Viltet i Sveio Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland 2007 MVA-rapport 3/2007 Viltet i Sveio Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland 2007 MVA-rapport 3/2007 Foto på framsida (frå toppen): Storsalamander*, brunnakke, orrhane, vipe, hønsehauk, raudrev, hjort (Foto: M.J. Steinsvåg, *S. Byrkjeland) Ansvarlege institusjonar og finansiering: Rapport nr: Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga MVA-rapport 3/2007 Tittel: ISBN: Viltet i Sveio. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane 978-82-8060-059-2 Forfattarar: Tal sider: Magnus Johan Steinsvåg og Olav Overvoll 51 + vedlegg Kommunalt prosjektansvarleg: Dato: Geir Ragnhildstveit, rådgjevar 14.02.2007 Samandrag: På initiativ frå fylkesmannen i Hordaland har Sveio kommune gjennomført ei kartlegging av viktige viltområde. Målet med kartlegginga har vore å gi kommunen ei oppdatert oversikt over viktige viltom- råde til bruk i arealforvaltinga og å presentere ein kunnskapsstatus for viltet i kommunen. Viltkartverket omfattar alle viltartar i høve til det utvida viltomgrepet: Alle artar innan gruppene amfibi- um, krypdyr, fuglar og landpattedyr. Eit utval av artar og funksjonsområde er kartlagt. Når det gjeld små- viltet er det lagt særleg vekt på truga og sårbare artar (raudlisteartar) og fåtalige artar med spesielle habitatkrav. Alle kartdata finst på digital form, slik at kommunen kan framstille kart etter eige behov. Ved plotting er det vanleg å dele viltopplysningane på fire temakart: 1) hjortevilt, 2) småvilt, 3) opplysningar unnateke offentlegheit og 4) prioriterte viltområde (viktige og svært viktige viltområde). Av desse vil oversikta over prioriterte viltområde vil vere det viktigaste kartet i overordna plansamanheng. Dette kartet er vedlagt rapporten, saman med to kart som viser viktige område og trekkvegar for hjortevilt. Rapporten er eit viktig supplement til karta og inneheld generelt stoff om viltforvalting, litt om korleis kartlegginga i Sveio har blitt gjennomført, ein omtale av dei prioriterte viltområda og ei oversikt over alle viltartar som er registrerte i kommunen. Det foreslått 33 prioriterte viltområde i Sveio; 12 svært viktig og 21 viktige. Det er registrert 248 viltartar i kommunen: 3 amfibium, 2 krypdyr, 221 fugleartar og 21 pattedyrartar. Ein har hatt avgrensa ressursar til kartleggingsarbeidet og resultatet er difor ikkje fullstendig. Situasjonen for viltet kan òg endre seg over tid, både naturleg og som ein følgje av tekniske inngrep og endra arealbruk. Det vil vere nødvendig å oppdatere kartverket med jamne mellomrom både for å fange opp endringar i arealbruk og ny kunnskap om viltet. Gjennom supplerande feltundersøkingar og opplysningar frå lokalkjende, vonar ein at kartverket over tid kan bli både meir presist og meir komplett. Referanse: Steinsvåg, M.J. & Overvoll, O. 2007. Viltet i Sveio. Kartlegging av viktige viltområde og status for vilt- artane. – Sveio kommune og fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 3/2007: 51 s. + vedlegg. Emneord: Viltkartlegging, Sveio, biologi, zoologi, vilt, amfibiar, krypdyr, fuglar, pattedyr Sveio kommune Norsk Viltkompetanse Fylkesmannen i Hordaland Postboks 40 Magnus Johan Steinsvåg Miljøvernavdelinga 5559 Sveio Aslaksbrekko 14 Postboks 7310 5416 Stord 5020 Bergen Tlf: 53 74 80 00, Faks: 53 74 80 01 Tlf: 97121960 Tlf: 55 57 22 00, Faks: 55 57 22 01 www.sveio.kommune.no www.norskviltkompetanse.no www.fylkesmannen.no/hordaland www.miljostatus.no/hordaland FORORD I Stortingsmelding nr. 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling er det sett som mål at alle kommunar i Noreg skal gjennomføra kartlegging og verdisetjing av biologisk mangfald på sitt are- al. Tanken bak dette er at me må vita kva verdiar me har for å kunne ta vare på dei. At kartlegginga skal skje på kommunalt nivå, er òg eit viktig moment fordi ein stor og viktig del av arealplanlegginga skjer i kommunane. Kommunane si rolle er òg framheva i Stortingsmelding nr. 31 (1992-93) Den regi- onale planlegginga og arealpolitikken der det står at kommunane sjølve må innarbeide omsynet til det biologiske mangfaldet i eiga planlegging og verksemd. I 2003 vedtok Stortinget at Noreg skal stansa tapet av biologisk mangfald innan 2010. Dette er ei opp- følging av eit vedtak som vart gjort under FN sin konferanse om miljø og utvikling i Johannesburg i 2002. Der vart det avgjort at tapet av biologisk mangfald skulle reduserast vesentleg innan 2010. Denne målsetjinga har gjeve arbeidet med å kartleggja og ta omsyn til viktige naturverdiar endå større aktualitet. Viltkartlegginga er ein viktig del av arbeidet med å få betre oversikt over det biologiske mangfaldet i Sveio. Kommunen har òg gjennomført ei kartlegging av viktige naturtypar, der me først og fremst har vektlagt botaniske verdiar. Viltkartlegginga har