Kirkehistoria frå Haram Revidert 05.05.2021 1 Kirkehistoria frå Haram Innhaldsfortegnelse: Kart 1. Føreord DEN KRISTNE TIDA TEK TIL 2. Den kristne tida tek til Busetjing, samfunn, rettskipnad og gudsdyrking Den kristne tida tek til Den katolske kyrkjeskipnaden hjå oss Bispevitas og gudsteneste på Sunnmøre i Aslak Bolts tid Prestegjelda og kyrkjene på Sunnmøre før reformasjonen DEN KATOLSKE TIDA 3. Den katolske tida - fra heidendom til kristendom Folket i Haram søkjer Borgund kyrkje Den gamle kyrkja i Haram Inntektene til kyrkja Kyrkjeklokka Anna gamalt inventar i kyrkja Prestane i Haram i katolsk tid Kristenliv og folkeliv i katolsk tid REFORMASJONSHUNDREÅRET OG SEKSTENHUNDREÅRET 4. Reformasjonshundreåret og 1600 talet Politiske tilhøve på reformasjonstida Var reformasjonen åndeleg førebudd ? Kyrkje og presteskap i Borgund fram til året 1702 Den religiøse og moralske stoda i reformasjonshundreåret Haram under residerande kapellaner – 1589 – 1702 Folketalet i Haram i reformasjonshundreåret Anfinn Christoffersen Holck ( 1617-1647 ) Engelbrecht Josefson Rødberg ( 1659 – 1693 ) Det religiøse og moralske livet på 1600 talet SYTTENHUNDRETALET 5. Syttenhundretalet Prestane på 1700 talet Niels Knudsen Leem Andreas Hanssen Schytte Henning Abelseth Peder Andreas Ravn Erik Hind Ludvig Pontoppidan Albert Jersin Kristentru og folkeliv på 17 hundretalet Sogneprest Abelseths sjeleregister KYRKA PÅ HARAM ETTER REFORMASJONEN 6. Kyrkja på Haram etter reformasjonen Vedlikhald av kyrkja Andre utloger for kyrkjekassa 2 Altertavla Kyrkja vert seld og attkjøpt Korntienda til kyrkja fell bort Vedlikehaldet på 1800 talet Kyrkjereiser og kyrkjevegar DET GAMLE FJØRTOFT KAPELL 7. Det gamle Fjørtoft kapell Fjørtoft kapell vert sokneeigedom Vedlikehaldet av kyrkja Vøling og utviding av kyrkja Fjørtoft kapell fra 1766 – 1877 ATTENHUNDRETALET 8. Attenhundretalet Prestane på 1800-talet Theodorus Bernhardus Nicoll Philip ( Filip ) Wilhelm Nicoll Gabriel Hofgaard Winsnes Jens Kobro Daae Ole Olsen Barman Richard Moe Kristenliv og seder på 1800 talet Prost og biskop Kristeleg lesnad Biskop Neumann Det sedelige liv Øl- og brennevinsdrikkinga Misjonssansen veks fram Kjende lekmenn på 1800 talet Reit-Ola Andreas Henriksen Grytnæs Indremisjonen Striden om dei stengde kyrkjene Indremisjonen byggjer bedehus Andre kristlege samskipnader og lag Pengegåver og misjonsverksemda Totalfråhaldsrørsla veks fram DEN NYE KYRKJA PÅ AUSTNES 9. Den nye kyrkja på Austnes Kyrkjeverge-ombodet DEN NYE KYRKJA PÅ FJØRTOFT 10. Den nye kyrkja på Fjørtoft PRESTEGARDEN KJERSTAD 11. Prestegarden Kjerstad Prestegarden på Abelsets tid Prestegarden under prestane Nicoll Gardsdrifta på 1800 talet Dei andre embetsinntektene på 1800 talet Naturalytingane til presten fell bort Plassane under prestegarden vet selde Nye hus 3 NITTENHUNDRETALET Sokneprestane på 1900 talet Hildrestranda kapell Hildre kyrkjegard Interimskapell på Lepsøy Arbeid for kapell på Lepsøy Lepsøy kyrkjegard Kyrkjegard på Longva Brattvåg kyrkjegard Arbeid for kyrkje i Brattvåg Det kristelege og kyrkjelege livet på 1900 talet Nye bedehus Kyrkjelege tilhøve under krigen og okkupasjonen Medhjelpar-ombodet Kyrkjetilsyn Sokneråda Soknerådsmedlemmer i Fjørtoft sokn Soknerådsmedlemmer i Fjørtoft sokn Hildrestranda sokneråd 4 5 6 1. Føreord Kirka er viktig i min ættesoge Kirka var stor eigar av gardar som min ætt kjem frå. Med min «Kirkehistorie