Planomtale Kommunedelplan Tingvatn – Snartemo 2017 - 2027

Planomtale Kommunedelplan Tingvatn – Snartemo 2017 - 2027

PLANOMTALE KOMMUNEDELPLAN TINGVATN – SNARTEMO 2017 - 2027 01 27.10.2017 Revisjon Frans-Arne Stylegar Bjørn Andresen 00 17.10.2017 Utkast Frans-Arne Stylegar Bjørn Andresen REV. REV. DATO BESKRIVING UTARBEIDD AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV 2 INNHALD 1. Samandrag ....................................................................................................................................... 5 2. Bakgrunn for planarbeidet .............................................................................................................. 5 2.1. Planområdet ............................................................................................................................ 5 2.2. Moglegheitsstudie ................................................................................................................... 5 2.2.1. Snartemo ......................................................................................................................... 6 2.2.2. Birkeland sør .................................................................................................................... 7 2.2.3. Birkeland nord ................................................................................................................. 8 3. Føremålet med planen .................................................................................................................... 8 3.1. Samfunnsdelen av kommuneplanen ....................................................................................... 9 4. Noverande situasjon ........................................................................................................................ 9 5. Planprosess ...................................................................................................................................... 9 5.1. Planprogram ............................................................................................................................ 9 5.2. Medverknad ............................................................................................................................ 9 5.2.1. Varsling om oppstart av planarbeid ................................................................................ 9 5.2.2. Framtidsverksted ........................................................................................................... 10 5.2.3. Born og unge ................................................................................................................. 10 5.3. Merknader ved oppstart av planarbeidet ............................................................................. 10 5.4. Politisk handsaming ............................................................................................................... 12 6. Planprosess .................................................................................................................................... 12 6.1. Statlige føresegner, retningsliner og nasjonale forventningar.............................................. 12 6.2. Regionale planar og føringar ................................................................................................. 12 6.3. Kommunale planar og føringar ............................................................................................. 13 7. Hovudinnhaldet i planen ............................................................................................................... 13 7.1. Framtidige arealføremål ........................................................................................................ 13 7.1.1. 7.1.3. Bustad .................................................................................................................. 13 7.1.2. 7.1.4. Forretning, næring og tenesteyting..................................................................... 14 7.1.3. 7.1.5. Fritids- og turistføremål ....................................................................................... 14 7.1.4. 7.1.6. Kommunaltekniske anlegg .................................................................................. 14 7.1.5. 7.17. Jernbane ............................................................................................................... 14 7.2. Omsynssoner ......................................................................................................................... 14 7.3. Naturmangfald ...................................................................................................................... 14 7.4. ROS-analyse ........................................................................................................................... 15 3 8. Konsekvensutgreiing ..................................................................................................................... 15 8.1. Konsekvensutgreiing av enkeltforslag ................................................................................... 15 8.2. Samla vurdering av konsekvensar ......................................................................................... 16 8.3. Verknader etter arealføremål ............................................................................................... 16 8.4. Verknader etter utgreiingstema ............................................................................................ 17 9. Vedlegg .......................................................................................................................................... 18 4 1. SAMANDRAG Målet med kommunedelplanen er å gjere området Tingvatn - Snartemo til eit attraktivt område i kommunen. Hægebostad kommune har som mål å auka folketalet, og denne planen legg difor til rette for attraktive og sentrumsnære bustadtomter. I tillegg skal planen legge til rette for auka næringsutvikling innan planområdet. Planområdet har store samanhengande jordbruksareal, og store deler av planområdet kan definerast som eit viktig og flott kulturlandskap. Det er difor ei utfordring å balansere jordvernet og kulturlandskapet mot trong for framtidig utbygging. Hovudregelen i kommunen er at jordbruksjord ikkje skal takast i bruk til utbygging, men for å få til ei god utvikling av tettstadene er sentrumsnær dyrka mark omregulert til bustad- og næringsformål. Det er lagt opp til god reserve av næringstomter. Utviding av området ved Hamran og Jåddan er vidareført frå arealdelen i kommuneplanen. Det er lagt ut eit nytt areal til industri i tilknytning til eksisterande industriområde på Snartemo. I Birkeland er områda til næring justert i høve til kommuneplanen. Langs elva er det lagt til rette for enkle tiltak for friluftsliv og laksefiske. Det er lagt til rette for gang- og sykkelveg langs fylkevegen heilt frå Snartemo til Birkeland. 2. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET 2.1. Planområdet Planavgrensinga går fram av kartet. Planområdet ligg i dalføret som går i retning nord-sør gjennom den sørlege delen av Hægebostad kommune. Området har to tettstader; Birkeland og Snartemo. I tillegg er det større og mindre boligfelt i områda rundt Snartemo og Birkeland. Elva Lygne er eit sentralt karaktertrekk i dalføret. Vassdraget bind områda saman som en viktig, blå streng gjennom landskapet. 2.2. Moglegheitsstudie I 2013 vart Rambøll engasjert av Hægebostad kommune for å laga ein moglegheitsstudie området Tingvatn - Snartemo. Moglegheitsstudien tok utgangspunkt i utfordringar som er kjent for dei fleste småkommunar, nokre meir aktuelle for Hægebostad og då spesielt den sørlege delen av kommunen: Sosiale møteplassar Gode og attraktive boligområde Næringsinteresser Barn og unge Tilgjenge for alle Folkehelse Friluftsinteresser Kulturmiljø Landskap 5 Det er viktig å legge til rette for at sentrumsområda i sør og nord fungere på ein best mogleg måte. Det bør ikkje leggast opp til aktivitetar eller ei utvikling der dei må konkurrere med kvarandre. Det vart fokusera på nokre område i denne studien. På Snartemo var det naturleg å samle aktivitetar kring sentrum. På Birkeland vart sentrum og oppvekstsenteret vald ut. 2.2.1. Snartemo Oversikt over moglegheiter i området: Stasjonsområdet Snartemo stasjon har stort potensiale. Det ligg eit stort område med ubrukte areal kring stasjonsbygningen og jernbanelinja. Det er og ubrukte bygningar her som med fordel kan takast i bruk som ein del av utviklinga på Snartemo. Stasjonsområdet som ligg mellom dei to lange tunnelane er heilt særegen og gir stasjonen eit eige preg. 6 Næring Området mellom Snartemo Quality Products AS og Hægebostadtunellen er på rundt 10 mål og ligg i dag ubrukt. Her kan det bli plass til småindustri og håndverksverksemder. Området ligg fint til og vil fungere godt saman med andre funksjonar som kan etablerast på stasjonsområdet. Hovudgata Øvre Snartemo Dette er ei særprega gate med unike murbygningar. Gata bør takast vare på og markedsførast som eit heilt unikt bygningsmiljø. Samstundes er det rom for ei viss fortetting for å bygga små bustader som rekkehus eller leiligheiter. Snartemobekken I den fine sørvestvende hellinga ved Snartemobekken og Bergan kan det etablerast eit nytt boligfelt. Plasseringa er god med flott utsikt mot dalen og gode soltilhøve. Snartemofjellet aktivitetsområde Det ligg eit flott naturområde ved Snartemofjellet. Den bratte fjellveggen kjem til syne når ein går innover den gamle gata i Øvre Snartemo. Her ligg det godt til rett for å utvikle eit variert aktivitetsområde. 2.2.2. Birkeland sør Oversikt over moglegheiter i området: Gybergsmyra industriområde På Gyberg ligg Hamran Snekkerverksted AS. Her ligg det godt til rette for å utvide industriområdet utan at det går vesentleg

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    18 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us