vore eit spleiselag mellom kommunen og Fylkesmannen. Konsulent Magnus Jo- han Steinsvåg vart hyra til å samanstilla eksisterande kunnskap om viltet og å gjera nye feltundersø- kingar. Ein god del av viltopplysningane er samla inn gjennom intervju av lokale ressurspersonar med god kjennskap til lokale vilttilhøve. Me ynskjer å rette ei stor takk til alle informantar! Viltkarta er digitaliserte ved miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland, som òg har stått for den endelege utforminga av rapporten. Me vonar viltkartlegginga kjem til nytte i den kommunale arealplanlegginga og at både kommunen, private grunneigarar og utbyggjarar ser på opplysningane som eit grunnlag for og kunna å ta omsyn, og ikkje som eit hinder for næringsverksemd. Dei avmerkte viltområda tyder ikkje vern, men bør sjåast på som ein ”ver varsam” plakat, der me ynskjer at viltinteressene skal bli tekne særskilt omsyn til. Det er òg eit ynskje at viltrapporten skal vera med på å auka kunnskapen og interessa for viltet både blant politikarar, kommunalt tilsette og kommunen sine innbyggjarar elles. Sveio, 1. februar 2007 Geir Ragnhildstveit rådgjevar 5 INNHALD FORORD................................................................................................................................................................. 5 INNHALD ................................................................................................................................................................ 7 1. INNLEIING .......................................................................................................................................................... 9 BAKGRUNN ........................................................................................................................................................... 9 LOVGRUNNLAG ...................................................................................................................................................... 9 INTERNASJONALE AVTALAR ..................................................................................................................................... 9 ANDRE SENTRALE DOKUMENT ............................................................................................................................... 10 KVIFOR SIKRE EIT MANGFALD AV VILTARTAR............................................................................................................ 10 2. FRAMSTILLING OG BRUK AV VILTKART ..................................................................................................... 11 PRAKTISKE PROBLEM VED VILTKARTLEGGING .......................................................................................................... 11 KVA SKAL KARTLEGGAST? .................................................................................................................................... 11 UTFORMING AV VILTKARTVERKET........................................................................................................................... 11 KORLEIS BRUKE VILTKARTA?................................................................................................................................. 12 VILTRAPPORTEN .................................................................................................................................................. 12 BRUKARAR AV KARTFESTA INFORMASJON OM VILTET................................................................................................ 12 OPPDATERING OG REVISJON AV VILTKARTA............................................................................................................. 12 3. METODIKK FOR ARBEIDET I SVEIO.............................................................................................................. 13 STYRING/ORGANISERING AV PROSJEKTET............................................................................................................... 13 INNSAMLING AV INFORMASJON............................................................................................................................... 13 KARTFRAMSTILLING ............................................................................................................................................. 13 INFORMANTAR ..................................................................................................................................................... 13 4. NATURGRUNNLAGET..................................................................................................................................... 14 GEOGRAFI OG AREALBRUK...................................................................................................................................
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages68 Page
-
File Size-