frå Haram» vil eg starte med tida frå då Olav Trygvasson blei konge i 995 e.Kr. og fram til midten av 1970 talet. Mitt kildemateriell er hentet frå mange hald, eg nevner noe av mitt kildemateriell under «Kilder». Det vil være umulig å nevne alt kildetilfang jeg har brukt, dette er opparbeidet fra meg og min mor Margith f. Røvreit frå Røvreiten på Hurlen gjennom dei siste 40 åra, og mange av kildetilfanget er nå historie. Dei gamle som kunne si slektshistorie er dessverre ikkje lenger blandt oss, dei har gått ut av tiden, og med det er deira historie borte. Heldigvis var min mor bevist dette og jeg sitter på tusenvis av dokumenter jeg bruker i min ættesoge. Når det gjelder kirkehistoria frå Haram, vil eg vise tileigne presten i Haram; sokneprest Peter Hove og bygdeboknemnda for Haram, sin kirkehistorie frå Haram som eg har bygd mykje av mine nedtegninger om kirkas plass i Haram omkring. Lat deira arbeide være ein del av vår kulturarv. Sidan min ætt har mange av dei kjende prestane eg nemner i disse nedtegningene i sin ættlegger er dette også en spennende «reise» om disse prestane og erkebiskopane og liv og levnad i mors heimekommune. Hove har brukt mange kjelder: dei vanlege lærebøker i kyrkjesoge av A. Chr. Bang, Oluf Kolsrud, Carl Fr. Wisløff, R. Tønder-Nissen. Videre må nemnast Sverre Steen: Det norske folks liv og historie. M. Rogne: Sunnmørsfylket i framfarne tider, M. Rogne: Bygdebok for Haram, Band I, Den Trondhjemske Reformats, Diplomatarium Norvegicum. Lampes prestehistorie, Sunnmøres prestehistorie. Artiklar i Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag. Ola Kvalsund: Prestar i Borgund efter reformasjonen. Thrap: Om Bergenske kirkeforhold efter reformasjonen. Kirke og Skoleforhold i Bergen ved Haikild Nilsen. Og Kallsboka for Haram, påbyrja av sokneprest Hennning Abelseth, og førd fram til notida av prest etter prest i Haram. Likeins kyrkjeverjeprotokollane for Haram, og journalar og kopibøker ved presteembetet, og visitasprotokollane ved prostearkivet og kopibøker ferde av prosten. Soga om det gamle Fjørtoft kapell er skriva av lærar Olav Fjørtoft. Takk til Peter Hove og så mange andre i Haram for at eg får kjennskap om ei tid som har betydd så mykje for min ætt i hundrevis av år tilbake i sorg og glede. Eg håper mange vil ha nytte av disse nedtegninger som eg fører videre i Hoves ånd og så mange andre. Risberget 5. mai 2021 Odd Even Fylling 7 2. Den kristne tida tek til Busetjing, samfunn, rettskipnad og gudsdyrking Den store utviklinga av jordbruket her hjå oss tok til sist i den romerske jernalderen, 300 – 400 e. Kr. Innvandringa av nye folkeslag hadde kanskje mest å seie for framvoksteren av jordbruket. Det er ikkje for mykje å seie at folkevandringane har skapt ei ny stor framgangstid for vårt land skrev prof. Brøgger. Han kaller denne tida, 300 -600 e. Kr. for «den store dannelsestid i Norges eldre historie» , og det har han rett i. Jernet var den store kulturfaktoren i samband med oppfinningane frå meire kultiverte folk. Produksjonen av jern ( myrmalm ) her hjå oss tok til for alvor. Ellers var den kunsten kjend her alt i fyrsten av jernalderen, men Brøgger trur jernet ikkje hadde særs mykje å seie for utviklina her før omkring år 300 e. Kr. Andre meiner det motsatte, at jernet hadde mykje å seie for oss. Framveksten tok til for alvor omkring år 600 e. Kr., derfor reknar dei at den eldre jernalder sluttar