse Ingeborg Lea .................................................................................................................. s. Fotokavalkade v/Rune Eikeland. ............................................................................................................. s Sørlandsbanen 70 år 1. mai 2014 Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Skotherad, Skutherred eller Skut? Torger Kvåle ................................................................................................................... s. 200-årsjubileum for grunnloven 1814 – 2014 Tor Arild Bakke .............................................................................................................. s. Bilsakkyndige imellom Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Lorten på veggen Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Frå gamle aviser ............................................................................................................. s. Lokalhistoriske skrifter .................................................................................................. s. Hægebostad sogelag ....................................................................................................... s. 5 Føreord om litt av kvart Av Torger Kvåle Siste årsskrift kom i 2013. Årsskrifta har kome ut noko ulikt, årsskriftet før det kom i 2010. I sogelaget har vi stort sett hatt hovudfokus på gards- og ættesoga den siste tida. Vi rekna med vi skulle ha ferdig 1. bind til Hægebostadreiå i år. Men det gjekk ikkje så vel. Ein kan ikkje både lova og halda, som mannen sa! Men for alle som måtte venta – boka er i kominga! På den delen av kulturlivet der sogelaget arbeider, har det vore eit innhaldsrikt år. 200- årsjubileet for grunnlova har blitt feira på ulikt vis. Som i 1814 gjekk ein god del føre seg i kyrkja. I mars var det ei særskild gudsteneste, der valgudstenesta frå mars 1814 om menn som skulle velja utsendingar til Eidsvollsforsamlinga var tema, og ordførar Ånen Werdal las opp referatet sokneprest J. A. Weisser skreiv etter valet. Sidan sist har ein gamal draum for mange gått i oppfylling – laksen kan symja forbi Kvåsfossen og ta seg fram til Lygne - og gjerne lenger. Kor langt vil visa seg etter kvart. Dei store arrangementa i bygda ser ut til å halda seg godt. Tinget, med Tingcupen for barn på laurdag samlar framleis godt med folk, likeeins Kollemofestivalen. Idrettsar - rangementet «Stakken» blei halde 9. august for 3. år på rad, og med stor deltaking. Det er i år 20 år sidan vegen til Kvinesdal over Bakken – Moi blei opna. Fylkeskom - munen har overteke heile vegen nå, og har gjort eit omfattande arbeid med utretting av svingar, oppsetjing av fenderar, og heile vegen har fått asfalt. Ei verdig markering av 20- årsjubileet. På Tingvatn blir tilbodet frå Tingvatn fornminnepark og besøkssenter stadig betre. I tråd med intensjonane er det kome ei ny hovudutstilling, «Vikingteltet», der meir av dagle - glivet til vikingane blir vist, og der ein kan gå inn og sjå og kjenna på utstillinga. Ut - stillinga er utan tekst, og forklarer seg sjølv. Det er den nye fylkeskonservatoren i Vest-Agder, Yvonne Fernmaar Willumsen, som er utstillingsansvarleg. Ho heldt også foredrag om denne på Reisundagen og tok offisiell opning av «Vikingteltet». Formin - neparken har også fått tilgang til «Den nye Tingplassen», tingområdet med Talarsteinen, Domarsteiner, Tinghaugen og Vehaugen. I sommar blei det laga tursti ned til desse, og ved hjelp av moderne teknologi kan ein få høyra om desse. Ta med mobilen og høyr! Stien blei offisielt opna av fylkeskultursjef Anne Tone Hageland på Hægebostadreiå. 