Stolpejakten Alver 4

Stolpejakten Alver 4

STOLPEJAKTEN ALVER 4. april - 1. november 2020 Før du går – les korona- råd på side 3 5km 10km 21km Velkomen til Stolpejakten i Alver! Me ynskjer deg velkomen til ny stolpejakt-sesong! Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila, Knarvik senter og Alver kommune. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur, og du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn. I 2019 var det ca. 5700 som deltok og som var på nesten 80.000 stolpebesøk. Det var ca 350 som besøkte alle dei 51 stolpane. Stolpejakten går føre seg både i bustadområde og i etablerte tur- område, og me ber om at alle deltakarar viser omsyn på veg til stolpane og ved parkering. Bruk bossdunkar, og hugs bandtvang. Når du går på innmark, er det viktig å følgja stien. Stolpejakt-sesongen i Alver startar 4. april, og vert avslutta 1. november. Kvar registrerte stolpe gjev deg eitt lodd i trekninga av flotte premiar. Premiar vert trekt ut kvar månad. I tillegg vert det del-premiering under KnarvikMila, søndag 6. september og etter at Stolpejakten er avslutta 1. november. Kartbrosjyren er tilgjengeleg for nedlasting på www.knarvikmila.no. Besøk oss gjerne på: www.knarvikmila.no Facebook: Stolpejakten Alver Instagram: @stolpejaktenalver. Tagg bileta med #stolpejaktenalver. Generell informasjon om Stolpejakten finn du på www.stolpejakten.no KnarvikMila, Knarvik senter og Alver kommune ønskjer alle ei flott jakt på stolpar i Alver kommune! 2 3 Les korona-råda våre før du går Hjelp oss å gjere Stolpejakten 2020 til ei trygg og god oppleving for alle. Følg desse turvettreglane for å ikkje spreie smitte eller bli smitta: • Vask hendene før du går. • Gå åleine eller ilag med familien – ikkje gå meir enn fem ilag. • Gå på rekke på høgre side • Sørg for at du held minst to meter avstand til dei du møter. • Host eller nys i albogen eller eit papirlommetørkle. • Vask hendene når du kjem heim att. Vi oppmodar i tillegg alle om å ikkje skrive seg i turbøker. Bruk gjerne antibac før du opnar og let att grinder og le. Sprei glede og hels på avstand – nikk og smil eller gje forbipasserande ein tommel opp! Fortsett å vaske Bruk papirlommetørkle. Slik tar vi vare på hendene grundig (Har du ikkje det tilgjengeleg, er dei mest sårbare og ofte. det best å hoste i albogekroken) blant oss. 3 Stolpejakten - slik vert du med! Dei 65 stolpane er plasserte rundt i kommunen, frå Syltneset i vest til Eidaåsen aust. Plasseringa av stolpane er merka på karta på dei neste sidene. Stolpane er omlag 1,30 m høge og merka med nummer og bokstavkode. Stolpane har òg ein QR-kode som kan skannast og registrerast ved bruk av Stolpejakten sin app på smarttelefon. Svært lett Lett Middels Vanskeleg NB: Graderinga som vert nytta i Stolpejakten er ikkje den same som vert nytta i Nasjonal standard for skilting og gradering av turstiar. Registrer stolpane elektronisk Stolpane kan registrerast på to ulike måtar, og du vel sjølv kva som passar best for deg: 1. Ta med deg kartet ut på stolpejakt, finn stolpane og noter bokstav- kodane du finn i tabellen på side 5 i heftet. Når du kjem heim, gå til www.stolpejakten.no og registrer kodane du har funne. For å registrera elektronisk krev det ein konto. 2. Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din smarttelefon og ta med telefon (og evt. kartbrosjyre) på tur. Det kan vera lurt å lasta ned app og ønska kartområde medan ein er tilknytta WIFI (Stolpejakten i Alver er eit kartområde). Skann QR-kodane på stolpane du finn med appen. Stolpar som vert registrerte med appen vert synkroniserte med heimesida når den er kopla til internett. NB: Dersom du lastar ned appen, treng du ikkje å ta med kartbrosjyren, då alle sonekarta er tilgjengelege på appen. Stolpejakt-appen finn du som har iPhone i App Store, medan den er tilgjengeleg i Google Play for deg med Android smarttelefon. 5 Stolpane i Alver (1-65) Noter koden du finn på stolpen i dette skjemaet eller på appen St. Kode Stad St. Kode Stad 1 Syltnestangen 34 Storafjellet 2 Krossvarden 35 Skjelanger 3 Marøy ved fyret 36 Knarvik senter v/Medaas-statuen 4 Byngja ved badeplassen 37 Kvamsvågen friluftsområde 5 Eggjene 38 Vasstårnet - Brakstad 6 Storsåta 39 Gamleskulen 7 Skageneshola 40 Indregardsfjellet 8 Gamle prestegarden Manger 41 Juvikstølen 9 Sjuskillilngsneset 42 Svarthamrane 10 Lifjellet/Storefjellet 43 Kvamsfjellet 11 Nøttveitveten 44 Tveitavarden 12 Morkefjellet 45 Tveitarimmane 13 Bogatunet 46 Gladihaug 14 Kvistefjellet 47 Krossane Sør 15 Holeåsen 48 Breimyra 16 Klubben 49 Kunaberget 17 Solheimsvika 50 Husfjellet 18 Nordre Eiavika 51 Vardefjellet 19 Håøy 52 Kolåsfjellet 20 Håøytoppen 53 Lauvåsåsen 21 Varnappen/Badevika 54 