då, og den yngre jernalder tek til. Vi veit at det var kongar på Sunnmøre endå før 500 talet, men rettskipnaden var ikkje rar i den tida. Kongemakta var veik her hjå oss. Det var berre i krig at kongen hadde større makt enn andre. «Vi er alle like» sa dei norske vikingane. Dei var ingen manns undermann. Dei lydde kongens sin berre når han gjorde som dei ville. I fredstid bodde kongen heime på garden sin og var bonde. Men etter at bygdene vart tettare folka så strid og trette om mitt og ditt, om rett og urett vart daglegdags, laut det ein retts-skipnad til som kunne hindre at heile bygda rauk i hop og folk tynte kvarandre. Det hadde vore slik at makt er rett. Menneskevitet har visst aldri samtykt i slik rettsskipnad, men usemje og annen vondskap gjorde då ( som no… ) anen rett om inkje. Rettsskipnaden vart heller ikkje til ved semje i vanleg meining. Med det var høvdingane eller storbøndene som gav lover og føresegner om korleis strid og ugreie mann og mann imellom skulle ordnast, og disse føresegnene sine sette dei gjennom med makt. Kvar bygd var eit lite maktsamfunn for seg frå først av. Vi finn merke til slik samfunnsskipnad alt i bronsealderen. I jernalderen skipa fleire bygder seg sammen om sams ting og sams offerstad. Disse to ting synest vere knytt i hop, og det kan tenkast at det var gudsdyrkinga som var den samlande krafta. I kvar bygd var det utan tvil eit gudehov eller eit horg, enda vi vantar bevis somme stader. Gardsnavnet Hov eller Hof og andre gardsnavn samansatt med stavinga hov, tyder på at det har stade gudehov der. Av slike navn har vi på Sunnmøre Hofset ( Vatne ), Hove ( Stordal ), Hof ( Borgund ), Hovi ( der Borgund kirka står ), Hoveled ( Hareid ). På Godøy trur ein at fylkeshovet for Sunnmøre stod i førhistorisk tid, seinere i Bogund ( Hovi ). Navnet Godøy vart før skrive Gudey – meininga er grei. Andre gardsnavn synes å skrive seg frå dyrkinga av Frøy og Frøya, og Ullarvik ( Sykkylven ) og Ulleland ( Volda ) og kanskje Ulla ( Haram ) må skrive seg frå gudenavnet Ull. Nerland ( Herøy ) frå guden Njord etc. Gudehova var store tempel som ofte var særs staselige å sjå til. Ingemunn den gamle sitt tempel i Romsdal var omkring 30 meter langt. På Sunnmøre var det nok enda større gudehov. 8 Horg var små offerstader. Ein veit elles ikkje vel korleis disse såg ut. Prof. M. Olsen skriv: « Horgr er tegnelsen for den eldgamle hedenske helligdom i Norden, etter sin type eldre enn hovet. Og i horgenes tid trådte en sterk naturbunden kultus av fruktbarhetsguden i forgrunnen» etc. Gudane Ull, Njord og sonen Frøy var gudar av avlekraft og godt år. Etter det M. Olsen skriv, må ein setje horg i samband med dyrkinga av Ull, Njord og Frøy m.fl. På dei gardane som har navn etter disse, stod det ventelig horg. Det er ellers nokre gardsnavn som skriv seg fra Horg, som t.d. Hurla ( Haram ) som kan ha vore Horghelda. Det var før skrive Horrel. Navneordet horg tyder mange steinar. Horg må ha vore steinhus eller store steinalter. Andre minne etter den gamle heidenske gudsdyrkinga kan gardsnavn samansatt av helg og ve reknast for, men dei sunnmørske navna Vestre ( Ørskog og Vatne ), Helset ( Volda og Sunnylven ), Hellebust ( Vanylven ), Helland ( Vatne og Sande ), Helbostad ( Sunnylven ) kan skrive seg fra fra noko anna enn heilage og ve, som begge fortel om helligdom.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages183 Page
-
File Size-