6 Elles ser det ut til at vikingane trivst godt på Tingvatn. For andre år på rad var dei på plass med telt og utstyr og vellykka program. Elles skal bygda bli meir sivilisert enn før, ved at vegar får namn og alle hus skal få husnummer. Kommunestyret har be - stemt namna, og skilta kjem på plass etter kvart. Det vil truleg bli mest til glede for politi, brannvesen og ambulansar som har bruk for å finna rett plass med ein gong. Snartemosverdet er i fokus på Kulturhis - torisk Museum nå i tida 10. juni 2014 til 15. januar 2015 gjennom utstillinga «Minus fem - Okkupasjon av fortiden.» Denne utstillinga viser historien om kor - leis Snartemosverdet og andre verdifulle fornminne blei gøymde vekk og halden unna nazistane som ville bruka desse fornminna i sin nazipropaganda. Dette er krigshistorie på sitt beste. Snartemosver - det, med sin vakre dekor og hakekorsde - kor i veven, blei særleg ettertrakta. I 1886 blei det sett opp skolehus på Kol - Vegskilta kjem på plass. Her er skiltet til vegen Bakken-Moi plassert. Heretter skal vegen heite lemo. Dette gjorde teneste til 1954, då Lidraget. det blei bygd nytt skulehus på austsida av vegen. Den gamle skolestova låg nok litt langt ut i vegen, og i 1972 fekk Trygve Gyberg kjøpt det for riving. Han sette det opp att ved Lautjødna. I år fekk Erling Stokkeland dette. Han flytta det opp til Heddan, der det har blitt greitt restaurert og fått ei god plassering. Hægebostadreiå er eit arrangement der det som har tilknytting til Hægebostad blir trekt fram og sett pris på. Den lokale tilknyttinga er viktig. Hægebostadreiå blei halden 23. og 24. august på Tingvatn fornminne- og besøkssenter for tredje gong på rad, men for første gong i ferdige lokale. Mykje av innhaldet på Reiå var knytta til Tingvatnsområdet. Reiå fekk ein god samabeidspartnar i Tingparken, og dagleg leiar der, Pål Hals. 7 På Reiå fekk ein i år – etter fleire forsøk – Dag Telhaug som gjesteutstillar. Han er ekstra godt kjend i Hægebostad etter mange år som ein populær lærar på By - remo ungdomsskole, og ikkje minst for det store arbeidet han la ned med Snar - temo Bautapark. Kanskje blir det ståande som hans største verk? Utstillinga hans på Tingvatn avløyste ut - stillinga til Kjellaug Mydland Grimsby. Skulehuset frå Kollemo har fått ny plassering på Men det blir helst gale å trekkja fram Heddan Gard. Framme ser ein ein av Toralv K. namn på utstillarar på Tingvatn besøks - Birkeland sine veteranbilar – ein Chevrolet 1927. Foto: Ellen Stokkeland. senter. Gjennom samarbeidet med Al - fred Vågsvold og Galleri Lista fyr er det året rundt god kunst å sjå på Tingvatn. Når ein refererer frå eit dugnadsarrangement som Hægebostadreiå, er det lett for at ein framhevar det spesielle, og eingongsgjester. Den grunnstammen som gjer det mogeleg å arrangera dette kulturarrangementet – gudstenesta på sundag, dei lokale utstil - larane frå Husflidslaget, og andre lokale utstillarar som laga utstillinga "Sove - rommet" må ikkje gløymast! Reiå starta med at veteranbussklubben stilte opp med sjåfør og buss, og køyrde til Mydland med fullt lass. Endå fleire ville ha vore med bussen dersom det hadde vore plass. Jørgen Mydland, den siste som blei boren til dåp over vegen Naglestad – Snartemo, var naturlos på Barnevandringsstien, saman med Rune Eikeland. På Snartemo blei dei møtt av trekkspelklubben med lokale melodiar, og Tore Gysland som fortalde om Snar - temofunna, før Birger Vårdal køyrde ve - teranbussen til Tingvatn. Veteranbussen Tor Arild Hopland er ein allsidig kar. Han er aktiv i Gospelkoret «Ljos», har drive som mu - køyrde også til kyrkje på sundag, og til sikklærar, hatt rammeverkstad og reparert mø - Eiken då arrangementet var slutt. blar. No har han samla gamle filmar og laga ein film som blei vist på Reiå. 8 Tor Arild Hopland saman med Rune Ei - keland hadde laga ei filmsamling – noko nytt og noko gamalt - som blei vist både laurdag og sundag. Flott initiativ! Lokalhistorisk Bildearkiv kunne sjåast på Røyseland skulehus, og ein kunne også sjå lokalhistoriske foto frå Hæge - bostad frå ulike nettstader. Skolehuset hadde fått ei oppfiksing takk vera tre energiske kvinner – Gry June, Monica og Tone i komiteen, og den gamle drikkefontenen kom på plass inne – men utan vatn. Mattilsynet ville nok ikkje godkjent denne i dag! Elles var det treplanting for begge soge - laga og for 200-årsjubileet for grunnlova, omvisning i Tingparken v/Erling Stok - keland (Kan ein kalla denne runden for Drikkefontene på den tida det ikkje var innlagt kronprinsparvandringa?), Olav Bjærum vatn.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages66 Page
-
File Size-