Selivarden 22 Fossen 55 Skausnøya 23 Elvavika 56 Postvegen 24 Nordnipa 57 Baståsen 25 Moldekleivskaret 58 Arivatnet 26 Krossfjellet 59 Eikanger, Nedre Torvvatnet 27 Hjertåsfjellet 60 Fløyen 28 Ramusfjellet 61 Kjermesdalen 29 Hjelpedalshaugen 62 Fammestadåsen 30 Røysetfjellet 63 Brubakken 31 Holmen på Fløksand 64 Totlandsfjellet 32 Ospeneset 65 Eidaåsen 33 Eldsfjellet - Varden Svært lett Lett Middels Vanskeleg 5 1 2 3 4 7 5 6 10 8 9 11 12 15 13 14 35 34 33 31 32 17 16 38 30 24 20 18 25 19 28 29 27 26 22 21 23 53 52 51 55 56 54 60 61 63 62 49 59 50 47 43 37 42 48 46 44 45 39 40 41 36 57 65 58 64 14 15 Turskildringar 1 Syltnestangen og 2 Krossvarden Lengd: Rundtur med ein avstikkar – totalt kring 6,2 km, ca. 2-2,5 timar i normal gange. Slik finn du fram: Følg Rossnesvegen nordover, og ta av mot Syltaneset rett etter ein knapp høgresving (ved Rossnesvegen 207). Turen startar ved sankeplassen i enden på grusvegen, der det er mogleg å parkera. Følg skilting mot Syltnestangen. Vel du traseen på vestsida av Syltneset passerer du Krossvarden og stolpen der på veg nordover. Velg gjerne traseen på austsida av Syltneset på vegen attende, så får du ein rundtur. Turen utover Syltneset går gjennom flott kystlynghei. Kystlyngheiene vart skapt for rundt 4-5 000 år sidan og er mellom dei eldste kultur- landskapstypane, skapt av måten kystfolk utnytta ressursane. På Syltneset vert kystlyngheiene framleis beita og svidd slik som menneska langs kysten har gjort i fleire tusen år før oss. På grunn av at området vert nytta til beite for villsau, er det svært viktig at hundar vert haldne i kort line! 3 Marøy K Lengd: Kring 3,6 km tur/retur, vel éin time tur/retur. Slik finn du fram: Ta av mot Marøy (FV 5494) på Kvalheim, om lag 1,2 km sør for Bøvågen. Følg vegen til endes til du kjem til parkerings- plass like forbi busstoppet/snuplassen. Turen følgjer grusveg før den går over på sti og vidare gjennom flott kulturlandskap. Stolpen er plassert ved det vesle fyret heilt ytst på neset. Ytst på Marøy, i Knappen, ser du spor etter festningsanlegget tyskarane bygde under 2. verdskrig. Ei rekkje grunnmurar etter ulike bygg, skyte- stillingar, ammunisjonslager, tunnelar og kaiar finst i området. Anlegget vart bygd hausten 1942, og var ein del av det samla fest- ningsnettet kring Bergen. I aust ser ein over til øya Forsøy, der det var russisk fangeleir under andre verdenskrig. Det går beitedyr i området. Hald hunden i kort line. K = Kulturstolpe 15 4 Byngja Lengd: Turen er 1 km tur/retur, om lag 20 minutt tur/retur. Om du vil gjera turen litt lenger, kan du gå heilt ytst på neset. Slik finn du fram:Ta av mot Marøy (FV 5494) på Kvalheim, om lag 1,2 km sør for Bøvågen. Følg skilting mot Byngja friluftsområde/bade- plass. Det er parkeringsplass ved startpunktet for turen. Følg den graskledde markavegen vidare. Barnevogner og rullestolar som er eigna for terreng kan koma fram her. Byngja er eit statleg sikra friluftsområde som vert drifta av Bergen og omland friluftsråd. Det er badepoll og sandbotn i Byngjevågen. 5 Eggjene (86 moh) og 6 Storsåta (105 moh) Lengd: Turen frå Skogen Sletta via Eggjene til Storsåta er kring 3,6 km tur/retur og tar vel 1 time. Turen kan gjerast til ein rundtur om ein fortset til Såtemyrane og går Eggjedalen attende (stiane her er ikkje så godt merka). Då vert turen 4,2 km og tar kring 1,5 time. Slik finn du fram:Turen startar ved Skogen Sletta (Hellandsvegen 445) om lag 850 meter frå Emigrantkyrkja på Sletta mot Manger (FV 411). Parkering ved Samfunnshuset Skogen Sletta. Turen startar ved den store parkeringsplassen på austsida av samfunnshuset og går i retning sørover. Stien følgjer merka sti over høgdedraga til Eggjene og vidare til stolpen på Storsåta. Undervegs kjem ein til fleire utsiktspunkt med flott utskt i fleire retningar, mellom anna vestover til Lygra og Lindås og når ein kjem til Storsåta kan ein også sjå heilt til Manger kyrkje. Det er sett ut benkar fleire stader undervegs. Om ein ynskjer å gjera turen til ein rundtur kan ein fortsetja eit lite stykke vidare sørover frå Storsåta og ned til Såtemyrane. Her finn du eit flott, restaurert torvhusmiljø med sju torvhus (nokre er doble). Stien følgjer dalen nordover til Skogen Sletta. NB: Denne traséen kan vera våt ved mykje nedbør. 16 17 7 Skageneshola (ytst på Skageneset) K Lengd: Rundtur på kring 7 km, kring 2,5 timar. Slik finn du fram:Parkering ved rådhuset på Manger. Turen startar nedst i bakken der det er sett opp skilt mot Skageneset. Stien følgjer den gamle bygdevegen eit stykke nordover mot Birkeland før den tar av til Skageneset.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    34 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us